Til stadigheit blir vi minna på korfor Nord-Noregbanen må byggast

I dag skriv Nordlys ein artikkel om at det vil bli dyrt å frakte fisk på trailer i framtida.

Hovudinnhaldet er at EU kjem til å stille krav om mindre utslepp av CO2 i transport i EU, og som vi veit går svært mykje av norsk fisk til EU, og din går mykje med trailer.

Frå artikkelen:

Fossil-trailere står for en svært stor andel av CO₂-utslippene i EU.

Det foreslås derfor nye EU-regler som vil gjøre det svært kostbart å fortsette transporten med fossildrevne trailere.

Det legges opp til en storstilt omlegging til hydrogen og elektrisitet, alternativt biogass, ifølge rapporten

Dette er ikkje eigentleg noko nytt. Vi har visst lenge at desse krava ville komme. Vi kan og vere ganske sikre på at det er ei stund til vi anten har batterielektriske eller hydrogendrivne trailerar med ei rekkevidde som gjer dei til ein effektiv måte å transportere varer til og frå EU.

Konsekvensen av desse krav kan bli svært alvorlege om vi ikkje har anna og alternativ transport. Det alternativet er jernbanen. Vi må forsterke og halde oppe kravet om at ein moderne bane med høg fart må byggast nordover, og det må skje no.

Alt blir dyrare

Det kan bli ei utfordrande tid for mange framover. Renta er på veg opp, matvareprisane stig, drivstoffet er blitt svært dyrt og i delar av landet har straumprisen gått gjennom taket. Det blir kasta ut mange tankar om korleis vi skal svare på desse krisene. For oss i SV er det viktig å ha tre tankar i hovudet samstundes. Vi må hjelpe dei som slit samstundes som vi sikrar god fordeling og at vi framleis har framdrift på kampen mot klimaendringane.

Ida Wolden Bache er ny sentralbanksjef og har gjort det klart at det blir fleire renteaukingar framover. Foto: Tore Sætre/Wikimedia

SVs viktigaste tiltak er skattetlette for dei av oss som tener minst. SV gjekk i sitt alternative statsbudsjett inn for betydelege skattekutt for dei som tener under 600 000 kroner, samstundes med høgare skatt på store formuar og høge inntekter. Det vil vere omfordelande og gje folk meir pengar til å handtere høge prisar og aukande rente. SVs finanspolitiske talsperson, Kari Elisabeth Kaski sa til NRK den 13. mars i år:

«Vi er nødt til å få et mer omfordelende skattesystem og kutte skattene for folk flest langt mer enn det som har vært lagt til grunn så langt»

Med SVs opplegg ville ein person med ei inntekt på mellom 450 000 og 500 000 få omtrent 4000 kroner i skattelette. Dersom ein kombinerer dette med SVs forslag om gratis SFO og auka barnetrygd ville ein famile med med to vaksne og to barn i SFO og barnehagealder sitte igjen med nesten 25 000 kroner meir å rutte med.

Det vil vere betydningsfullt for mange familiar.

Heldigvis har ikkje straumprisane gått valdsamt til vêrs her nord, men i store delar av landet er prisen på straum blitt ei stor utfordring. SVs forslag der er at staten skal dekke 100% av kostnaden for straum over 50 øre per KWh for dei første 1000 kWh kvar månad og 80% for dei neste 2000 kiloweatttimane. Det vil vere eit tydeleg handslag til mange hushaldningar som slit med straumprisene samstundes som det vil vere eit insentiv til å spare på straumen.

Det er mange grunnar til at matvareprisen stig. Den grufulle krigen i Ukraina, mangel på kunstgjødsel med meir. I Noreg har vi ei tilleggsutfordring med store kjeder med stor marknadsmakt, og at desse konserna er både leverandør og distributør. SV foreslår derfor tiltak for å auke konkurransen i bransjen. I eit intervju med  SVs nestleiar Torgeir Knag Fylkesnes skriv  Nettavisen:

«SV foreslår i Stortinget å regulere bransjen, med ønske om å øke konkurransen. De foreslår å begrense mulighetene til at et konsern kan være både leverandør og distributør. De ønsker også at enkeltaktører ikke skal kunne ha for store markedsandeler.»

