Categories
Kommunepolitikk Miljø

Vi må stoppe Arctic Center

For SV er det å unngå hyttelandsbyen på Finnheia svært viktig. Derfor har vi stemt og argumentert mot at reguleringsplanen skal bli vedtatt ved alle moglegheiter vi har hatt. Det kjem vi til å halde fram med.

For oss i SV er det sju hovudargument mot hyttelandsbyen på Finnheia.

Sjå og denne filmen med SVs kommunestyrerepresentant Sigrid Hammer:

1.  Utslepp av klimagasser

Ei utbygging og drenering av myra på Finnheia vil føre til store klimagassutslepp. Vi kan diskutere nøyaktig kor mange tonn. Det som uansett ligg fast er at nedbygging av myr og arealendringar er ei av dei verkeleg store kjeldene til klimagassutslepp i Noreg og i verda. Vi har ei forplikting til å unngå slike arealbruksendringar dersom vi vil stoppe klimaendringane.

2. Trafikk

Trafikken som vil bli skapt til Arctic Center og dei over 800 parkeringsplassane der har openbart betydning for klima, men det betyr og noko for trafikkbelastninga på brua og lokalmiljøet til alle som bur langs vegen. Mange av de som bur på Kvaløya er allereie plaga av kø og trafikkorkar. Det er svært vanskeleg å få bygd nytt på Kvaløya nå. Er verdien av eit alpinanlegg verd ei forverring problemene?

3. Naturreservat og kulturminner

Like nedanfor Arctic Center ligg eit viktig naturreservat. Formålet med dette naturreservatet er «er å bevare ei brei bukt ved elveutløp med et uvanlig variert strandengkompleks og yttergrenseforekomster for flere arter av strandplanter, og med et variert fugleliv.».

Det er usannsynleg at dette naturreservatet ikkje blir påverka av ei storstilt utbygging av Finnheia med hytter, asfalt og vegar. Er det verd det å sette i spel dei store naturverdiane i nasjonalparken?

Videre vil utbygginga vil rasere viktige samiske kulturminner. Den urett som staten Norge gjorde mot samer under fornorskningspolitikken må vi nå gjøre det vi kan for å reparere. At majoritetssamfunnet viser respekt for urfolk i Tromsø framover, må bety at vi tar på kulturminnene fra fortida.

4. Vatn og avløp

Det siste utspelet frå Arctic Center er at dei vil bygge ei vassleidning tvers gjennom naturreservatet. Dei vil kople seg på det kommunale leidningsnettet for å unngå den innsigelsen frå Mattilsynet som ligg i dagens reguleringsplan. Det er uklårt kva ei slik påkopling vil bety for den kommunale økonomien og økonomien til dei som bur langs den nye vassleidninga og som vil få påkoplingsplikt. Dette nye innspelet er ikkje formelt ein del av det kommunestyret skal ta stilling til 30. september. Men det likevel er noko vi må ta omsyn til. Usikkerheitene taler for at Arctic Center ikkje bør byggast.

5. Friluftsliv

Håkøybotn er bynært friluftslivområde som er mykje brukt av mange barnefamiliar og andre i kommunen vår. Å gå på ski og mark gir glede og folkehelse. Det er verdt å bevare den store verdien området har for tromsøværingene.

6. Turisme

Det leier oss til turismen. Kva vil hyttelandsbyen og alpinanlegget bety for utsynet og oppleving av mørke og nordlys at vi får opplyste bakkar i Håkøybotn. Skinet frå denne bakken vil vere synleg vidt omkring. For korfor kjem folk til Tromsø. Korfor kjem dei til Tromsø vinterstid? Dei fleste kjem for å oppleve lyste og mørket. Kulda og snøen. Eg trur ikkje den opplevinga blir betre av eit alpinanlegg på Finnheia. Anlegget vil ikkje bli ein attraksjon i seg sjølv, i alle fall ikkje ein som kan konkurrere med Alpane, Trysil eller Narvik, men det kan bli eit anlegg som gjer dei attraksjonane som trekk folk til Tromsø blir svakare. Lyset, mørket og opplevinga av den arktiske naturen.

7. Reindrift og beite

Området der hyttelandsbyen skal ligge er eit viktig beiteområde. I beitebruksplanen er beitet karakterisert som godt og det er tre saubruk i området. Kvaløya sanke- og beiteforening meiner dei ikkje er tatt med på råd slik det skulle gjerast. Saubruka er allereie eksisterande næringsbruk av området. Det er ikkje slik at området ligg tomt og forlatt i dag. Området er og viktig for reindrifta på Kvaløya. Reindrifta mista viktige areal til vindkraftutbygginga det gjer dette området viktigare for reindrifta.

Samla sett gjer dette at SV heilt klart er mot denne planen. Verdien av det anlegget som er planlagt er ikkje i nærleiken av å vere verd kostnaden. SV vil stemme mot planen og oppfordrar alle andre i kommunestyret om å gjere det same.

Bildet øverst er laga av Thomas R. Larsen

Categories
Kollektivtrafikk

Vi må bygge heile banen

Eg er veldig glad for at Høgres Stortingsrepresentant Kent Gudmundsen er så positiv til jernbane frå Narvik til Tromsø i sitt innlegg i iTromsø 28. august. Eg er samd med han i mange av tankane han gjer seg – særleg fokuset på oppgradering av Ofotbanen. Det at både Høgre og Ap no kjem med positive signal om banebygging betyr at eg er meir optimistisk enn på lenge.

Eg er likevel usamd med Gudmundsen at vi kan sjå Tromsbanen isolert frå strekninga Fauske til Narvik. Det å bygge heile banen frå Fauske til Tromsø og planlagt for forlenging nordover og austover vil gje samla best samfunnsnytte. Det er tre hovudgrunnar til dette:

  1. Ein bane frå Fauske til Tromsø vil binde landsdelen saman og kople dei nordlegaste delane på eit nasjonalt jernbanesystem. Denne samanbindinga vil gje sterke vekstimpulsar både til Bodø, Tromsø og Harstad/Narvik-regionen. Det treng vi.
  2. Ein bane frå Fauske til Tromsø vil ha betydeleg større potensiale for passasjertrafikk enn Narvik- Tromsø med påkopling til det svenske nettet. Det reiser svært mange passasjerar med fly på strekninga Bodø-Tromsø. Ein bane bygd for 300 kmt vil ta store delar av passasjertrafikken. Fleire passasjerar totalt betyr hyppigare avgangar og større nytte også mellom Narvik og Tromsø.
  3. Ein ny høgfartsbane mellom Fauske og Tromsø vil styrke Nordlandsbanen og auke presset på å få oppdatert denne banen til ein moderne jernbane med større fart og høgare kapasitet.
  4. Ein bane gjennom Noreg vil ha betydeleg kortare fraktavstand til kontinentet enn ein bane gjennom Sverige. Frå Narvik vil det vere ca 250 km kortare gjennom Noreg enn gjennom Sverige.

Full nytte av ein bane får vi ikkje før den blir ein del av det nasjonale jernbanenettet. Det er ingen tvil om at ein bane frå Fauske vil gje større fordelar og større samfunnsnytte – spesielt på passasjersida. For ein del gods vil ein bane frå Narvik til Tromsø vere tilstrekkeleg, men skal vi først bygge nytt er det ikkje nok at det er tilstrekkeleg. Det kan godt vere rett å starte bygginga på delstrekninga frå Narvik til Tromsø og med sidearm til Harstad , men det målet må vere å bygge heile banen.

Foto: Wikimedia Commons/https://no.m.wikipedia.org/wiki/Fil:Bm68_Ofotbanen.jpg

Categories
Kommunepolitikk Miljø

Stakkevollveg og skytebane i utvalsmøtet

Stakkevollvegen er nok den viktigaste saka som skal opp i Miljø, klima og samferdselsutvalet på torsdag.

Det er to ulike saker vi skal handsame. Det eine er sjølve reguleringsplanen. Reguleringsplanen er på mange måtar svært enkel. Den regulerer ei vegbreidde på 19,5 meter frå Hansjordnesbukta til rundkøyringa ved Tverrforbinndelsen. Reguleringsplanen fastset ikkje korleis desse 19,5 metrane skal brukast. Altså det at vi vedtar reguleringsplanen avgjer ikkje om det blir fire eller tre felt, eller korleis tilhøva blir for dei som går og syklar.

