Åtaket på Iran undergrev folkeretten

Det er svært sannsynleg at Israel og USAs åtak på Iran fører til at fleire land vil ønske seg atomvåpen. I løpet av ikkje så veldig mange år har USA saman med andre vestlege land gått til åtak på fleire land. Det landet som ikkje er utsett for angrep er Nord-Korea. Det kan verke som det einaste som gjer at du er trygg frå angrep frå USA og villige medhjelparar er at du har atomvåpen.

Dersom målet med åtaka på Iran er å hindre spreiing av atomvåpen så er det kontraproduktivt. Uavhengig av kva som skjer i neste etappe framstår det som sannsynleg at Iran vil forsterke arbeidet sitt med atomvåpen. Det framstår som einaste måten dei kan vere trygge på. Amerikansk etteretning har anslått at Iran var fleire år frå å kunne skaffe seg atomvåpen. Moglegheita for diplomati var ikkje stengt. Det blir derfor vanskeleg å sjå nokon annan grunn for desse åtaka enn at Benjamin Netanyahu treng ein evig krig for å halde seg ved makta. Det var palestinarane på Gaza som fekk gjennomgå først. No er det visst Iran sin tur. Kven er neste?

Det å angripe eit suverent land

Eit av argumenta for meg og mange andre for å støtte Ukraina i kampen mot Russland er at det er grunnleggande viktig for Noreg og andre små land å halde oppe ein internasjonal rettsorden. I folkeretten der ein av dei aller viktigaste reglane er at det er forbudt å gå til åtak på eit anna land. Gjennom måten dei agerer på er det ingen tvil om at USA saman med Israel er blant dei landa som i størst grad har vore med på å undegrave denne regelen. Åtaka på Iran og fleire andre land tidlegare gjev ei melding til verda at berre du er mektig nok så gjeld ikkje reglane for deg.

Eg er veldig glad for at den norske regjeringa tok avstand frå det israelske angrepet på Iran. No håper eg på like klår tale overfor USA.

Ingen støtte til Iran

Eg støttar ikkje Iran. Prestestyret er kvinneundertrykkande, det er udemokratisk og landet har sponsa terror i naboland. Men vi kan ikkje bombe alle land vi ikkje liker. Det er mange land i verda som er kvinneundertrykkande, som er udemokratisk og som fengslar opposisjonen. Noreg bør gjere alt det vi kan for å bidra til endringar i Iran. Men bomber og krig er ikkje måten å få til denne endringa på.

Støtte til Palestinarane

I skuggen av det som foregår i Iran er nauda på Gaza framleis like stor. Barn døyr dagleg på grunn av israelske åtak og utestenging av naudhjelp. Midt oppi det som skjer i Iran må vi ikkje glømme Palestina. Situasjonen der er minst like alvorleg som før.

Lisens for bildet: Northrop Grumman B-2 Spirit, Stealth Bomber, AV-1 – 82-1066 «Spirit of America» at KBAD Barksdale Defenders of Liberty Airshow.” by Christopher Ebdon, CC BY-NC-SA 2.0

Vi treng fleire utleigebustadar – både i by og bygd!

Utan å ha tryggleik for bustad så er det vanskeleg å leve eit godt liv. Du veit aldri heilt sikkert kor lenge du får bu i den bustaden du leiger. Bustaden din er basen for livet ditt.

I Tromsø bur nesten ein tredjedel av folk i ein leigd bustad. Det er ein klår samanheng mellom inntekt å det å bu i ein leigd bustad. 65% av den fjerdedelen av oss som har lågast inntekt leiger ein bustad, medan berre åtte prosent av den fjerdedelen med høgast inntekt leiger bustaden sin. Samtidig har kostnaden med å leige auka kraftig. Ifølge SSB har gjennomsnittleg husleige for ei 3-roms leilegheit i Noreg auka med 12% frå 2022-2024. Til samanlikning var generell prisstigning i same periode på 8,8%.

Kostnaden med å leige har auka kraftig. Ifølge SSB har gjennomsnittleg husleige for ei 3-roms leilegheit i Noreg auka med 12% frå 2022-2024. Til samanlikning var generell prisstigning i same periode på 8,8%. På så kort tid er dette store endringar.

Ein av grunnane til at det er slik er at vi manglar utleigebustader. I byane er det mangel, og i distrikta er det mangel. I ein situasjon der næringslivet og det offentlege slit med å få tak i folk til å få gjort naudsynt arbeid er mangel på utleigebustader eit stort problem. Eg synst leiaren for Grovfjord mekaniske, Bård Hansen, sa det godt då eg var på besøk der. Han meinte at vi kan ha all verdens fine maskinar, men det hjelp ikkje om vi ikkje har folk til å bruke dei.

