Eit av dei aller vanlegaste argumenta mot bygging av jernbane nordover er at det er for dyrt. Det er vanskeleg å sjå at det er eit gyldig argument.
For det første. Om berre 0,1 prosent av avkastninga på oljefondet vart brukt til Nord-Noregbanen ville den vore finansiert på under 10 år. Og, grensa på å ikkje bruke meir enn 3% av fondet ville ikkje blitt kryssa. I staden for å bygge landet med infrastruktur som skal vare i hundreår, ser man at verdiar i aksjar og obligasjonar nærmest går opp i røyk.
For det andre, det er ikkje slik at vi får mindre til veg om vi får jernbane. Det er ein myte at det er ein motsetnad mellom pengar til fylkesvegane i Nord-Noreg og pengar til jernbane. Ingen andre stader i landet ser vi ein slik motsetnad. Og det er heller ikkje slik at vi i nord får meir pengar til veg enn andre fordi vi ikkje har jernbane. Sanninga er nok heller at vi får mindre til både veg og bane.
Ein jernbane i nord må byggast for å binde landet saman. For å sikre beredskapen, og ikkje minst for å binde saman regionen. Ein moderne bane vil føre til at store delar av Troms vil vere innafor dagpendlaravstand. Det betyr eit større jobbtilbod, eit større kulturtilbod og eit betre liv for mange av oss.
Siden 1870-talet har ein jernbane opp til det nordlegaste Noreg vært vurdert. I 1923 bestemte Stortinget at det skulle byggast jernbane frå Setermoen til Storsteinnes. Nittiåtte år seinere ga Stortinget regjeringa marsjordre: Nord-Norgebanen skal byggast. Dessverre ser det ut til at regjeringa sleper føtene etter seg når dette oppdraget skal gjennomførast. Dei har råd til eit nytt regjeringskvartal i Oslo til 50 milliardar, men ein infrastruktur som bind saman landet er visst framleis for dyrt.
I dag hadde Stortinget moglegheit til å ta eit nytt stort steg for å få bygd jernbane nordover, men dessverre tyder alt på at det ikkje blir fleirtal for dette forslaget frå SV, Sp og Frp:
«Stortinget ber regjeringen, som en oppfølging av vedtak nr. 813 (2020–2021) og for å raskest mulig styrke militær beredskap i nord, prioritere planleggingen av jernbanetraseen mellom Narvik og Bardufoss, og melde tilbake til Stortinget på egnet vis.»
SV har programfesta bygging av Nord-Noregbanen fordi vi vil bygge opp infrastrukturen som bind landet saman.