Det er ikkje ofte det er så mange samla på torget i Tromsø som i dag. Eg har vore på ein del demonstrasjonar på torget i Tromsø og det er ikkje ofte eg har ei oppleving av at no er det fullt på torget. No var det faktisk litt trangt. Eg veit ikkje kor mange vi var i dag, men eg veit det var ei massiv markering mot dei endringane som er blitt foreslått i arbeidsmiljøloven av regjeringa.
Innlegget som videoblogg:
For meg er det mest alvorlege som er blitt foreslått er at normalarbeidsdagen skal bli lengre og det skal opnast for meir helgearbeid. Det er ikkje slik at eg ikkje vil arbeide, men det er ein stor verdi at vi har fri omtrent samtidig. Dersom eg vil slarve med naboen, drikke øl med ein kompis, gå på ski med ungane så er det greitt at folk har fri på omtrent same tid og jobbar på omtrent same tid. Det er det som er fridom. Å kunne ha det godt saman med famile og venar. Det blir vanskelegare om partiet for folk flest får det som dei vil.
Men, eg kan ikkje lage ein blogg utan å kommentere det store politiske jordskjelvet i Tromsø. Eg tenkjer sjølvsagt på at ordføraren i Tromsø, Jens Johan Hjorth trakk seg frå Høgre lista etter å ha forsøkt seg på eit kupp.
Eg må berre innrømme det, eiga lykke er ikkje å forakte, men andre si ulykke er veldig bra det og, og det er ingen tvil om at dette er ei ulykke for Tromsø Høgre. Eg skal ikkje seie at valet er over, men det er blitt enklare for den utvida venstresida (hvori opptatt Ap) å vinne valet. Dessutan har sjansen for ein SV ordførar auka kraftig. Det kan fort skje dersom Ap skulle finne på å insistere på parlamentarismen etter valet. Eg håper dei tar til vett og at vi går tilbake til formannskapsmodellen, men Ap seier dei ønsker denne dårlege og dyre styringsmodellen.
Til slutt, regjeringa har sendt ut på høyring eit forslag om at det skal bli forbudt å spørre etter hjelp i Noreg. Høyringsfristen er 15. februar. Eg liker ikkje tigging, men det er ikkje slik at vi kan forby alt vi ikkje liker. Vi må tole å sjå fattigdomen. Vi kan ikkje forby den.
Skal 2015 bli det året då du mistar rettar du ikkje eingong visste at du hadde? Rettar som er så sjølvsagte at vi ikkje eingong har tenkt over dei? Det kan skje om vi ikkje er merksame. Ja, det handlar om fisk og arbeidsmiljølov. (vil du heller sjå enn lese? Video av denne bloggen nederst i saka.)
Gjennom tusenvis av år har det vore slik at fisken og retten til å fiske har tilhøyrt kystbefolkninga og fiskarane. Fisken var vår. Sakte har dette endra seg, fisken tilhøyrer i realiteten i dag båteigarane. Det har på mange måtar vore greitt, fordi båteigaren, fiskaren og kystbuaren er den same. Men, snart vil det kanskje ikkje vere slik. Eit utval har foreslått at den såkalla deltakarloven skal opphevast. Det denne loven seier er at berre aktive fiskarar kan eige fiskefarty med rett til å fiske.
Dersom denne loven blir oppheva ligg vegen open for at reiarlag vil eige fiskefartya og dermed retten til å fiske. I realtiteten vil dei då eige fisken. Tidlegare har overskottet av fiskeria hamna i kystsamfunna og vore med på å skape det gode liv. No vil overskottet hamne hos reiarlaga, sannsynlegvis børsnoterte og eigd av amerikanske «hedge funds».
Dersom ikkje vi alle er merksame på dette vil den blå regjeringa drive dette gjennom i Stortinget. Du er utfordra til å vere med å hindre dette.
Fridom, smak på det ordet. Det minner oss alt det gode og fine, om Nelson Mandela, om Sakharov om stemmerett. Korleis kan det då ha seg at ordet blir brukt om søndagsopne butikkar og endringar i arbeidsmiljøloven. Jau, det er kanskje slik at eg får det litt friare om eg kan velje å handle søndag i staden for på laurdag. Men, samstundes betyr det uendeleg mykje mindre fridom for dei som må jobbe på søndag for å halde butikken open for meg. Og, med dei foreslåtte endringane i arbeidsmiljøloven blir det ikkje enkelt å nekte. I dag er du som arbeidstakar beskytta når arbeidsgjevar vil ha tida di. Di tid saman med familie og vener er beskytta. Arbeidsgjevaren kan berre pålegge deg å jobbe kva tredje helg, og vil han at du skal jobbe overtid så får du faktisk overtidsbetalt.
Regjeringa foreslår å fjerne mykje av den fridomen som beskyttelsen i arbeidsmiljøloven gjev. Dei vil at arbeidsgjevar skal kunne pålegge lengre arbeidsdagar delvis utan overtidsbetaling, og du skal måtte jobbe helg oftare.
