Det må vere plass i gapahuken til lokalbefolkninga

På ein måte er reiselivet og turistveksten i Tromsø ei velsigning. Det er litt ulike måtar å telle på, men vi kan rekne med at over 7000 arbeidsplassar i Tromsø er knytt til reiselivsnæringa. Det er gode inntekter og arbeid for folk. Og, sjølv om det av og til kan vere litt trangt er det godt med livet i Storgata som turismen skaper. Vi må og ta inn over oss at reiselivet skaper tilbod i byen som vi ikkje ville hatt ellers.

Men,

  • når du vil på tur med ungane ein søndag og går til ein av gapahukane på øya for å lage bål og grille marshmallow og drike kakao til og oppdager at det ikkje er plass fordi ei turistgruppe har tatt over.
  • når du ikkje får kjøpt deg ei leiligheit eller leigd deg ein plass å bu fordi alt er på korttidsutleige.
  • når du er utrygg på vegane våre fordi ikkje alle som køyrer på dei har vore ute ein vinterdag før.
  • når useriøse aktørar i bransjen fører til dårlege arbeids- og lønsforhold og sterkt manglande tenking på HMS.

Då, er det på tide at vi tar inn over oss at infrastrukturen for å ta mot alle turistane i Tromsø ikkje heilt er på plass.

Det er stor forskjell på at Storgata er full av turistar og at det er stadig nye turistar som bur i naboleiligheita. Gode nabolag krev ein viss grad av stabilitet. Slik at vi kan bli kjent med naboane våre. For det er ikkje turistane som pyntar til jul, som deltar på dugnad bidrar til det sosiale limet i eit nabolag. Korttidsutleige er eit problem fordi det gjer at det blir dyrare og vanskelegare å finne seg ein plass å bu i denne byen. Men det er og eit problem fordi det gjer noko med nabolaga våre.

Det er sjølvsagt heilt greitt å leige ut eit rom i eiga leiligheit, eller å leige ut på airbnb når du sjølv er på reise. Det er delingsøkonomi, og slik airbnb starta. Det kan vere ei kjærkomen ekstrainntekt. Men i Tromsø er airbnb i stor grad noko anna enn ei kjærkomen ekstrainntekt. Det fører til bustadspekulasjon, høge prisar og utrygge nabolag. Derfor må vi få til ei regulering av korttidsutleige som gjer at vi kan få kontroll på omfanget, noko prøver vi å gjere i kommunen, men dei store grepa må komme frå storting og regjering.

Alle desse folka som fyller Storgata med liv må komme seg dit, anten frå flyplassen eller eller hamna. Mang av dei tar bussen, og ikkje få gonger har innbyggarane i Tromsø banntes over at det er fullt på bussen når du skal heim frå arbeid. Utanfor byen skaper turistar i leigebilar farlege situasjonar. Stopp for å sjå på og ta bilde av nordlys eller reinsdyr skaper utrygge og uoversiktlege situasjonar på smale og mørke vegar. Eit og anna banneord har nok blitt ytra i denne situasjonen og.

Noko av dette kan vi kanskje bøte på med dei pengane vi får frå turistskatten – kanskje til neste år. Men turistskatten vil ikkje vere ei uuttømmeleg krukke som kan løyse alle problem.

Det vil ta tid før vi har ein struktur på ting som gjer at vi kan handtere den turiststraumen som vi har. Men det er viktig at vi får kontroll på nokre av desse områda snart. For vi vil jo gjerne vere hyggelege og triveleg vertar for alle folka som kjem hit. Vi vil jo gjerne ta mot dei på ein god måte. For ingen veit vel betre enn vi som bur her kor fantastisk Tromsø er, eg skjønner godt at folk kjem.

Et sterkt nasjonalt forsvar, lågspenning og nordisk samarbeid må vere det norske svaret på Trump

USAs president aukar presset for å ta over Kalaallit Nunaat (Grønland). Trump legg økonomisk og militært press på Noreg og mange andre land. Argumentasjonen frå den amerikanske øvstkommanderande heng ikkje på greip. Grønland er ikkje ommeslutta av russiske og kinesiske fartøy. USA har og etter forsvarsavtalen frå 1951, med oppdatering i 2004, full rett til å ha militært personell og militære basar på Grønland.

Høgreradikale som Trump har fått stadig større makt i mange land. Trump er ikkje gal. Aggresjonen og krigsglede er ein del av den ideologien deira. Det kommer ei tid etter Trump. Men vi gjer ein stor feil om vi trur det som skjer no berre handlar om Trump. USA si rolle i verda og USA sine geopolitiske strategiar har vore i endring over lang tid. Trump er på mange måtar berre ekstremversjonen av dette.