Derfor foreslår SV på stortinget no eit løft for å få bygd opp ein ikkje-kommersiell utleigesektor. Bustader der du kan leige lenge og ha tryggleik for bustaden din, bustader som gjer at du får ein heim dersom du vil flytte til ein ny plass og kanskje ikkje vil kjøpe med ein gong, før du veit om du vil trivast på ein ny plass.

SV foreslår ei ordning med tilskott til bygging av utleigebustader gjennom husbanken og ei ordning for å auke avdragstida på lån frå husbanken. Dette kan gjere husleiga overkommeleg for folk og dette kan gjere det mogleg for kommunane å bygge fleire utleigebustader.

Men det er ikkje sikkert det offentlege skal gjere alt.

For SV er det viktig å legge opp til at folk kan løyse sine eigne problem gjennom felles handling. Derfor legg vi og opp til i forslaga å få til ei ordning med leigebuarsamvirke, der folk kan gå saman om å få bygd dei bustadane dei treng. Det er ein modell som Sverige har brukt med stort hell, og kan vere eit svar på LO-kongressen sitt vedtak der LO skal finne ut om dei kan ta ei rolle i bygging av slike bustader. Det er og verd å merke seg LO sitt høyringssvar til forslaget frå SV i Stortinget. Dei skriv:

I arbeidet for å bevare små forskjeller i samfunnet spiller boligpolitikken en avgjørende rolle. Etter flere års nedgang, øker nå bostedsløsheten i Norge. Dette er svært alvorlig for dem det gjelder, og understreker behovet for å sikre en leiesektor det går an å leve med. LO mener at boligpolitikken må innrettes med mål om at vanlige folk skal kunne finne seg et trygt og godt hjem. Det er boligpolitikkens ansvar at det tilbys flere rimelige leieboliger. Derfor mener LO at regjeringen nå må ta grep, for å etablere en ikke-kommersiell utleiesektor som tilbyr rimelige husleier og langsiktige boforhold.

For SV er det grunnleggande viktig å få bygd fleire utleigebustader og å gje det som leiger større tryggleik for eigen bustad.

Bildet er lånt frå wikipedia: Av Sebastian F – Eget arbete, Public Domain, https://commons.wikimedia.org/w/index.php?curid=2366391

Vi må starte bygginga av Tromsbanen no

Eit av dei aller vanlegaste argumenta mot bygging av jernbane nordover er at det er for dyrt. Det er vanskeleg å sjå at det er eit gyldig argument.

For det første. Om berre 0,1 prosent av avkastninga på oljefondet vart brukt til Nord-Noregbanen ville den vore finansiert på under 10 år. Og, grensa på å ikkje bruke meir enn 3% av fondet ville ikkje blitt kryssa. I staden for å bygge landet med infrastruktur som skal vare i hundreår, ser man at verdiar i aksjar og obligasjonar nærmest går opp i røyk.

For det andre, det er ikkje slik at vi får mindre til veg om vi får jernbane. Det er ein myte at det er ein motsetnad mellom pengar til fylkesvegane i Nord-Noreg og pengar til jernbane. Ingen andre stader i landet ser vi ein slik motsetnad. Og det er heller ikkje slik at vi i nord får meir pengar til veg enn andre fordi vi ikkje har jernbane. Sanninga er nok heller at vi får mindre til både veg og bane.

Ein jernbane i nord må byggast for å binde landet saman. For å sikre beredskapen, og ikkje minst for å binde saman regionen. Ein moderne bane vil føre til at store delar av Troms vil vere innafor dagpendlaravstand. Det betyr eit større jobbtilbod, eit større kulturtilbod og eit betre liv for mange av oss.

Siden 1870-talet har ein jernbane opp til det nordlegaste Noreg vært vurdert. I 1923 bestemte Stortinget at det skulle byggast jernbane frå Setermoen til Storsteinnes. Nittiåtte år seinere ga Stortinget regjeringa marsjordre: Nord-Norgebanen skal byggast. Dessverre ser det ut til at regjeringa sleper føtene etter seg når dette oppdraget skal gjennomførast. Dei har råd til eit nytt regjeringskvartal i Oslo til 50 milliardar, men ein infrastruktur som bind saman landet er visst framleis for dyrt.

I dag hadde Stortinget moglegheit til å ta eit nytt stort steg for å få bygd jernbane nordover, men dessverre tyder alt på at det ikkje blir fleirtal for dette forslaget frå SV, Sp og Frp:

«Stortinget ber regjeringen, som en oppfølging av vedtak nr. 813 (2020–2021) og for å raskest mulig styrke militær beredskap i nord, prioritere planleggingen av jernbanetraseen mellom Narvik og Bardufoss, og melde tilbake til Stortinget på egnet vis.»

SV har programfesta bygging av Nord-Noregbanen fordi vi vil bygge opp infrastrukturen som bind landet saman.

https://www.skogholt.org/wp-content/uploads/2025/05/Captions_F06562.mp4

Eit arbeidsliv for alle – SVs plan for rettferd og tryggleik

Otium bo- og velferdssenter. Tromsø. Fotograf Martin Eilertsen Copyright: SV

Arbeidslivet i Noreg er i endring. Fleire blir pressa ut av jobb altfor tidleg, medan mange unge og menneske med nedsett arbeidsevne aldri får sjansen til å jobbe. Samstundes tærer eit høgt arbeidspress på mange som står i jobb. I arbeidsprogrammet vårt for 2025–2029 legg SV fram ein heilskapleg plan for å skape eit meir rettferdig, inkluderande og bærekraftig arbeidsliv.

Fleire folk i arbeid, mindre skilnader og eit tryggare arbeidsliv. Full sysselsetjing må vere eit hovudmål i den økonomiske politikken. For arbeid er framleis den viktigaste måten vi sikrar trygg økonomi for folk. Det skal lønne seg både for samfunnet og for bedriftene å tilsette folk som står utanfor arbeidslivet. SV vil difor styrke lønstilskotsordningar, gje betre støtte til bedrifter som tilset folk med nedsett arbeidsevne, og sørge for at faste, heile stillingar blir normen.

SVs arbeidslivspolitikk er tett knytt til den grøne omstillinga. Noreg må kutte utslepp og bygge nye grøne næringar – men dette må skje på ein rettferdig måte. Det er ikkje akseptabelt at arbeidsfolk skal betale prisen for klimaendringane. SV vil bruke statlege verkemiddel for å skape grønne, trygge og godt organiserte arbeidsplassar over heile landet.

Arbeidslivet må byggjast slik at alle kan delta etter evne. Diskriminering og mangel på tilrettelegging er framleis store barrierar, særleg for menneske med funksjonsnedsettingar og minoritetsbakgrunn. SV vil sørge for at NAV si rettleiarroll blir styrka, og at diskriminering i arbeidslivet blir sanksjonert hardare. Arbeid og helse må sjåast i samanheng – derfor vil SV gje fleire tilgang til arbeidsretta rehabilitering.

SV ser òg trongen for ei arbeidstidsreform. Vi treng eit arbeidsliv som folk kan klare, ikkje eit som slit folk ut. Difor vil SV redusere normalarbeidstida frå åtte til sju timar om dagen – ei 35-timars arbeidsveke. Dette vil ikkje berre gi betre balanse mellom arbeid og fritid, men òg gjere det mogleg for fleire å stå i arbeid lenger. Det langsiktige målet er framleis 6-timarsdagen, men ein reduksjon til sju timar er eit steg på veg til målet.

Samstundes som fleire må inkluderast i arbeidslivet, må vi stoppe utstøytinga av dei som allereie er i jobb. Høgt sjukefråvær, ufrivillig deltid og ei veksande vikarbyråmarknad er symptom på ein velferdsstat under press. SV vil snu denne utviklinga ved å sikre fleire tilsette i helse- og omsorgssektoren, avvikle bruken av vikarbyrå og fase ut kommersielle aktørar frå velferdstenestene. Det handlar om å ta betre vare på folk – både tilsette og brukarar. I vår har SV lagt fram eit forslag på 20 punkt for korleis vi kan rekruttere fleire folk inn i helse og omsorgsyrkene.

Kvinnedominerte yrke i offentleg sektor er ofte lågtlønna og prega av harde arbeidsforhold. For å få fleire til å velge og bli i desse viktige jobbane, vil SV jobbe for høgare løn, heile faste stillingar og samstundes skal arbeidsfolk få meir innverknad over eigen arbeidskvardag.

Eit trygt arbeidsliv handlar òg om økonomisk tryggleik når ein blir sjuk eller mistar jobben. SV vil styrke velferdsordningane, auke minstesatsane i folketrygda og ha ei inntektssikring som held folk over fattigdomsgrensa. Universelle ytingar skal vere hovudregelen, fordi behovsprøving ofte gjer at dei som treng hjelpa mest, fell utanfor. Og sjukelønna skal ikkje kuttast.