Felles for desse to sakene er at milliardane til dei som allereie har mest er meir verd enn menneska som utgjer samfunnet. Det er det som er høgrepolitikk.
PS. Beklager det dårlege forsøket på clickbaiting i overskrifta
Her kan du sjå opptak av hangouten der eg og Torgeir snakkar politikk.
Vi er innom når stortingsrepresentantar skal stemme for eiga overtyding, om poker, arbeidsmiljøloven, finanskrisa, bevæpninga av politiet, mobiltelefonovervaking og meir til. Dersom eg orkar skal eg legge til tidspunkta under slik at du kan sjå berre dei tema du er interessert i.
Den sjette oktober i 2014 kom sjokkmeldinga til 179 tilsette i Fagrent. Det er desse 179 som gjer reint i kommunen sine barnehagar, skolar og andre bygg. Byrådet ønsker å spare pengar gjennom å ta frå dei pensjonen dei har spart opp til. Finansbyråd Anne Berit Figenschou skal i alle fall ha kredit for å gje dei tilsette reine ord for pengane. Ho seier til Nordlys den sjette oktober:
Dersom det blir et AS vil det kunne meldes inn i NHO og følge NHOs tariff. I og med at de ansatte dermed ikke lenger jobber i kommunen, men i et aksjeselskap, vil de kunne miste sin pensjonsordning. Der har kommunen en mulighet til å spare penger.
Det er heilt vanvittig. Før har høgresida alltid sagt at dei tilsette skal få like gode vilkår når dei blir as-ifisert eller konkurranseutsett. Det har så godt som alltid vore tull. No seier det med reine ord. Vi skal spare pengar på å kutte pensjonen til folk. Skjer det for å kunne senke eigedomsskatten? Eg blir berre rasande, rett og slett.
SVs gruppeleder i Tromsø, Gunhild Johansen har lang fartstid i som tillitsvalgt og reagerer svært sterkt:
Dette er hårreisende! I min lange karriere som tillitsvalgt i Fagforbundet, har jeg vært med å kjempe for at alle kommunalt ansatte skulle få rett til pensjon. Nå vil byrådet organisere disse arbeidstakerne ut av den kommunale pensjonsordningen. Det er så uanstendig at det er til å gråte blod av!
Nokre av dei som har jobba lengst i kommunen kan på denne måten gå glipp av ein milliona i pensjon og AFP. Dette er ingen gullpensjon, men noko slitarane i kommunen har gjort seg fortent til.
Dette er smålegheit, og typisk høgrepolitikk.
Du kan og lese Jan-Thore Lockertsen sitt blogginlegg om saka (pluss litt OL)
EØS-avtale bind Noreg til eit system der marknadsfridomane er dei viktigaste fridomane. Der desse er viktigare enn faglege rettar, distriktspolitikk og miljø. Den debatten som no foregår i fagrørsla om EØS er derfor svært positiv.
I denne omgangen sa landsmøtet i Handel og Kontor neit til å kreve oppseiings av EØS-avtalen med 126 mot 120 stemmer. Det er fantastisk gode tal for Nei-sida, spesielt med tanke på kva landsmøtet faktisk vedtok. Eg synst det er verd å sitere:
Utvid handlingsrommet i EØS-avtalen
Handel og Kontor konstaterer at EØS-avtalen på arbeidsmarkedsområdet har gitt større konsekvenser enn noen hadde forutsett og skapt begrensinger for nasjonal styring. EØS-avtalen har siden den ble inngått i 1992 blitt stadig mer omfattende og griper i dag inn på områder som stortingsflertallet forutsatte at den ikke skulle berøre. Sentrale elementer innen norsk distriktspolitikk, petroleumspolitikk, forvaltning av naturressurser, alkoholpolitikk, og i de senere år faglige rettigheter og tiltak for å hindre sosial dumping, har i tur og orden blitt utfordret av ESA og EFTA-domstolen. Det er uakseptabelt at arbeidslivspolitikken i stadig økende grad overføres til besluttende organer uten for Norge. HK ønsker at handlingsrommet innenfor EØS-avtalen skal utvides. Og vil legge særlig vekt på:
Mer bruk av reservasjonsretten
Reforhandling av enkeltpunkter
Andre alternativer til dagens avtale
Dette må inngå i forbundets arbeid frem til LO-kongressen i 2013.
Eg håper at LO-kongressen vil legge seg på same linja. Det er vel for mykje å håpe på at kongressen ber om at avtalen skal seiast opp.
Vikarbyrådirektivet er berre eit av mange direktiv som legg til rette for lønsdumping, som vi mellom anna har sett i fiskeindustrien. Slike tilstandar vil vi ikkje ha i Noreg. Då må vi følgje opp krava frå Handel og Kontor.
