Tromsø – ein kommune med faste og heile stillingar

Noko av det eg er mest stolt over å ha vore med på i politikken er den fine framgangen Tromsø kommune har hatt med å få fleire heile og faste stillingar innafor helsesektoren. Her er Tromsø ein foregangskommune og blant dei beste kommunane i landet. Ufrivillig deltid er eit stort problem. Vi har ikkje løyst problemet, men vi har tatt store steg i rett retning.

I følgje sykepleien.no er Tromsø best i å lyse ut heile stillingar blant dei store kommunane i landet i 2017. 76% av alle utlyste stillingar var heiltidsstillingar. Trondheim var nest best med 70%

Skjermdump frå sykepleien.no

Desse tala gjenspeglar seg i sluttrapporten frå heiltidsprosjektet i Tromsø. Tala viser at i 2015 var det 53,2% heiltidsstillingar i Helse og omsorg i Tromsø. I 2018 hadde det auka til 62,2% og det går oppover.

Minst like viktig og kanskje endå meir imponerande er framgangen vi har hatt når det gjeld å få faste stillingar. Det er utruleg viktig for å gje folk ei føreseieleg inntekt og moglegheit til å planlegge kvardagen. Vi kan ikkje ha det slik at folk må gå med telefonen på og aldri kunne planlegge liva sine fordi dei jaktar på neste vakt.

I 2015 gjekk 46,4% av dei tilsette i helse og omsorg i Tromsø på variable kontraktar. Dei visste ikkje kor mykje dei skulle jobbe eller sikkert når neste vakt var. I 2018 hadde vi klart å redusere dette til 25%. Nesten ei halvering. Vi er enno ikkje i hamn. Målet er å komme nesten ned i 0. Men det er ein fantastisk framgang.

Gjennom at fleire jobbar fast og heiltid vil kvaliteten på arbeidet auke, og pasientar og brukarar vil få færre personar å forholde seg til.

Den fine framgangen kjem av ein fantastisk jobb av dei tilsette, leiinga og fagforeiningane. Vi har fått på plass særavtalar som gjer at vi lettare får turnusen til å gå opp i helgene. Vi har gjeve dei ansatte større moglegheit til å velge ein måte å jobbe på som passar med deira livssituasjon. I nokre delar av livet passar det kanskje å jobbe meir helg, ande gonger passar det med litt lengre vakter.

Desse særavtalane kan dei tilsette velge å skrive under på, eller dei kan la vere. Det er fleksibilitet som ikkje går på bekostning av arbeidstakarane og som samstundes gjer organiseringa av turnusen enklare.

Alle tala eg har brukt kjem frå sluttrapporten i heiltidskulturprosjektet. Den kan du lese her.

Det blir jobba godt innafor helse og omsorg i Tromsø kommune

Det er store oppslag i media om overforbruk og kutt innafor Helse og omsorg. Dessverre går det under radaren at det blir jobba svært godt i heile avdelinga.

Per no driv heile avdelinga 80 til 90 millionar billigare på årsbasis enn dei gjorde i desember. Det skjer på grunn av stor innsats i heile avdelinga.

  • Det skjer samtidig som det ikkje ligg somatiske pasientar på UNN og ventar på hjelp frå kommunen.
  • Det skjer samtidig som vi omtrent ikkje har venteliste for langtidsplass på sjukeheimane i kommune
  • Det skjer samtidig som Helsehuset og Otium er komen i full drift

Det blir altså gjort ein kjempeinnsats på alle nivå i organisasjonen. Vi er på rett veg, men ikkje i mål enno

I løpet av dei siste åra har utgiftene til helse og omsorg auka med nesten 500 millionar. Inga anna avdeling har fått meir pengar. For desse pengane har innbyggarane i Tromsø fått betre tenester.

