Categories
Kollektivtrafikk Økonomi Troms og Tromsø

Kupp i Tromsø!

Det var ei underleg forestilling i byutviklingskomiteen i Tromsø i går. Høgre og Frp gjorde sitt aller beste for å kuppe ei av dei aller viktigaste beslutningane vi skal ta i Tromsø framover.

Same dagen som vegvesenet la fram sitt faglege råd for kvar den nye Kvaløyforbindelsen skal gå gjekk Frp og Høgre inn for å vedta plasseringa av den nye traseen. Dei vil altså at dette skal bli avgjort allereie i kommunestyret på komande onsdag utan at folk i Tromsø skal få tid til ein skikkeleg diskusjon om kva som er den beste løysninga for Tromsø og Kvaløya. Det dei foreslår er minst to milliardar dyrare enn brualternativet. To milliardar som sannsynlegvis må betalast av billistane i Tromsø. Sanneleg har Frp og Høgre god råd på andre sine vegne.

Dette kan knappast kallast anna enn eit kupp, og vil vere med på å gje det borgarlege byrådet eit endå tristare ettermæle.

Eg har sans for Vegvesenet sitt framlegg om ei ny bru. Det vil opne for at vi kan tilrettelegge godt for kollektivtrafikk og sykkel. Kanskje burde minst eit felt på ei av bruene bli kollektivfelt. Det vil vere med på å gje ein viktig fordel for bussen og sørgje for at bussen kjem raskt fram. Men, det kan vere gode argument mot som må fram. Vi treng denne diskusjonen no, slik at ikkje Kvaløyforbindelsen blir ei ny E8-sak.

Her kan du sjå vegvesenet sin presentasjon av sitt alternativ.

Categories
Kollektivtrafikk Troms og Tromsø

Betre transport i Tromsø

Den viktigaste transportutfordringa vi har i Tromsø er, korleis kjem vi oss frå A til B på ein rask og billig måte samtidig som vi tar vare på miljøet. Både det store miljøet i form av klimaendringane, og det lokale miljøet i form av vegstøv og jordvern.

SV meiner at det ikkje kan vere tvil om at å få fleire til å bruke buss, å få fleire til å gå og få fleire til å sykle er ein viktig del av løysninga.

Vi treng fleire og raskare bussar i Tromsø.Foto: calflier001/WikimediaCommons
  • Vi må få til eit enno betre busstilbod. Vi må vere trygge på at bussen kjem når han skal komme, vi må ha ein buss som går oftare, og i rushtida treng vi fleire direktebussar. I SV ser vi og for oss at vi bør opprette eit offentleg eigd busselskap for å drive bussan ei Tromsø når dagen anbud går ut og nye kontraktar skal skrivast.

  • Vi må legge betre til rette for dei som syklar. Vi treng eigne sykkelvegar langs dei viktigaste rutene. Det må vere sykkelvegar der syklande og gåande ikkje er saman. Når du syklar til og frå jobb skal det helst gå fort. Då er det ikkje alltid trygt å blande gåande og syklande. Langs dei viktigaste sykkelvegane må syklistane få forkøyrsrett der sykkelvegen kryssar bilvegen. Eit døme kan vere langs vestsida av Tverrforbindelsen. I alle avkøyringane frå Tverrforbindelsen har i dag syklistane vikeplikt. Det reduserer kraftig farta og tryggleiken til syklistane ned Tverrforbindelsen. Her bør vi skilte slik at bilane får vikeplikt for dei som syklar. I tillegg er det fleire og fleire som skaffar seg el-sykkel. El-sykkel er ei fantastisk oppfinning for ein bakkete by som Tromsø. Legg vi skikkeleg til rette for sykkel kan vi verkeleg auke sykkelbruken.

  • Ein av grunnane til at mange vel å bruke bilen er at vi synst det er utrygt å la ungane gå eller sykle til skolen langs utrygge skolevegar. Spesielt vinterstid kan det ofte bli trangt og uoversiktleg. Lagar vi trygge skolevegar reduserer vi trafikken (det i seg sjølv gjer skolevegen tryggare), vi gjev ungane våre gode vaner og betre helse. Tromsø treng ei storsatsing på trygge skolevegar.

