Tromsø har fjerde høgaste verdiskaping frå fiskeflåten i Noreg

Nofima har saman med Menom laga ein interessant rapport om verdiskapinga i fiskerinæringa, begrensa til fangsleddet i næringa. Det er mange interessante tal i denne rapporten. Tromsø er den kommunen i landet med flest fiskarar, og den kommunen i landet med fjerde høgast verdiskapinga frå fiskeria, direkte og indirekte.

Ålesund er den kommunen som har den aller høgaste verdiskapinga frå fiskeria. I Ålesund er verdiskapinga på omtrent to milliardar, medan den i Tromsø er på ca 1,2 milliardar.

Det er interessant å sjå tala for fangstleddet i samanheng med ein rapport i 2019 om verdiskapinga i heile sjømatnæringa.

Samla er det 13000 årsverk i fangstnæringa  Noreg. Den samla sysselsettinga i heile den norske sjømatnæringa var i 2019 på 92000. Samla verdiskaping i fangstleddet var på 22,7 milliardar. Av dette vart 16,6 skapt direkte i flåten og resten var indirekte verknader. Det var 9800 sysselsette direkte i flåten og ytterlegare 5700 indirekte. Dette betyr at verdiskapinga per sysselsett i flåten er på 1,69 millionar. Det er langt over det som er vanleg i norsk næringsliv. Blant dei indirekte sysselsette er verdiskapinga på linje med norsk næringsliv.

Det er og verd å merke seg at Bærum er den kommunen med den femte høgaste verdiskapinga frå fiskeflåten i Noreg, med Oslo på ein god sjuandeplass. Oslo og Bærum til saman har ei verdiskaping frå fiskeri på nesten to mlliardar frå fiskeflåten. Det er i all hovudsak snakk om indirekte verknader. Det står ikkje konkret i rapporten, men eg vil tru det er innkjøp av ulik slag og kjøp av tenester anten advokatar, banktenester eller anna.

Vi ser dette tydelegare i rapporten frå 2019 som viser sysselsettinga i heile sjømatnæringa:

Det vi ser er at vi i Nord-Noreg og i Tromsø ikkje er så gode på salsaktivitetar og på leverandørindustri som ein skulle tru at vi skulle vere med tanke både på havbbruks- og fiskeriaktiviteten i nord. Det er litt overraskande å sjå at det er fleire sysselsette i sjømatnæringa i Oslo enn i Tromsø. Vi ser og at det er langt opp til Vestlandet.

Eg tenkjer det kunne vore eit interessant oppdrag for Tromsø sitt nye næringsutviklingsselskap vere med å utvikle ein konkret strategi for korleis vi kan få større sysselsetting og verdiskaping av fiskeri og havbruk framover.

Fersk fisk har det travelt – men kjøletransporten går ikkje

Møtedeltarane med behørleg coronaavstand

eller «Ei soge om kapitalismen i eit høgrestyrt Noreg»

I Tromsø har vi fleire fine bedrifter som lager mat. Det er fisk og kjøtt av mange og velsmakande slag. Det som er felles for produkta dei lager er at dei må vere kalde. Mange av produkta har kort haldbarheit og vi vil helst at dei skal vare så lenge som mogleg. Derfor er kjøle- og frysetransport ein absolutt føresetnad for at desse bedriftene skal kunne få produkta sine ut i butikkane slik at eg og du kan kjøpe dei.

I Noreg har vi og ei bedrift som heiter Posten. Denne bedrifta eig vi alle i lag. Posten hadde eit dotterselskap, Bring frigo som køyrde kjøle- og frysetransportar i heile landet. Dette transportnettverket gjorde det mogleg for andre bedrifter å bygge seg opp og å nå ut til marknaden. Bring frigo skapte verdiar for det norske samfunnet. Dessverre gjekk ikkje Bring frigo sjølv med oveskott. Posten tapte ca 70 millionar i året på Bring frigo. Derfor bestemte Posten seg for å selge. 

Dei som kjøpte var naturleg nok ikkje interessert i å tape pengar. Dei kjøpte for å tene pengar. Korleis skulle dei gjere det. Jau det dei gjer er at dei reduserer kor ofte dei køyrer. I staden for å køyre fem gonger i veka mellom Tromsø og Alta reduserte dei til to gonger i veka. Dette er heilt naturleg for ei privat bedrift. Dei driv ikkje for å tilrettelegge for at vi skal få gode matvarer i butikkane våre, dei driv for å tene pengar. Den eine av desse turane går på fredag, det betyr at varane ikkje er i butikken før på måndag. Det er ganske lang tid for eit fersk fiskeprodukt.

Konsekvensen av at vi ikkje i fellesskap lenger tar ansvar for å sørge for at det er eit godt transporttilbod er store problem for andre bedrifter. I dette tilfellet matprodusentar i Tromsø.

Næringsforeininga i Tromsø har tatt kontakt med oss politikarar i Tromsø om denne problemstillinga. Bildet er frå møtet der eg saman med Marlene Bråthen og Mats Hegg Jakobsen frå Sp vart informert frå Karls fisk og skalldyr, Næringsforeininga og Domstein – med passeleg koronaavstand.

Eg har på mi side tatt kontakt med SVs politikarar på Stortinget. Dette er noko vi må løyse i fellesskap. Eg trur det er heilt naudsynt at slik vi kjøper transporttenester for fly og båt så må vi og gjere det for å sikre varetransporten, spesielt i område av landet der marknaden åleine ikkje maktar å løyse dette.

Denne saka illustrerer kva som skjer når ein organisasjon som vi har opprette for å sikre transport av brev, pakkar og varer i heile landet, nemleg posten, blir meir opptatt av å tene pengar enn å tene samfunnet. Ja, Bring frigo gjekk med underskott, men Bring frigo mogleggjorde stor verdiskaping i mange andre bedrifter.

Denne verdiskapinga står no i fare.

Kanskje vi burde finne opp ei ordning der vi saman kunne spleisa på grunnleggande infrastruktur i dette landet. Vi kunne kanskje kalla denne ordninga stat, fylke eller kommune?

Ei satsing på himmel og hav i Tromsø

Koronakrisa rammar ikkje likt. Nå sit nokon på heimekontor med vanleg lønn, mens mange av dei med servise- eller teknisk arbeid er permitterte, etterkvart med 62,4 % løn. Når smittespreiinga er kommet under kontroll, vil nokon ha arbeid å gå tilbake til mens andre har blitt arbeidslause. Før påske var det omtrent 4500 permiterte og arbeidsløse i Tromsø. Å sikre folk arbeid og inntekt er den aller viktigaste oppgåva framover. Så langt har de med minst fra før, blitt rammet hardast av denne krisen. Det kan ikkje vere resultatet som står igjen etter at krisen er over.

Vi veit ikkje enno når Coronakrisa er over, men det vi veit heilt sikkert er at krisa ikkje er over når viruset er borte. Vi kan og skal frå samfunnet si side sette i gang tiltak for å få aktiviteten i gang og få folk i arbeid. Det enklaste for kommunen er å forsere ein del byggeprosjekt for å få opp aktiviteten i dei bransjane. Vi satsar på at kommunen vil ha økonomisk rom til å få det på plass med hjelp frå staten.

Framtida for reiselivsnæringa

Men verken staten eller kommunen kan vedta at turistane skal komme attende. Det er ikkje urimeleg å tru at det vil ta tid før reiselivsbransjen er tilbake der den var før krisa traff oss. Noko kan kvar einskild av oss gjere gjennom å feriere i Noreg og nærområdet denne sommaren, og bruke dei tilboda som finst. Men kanskje skal vi og bruke dette opphaldet vi har i den store tilstrøyminga av gjestar til å gjere noko med infrastrukturen vår. Kanskje er dette rette tidspunktet til å bygge og tilrettelegge stiar, utfartsparkering, toalettfasilitetar og anna? Eg trur og vi no må ta eit felles initiativ frå reiselivsnæringa og kommunane i Nord-Noreg for å få på plass eigne statlege krisepakker for reiselivsnæringa. Eg heiar på utspelet frå Visit Tromsø om ei statleg krisepakke retta spesielt mot denne næringa.