For SV er det avgjerande viktig at vi klarer å fordele omkostningar og byrder på ein god måte, slik at det ikkje er dei som har minst som må bære den tyngste børa. Derfor vil vi gjere noko med skatetsystemet allereie i revidert statsbudsjett.

Positiv rekneskap for Tromsø kommune

I dag har Tromsø kommune lagt fram rekneskapen for 2020. Det viser eit overskott (netto driftsresultat) på 113 millionar. Det er 269 millionar betre enn i 2019. Det betyr at vi klarer å dekke tidlegare års underskott og kan sette av sju millionar på disposisjonsfondet.

Her kan du sjå presentasjonen frå kommunedirektøren.

Det aller viktigaste talet er likevel dette. Sjølve drifta i Tromsø kommune er 72 millionar betre enn i 2019. Dette kjem av steinhardt arbeid frå alle tilsette i kommunen. Det er jobba veldig godt i pleie og omsorg, i skole og barnehage og i administrasjonen. Utan innsatsen frå dei tilsette i kommunen ville ikkje dette vore mogleg.

Dette betyr ikkje at Tromsø kommune er på den grønne grein. Det er framleis store utfordringar i kommunen. Vi må klare store investeringar i omsorgsbustader og skole i åra framover. Det blir ikkje enkelt. Men dette resultatet viser at kommunen er på rett veg, sjølv om det framleis er mange store oppoverbakkar. Dei oppoverbakkane må vi gå saman – heile tromsøsamfunnet.

Denne grafen viser at det går mykje opp og ned med resultatet frå kommunen.

Det er problematisk i seg sjølv. Det er ein fare for at vi overreagerer både på overskott og underskott. Det er lett å avblåse ei krise og bruke for mykje pengar etter eit overskott, men det er nesten eit større problem at vi overreagerer på underskott og gjer større kutt enn det som er naudsynt.

Det er viktig å huske på at mykje av overskottet i 2020 var eingongsinntekter. I 2020 hadde vi 44 millionar mindre i pensjonskostnader enn budsjettert. Det er summar som kommunestyret har liten innflytelse på. Det heng saman med utviklinga i kapitalmarknadane og alderssamansettinga av arbeidsstokken. I tillegg hadde vi betalt for mykje i avdrag tidlegare år som vi kunne rekneskapsføre inn i år. Desse 90 millionane kan vi ikkje rekne inn til neste år.

Det som er viktig er at sjølve drifta er 72 millionar betre enn i 2019. Men det er ikkje nok. Denne driftsforbetringa åleine ville ikkje gjeve oss overskott i 2020 og sannsynlegvis heller ikkje i år. Det betyr at vi framleis må forbetre drifta om vi skal få ei langsiktig sunn økonomi. Det vil framleis bli tøffe tak i Tromsø kommune, men vi har hovudet over vatnet og vi kan ta til å svømme mot fast grunn.

Det går framover for lukka oppdrettsanlegg

Det er ikkje så alt for lenge til vi skal behandle ny kystsoneplan i Tromsø kommune. Forhåpentlegvis skal det skje på seinhausten i år ein gong. Du kan følgje framdrifta her.

Det blir sjølvsagt mange debattar i den samanhengen, men ei av dei aller viktigaste blir kva område som eventuelt skal settast av til oppdrettsnæringa og ikkje minst kva krav som skal stillast til oppdrettsnæringa for å få bruke fellesskapen sine område.

Eg har lenge argumentert for lukka oppdrettsanlegg og at kommunen må stille miljøkrav til næringa. Eg er derfor glad for at også regjeringa tar til å skjønne dette.