Foto lånt frå: https://commons.wikimedia.org/wiki/File:Donald_Trump_(8567815294)_(cropped).jpg

Realiteten er at USA sin politikk i all hovudsak vender seg mot Kina. Europa, for ikkje å snakke om Noreg, er heilt underordna i denne vendinga mot Kina. Og, for USA er også NATO relativt uinteressant i denne samanhengen. Dersom NATO blir øydelagt av USAs politikk overfor Grønland, så er det i tråd med tidlegare utsegner frå Trump. Om Grønland blir bevisst brukt av USA for å øydelegge ein forsvarsallianse som det ikkje er fleirtal i kongressen for å trekke USA ut av, blir ein spekulasjon, men ein spekulasjon det er verd å tenkje over.

Norsk uavhengigheit

Det norske svaret må vere ei søking etter uavhengigheit frå USA. Først og fremst i eit nordisk samarbeid, men og i samarbeid med andre europeiske land og sikre ei opprusting av eiga forsvarsevne.

Vi kan starte med å seie opp avtalane om amerikanske basar i Noreg. I Noreg er det 12 amerikanske basar – eller omforeinte områder som det offisielt heiter. I desse områda har Noreg overført myndigheit til amerikanske militæret. I proposisjonen til Stortinget om dette blir det brukt mykje plass på om denne overføringa er i tråd med grunnloven. Spesielt blir dette problematisert knytt til Setermoen skyte- og øvingsfelt fordi det er eit stort område med sivil trafikk. I motsetnad til dei andre områda. Innafor desse omforeinte områda har amerikanske styrkar rett til begrensa myndigheitutøvelse, også overfor norske sivile.

Er vi i ein situasjon der det er fornuftig å gje amerikanske styrkar tilgang til basar på norsk jord, der dei har rett til å gjere det som er naudsynt for eiga tryggleik, også overfor norske sivile?

Amerikanske soldatar til Noreg?

Den fjerde mars startar øvinga Cold Response. 25 000 allierte soldatar skal øve på krig i Nord-Noreg. Blant desse 25 000 soldatane skal det vere 4000 amerikanarar. Eg tenkjer det kan vere rett å stille spørsmålet, er dette rette tida til å bidra til at USA får auka kompetanse på krigføring under arktiske vilkår? Samstundes kan det vere eit godt poeng at det er dei 4000 som kanskje er dei som vil måtte motsette seg å skyte på europeiske, danske og norske soldatar. Då kan det jo vere greitt at dei nyleg har trent side ved side av dei same og bygd band?

Hald fast ved atomvåpenpolitikken

Det er blitt viktigare enn nokonsinne å arbeide for lågspenning i nordområda. Vi må forsterke arbeidet med redusere motsetnadane i nordområda. Då er det i alle fall ein ting som er sikkert, vi kan ikkje la Erlend Svardal Bøe få legge premissane gjennom å auke moglegheitane for bruk av atomvåpen i nord. Når han spør på faqcebook: «Kanskje er det også på tide å diskutere de selvpålagte restriksjonene vi har knyttet til å ikke tillate lagring eller stasjonering av atomvåpen på norsk territorium i fredstid.» så må svaret vere eit rungande nei. Noreg har ingenting å tene på å auke spenninga i nord. Et sterkt norsk forsvar må vere på norske premissar.

Nytt budsjett for kommunen

Budsjettet for Tromsø kommune for 2026 kjem til å bli utfordrande for både innbyggarar og tilsette i Tromsø. Det er eit budsjett med store nedskjæringar. Eg har tidlegare skrive om korfor vi har desse store nedskjæringane, så eg kjem ikkje inn på det her.

Gjennom forliket mellom SV, Ap, Raudt, MdG og Sp på Stortinget fekk Tromsø kommune ca 30 millionar meir. Det er sjølvsagt alt for lite, men vi tar mot alt vi får med takk.

Desse pengane har vi brukt på det eg meiner er ein god måte.