Vi har fått:

  • Middag når det er middagstid på sjukeheimane, og eit ekstra måltid
  • Full drift på Otium
  • Full drift på helsehuset
  • Det fantastiske tilbodet på Dreis
  • Drift av nye barnebustader på Trudvang
  • Ein ny og betre tryggheitsstandard på sjukeheimane
  • Bestiller-/utførermodellen er avskaffa og innsatsstyrt finansiering er avskaffa
  • Vi har starta arbeidet med ein pilot i heimetenesta som koplar saman ergoterapeutar, fysioterapeutar, sjukepleiarar, helsefagarbeidarar og andre for å gje pasientane ei betre oppfølgjing.
  • Vi har fått fleire heile stillingar og komen langt i å skape ein heiltidskultur, hovudsakleg gjennom eit godt samarbeid med fagforeiningane om særavtalar.
  • etablert ressursbasar for at det skal vere enklare å få tak i vikarar. Saman med bemanningskontoret fører det til at langt fleire vikarar har fast jobb og ikkje sit med telefonen i handa og ventar på vakter.
  • innført vaksine mot hjernehinnebetennelse for russen i Tromsø

Helse og omsorg har framleis store utfordringar. Både når det gjeld økonomi og rekruttering. Det som er viktig no er at vi ikkje hovudstups gjer kutt som undergrev det langsiktige arbeidet med økonomien i helse og omsorg, eller ender opp med tilbod som ikkje har den kvaliteten som innbyggarane i Tromsø kan forvente.

Mellomvegen 100 – som planlagt

Kristoffer Kanestrøm har i avisene kommentert nedlegginga av Mellomvegen 100. Han veit sjølvsagt at Mellomvegen 100 vart etablert som ei korttidsavdeling for å ta i mot utskrivningsklåre pasientar frå UNN i påvente av at Helsehuset skulle bli ferdig. No er Helsehuset med sine 69 korttidsplassar i full drift, og Mellomvegen 100 blir derfor lagt ned. Det burde ikkje overraske Kanestrøm.

Alle pasientane er godt ivaretatt og alle tilsette har fått tilbod om nye jobbar anten ved Helsehuset eller nokre av de andre sjukeheimane i kommunen.

Det var alltid meininga at Mellomvegen 100 skulle vere ei midlertidig løysing i påvente av opninga av Helsehuset. Derfor hadde dei som vart tilsett i Mellomvegen 100 i arbeidskontraktane sine ein fortrinnsrett til arbeid ved Helsehuset.

I 2018 brukte vi 32 millionar kroner på overtid og innleige av vikarar på Helsehuset. Ved å legge ned dagens drift av Mellomvegen 100 og tilby alle dei tilsette jobb på Helsehuset og Otium får vi ned utgiftene på Helsehuset. Vi får ei mykje betre drift ved Helsehuset når vi kan drive med eigne dyktige tilsette enn vi hadde gjennom å leige inn personell. Eigne tilsette vil skape større kontinuitet, kvalitet og større effektivitet på Helsehuset.

Samtidig viser tala at vi ikkje får fleire som ligg utskrivingsklare på UNN etter nedlegginga enn vi hadde før nedlegginga. Ved å kombinere kreftene klarer vi å drive betre, meir effektivt og med eit like godt, om ikkje betre, tilbod til pasientane.

Bygninga på Mellomvegen vart i si tid kjøpt av kommunen for å dekke behov kommunen har innafor helse og omsorg. Til no har det altså vore brukt som korttidsavdeling for rehabilitering av utskrivningsklare pasientar. Kva det skal brukast til framover blir diskutert. Bygget har begrensningar i og med at det er bygd som ein institusjon, men det har allereie komen inn fleire gode forslag. Behova er mange og varierte.

Eg meiner derfor at dette er ei god løysing

Omstilling, ikkje nedskjæring og kutt

Tromsø kommune og særleg Helse og omsorg er midt inne i ei av dei største omstillingane nokonsinne. Det er krevande for dei tilsette, og det skaper naturleg nok usikkerheit hos ein del brukarar og pårørande.