E24 skriv om den nye havbruksstrategien som er varsla frå fiskeriminister Odd-Emil Ingebrigtsen:

Blant virkemidlene som vurderes, er en ny stimuleringsordning for å sluse mer av dagens fjordoppdrett inn i lukkede anlegg.

Den nye ordningen er ikke besluttet ennå. Departementet har startet arbeidet med en innretning, og håper på en avklaring før sommeren.

– Vi ønsker en utvikling som også legger til rette for lukkede anlegg. Kundene krever stadig mer dokumentasjon på bærekraft og miljø, og selv om vi vet at norsk oppdrettslaks er noe av det sunneste du kan spise, er det stadig noen som overser det faktum, sier Ingebrigtsen.

Eg tenkjer dette er eit godt steg i rett retning, sjølv om eg meiner at dei ikkje går langt nok.

I Canada skal dei fase ut opne anlegg i British Columbia innan 2025 i følgje E24 og rundt Discovery Island allereie frå 2022. Det skjer etter press frå urfolk og miljøorganisasjonar. Eg trur det er lurt også fordi forbrukarane kjem til å krevje dette framover. Fiskeriministeren er inne på dette i sitt svar til E24:

– Dette er et isfjell som kommer drivende. Uten kunder blir det lite business. Hvis man ser hvor markedet beveger seg, med EU-taksonomi og dokumentasjonskrav, så tror jeg lukket oppdrett er noe som vil tvinge seg frem av seg selv, sier Ingebrigtsen.

Eg er heilt sikker på at dette kjem. Då er det viktig at vi set oss i førarsetet. At vi tar leiinga på utvikling av teknologien og sørger for at vi kan ha ei vidare utvikling av oppdrettsnæringa.

Tromsø har fjerde høgaste verdiskaping frå fiskeflåten i Noreg

Nofima har saman med Menom laga ein interessant rapport om verdiskapinga i fiskerinæringa, begrensa til fangsleddet i næringa. Det er mange interessante tal i denne rapporten. Tromsø er den kommunen i landet med flest fiskarar, og den kommunen i landet med fjerde høgast verdiskapinga frå fiskeria, direkte og indirekte.

Ålesund er den kommunen som har den aller høgaste verdiskapinga frå fiskeria. I Ålesund er verdiskapinga på omtrent to milliardar, medan den i Tromsø er på ca 1,2 milliardar.

Det er interessant å sjå tala for fangstleddet i samanheng med ein rapport i 2019 om verdiskapinga i heile sjømatnæringa.

Samla er det 13000 årsverk i fangstnæringa  Noreg. Den samla sysselsettinga i heile den norske sjømatnæringa var i 2019 på 92000. Samla verdiskaping i fangstleddet var på 22,7 milliardar. Av dette vart 16,6 skapt direkte i flåten og resten var indirekte verknader. Det var 9800 sysselsette direkte i flåten og ytterlegare 5700 indirekte. Dette betyr at verdiskapinga per sysselsett i flåten er på 1,69 millionar. Det er langt over det som er vanleg i norsk næringsliv. Blant dei indirekte sysselsette er verdiskapinga på linje med norsk næringsliv.

Det er og verd å merke seg at Bærum er den kommunen med den femte høgaste verdiskapinga frå fiskeflåten i Noreg, med Oslo på ein god sjuandeplass. Oslo og Bærum til saman har ei verdiskaping frå fiskeri på nesten to mlliardar frå fiskeflåten. Det er i all hovudsak snakk om indirekte verknader. Det står ikkje konkret i rapporten, men eg vil tru det er innkjøp av ulik slag og kjøp av tenester anten advokatar, banktenester eller anna.