Kvaløysambandet er viktig, men uansett korleis vi snur og vender på det så kjem det ikkje eit nytt kvaløysamband i morgon. Derfor blir satsinga på buss og sykkel heilt sentralt for å redusere belastninga på Sandnessundbrua og Giæverbukta. Nå ein person vel buss eller sykkel framfor bil blir det betre plass på vegen for dei som må bruke bilen. For Kvaløya treng vi verkeleg eit godt vintervedlikehald som legg til rette for sykling og fleire direkteruter med buss til Breivika og Sentrum, ruter som ikkje må gjennom rundkøyringa i Giæverbukta to gonger på kvar tur. Det kan og vere fornuftig å vurdere å einvegskøyre brua i dei verste periodane. Når eit nytt samband til Kvaløya kjem må vi og gjere noko med Giæverbukta og Tverrforbindelsen. Desse tre heng saman og må sjåast i samanheng for å få ei god trafikkavvikling. Og, for at det ikkje skal vere tvil, SV meiner vi treng eit Kvaløysamband.

Dersom ikkje byrådspartia med Frp i spissen hadde tulla det til med ny E8 på austsida kunne vi vore i gang med bygginga av ny E8, og det trengst. SV si haldning er at vi vil bygge vegen der det går raskast å sette i gang med bygginga. Framleis er det vestsida, men det kan endre seg. Det må vere slutt på å ri kjepphestar. Det er på tide å bygge vegen.

Det som er heilt sikkert er at vi ikkje får til eit stort løft for vegar og bussar i Tromsø utan større inntekter. Vi kjem dessverre ikkje utanom bompengar eller rushtidsavgift. Drivstoffavgifta er dessverre ikkje nok. Dersom vi no er litt smarte og samarbeider i Tromsø kan slike avgifter føre til ei stor statleg satsing. Vi kan ikkje greie dette løftet åleine, men vi får det heller ikkje til om vi ikkje bidreg sjølv.

Categories
Kollektivtrafikk Troms og Tromsø

Bybane i Tromsø?

Ein bybane i Tromsø hadde gjort seg, her frå London. Foto: David Iliff/Wikimedia Commons

Det er klart vi skal ha bybane i Tromsø. Vi treng ein måte å transportere folk på som ikkje slepp ut CO2, som ikkje krev store areal til vegar og som ikkje skaper svevestøv. Ein bybane er kanskje ein del av løysninga på dette.

iTromsø har ei sak i dag om at byutviklingsetaten i Tromsø syslar med slike planar. Ein bybane mellom sentrum, Gieværbukta/Langnes og Breivik.

– En slik bane vil riktig nok ikke bli lønnsom før om noen år. Men dersom vi bygger ut byen «riktig» med tanke på en baneløsning, kan det være en fordelaktig løsning, sier Per Hareide, kontorsjef ved byutviklingskontoret i kommunen.

Eg har stor tru på ei baneløysning, særleg dersom vi etterkvart koplar Kvaløya og Tromsdalen på banen. Men ein tradisjonell bane løyser ikkje det store problemet med kollektivtrafikken. Det problemet er at den er kollektiv. Bilen derimot er individuell. Den går når eg vil, og den går dit eg vil. Skal vi bygge ein bane for framtida må vi bygge ein bane som kombinerer det beste med bilen, med det beste med kollektivtrafikken.

Det betyr at vi må bygge ein bane som ikkje har store vogner, men små vogner. Ein bane som er heilautomatisert. Ein bane utan tidtabellar. Ein bane der eg sender ein SMS fem minutt før eg skal reise, og når eg kjem til haldeplassen står vogna og ventar på meg. Dei tekniske løysningane for dette finst – om vi vil. (Eg har skrive om ei mogleg løysning før her på bloggen.)