I 2018 brukte Tromsø kommune 175 millionar meir på helse og omsorg enn vi gjorde i 2017. Eg trur ikkje den omfattande veksten i pengebruken gjorde at tenestene innafor helse og omsorg vart veldig mykje betre frå 2017 til 2018. Det betyr at eg er ganske sikker på at det er mogleg å gje like gode tilbod om i dag og samstundes bruke mindre pengar. Det er ikkje lett, blant anna fordi det betyr at vi må jobbe smartare og annleis enn det vi gjer i dag. Samtidig er ein ikkje ubetydeleg del av kostnaden knytt til gamle og dårlege bygg samt manglande bygg. Derfor bruker vi mykje pengar på å bygge nytt, men det har gått for sakte.

I eit lesarinnlegg den 23. februar hevdar Julia Johnsen, Barbara Vögele og Jørgen Fossland  at vi i denne krevjande prosessen sender rekninga til dei mest sårbare. Eg skal vere den første til å innrømme at det i ein slik endringsprosess kan skje feilskjær. Det kan skje at endringane i budsjett kjem før vi har funne meir effektive måtar å jobbe på. Dersom slike feilskjær skjer, skal vi og vere med på å rette dei opp. Det er viktig at vi fortløpande får tilbakemelding frå tilsette, pasientar og pårørande.

Det er og eit relevant poeng å peike på at områda rus, psykiatri og utviklingshemma ikkje er dei innbyggarane der Tromsø brukar mest pengar, og at større endringar på desse områda kan få konsekvensar som er uakseptable. Det har vi stor merksemd på.

Administrasjonen, avdelingane og einingane i Tromsø kommune er no i fullt arbeid med å konsekvensvurdere alle forslag til omstilling og endring. Desse konsekvensvurderingane kjem vi til å ta på djupaste alvor. Det vil ikkje vere aktuelt å la dei mest sårbare betale rekninga.

I 2015 viste rekneskapen at Tromsø kommune brukte 697 millionar på skole, 589 millionar på barnehagane, og 1119 millionar på helse og omsorg. Rekneskapen for 2018 viser at veksten innafor skole og barnehage har vore på 10-11% medan utgiftene til helse og omsorg har auka med 45%, til 1,63 milliardar. Det kan ikkje vere noko som helst tvil om at helse og omsorg har vore det som har vore suverent høgast prioritert dei siste åra. Det er like klart at om vi skal ha pengar til gode barnehagar, skolar som gjev ungane våre ein god start på livet og vegar som er brøyta og strødd så må utgiftsveksten innafor helse og omsorg stoppe opp.

Det å få til omstillinga i helse og omsorg er ikkje lett. Det krev enorm innsats frå alle i heile organisasjonen, frå botn til topp. Men eg har stor tru på at vi skal lykkast med det. Vi har dyktige og gode folk på alle nivå.

Sammenslåinga av UNN og Finnmarkssjukehuset må stoppast

Dette er ein tekst eg foreslår får årsmøtet i Troms og Finnmark SV som er 15-17. februar. Har du innspel til noko som bør endrast, leggast til eller strykast? Kom med det.

UNN sett frå lufta
Foto: Frode Abrahamsen, UNN

Sammenslåinga av UNN og Finnmarkssjukehuset må stoppast

Heilt utan utgreiing, forankring eller grunngjeving gjekk den nye regjeringa inn for å slå saman Finnmarkssjukehuset og UNN. Troms og Finnmark SV meiner dette vil svekke både UNN og Finnmarkssjukehuset.

UNN og Finnmarkssjukehuset har ulike utfordringar. UNN må som det minste universitets- og reginsjukehuset i landet ha eit stort fokus på å sikre dei høgspesialiserte funksjonane som er naudsynte for å gje folket i Nord-Noreg eit like godt tilbod som i resten av landet. Finnmarkssjukehuset har heilt andre utfordringar knytt til å drive gode lokalsjukehus i eit enormt stort område. Ei samanslåinga vil sannsynlegvis føre til at verken lokalsjukehusa eller regionsjukehuset får tilstrekkeleg oppmerksomheit til at dei kan utvikle seg optimalt.

I regjeringserklæringa skriv Frp, Høgre, Krf og Venstre: «I forbindelse med vurderingen av den nye regionreformens konsekvenser for inndelingen av helseforetaket, foreslå at Finnmarkssykehuset blir en del av UNN.»