Den andre saka om Stakkevollvegen seier noko om kva type veg vi skal bygge. Den saka er eit svar på vedtaket kommunestyret gjorde om firefeltsveg. (Noko eg synst var eit dårleg vedtak). Saka viser at vegen vil koste 500 millionar, reelt 400 millionar fordi vi får momsen tilbake. Men, vi har berre 250 millionar vi kan bruke på denne vegen. Det er dei oppsparte midla frå drivstoffavgifta pluss inntektane frå denne dei neste tre åra som gjev summen 250 millionar. Dette er pengar vi ikkje har lov å bruke til andre ting enn Stakkevollvegen på grunn av vedtak i Stortinget.

Eg meiner det er for mange utfordringar med firefeltsveg, og at vi må tenke nøye gjennom det prosjektet. Dette er hovudinnvendingane mine mot firefeltsprosjektet:

  • Det blir ikkje noko god løysning for dei som skal sykle langs vegen.
  • Det er ikkje rom til snødeponi noko som vil gjere vintervedlikehaldet dyrt og vanskeleg
  • Det blir ikkje noko bygate. Det er ikkje rom for rabattar, tre eller liknande. Det blir rett og slett stygt og ikkje eit bidrag til å lage noko som vil gje bulyst.
  • Det går ein tunnell paralelt med vegen. Det betyr at vi ikkje treng legge til rette for gjennomgangstrafikk på Stakkevollvegen.

Uansett. Nøyaktig korleis vegen skal sjå ut må vi komme tilbake til.

Skytebane i Tromsø

Vi har vel jobba med å finne plass til ein skytebane i Tromsø omtrent like lenge som vi har jobba med å få på plass E8. Eg håper at begge delar skal komme på plass om ikkje så alt for lenge. I denne saka har skytebaneutvalet kome med to framlegg. Det eine er eit sentralskyteanlegg på Langmoen på Brevikeidet, alternativt ei desentralisert løysning der dei ulike skyteidrettane er på ulike stader i kommunen.

Det er ein del utfordringar med Langmoen som gjer at eg synst det er for tidleg å konkludere med at vi kan legge skytebanen der. Men, det er også for tidleg å avvise forslaget. Eit desentralisert anlegg har sine eigne utfordringar, kanskje spesielt fordi det betyr at skytinga i Kjoselvdalen vil halde fram. Eg tenkjer derfor at det er lurt å undersøke litt grundigare om det er mogleg å få til eit anlegg på Langmoen før vi konkluderer.

Innspel Nasjonal transportplan

Innspelet til revisjon av NTP ser i all hovudsak greitt ut. Det viktigaste er at vi er tydelege frå Tromsø kommune på at jernbane er prioritert svært høgt av oss. Eg er litt meir i tvil om det er fornuftig og naudsynt å gå inn for forlenging av rullebanen på Tromsø lufthavn. Utviding av terminalbygget og oppstillingsplassar for fly er viktig, men i eit miljøperspektiv er eg i tvil om vi bør utvide rullebanen for å kunne ta i mot større fly.

Dei fleste av desse sakne skal vidare til kommunestyret, så kom gjerne med innspel heilt fram til kommunestyremøtet.

Saksliste

Saksnr Saksdok Vedtak Vedlegg
Behandling av utvalgssak 0003/20 Valg av styrer, råd og utvalg som oppnevnes av Miljø-, klima- og samferdselsutvalget Vedlegg (1)
Behandling av utvalgssak 0004/20 Plan 1821 Stakkevollvegen reguleringsplan Vedlegg (17)
Behandling av utvalgssak 0005/20 TP3 Stakkevollvegen – Orientering om kostnader og byggetid Vedlegg (1)
Behandling av utvalgssak 0006/20 Skytebaneutvalgets anbefaling til kommunestyret
Behandling av utvalgssak 0007/20 Tromsø kommunes innspill til revisjon av Nasjonal transportplan 2022-2033 Vedlegg (2)
Categories
Miljø

Bygg Nord-Noregbanen!

Den 28. januar er det høyring i Stortinget på forslaget frå Torgeir Knag Fylkesnes og Per Willy Amundsen som ber regjeringa om å starte bygginga av Nord-Noregbanen. Dette kan bli eit svært viktig forslag for saka. Dersom Ap og Sp støttar forslaget, og eg reknar med at MdG og Raudt gjer det er vi svært nær eit fleirtal i Stortinget for Nord-Noregbanen.

Det vil i så fall mangle berre tre stemmer på Stortinget. Då blir spørsmålet. Vil Høgres Kent Gudmundsen frå Troms stemme mot forslaget? Kva med Høgre sine andre representantar frå Nord-Noreg. Det er mogleg å få til eit forpliktande vedtak om Nord-Noregbanen denne gongen, om regjeringspartia sine representantar i nord tør representere den landsdelen dei er valt frå.

Men også Arbeidarpartiet og Senterpartiet må då vise at dei er for nord – ikkje berre i ord, men også i handling. Eg må innrømme at eg er spent.

Det er svært mange gode argument for å bygge ein bane frå Fauske til Tromsø, med ein arm til Harstad og klårgjort for vidare bygging nordover og austover. Vidare må dette sjølvsagt koplast med ei oppgradering av Nordlandsbanen.

For meg er dei viktigaste argumenta:

  • Det vil flytte mykje godstrafikk vekk frå vegane våre
  • Det vil skape heilt nye bu og arbeidsmarknadsregionar. Med ei reisetid på 45 minutt frå Tromsø til Narvik vil det bli heilt nye moglegheiter for samhandling, pendling og utvikling av regionen.
  • Det er stort potensiale for passasjertrafikk. Berre mellom Bodø og Tromsø reiser det 250 000 menneske med fly kvart år. Dersom toget tar litt meir enn to timar på denne traseen kan vi forvente at 75% av desse heller tar tog. Potensialet for passasjertrafikk på denne banen er sterkt underkommunisert.
  • Krav til klimahandling blir berre sterkare og sterkare. Eit Nord-Noreg utan alternativ til fly vil tape i framtida.
  • Ein moderne bane, bygd for fart rundt 300 km/t, slik det er i store delar av resten av Europa vil gje fantastiske moglegheiter for landsdelen vår.

Eg håper alle ny benyttar sjansen til å bli med på turen.

Foto: Krzysztof D. /https://www.flickr.com/photos/kd85/8435522385

Categories
Miljø Politikk

Fossilfrie byggeplassar

Den aller største veksten i CO2 utslepp i Tromsø dei siste åra har vore kategorien «Annen mobil forbrenning» I Tromsø er dette i all hovudsak ulike dieseldrevne motorreiskap. Det har sannsynlegvis samanheng med den store byggeaktiviteten i Tromsø. Det er veldig positivt med høg aktivitet, men det krev og av oss at vi må gjere noko med utsleppa frå denne aktiviteten. Her er ein artikkel i Nordlys om saka.

På byggeplassen på Workintoppen. Consto som bygger her har eit mål om minst ein fossilfri byggeplass i 2020. Det er mogleg å få til.

SV meiner derfor at kommune må stille krav til fossifrie byggeplassar i kommunen – i første omgang i eigne prosjekt.

Oslo har gått i front her, og gjennomført fleire fossilfrie prosjekt. Desse er evaluert av multiconsult, og erfaringane er i hovudsak positive (rapport her:). Oslo har og saman med Energi Norge, Norsk Fjernvarme, Enova, Byggevareindustrien, Entreprenørforeningen Bygg og Anlegg (EBA), Entreprenørforeningen Bygg og Anlegg Oslo, Akershus og Østfold (EBAO), og Nelfo utarbeida ein rettleiar for slike prosjekt.

Hovudgrepet som blir gjort i desse prosjekta er å erstatte fossil diesel med HVO100 og å elektrifisere det som kan elektrifiserast. Framleis er det vanskeleg å dyrt med elektriske anleggsmaskinar, men det er på veg.

Det er to hovudutfordringar som må løysast:

·         Sikre tilgang på nok byggestraum i prosjekta, og evt. tilkopling til fjernvarme for byggtørk

·         Sikre tilgang på tilstrekkeleg volum HVO100 og sikre at maskinane kan bruke denne dieselen.

Dette er i hovudsak eit planleggingsspørsmål og stille krav til byggherre og entreprenør.

 Vi må og rekne med at teknologien utviklar seg og at det blir stadig betre tilgang på elektriske og hydrogendrivne maskinar. Men for at det skal skje må det skapast ein marknad og etterspørsel etter slike maskinar. Det kan vi bidra til.

I SV så meiner vi at kommunen bør legge opp til ei gradvis innfasing av desse krava for å sikre at lokal entreprenørar får tid til å tilpasse seg.