Vi ser dette tydelegare i rapporten frå 2019 som viser sysselsettinga i heile sjømatnæringa:

Det vi ser er at vi i Nord-Noreg og i Tromsø ikkje er så gode på salsaktivitetar og på leverandørindustri som ein skulle tru at vi skulle vere med tanke både på havbbruks- og fiskeriaktiviteten i nord. Det er litt overraskande å sjå at det er fleire sysselsette i sjømatnæringa i Oslo enn i Tromsø. Vi ser og at det er langt opp til Vestlandet.

Eg tenkjer det kunne vore eit interessant oppdrag for Tromsø sitt nye næringsutviklingsselskap vere med å utvikle ein konkret strategi for korleis vi kan få større sysselsetting og verdiskaping av fiskeri og havbruk framover.

Fersk fisk har det travelt – men kjøletransporten går ikkje

eller «Ei soge om kapitalismen i eit høgrestyrt Noreg»

I Tromsø har vi fleire fine bedrifter som lager mat. Det er fisk og kjøtt av mange og velsmakande slag. Det som er felles for produkta dei lager er at dei må vere kalde. Mange av produkta har kort haldbarheit og vi vil helst at dei skal vare så lenge som mogleg. Derfor er kjøle- og frysetransport ein absolutt føresetnad for at desse bedriftene skal kunne få produkta sine ut i butikkane slik at eg og du kan kjøpe dei.

I Noreg har vi og ei bedrift som heiter Posten. Denne bedrifta eig vi alle i lag. Posten hadde eit dotterselskap, Bring frigo som køyrde kjøle- og frysetransportar i heile landet. Dette transportnettverket gjorde det mogleg for andre bedrifter å bygge seg opp og å nå ut til marknaden. Bring frigo skapte verdiar for det norske samfunnet. Dessverre gjekk ikkje Bring frigo sjølv med oveskott. Posten tapte ca 70 millionar i året på Bring frigo. Derfor bestemte Posten seg for å selge. 

Dei som kjøpte var naturleg nok ikkje interessert i å tape pengar. Dei kjøpte for å tene pengar. Korleis skulle dei gjere det. Jau det dei gjer er at dei reduserer kor ofte dei køyrer. I staden for å køyre fem gonger i veka mellom Tromsø og Alta reduserte dei til to gonger i veka. Dette er heilt naturleg for ei privat bedrift. Dei driv ikkje for å tilrettelegge for at vi skal få gode matvarer i butikkane våre, dei driv for å tene pengar. Den eine av desse turane går på fredag, det betyr at varane ikkje er i butikken før på måndag. Det er ganske lang tid for eit fersk fiskeprodukt.

Konsekvensen av at vi ikkje i fellesskap lenger tar ansvar for å sørge for at det er eit godt transporttilbod er store problem for andre bedrifter. I dette tilfellet matprodusentar i Tromsø.

Næringsforeininga i Tromsø har tatt kontakt med oss politikarar i Tromsø om denne problemstillinga. Bildet er frå møtet der eg saman med Marlene Bråthen og Mats Hegg Jakobsen frå Sp vart informert frå Karls fisk og skalldyr, Næringsforeininga og Domstein – med passeleg koronaavstand.

Eg har på mi side tatt kontakt med SVs politikarar på Stortinget. Dette er noko vi må løyse i fellesskap. Eg trur det er heilt naudsynt at slik vi kjøper transporttenester for fly og båt så må vi og gjere det for å sikre varetransporten, spesielt i område av landet der marknaden åleine ikkje maktar å løyse dette.

Denne saka illustrerer kva som skjer når ein organisasjon som vi har opprette for å sikre transport av brev, pakkar og varer i heile landet, nemleg posten, blir meir opptatt av å tene pengar enn å tene samfunnet. Ja, Bring frigo gjekk med underskott, men Bring frigo mogleggjorde stor verdiskaping i mange andre bedrifter.

Denne verdiskapinga står no i fare.

Kanskje vi burde finne opp ei ordning der vi saman kunne spleisa på grunnleggande infrastruktur i dette landet. Vi kunne kanskje kalla denne ordninga stat, fylke eller kommune?

Exit mobile version