For ungdom vil SV sikre ein jobbgaranti, slik at fleire får ein god start på arbeidslivet. Ei nasjonal tilskotsordning for kommunar skal bidra til å skape meiningsfylte jobbar for unge under 30 år og menneske med nedsett arbeidsevne. På sikt ønskjer SV å utvikle dette til ein nasjonal jobbgaranti. I Troms er det omtrent 3000 folk mellom 20-30 år som er heilt utan arbeid, ikkje under utdanning eller med støtte frå NAV. Dette er ei gruppe vi må makte å få inn i produktivt arbeid eller utdanning.

SV vil bygge eit arbeidsliv der folk ikkje blir slitne ut, men inkluderte. Der arbeid gir verdigheit og tryggleik. Der rettferd og fellesskap veg tyngre enn marknadskrefter og profittjag. No er tida inne for å kjempe fram eit arbeidsliv som fungerer for alle. SV har planen – og vi håpar du blir med på laget.

Aukande forskjellar undergrev tillit og beredskap.

Denne saka frå NRK er skremmande lesing. Forskjellane mellom folk i Noreg aukar. Dei rikaste blir rikare og får ein større andel av formuen i landet.

I det utvalet som er med i denne undersøkinga så er det berre USA og Sverige (sic!) som har større forskjellar mellom folk enn Noreg.

Rapporten som NRK si sak viser til viser at til tross for at forskjellane i inntekter mellom folk er liten i Noreg (samanlikna med andre land) så er forskjellen i formue enorm.

Perspektivmeldinga viser og at dei rikaste får ein stadig større del av formuen i landet.
Små forskjellar er viktig for eit land. Det skaper tillit mellom folk, og mellom folk og dei demokratiske institusjonane. Den tilliten er det uhyre viktig å ta vare på. For tilliten er ein viktig del av den norske beredskapen.

Derfor er det så viktig å behalde formuesskatten og vurdere å innføre ei arveavgift for dei aller største formuane. Det vil sikre at alle bidrar til fellesskapen og at vi har råd til å oppretthalde og utvikle velferden i landet vårt. SV vil ha ein skattepolitikk som gjev mindre skatt for dei låge inntektene, men høgare skatt for dei største formuane og dei aller høgaste inntektene.

Barnetrygda fungerer!

Av Pål Julius Skogholt, førstekandidat for SV i Troms ved stortingsvalet

Noko av det verste i eit samfunn er barn som veks opp i fattige familiar. Derfor har SV prioritert barn i alle budsjettforhandlingane med regjeringa i denne perioden. Og, heldigvis viser tala at det hjelper.

SSB skriv på sine nettsider:

«For tredje år på rad ble både andel og antall barn i husholdninger med vedvarende lavinntekt redusert. Andelen i 2021-2023 var 0,7 prosentpoeng lavere enn i 2020-2022, noe som betyr 6 400 færre barn i vedvarende lavinntekt. Siden toppunktet i 2018-2020 har antallet barn i vedvarende lavinntekt falt med over 19 000, en reduksjon på 1,8 prosentpoeng. Ikke siden 2015 har antallet vært under 100 000 og sist vi så andeler under 10 prosent var i 2014.»

Lavere andel barn med vedvarende lavinntekt i 2023 – SSB

I denne perioden har SV prioritert å auke barnetrygda. Derfor skriv og SSB i artikkelen at auka barnetrygd er ein av grunnane til at barn i familiar med vedvarande låginntekst har gått ned. Barnetrygda har auka med 11000 kroner for barn over 6 år.

Vi er glade for at fattigdomstala endeleg går riktig veg. Dette er i kjernen av det som er SVs politiske arbeid, nettopp å redusere forskjellane blant folk. Under Erna Solberg økte talet på barn som vaks opp i fattigdom. SV har gjennom å prioritere våre krav i budsjettforhandlingar med regjeringa, fått rydda opp etter Solberg.  

Barnetrygda er ikkje den einaste forbetringa for barnefamiliar i perioden. SV har kjempa fram gratis halvdagsplass for 1.-3. klasse og har saman med regjeirnga redusert prisane i barnehagen med 2000 kroner. Samla gjev dette eit betydeleg løft for barnefamiliane i Noreg og er med på å gje ein enklare økonomisk kvardag.

SV har prioritert og vil prioritere barn og unge.

Exit mobile version