Denne formuleringa er for det første ekstremt uklår, for det andre viser den at det ikkje er gjort ei sjølvstendig vudredring av behovet for, eller grunnen til ei samaslåing. Det er ein rein følgjefeil av samanslåinga av Troms og Finnmark. Dette er ein uhaldbar grunn til å slå saman sjukehusa.

Dei fagelege stemmane i debatten er utvetydig klåre, denne samanslåinga vil ikkje føre til eit betre tilbod til folk verken i Finnmark, eller i Nord-Noreg. Derimot er sjansane for et dårlegare tilbod sannsynleg.

Troms og Finnmark SV ber regjeringa lytte til dei faglege og politiske protestane mot denne samanslåinga og stoppe prosessen før større skade skjer.

Sjukepleiarar i streik

I går var eg glad for å få halde apell på streikemarkeringa til sjukepleiarane i Tromsø. Dei kjemper ein viktig kamp for lik løn for likt arbeid. Du kan lese meir om streikegrunnlaget her. Her kan du lese Nordlys sin reportasje frå markeringa i går. Les og gjerne Lill Sverresdatter Larsen sitt gode blogginnlegg om situasjonen. Larsen er nestleiar i Norsk Sykepleierforbund i Troms.

Foto: Rune Larsen

Dei seks sjukepleiarane som streikar her i Tromsø.

 

 

Dette er omtrent det eg sa i går:

Kjære sjukepleiarar

Hadde dokker fått løn som fortent måtte vi i alle fall dobla lønna, men verda er ikkje rettferdig. Og, i ei urettferdig verd er det kjempeviktig at vi har sterke fagforeingar som kjemper for det som er rett og det som er viktig. Lik løn for likt arbeid, uavhengig om du har NHO eller KS som motpart er eit sjølvsagt krav som har SVs fulle støtte.

På sett og vis kunne eg vore glad for at NHO ikkje vil betale det same som kommunane gjer. I Tromsø å manglar vi nesten 300 sjukepleiarar og vernepleiarar. Kanskje blir rekrutteringa lettare om løna i privat sektor er dårleg? Men det fungerer jo ikkje heilt slik. Realiteten er at den eine fort kan presse det andre ned.

Vi har ei regjering som ønsker å konkurranseutsette og privatisere heilt sentrale velferdstenester. Vi har ei høgreside i Tromsø som ønsker det same. Det skal visstnok bli billigare. Og vi veit at stort sett den einaste måten det kan bli billigare på er gjennom at løn og pensjon blir dårlegare. Derfor er det for SV heilt sentralt at ikkje dårleg løn gjer at meir blir privatisert og konkurranseutsett. Vi vil at dei sentrale velferdstenestene skal utførast av det offentlege – eventuelt i samarbeid med ideelle aktørar

For vi veit at det ikkje blir billigare å privatisere, å sette ut på anbud, å konkurranseutsette. Det ligg kostnader der, kostnader som må dekkast av kommunale budsjett og av arbeidstakarane som får dårlegare arbeidsforhold.

For dersom arbeidsforholda blir dårlegare, så trur eg at pasientane og får det dårlegare.

Streiken dokker er inne i no er ein rettferdig streik. Ein streik for betre løn for sjukepleiarar med lang ansiennitet, for ei betre sjukeløn. Ein viktig streik. Eg er spesielt imponert over dokker som er i streik her i Tromsø. Kurbadet følgjer allereie Spekter sin tariff så her er det ein solidaritetsstreik. I mitt hjarte finst ikkje større heltar enn dei som tar kampen i solidaritet med andre og ikkje for seg sjølv.

Sjukepleiarforbundet vart i årets oppgjør einige med alle andre arbeidsgivarar, men ikkje NHO. Det er viktig at NHO ikkje blir ein stad for arbeidsgjevarar som tilbyr billigare avtaler enn det som er inngått andre stader, på bekostning av de tilsette og bedrifter som ønsker å tilby sjukepleiarar gode vilkår. Ingen skal vinne anbud på sykepleiarane si bekostning.

Vi treng eit samfunn som er innretta for dei mange ikkje for dei få.