Snøkvit glede

Det gler meg stort at det ikkje blir noko oljeutvinning på Snøkvit utanfor Finnmarkskysten. Korfor det spør du kanskje, vil ikkje eg ha arbeidsplassar? Jau, eg vil gjerne ha arbeidsplassar, men ikkje arbeidsplassar som er tvilsame økonomisk og meir enn tvilsame økologisk.

Eit uhell ved oljeutvinning er svært mykje meir alvorleg enn eit uhell med utvinning av gass. gass har det med å fordampe fort, medan olje har det med å legge seg i fjære og på fuglar – og bli verande der ei stund.

I tillegg er det jo slik at dette landet vårt ikkje slit med for små inntektar frå oljeverksemda. Vi er i den heilsprøe situasjonen at vi har meir pengar enn vi kan bruke. Då finst det ikkje fornuft i å pumpe opp meir klimaøydande olje for å salte pengane ned på børsen i Ny York eller London.

Vi må bruke kapital og investeringar til å skape anna og meir miljøvenleg industri i dette landet.

Så sjølv om oljedirektoratet gjennom tvilsamt press fekk oljeselskap til å utreide olje på Snøkvit er eg glad for at operatørane fann ut at dette skulle det ikkje brukast meir pengar på.

Klima i endring

Den siste veka har vi mottatt meldingar om at Nordvestpasasjen er isfri og at store flaumar rammar Afrika. Dette er for å seie det enkelt, ikkje daglegdagse hendingar. Igjen blir det tydeleg for oss at endringane i klimaet er den største utfordringa vi står framfor.

Meiningsmålingsinstituttet inFact melder at nordlendingane er dei som er minst opptatt av klimaendringane. Lat oss no gjere dette til skamme. Eg vil utfordre alle kommunane i Troms til å la lokale klima- og energiplanar bli første store saka for dei nye kommunestyra. Slik kan vi bidra på vår måte til å løyse dei store utfordringane landet og verda står overfor.

Isen smeltar i Arktis

I løpet av dei siste vekene har vi sett rekordnedbør på Østlandet, rekordsmelting av is i Arktis, tidenes sterkeste orkan i Mexicogulfen. Tilfeldig, neppe!

Det er ingen tvil lenger om at vi står framfor store klimaendringar. I dette valet må vi velje inn folk i kommunestyrer og fylkesting som er opptatt av miljø og vil vise handlekraft for å få ned utsleppa av klimagassar. SVs folk tar klimaendringane på alvor og vil gjere noko med dei.

I Troms forpliktar SV seg til å bytte ut alle oljefyrar i fylkeskommunale bygningar. Vi vil kjøpe tilbake Tromsbuss for å kunne satse på buss og miljø i Tromsø. Vi vil stille krav til nye hurtigbåtar mellom Harstad og Tromsø for å få ned utsleppa. I kommunane vil SV stille krav om lokale klimahandlingsplanar og vil reelt legge til rette for ei miljøvenleg utvikling i lokalsamfunna.

Klimaendringane er reelle. SV er partiet som tar dette på alvor.

Kjøp Tromsbuss tilbake

Troms og Tromsø SV går inn for å kjøpe Tromsbuss tilbake. Kollektivtrafikken i Tromsø er for viktig til at den kan overlatast til marknaden. SV vil at vi skal ha politisk kontroll med kollektivtrafikken. Då kan vi lettare gjere forsøk med lågare pris eller hyppigare avgangar. Vi slepp og å betale overskottet til private eigarar. Dette overskottet kan heller nyttast til å skape ein betre kollektivtrafikk.

I dag er det Hurtigruta som eig Tromsbuss. Dessverre går selskapet Hurtigruta ganske dårleg. Vi er derfor reelt bekymra for at Tromsbuss kan bli selt til ein stor internasjonal aktør som berre er interessert i å suge pengar ut av busspassasjerane i Troms. Det vil ikkje gje fleire bussbrukarar og eit betre miljø.