Polske og litauiske arbeidarar demonstrerer mot sosial dumping i Oslo på første mai i 2009. Foto: Jon Bals
Alle har høyrt om Adecco-saka. Men den saka er berre toppen av eit isfjell. Vi ser stadig meir bruk av innleigd arbeidskraft gjennom ulike vikarbyrå. Dette er vanleg i byggebransjen, i verkstadindustrien og ikkje minst i fiskeindustrien. Dette undergrev lønsnivået i Noreg og endrar styrkeforholda mellom fagrørsla og eigarane. Vikarbyrådirektivet vil institusjonalisere dette.
NRK Nordnytt har på ein god måte i ei rad artiklar og innslag på TV og Radio sett fokus på dette. I ein artikkel frå mars i år kjem det fram:
I Senjahopen i Troms har Nergårdkonsernet supplert arbeidsstokken med seks arbeidere fra Altonas. Heller ikke daglig leder Bjørn Henriksen synes det er problematisk å benytte dårlig betalte litauiske arbeidere. – Vi har en avtale med et norskbasert selskap, og den avtalen har vi fått ei juridisk vurdering på før vi inngikk den. Vi er på rett side i henhold til norsk lov, sier Henriksen.
Det første er at dette blir sett på som moralsk og etisk uproblematisk å ha utlendingar til å gjere same jobben som vi gjer, men å betale dei dårlegare. Det andre er at dette faktisk er lov.
Eit EU-direktiv kan opne slusene for slik innleige – viss direktivet blir godteke av regjeringa og Stortinget. Dette «vikarbyrådirektivet» har sjølvsagt både gode og dårlege sider. Det som er bra, er at direktivet i prinsippet skal gje innleigde arbeidarar same løn- og tilsettingstilhøve som dei fast tilsette. Men direktivet er uklårt på eit punkt, kva tyder det at “de vesentlige lønns og ansettelsesforhold” skal vere dei same for innleigde som for fast tilsette? (Artikkel 5)
I mange delar av norsk arbeidsliv er det vanleg med ulike typar tillegg til tariffbestemt grunnlønn. Det er ikkje opplagt at skifttillegg, ubekvemstillegg, bonusar, akkordar og pensjonsordningar inngår i det direktivet kallar ”de vesentlige lønns og ansettelsesforhold”.
Det å gje innleigde arbeidarar same løns- og arbeidsforhold som dei fast tilsette, kan vi få til utan å ta direktivet inn i EØS-avtala. Det kan skje ved ein kombinasjon av vedtak i Stortinget og ved avtaler mellom partane i arbeidslivet. Det er dessutan berre slik vi kan sikre at innleigde arbeidstakarar verkeleg får same skifttillegg, ubekvemstillegg, akkordlønn og bonusopplegg som dei fast tilsette. Vi treng ikkje direktivet for å gjennomføre slike endringar.
Vikarbyrådirektivet er ikkje eit vanleg EØS-direktiv, dei må som kjent teljast med storhundra, men eit direktiv som på ein vesentleg måte kan endre makttilhøva i norsk arbeidsliv. Større bruk av innleigd arbeidskraft, vikarbruk av ulikt slag vil svekke fagrørsla si makt og gjere det tyngre å kjempe for anstendig lønn. Du står uendeleg mykje svakare i ein diskusjon med arbeidsgjevaren om du og han veit at du kan bli erstatta i morgon av billig innleigd arbeidskraft. Over tid vil dette utvilsamt føre til lågare løner og større profitt til eigarane. Det er ikkje utan grunn at Fellesforbundet har sagt nei til direktivet, medan NHO vil ha det så fort som råd. Landsmøtet til Fellesforbundet sa:
Dagens lov- og avtalebestemmelser har blitt til innenfor rammen av EØS-avtalen. Men ved å godkjenne vikarbyrådirektivet er landsmøtet usikker og urolig for hva som kan skje med disse bestemmelsene i framtida. Landsmøtet frykter også at direktivet vil føre til mer innleie fra bemanningsselskaper. Derfor ber landsmøtet om at Norge reserverer seg mot direktivet.
NHO har ei litt anna tilnærming. Fagsjef i NHO-service Even Haglien seier til Rogaland Avis:
Vi mener at det følger av direktivet at det ved innføring i Norge må skje en revisjon av lov og tariffavtaler for å fjerne urimelige restriksjoner på bemanningsbransjen.
Ute i Europa ser vi konsekvensane av å gje kapitalen fritt spelerom, lat oss ikkje no opne nye store rom dei kan spele på her heime og.
Eg er stolt av å vere med i det einaste stortingspartiet som har sagt klårt nei til vikarbyrådirektivet – SV, no må vi i fellesskap legge presset på Arbeidarpartiet.
Samfunnet vårt har ikkje godt av aukande skilnader og saker der folk ikkje får sjukepengar når dei blir skadde på jobben, eller må tigge fisk for å få mat. I tillegg bør NNN snarast sette fram krav om allmenngjering av tariffen i fiskerinæringa. Det kan hjelpe litt på den omgripande sosiale dumpinga i nordnorske bygder.
Vil du vite meir?
Her kan du lese fleire av NRK sine saker om sosial dumping i fiskerinæringa: