Categories
Olje Økonomi

Oljeindustrien skvisar oss

Oljeindustrien, og dei som leverer til den har skapt stor rikdom i landet, men no er det i ferd med å gjere oss til ein for einsidig økonomi. Foto: Tim Thomsen/flickr.com/photos/hotpixelaction/182874330/

Audun Lysbakken (som forøvrig gjorde ein god figur på Debatten i kveld) hadde eit svært godt innlegg i Bergens Tidende den 9. august. Der seier han i korte trekk at oljeindustrien tiltrekker seg så mykje kapital og så mange flinke folk at resten av norsk industri slit. Han kunne og lagt til at oljeeksporten er med på å styrke den norske krona. Det gjev både tradisjonell industri og anna eksportnæring ein vanskelegare jobb.

Dette er i tråd med det eg og har argumentert for på denne bloggen mange gonger. Også NHO er samd i dette. Tor Steig, sjefsøkonom i NHO har sagt:

Det er nå tegn på at oljeklyngen fortrenger annen norsk konkurranseutsatt næringsvirksomhet gjennom særnorsk sterk kostnadsvekst og tilspisset kamp om den kvalifiserte arbeidskraften.

Ketil Solvik-Olsen misforstår dette. På bloggen sin latar han som at poenget er at offentleg sektor skal vekse. Det er heilt feil, poenget er å skape rom for utvikling i anna næringsliv. Vi treng mange bein å stå på i dette landet.

Så kallar det på eit skjeivt smil når Solvik-Olsen skriv i ei samanlikning med Nederland:

Problemet var at gassinntektene ble brukt til å blåse opp offentlige budsjetter og velferdsgoder. Tradisjonell industri tapte i konkurransen. Da gassinntektene tok slutt var statens økonomi ikke bærekraftig.

Eg må innrømme at eg trudde Frp var mot handlingsregelen og for å blåse opp offentlege budsjett. Det er i alle fall det dei seier i alle debattar. Vi får kanskje slutte å tru på dei i denne saka og? Enno artigare blir det når han i same bloggen vil ha meir innvandring til landet for å løyse problemet. Det må ein vel kunne kalle ein snuoperasjon frå Frp?

Så har Solvik-Olsen rett til slutt i innlegget sitt. Den regjeringa vi har no har hatt alt for høgt tempo i oljeutvinninga. Det å få ned den farta er nok ein grunn til at SV bør få større oppslutning i stortingvalet i 2013. Det at så mykje av kapitalen i Noreg går til oljeinvesteringar betyr at det blir mindre til investering i vegar, jernbane, skolebygg og sjukehus. Det er for dumt at vi skal køyre på dårlege, humpete og rasfarlege vegar fordi vi insisterer på å øydelegge både klimaet vårt og økonomien vår.

Eg har tidlegare skrive om korfor det er betre å spare i Haltenbanken enn på børsen og hurra for at NHO har forstått dette problemet.

 

Categories
Olje Økonomi

Hurra for NHO

Det er ikkje så ofte du vil sjå ei sånn overskrift på denne bloggen. Men, no er det velfortent. I den siste kvartalsrapporten set NHO fingeren på ei av dei aller største utfordringane i norsk økonomi – olja.

Det er mange og sterke miljøargument mot det enorme oljeutvinningstempoet vi har i Noreg. Klimaendringane blir ikkje redusert, og norsk oljeutvinning er ikkje den mest miljøvenlege. Men, denne gongen skal det handle om økonomi. Lat oss sjå kva Tor Steig, sjeføkonom i NHO seier:

Det er nå tegn på at oljeklyngen fortrenger annen norsk konkurranseutsatt næringsvirksomhet gjennom særnorsk sterk kostnadsvekst og tilspisset kamp om den kvalifiserte arbeidskraften.

Det er sjølvsagt ikkje bra, kan du seie, men olja gjev oss store inntekter, og spesielt i Nord-Noreg vil olja vere med på å skape utvikling, kan du tenkje. Dessverre er det ikkje heilt slik. Veksten i oljeindustrien, også basert på det som skjer i Barentshavet kjem i hovudsak i Rogaland og Oslo. I alle fall dersom vi skal tru NHO. Dei skriv i rapporten sin:

Tosporsøkonomien gir store regionale forskjeller på arbeidsmarkedet. Oslo og Rogaland sto for 6 av 10 nye jobber i 2011 regnet netto. I januar var Rogaland det fylket som hadde sterkest vekst i antall utlyste stillinger i forhold til ett år tidligere.

Denne grafen frå rapporten viser dette tydeleg:

Altså, sysselsettingsveksten i den nye oljeprovinsen skal bli under gjennomsnittet. Vi ser og at tradisjonelle industrifylke som Østfold, Telemark og Agderfylka gjer det dårleg.

Eg synst Alf Holmelid seier det godt på bloggen sin:

Utviklinga av norsk oljerelatert leverandørindustri er ei suksesshistorie som vi må ta vare på. Men vi treng fleire bein å stå på. Skal vi få til det, må vi redusere det høge oljeutvinningstempoet. Viss ikkje kan vi få eit kostnadsnivå som ikkje er berekraftig over tid for andre deler av næringslivet. Verdiane på havbotn forsvinn ikkje om vi brukar lenger tid på å ta dei opp.

Det er altså slik at det vanvittige tempoet i oljeutvinninga trugar norsk økonomi. Kva skal vi leve av når olja tar slutt om all anna industri er borte?

Dag og Tid hadde ein god artikkel om denne saka for ei tid sida. Dei skreiv mellom anna:

Det første taket som vart vedteke for utvinninga, var at produksjonen i norsk sektor ikkje skulle overskride 90 millionar tonn olje. Dette målet var i starten svært romsleg, det tok tid å få opp ein produksjon som monna i Nordsjøen. Statsminister Gro Harlem Brundtland forsvarte målet slik i ein tale i 1981: «Går vi lenger, kan vår økonomi bli svært oljeavhengig og omstillingene gi for store sosiale kostnader.»

Så slik er det altså. I eit og same blogginnlegg ender eg opp med å vere samd med både NHO og Gro Harlem Brundtland. Korleis skal dette gå?

Eg veit ikkje heilt sikkert, men eg veit at det at så mykje av kapitalen i Noreg går til oljeinvesteringar betyr at det blir mindre til investering i vegar, jernbane, skolebygg og sjukehus. Det er for dumt at vi skal køyre på dårlege, humpete og rasfarlege vegar fordi vi insisterer på å øydelegge både klimaet vårt og økonomien vår.

I 1988 fastsette Stortinget eit tak på oljeinvesteringane på 25 milliardar i året. Allereie i 1993 var dei på 54 milliardar, i 2011 var dei på 142 milliardar. NHO meiner dei vil stige med 14 prosent i 2012. Stortingsfleirtalet har kapitulert, og lar Statoil styre norsk økonomi. Det kan aldri gå bra – i lengda.

Har nokon protestert på denne galskapen, spør du kanskje? Ja, eit parti har vore konsekvent mot denne vanvittige auken i oljeutvinning. Eit døme kan vere B.innst.S.nr.8 (1996-1997). Der skreiv SV sin representant:

«Etter dette medlems oppfatning vil det være samfunnsøkonomisk mest korrekt å spare ved å la større deler av vår olje- og gassformue ligge igjen til framtidige generasjoner.»

Eg kunne ikkje vore meir eining. Men, kva trur du? Skriv gjerne meininga di i kommentarfeltet.

Og til slutt vil eg berre minne om:

Jepp det er arbeid som skaper verdiar. Olja gjer arbeid mindre lønsamt. (OK, det er ei spissformulering)

Categories
Feature Olje USA

USA betre enn Noreg på klima

Dette biletet frå Athabasca i Alberta viser eit lite utsnitt av øydeleggingane utvinning av oljesand utset naturen for. Det øverste biletet er frå 1984, det nederste frå 2011. Foto: NASA Earth Observatory

Det er ganske utruleg, men dessverre sant. Der norske styresmakter ikkje legg seg opp i at Statoil utvinn den mest klimaøydeleggande olja i verda frå sand i Canada, har president Obama sagt nei til ei røyrledning som skal føre denne olja til den amerikanske marknaden.

Prosjektet gjeld Keystone XL som skulle føre olje frå sandbankane i Alberta til raffineria ved Mexicogolfen. Det har blitt ført ein lang kamp frå miljørørsla i USA som no er krona med siger – i alle fall i første omgang.

Tilbake i oljelandet så kunne eg inderleg ønska meg ein oljeminister som hadde tilnærma same guts og ståpåvilje som næringsministeren. Det hadde vore fantastisk om Ole Borten Moe kunne gje tydelege styringssignal til Statoil om at Norge ikkje skulle bidra til utvinning av oljesand, om det skjer på SMS, uformelt eller formelt er ikkje så viktig. Det viktige er at det skjer.

Det er ganske paradoksalt at vi øydelegg framtida for å tene pengar som vi skal spare for framtida.

Les meir om Keystone her

 

 

 

 

Categories
Feature Olje Økonomi

La olja ligge

Vi treng ikkje ta opp olja i Barentshavet no. Foto: Tim Thomsen

I dag vart vi møtt av nyheita om at Statoil har funne meir olje i Barentshavet. Det er ei gladmelding. Olje er viktig for energiforsyninga vår og det er eit viktig kjemikalie i mange typar industri. Men vi treng ikkje ta opp olja no – vi har råd til å vente.

  • Olja kjem ikkje til å bli verdilaus i overskueleg framtid. Det kan aksjane våre på internasjonale børsar bli.
  • Noreg treng ikkje pengane.
  • Derimot treng vi å flytte pengar, folk og kompetanse frå oljesektoren til andre industriar og over til investering i infrastruktur. Vi blir svært sårbare dersom vi berre har olja.
  • Vi står framfor store klimaendringar. Det er vår plikt å hjelpe til med å redusere utsleppa av klimagassar.
  • Den beste måten å redusere klimagassutsleppa på er ved å redusere utvinninga av olje. Det fører til høgare prisar, meir satsing på energieffektivitet og meir satsing på alternative energikjelder.

Klimaendringane er den største utfordringa verda har. Derfor må det ligge til grunn når vi skal ta stilling til oljeutvinning både på Skrugard og på det nye feltet.

Vi bør no bli samde om at vi ventar i 20 år før vi tar stilling til utvinning av denne olja i Barentshavet. Vi har råd til det, klimaet har godt av det, og vi treng ikkje pengane.

Alt taler for å vente.

OPPDATERT: Saka blir ikkje mindre viktig av at Statoil no meiner dei har knekt Barentshavkoden. Skal vi faktisk legge alle egga våre i ei korg?

Categories
Feature Internasjonalt Klima Olje

Dyrt og dumt

Oljesandutvinning i Canada medfører enorme utslepp av klimagassar. Foto: sbamueller/Flickr

I følgje VG meiner Ole Borten Moes statsekretær Per Rune Henriksen (Ap) at det er dyrt og dumt å ta store klimakutt i Noreg. Eg meiner det er mykje dyrare og dummare å la vere.

Utsegnene frå Henriksen kjem i hælane på at sjefen hans, Ole Borten Moe har hylla oljesandprosjekta i Canada. Då blir spørsmålet, skal vi ikkje kutte ute heller? Til The Globe and Mail seier Moe:

Mr. Moe – who was traveling to the oil sands after a stop in Ottawa – defended Canadian unconventional crude production, saying it will be an essential source of secure supply for an energy-hungry world.

Environmentalists were dismayed at the Norwegian’s support for the oil sands, and his endorsement of the state-owned Statoil ASA’s investment there.

Norway’s move into the tar sands threatens to undermine their excellent, and to this point well-deserved, reputation for playing a positive role in the fight against global warming,” said Keith Stewart of Greenpeace Canada.

Det kan vere verd å spørre seg korfor desse utspela kjem no, spesielt med tanke på den rapporten IEA la fram nyleg? IEA er ein organisasjon for dei landa som bruker energi er tradisjonelt sett på som eit svar og motpart til OPEC . IEA har tradisjonelt vore opptatt av mykje og billig olje. I World Energy Outlook seier IEA at vi no står på kanten av ei klimakatastrofe. I samandraget av rapporten sin skriv IEA(pdf):

the world is on a trajectory that results in a level of emissions consistent with a long-term average temperature increase of more than 3.5°C. Without these new policies, we are on an even more dangerous track, for a temperature increase of 6°C or more.

La oss berre slå fast, IEA er ikkje akkurat ville og grønne venstresosialistiske idealistar.

Så på denne bakgrunnen meiner sentrale representantar for Ap og Sp at det er på tide å skrinlegge klimaforliket! Så skal det seiast til Senterpartiet sin fordel at Moe vart kalla inn på teppet til partileiaren. Lat oss håpe at Moe ikkje snakkar på vegne av partiet.

Utspela frå Borten Moe og Henriksen kjem nok heilt sikkert fordi det nærmar seg slutten for regjeringa sitt arbeid med klimameldinga. Det betyr at regjeringa må ta stilling til desse spørsmåla.

Det er ein grunn til at det har tatt tid for regjeringa å legge fram ei klimamelding. Det er store og vanskelege spørsmål som skal handsamast. Men, det kan ikkje vere tvil om dette er den aller viktigaste saka for regjeringa i denne perioden. Det kan heller ikkje vere tvil om at SV ikkje kan sitte i ei regjering som skuvar dette ansvaret frå seg og over på andre land.

Når det er sagt så reknar eg med at regjeringa kjem med ei god løysning til slutt. Eg nektar å tru at heile Ap er forblinda av oljedamp.

Det betyr at vi må ta løft som kanskje ikkje er lønsame i bedriftsøkonomiske termar, men dei er sjølvsagt lønsame dersom vi måler dei mot alternativet. Alternativet er ei verd der store delar blir umogleg å bu på for menneske. I eit slikt perspektiv er alt lønsamt.

Men, vi må sjølvsagt og vere realistiske. Det er ingen grunn til å gjere tiltak som ganske enkelt flyttar utslepp frå Noreg og til andre land. Det betyr at vi må ha tiltak som gjev insentiv til industrien om å redusere utsleppa. Dersom det betyr at vi må bruke ny teknologi og utvinne mineral med lokale miljøkonsekvensar også for område med verdsarvstatus så får det vere.

Erik Solheim har skjønt dette:

– Viss ikke vi starter å kutte, får vi heller ikke den omstillingen som gjør norsk industri konkurransedyktig over tid. Viss vi alltid kjøper billigere kvoter i utlandet, betyr det at Norge noen år fram i tid, har en industri som er gammeldags, og som dermed er mye mindre konkurransedyktig og en trussel mot norske arbeidsplasser, sier han.

Det er for dyrt og dumt å ikkje løyse dei globale klimaproblema.

Les og «Betre å spare på botn av havet»

Bellon sitt faktaark om oljesand

Exit mobile version