SV meiner at kommunen og fylket kan finansiere dette tilbakekjøpet gjennom å selge/bytte dei aksjane kommune, fylket og Troms kraft har i Hurtigruta med Tromsbuss. Desse aksjane er i dag verd ca. 100 millionar.

Skuffande av OL-komiteen

Jernbane til Tromsø er eit stort og viktig nasjonalt og regionalt prosjekt. Det er derfor svært skuffande at OL-komiteen i Tromsø blankt avviser å prøve å bruke OL i Tromsø som ei brekkstang for å få til jernbane. Eg håper dette ikkje er ein trend frå OL-komiteen si side. Eg er ein av dei mange som stør OL i Tromsø, og gler meg til vi forhåpentlegvis skal få OL.

Men, det største poenget med å få OL til Tromsø er ikkje å skape ein stor idrettsfest og anna fest. Sjølv om eg gler meg til det og, men å utnytte OL til å utvikle regionen, byen og landsdelen. Eg trur OL-komiteen fort vil oppleve at støtta til eit OL i Tromsø forsvinn dersom vi reduserer eit OL til berre idrett og ikkje ser på korleis OL kan brukast til å utvikle regionen. Eg håper, trur og forventar at OL-komiteen i framtida er meir positive til å utvikle regionen og tar positivt tak i prosjekt som dukkar opp.

Våte maskuline oljedraumar

Eg er på landsmøtet i SV. Det er alltid ei god oppleving. I år opplev eg eit samla parti som står samla rundt eit felles prosjekt. Eit prosjekt som handlar om å styre og endre landet og verda i ei meir solidarisk og rettferdig retning. Men eit landsmøte er og ein arena for å ta opp lokale spørsmål. Vi frå Troms har vore opptatt av mellom anna olje og nordområdepolitikken. Sjølv tok eg opp at Harstad må bli senteret for oljeverksemda i nord og ha ansvaret for nordområdesatsinga i StaoilHydro. Dette kan ikkje styrast frå Trøndelag slik StatoilHydro legg opp til. Lokalisering er for viktig til at styret i StatoilHydro kan ta slike avgjerder åleine. Eigarane – dei folkevalde – må ta slike avgjerder. Eg er spent på om vi får gjennomslag for dette under voteringa på søndag. Her er forslaget vårt.

Regjeringa må sikre Stavanger og Harstad som oljesenter

Landsmøtet i SV meiner at det vil vere feil om StatoilHydro deler hovudkontoret og internasjonal avdeling mellom Oslo og Stavanger. Stavanger er den norske oljehovudstaden, og det er viktig at Stavanger har denne statusen. Ei deling mellom Stavanger og Oslo vil over tid føre til ei svekking av oljemiljøet i Stavanger og flytting av kompetanse frå Vestlandet til Oslo. Dette er ikkje ei utvikling SV ønsker. SV ber om at regjeringa og Stortinget nyttar eigarmakta si til å sikre at hovudkontoret og internasjonal avdeling blir verande i Stavanger.

SV er mot utvinning av olje i Barentshavet, og går inn for fredning av store område. Dersom det likevel skulle bli ei utbygging er SV svært opptatt av at den nordlegaste landsdelen får størst mogleg verknad av ei utbygging. SV går derfor inn for at Harstad skal vere oljesenteret i nord, og at ansvar for både leiting og drift i nordområda skal styrast frå Harstad. Helge Lund har fleire gonger slått fast at framtida til Statoil ligg i nord. Dette må få konsekvensar og for organiseringa av selskapet. Landsmøtet i SV ber regjering og Storting sikre at Harstad blir senteret for olje i nord og at ansvar for drift også skal ligge i Harstad.

I innlegget etter mitt tok Herbjørg Valvåg eit betimeleg oppgjer med dei våte maskuline oljedraumane som dominerer nordnorsk politikk. Landsdelen kan ikkje leve av olje åleine, og det er ei viktig oppgåve for SV å peike på andre utviklingsmoglegheiter. Eg trur dette ligg i reiseliv, forsking og utnytting av andre naturressursar.