Dette betyr at vi må bygge ein bane som er skilt frå anna trafikk, anten i eigne trasear, opphengt eller i tunellar. Eg har litt sansen for tunellar, med heisar opp til viktige knutepunkt.

Så er det liten tvil om at finasieringa av dette ikkje blir lett å få på plass. Kommunen og fylket flyt ikkje over av mjølk og honning – det gjer derimot staten. Eg trur det er større sjanse for å få på plass statleg finasiering om vi lagar eit konsept som ikkje er prøvd mange gonger før. Verdas første metro/bybane opna i London i 1863.

Eg trur det er på tide å ta neste steg i utviklinga. Kanskje kan det skje her i Tromsø.

Categories
Helse Kollektivtrafikk Troms og Tromsø

Svevestøvet

Det er sjølvsagt ikkje overraskande at det kjem oppslag i media om store mengdar svevestøv i Tromsø. Det kjem av at vi held oss med eit svært ineffektivt transportsystem.

Her om dagen høyrte eg på eit podkast frå freakonomics. Der sa dei noko som eg visste, men kanskje ikkje har tenkt så mykje over. I USA er 80 prosent av passasjerkapasiteten i bilane ubrukt. Dette er sjølvsagt lite effektivt – å køyre rundt med så mykje ledig kapasitet.

Dette heng saman med svevestøvet i Tromsø. Ein av hovudårsakane til svevestøvet er biltrafikken. Tenk kor mykje vi kunne redusert mengda svevestøvet i byen og andre utslepp om vi kunne gjere transporten vår meir effektiv.

Det er fleire måter vi kan gjere det på. Det enklaste er å gjere bilkøyring dyrare, slik at fleire vel effektive transportmåtar som føtter, sykkel eller buss. Men vi kan og effektivisere systemet gjennom å fylle opp bilane slik at vi utnyttar kapasiteten til bilane våre betre.

Vi kan gjere dette på fleire måtar. Eg synst kommunen i samarbeid med NAF og miljøorganisasjonane burde sette opp eit system som gjer det enklare å dele bilturane. Det bør bli enkelt å ta med folk som skal same veg som deg. Fyll vi opp bilane blir det mindre trangt på vegane, raskare å kome fram og det blir mindre forurensing.

Dersom vi kombinerer dette med eit system med vegprising der du får rabatt om bilen er full av folk, heller enn ein person og matpakka hans så trur eg vi kan ende opp med eit mykje meir effektivt og eit billigare transportsystem.

Categories
Feature Kollektivtrafikk Troms og Tromsø

Korleis spare 200 millionar?

Korleis skal Nobina unngå å kutte i folk og framleis køyre 200 millionar billigare enn andre?

Vi har fått eit nytt busselskap i Tromsø – Nobina heiter det. Selskapet skal køyre 200 millionar billigare enn konkurenten. Korleis får ein til det? Ved å kome for seint.

For, bussaner kostar omtrent det same for alle selskapa.

Dieselen har omtrent same pris for alle

Verkstadkostnader er vel nokonlunde like.

Då gjenstår berre ein plass å spare. På dei tilsette. På bussjåførane. Du sparer pengar ved å ha færre folk. Få dei til å køyre meir. Få dei til å ta færre pausar. Kanskje redusere løn eller pensjon.

Det ser ut som det er akkurat det som er i ferd med å skje i Tromsø. Bussane til nyselskapet går ikkje. Dei går for seint, og folk frys medan sjåførane blir utslitte. Sjåførane har ikkje lenger nokre minutt på endehaldeplassen som gjer at dei kan få ruta til å gå opp, eller ta ein liten pause. Då forplantar forseinkingar seg utover dagen. Då blir sjåførane slitne og sjuke. Det blir endå færre sjåførar. Problema blir større.

Det var ikkje vanskeleg å spå at dette ville skje når bussane vart sett ut på anbod.

Lat oss håpe det blir betre, og at arbeidstilhøva for sjåførane blir betre. Men kvar kan då selskapet spare 200 millionar?

Kom gjerne med dine spådomar i kommentarfeltet

Sjå og iTromsø og Nordlys

Exit mobile version