Noko av det aller viktigaste vi gjer er at vi sikrar både miljøterapeutane i ungdomsskolen og sosiallærarar i barneskolen. Dette er utruleg viktig for å styrke laget rundt elevane, støtte dei som slit mest på skolen og for å avlaste lærarane. Eg synst Lisa Eidissen sa det godt i eit innlegg i nordnorsk debatt:

«Personlig vil jeg berømme og takke for kommunens investeringer i miljøterapeuter ut i skolene. Det er de som har hatt tid til å ta imot elevene og ha samtaler. Miljøterapeuten vår har organisert elevråd, juleball, karneval, revysamarbeid, rebuser, klassesamtaler og alt som tilhører det som er trygt og godt med å komme på skolen.»

Eg er stolt over at vi klarer å behalde desse viktige menneska i skolen.

I den andre enden av skalaen tar vi to svært viktige grep for dei eldre i kommunen vår. Vi set av pengar til eit nytt dagsenter. Dagsenter for heimebuande eldre gjev tilbod som skal forebygge sosial isolasjon, einsemd og funksjonstap av ulike årsaker. Formålet er å hjelpe til med meistring, sosial støtte, aktivisering, ernæring og auka livskvalitet. Dagsenter er eit av dei områda der vi har aller lengst venteliste i kommunen vår. Eit nytt dagsenter vil hjelpe mykje.

I tillegg får vi til å utvide tilbodet på Seminaret. Vi går frå åtte til 15 omsorgsbustader der. I Tromsø har vi stort behov for desse plassane. Sju nye plassar er ikkje nok, men det er eit bidrag i rett retning.

Det er mange frivillige organisasjonar i Tromsø som gjer ein fantastisk jobb. Anten det er matutdeling, støtte til overgrepsoffer eller tilbod til folk som fell utanfor på grunn av rus. Det var foreslått frå kommunedirektøren å redusere tilskotta til desse organisasjonane med ein fjerdedel. Det har det vore viktig for SV og samarbeidspartia i kommunen å gjere noko med.

Gjett den tøffe økonomiske situasjonen til Tromsø kommune er eg stolt over dei prioriteringane SV, Ap, Raudt, MdG og Sp er blitt samde om.

Redd velferden

Kommuneøkonomien i Noreg er i fritt fall. Fleire hundre norske kommunar rapporterer til dels store underskott, og situasjonen er ikkje noko betre her i Tromsø. Økonomi er eit verkemiddel ikkje eit mål, men underskotta fører til dårlegare tenester for våre eldre, barn og andre.

Det er utfordrande økonomi i Tromsø kommune, og svært mange andre kommunar i landet

Det einaste vi kan slå fast er at det vil bli ei vekstnæring å vere økonom hos statsforvaltarane som no skal passe på svært mange kommunar som etter alle solemerker skal inn på Robek.

I Tromsø dreg vi med oss eit underskott frå 2024 på meir enn 200 millionar. Kommunane har to år på seg å betale tilbake slikt meirforbruk. Planen var å betale tilbake ein god del i løpet av 2025 og ta resten i 2026. Økonomirapporteringa viser at vi ikkje kjem til å klare å betale tilbake nok særleg eller noko i det heile tatt i løpet av 2025. Det er ein av grunnane til at vi må gjennomføre så store kutt i 2026.

Renteauke

Bakgrunnen for den dårlege kommuneøkonomien heng særleg saman med tre faktorar. Det første er renteauken som har påført alle norske kommunar store kostnader. Berre i Tromsø er det snakk om fleire hundre millionar i kostnader. Bakgrunnen til dette igjen er at kommunane har behov for store investeringar i framtidig helse- og omsorgstilbod, i kommunale bustader og i infrastruktur. Dette heng igjen saman med at dårleg kommuneøkonomi over tid har gjort at kommunane ikkje har hatt nok pengar til vedlikehald av eksisterande bygningar og infrastruktur. I Tromsø ser vi det tydeleg på forfallet på vegane våre og på mange kommunale bygg.

Befolkningsendring

Det andre faktoren er endringa i befolkningssamansetting. Vi blir fleire eldre, og færre unge. Då burde sjølvsagt kommunen flytte pengar frå skole og barnehage for å bruke meir på eldreomsorg. Det ser veldig tilforlateleg ut sett frå finansdepartementet, men det blir ikkje billigare å drive ein skole om vi går frå 20 til 19 elevar i ein klasse. Klassen må uansett ha ein lærar. Vi ser og at vi har ein del utfordringar i ungdomsmiljøet som gjer at vi treng å bruke meir pengar på ulike hjelpe- og støttetiltak. I den verkeleg verda er det å flytte ressursar frå oppvekst til helse mykje vanskelegare enn det ser ut om ein berre ser på tala i stort.

Statsbudsjettet

Det tredje faktoren er at den statlege finansieringa av kommunane ikkje held tritt med dei faktiske kostnadene med å levere gode tenester til folk og dei oppgåvene kommunane blir pålagt av den same staten. Nominelt har inntektane til Tromsø kommune vokse med 6,6%, men samstundes har utgiftene knytt til prisvekst og demografi vore over betydeleg høgare. Differansen er omtrent det underskottet vi slit med no.

Så skal ikkje eg berre skulde på andre for den dårlege økonomien i kommunen. I ein så stor organisasjon som Tromsø kommune vil det alltid vere plassar der vi kan gjere ting betre, meir effektivt og billigare. Derfor har jo og Tromsø kommune vore gjennom store omstillingar dei siste åra. Vi har kutta i ein hardt arbeidande administrasjon og vi har omstilt og kutta innafor helse- og omsorg. Nokre av tiltaka har fungert, andre ikkje. Men uansett har innsparingane blitt spist opp av dei dei tre faktorane nemnt tidlegare.

Budsjettet for 2026 kjem til å gjere mange av tenestene kommunen skal levere dårlegare. Arbeidet kjem til å bli hardare for tilsette og fleire vil gå heim med ei kjensle av at ein ikkje har gjort jobben godt nok. Til det vil eg seie at ansvaret for det ligg hos andre enn dei tilsette i kommunen. Det er den statlege finansieringa som regjeringa står bak må bere hovudansvaret.

Så får vi håpe at statsbudsjettforhandlingane gjev meir pengar til kommunane enn den underfinansierinag regjeringa la opp til. Men eg trur vi og kan slå fast at heller ikkje dette statsbudsjettet vil løyse dei problema som kommunane har. Det pågår også forhandlingar mellom samarbeidspartia for å reversere nokre av dei mest drakoniske kutta i neste års budsjett, men dette vil ikkje endre hovedgrepa frå regjeringa som gjev dårlegare tenester for eldre, barn og andre.

Helseforetaka treng store endringar

Dagens modell for styring av sjukehusa har fleire openberre problem. Det er ille at det er blitt eit direktørvelde som kostar over ein milliard kroner. Pengar som kunne blitt brukt til pasientbehandling. Det er ei stor utfordring med kvasimarknadssystemet med innsatsstyrt finansiering som kan vere eit insentiv til å flytte ressursar til dei pasientane som gjev størst avkastning framfor dei pasientane som treng mest hjelp. Ikkje alt dette kan endrast gjennom ei endring av styringsmodell, men ein del store problem har tydeleg samanheng med styringsmodellen

UNN er det største og viktigaste sjukehuset i Nord-Noreg, koreleis sikrar vi at UNN og alle dei andre sjukehusa i Nord-Noreg får best mogleg forhold? (UNN Tromsø – A-fløya – Drone fotografi: Frode Smelror Abrahamsen)
  1. Når sjukehusa har ein rekneskapsmodell som ikkje skil tydeleg mellom investeringar og drift kjem vi i den absurde situasjonen at sjukehusa må gå med overskott for å kunne betale med naudsynte investeringar. Det får slike utfall som at UNN må legge ned tilbodet ved DPSane for å finansiere nytt Åsgård sjukehus. Det er noko absurd i at staten skal låne pengar til staten (UNN) og at staten (UNN) må skjære ned på helsetilbodet til innbyggarane for å betale pengar tilbake til staten.
  2. Det er utydeleg kvar det politiske ansvaret for sjukehusa er plassert. UNN-styret kan gøyme seg bak pålegg frå styret i det regionale helseforetaket (RHF) og RHFet kan vise til statsråden, medan statsråden kan vise tilbake til dei ulike styra. Det skaper uklårheit og gjer det vanskelegare for vanlege folk å påverke systemet. Det er noko uforløyst i samarbeidet mellom primærhelsetenesta (kommunane) og spesialisthelsetenesta (sjukehusa). Vi ser dette aller tydelegast i problematikken med utskrivingsklåre pasientar. Kommunane har ikkje råd til å bygge opp eit tilbod til å ta mot desse pasientane. Men fordi kommunane har dårleg råd må dei betale dagbøter til sjukehuset, noko som gjer at kommunane får enno dårlegare råd til å ta mot alle dei utskrivingsklåre pasientane.
  3. Samstundes taper også sjukehusa pengar, fordi det ofte kostar meir for sjukehusa å passe på desse pasientane enn det dei for inn i dagbøter. Denne byttinga av pengar gjer at vi tappar systemet for ressursar som kunne vore brukt til å gje betre pasientbehandling.

Kva er løysninga?

Det er sjølvsagt ikkje slik at ei endring i styringsmodell med eit trylleslag løyser desse problema, men ei endring av styringsmodell kan vere med på å gjere det enklare. Eg kan sjå for meg fleire modellar som vil gje meir faglig og folkevalt-styring.

Det enklaste er kanskje å fjerne det regionale leddet og fordele dei oppgåvene som ligg der opp til direktoratet eller ned til sjukehusa. Dersom vi i tillegg lagar ein finansieringsmodell der sjukehusa blir finansiert direkte over statsbudsjettet og skil mellom drift og investeringar så kjem vi eit langt stykkje på veg til å løyse dei to første av dei tre problemstillingane.

Ein slik modell i seg sjølv vil ikkje løyse utfordringa i samhandlinga mellom kommune og sjukehus. Ein interessant tanke kan vere å lære av Finland. Dei har ganske nyleg omorganisert sjukehussektoren der den er regionalt styrt gjennom val og der regionane har fått ansvar for både sjukehusa og ein god del av det helsetilbodet som i dag ligg i kommunane i Noreg. Ein slik modell kan vere med på å bidra til å løyse alle dei tre problema eg skisserte ovanfor.

Per i dag er ikkje eg sikker på kva som er den aller beste måten å løyse dette på, men eg er heilt sikker på at vi treng ein fordomsfri debatt og diskusjon om korleis vi skal løyse dette og at vi treng å gjere endringar.

Så får vi alle håpe at dette blir ein god debatt om korleis vi kan løyse utfordringane våre og ikkje bli ein bykamp mellom Bodø og Tromsø.

Statbudsjettet er mykje meir enn ferjer

Det er bra at Ap slår retrett og fikser opp i feila om slette av studiegjeld og gratis ferjer. Dessverre er det verre ting som har gått under radaren når alt har handla om ferjer og studielån.

Jens Stoltenberg har meir å rette opp i. Bilde frå finansdepartementet sin flickr. Finansminister Jens Stoltenberg la frem regjeringens forsl… | Flickr

Ei av dei aller største utfordringane i Noreg er at det framleis er mange fattige familiar. Heldigvis har tala blitt litt betre dei siste åra fordi SV har kjempa gjennom auka barnetrygd og billigare barnehagar og SFO. Det er derfor med stor uro eg ser at dette statsbudsjettet stoppar denne framgangen og til dels reverserer den.

AP-regjeringa foreslår at barnetrygda ikkje ein gong skal regulerast i takt med prisauken og at familiar som slit sånn med økonomien at dei må få sosialhjelp skal få trekk i sosialhjelpa tilsvarande det dei får i barnetrygd. Det betyr det at det berre er dei aller fattigaste i Noreg som ikkje skal få barnetrygd. Dette statsbudsjettet betyr at fleire barn vil vekse opp i fattige familiar.

Det er utruleg fint at fleire unge menneske vel å ta ei yrkesfagleg utdanning. Då blir det underleg at regjeringa ikkje foreslår å inflasjonsjustere tilskottet bedriftene får for å ta inn lærlingar og drive opplæring av desse. Så sjølv om regjeringa har ein del god tiltak for yrkesfag i budsjettet, så lar dei sjølve grunnsteinen i ordninga forvitre.

Så er eg skuffa over at regjeringa ikkje følgjer opp vedtaket i Stortinget (formulert av Ap sjølv!) om å auke grensa for kva uføretrygda kan tene ved sida av trygda. I ei tid då vi treng arbeidskraft og at alle deltar i arbeidslivet når og viss dei kan så burde vi gjort det enklare for dei som er uføretrygda å delta i arbeidslivet om dei kan.

Så kunne vi snakka lenge om kommuneøkonomien. Men det er kanskje nok i denne omgangen å seie at dette budsjettet ikkje gjev kommunane rom for å utvikle gode skolar, eldreomsorg og alle dei tenestene i lokalsamfunnet som er så viktige for folk. Dessverre er kommunebudsjetta som staten legg opp til ei oppskrift på avvikling , ikkje utvikling.

Dette statsbudsjettet ser ut til å bli ein tapt sjanse for å gjere skilnadane mellom folk i Noreg mindre og ta eit steg i retning av større rettferd. Det er tungt å skulle rette opp dei same feil i budsjett etter budsjett. Du kan likevel vere trygg på at SV vil stå på for at alle i det norske samfunnet skal få leve gode liv.