Det aller viktigaste vi må gjere no er likevel å tenke på korleis vi vil at samfunnet skal sjå ut framover. Kva næringsliv og samfunn skal vi bygge for dei neste 30 til 50 åra? Vi må bruke denne krisa som eit startskot for eit grønnare næringsliv  – det vi skal leve av dei neste 50 åra.

Biomarin hovedstad

I Tromsø har vi allereie sett resultat av den biomarine satsinga. Fleire nye selskap har oppstått basert på slik kunnskap. Eg er sikker på at det marine og biologiske må vere ein grunnstein i det grønne framtidsnæringslivet i Tromsø og Nord-Noreg. Eg meiner at framtidige krisepakker frå staten ikkje kun kan vere å ta vare på det næringslivet vi allereie har, men må legge til rette for å utvikle nye næringar, nye bedrifter og nye arbeidsplassar. Dei neste krisepakkane må derfor fylle opp dei kommunale næringsfonda, gje fylket større musklar i form av regionale utviklingsmidlar og gje universitet såkornpengar som kan løfte fram nye idear.

Foredling av fisken

Eg elskar ny teknologi og nye næringar. Men vi må ikkje gløyme den meir tradisjonelle fiskeri- og havbruksnæringa. Den er stor i Tromsø og har potensiale til å skape mykje større verdiar i Tromsø og i landsdelen. Tromsø er den største sjarkkommunen i landet. Det å ta vare på den minste flåten som leverer fersk fisk av høg kvalitet er svært viktig. Vi må i samla flokk kjempe mot kvotemeldinga til regjeringa som legg opp til at dei store skal bli større og at meir fisk skal frysast om bord og dermed like gjerne seljast til vidareforedling i Kina som i Oldervika. Frossen fisk gjer at dei lokale bedriftene våre mistar sitt fremste konkurransefortrinn – at dei ligg nær ressursane.

Vi må legge til rette for dei bedriftene som kjøper og produserer fersk fisk for lokale og internasjonale marknader i Tromsø. Det aller viktigaste vi kan gjere er å sikre oss nok leveransar av fersk høgkvalitets fisk. I den grad den kommunale økonomien gjer det mogleg må vi bidra til å sikre kvoter til fiskarane i kommunen. Og vi må ha gode fiskerihamner med leveringsmoglegheit.

Men den største mengda fisk som blir levert i Tromsø blir levert på fryselager. Det er meir enn to millionar tonn kvart år. Klarer vi å få til vidareforedling av berre ein brøkdel av denne fisken i Tromsø vil det skape store verdiar og arbeidsplassar.

Ein ny fiskeflåte – kven skal bygge den?

Fiskeflåten vår må ha rammer som gjer det mogleg å gå over til meir miljøvenleg drift. Vi veit at den minste flåten har lågast utslepp av CO2 per kg fanga fisk. Det betyr at det første og viktigaste er å sikre denne flåten, men fiskeflåten av alle storleikar slepp ut meir enn 27 000 tonn CO2 i Tromsø kvart år.

Vi må sikre at flåten har tilgang til landstraum og bidra til at lokale og regionale verft kan delta i ombygging eller nybygging av båtar med hybrid diesel-elektrisk.

Ei havbruksnæring for framtida

Også havbruksnæringa har eit enormt potensiale for å gjere drifta si meir miljøvenleg. Det er mange interessante konsept på veg. Vi må frå kommunen si side vere ekstremt tydelege på at vi forventar tre gonger null frå havbruksnæringa. Null lus, null rømming og null utslepp til sjø. Dersom vi kombinerer dette med landstraum til anlegga har vi tatt eit kjempesteg i retning ei oppdrettsnæring vi kan vere stolte av i framtida. I tillegg kan oppsamla slam gå inn i energiproduksjon eller som ingrediens i fôrproduksjon.

Lokal fôrproduksjon kan bli verkeleg stort. Planktonproduksjon, insekt etc som del av fôret til laksen må vi no få på plass incentiv for å få bygd opp.

Hav, men og himmel

I Tromsø må ein del av ein ny pakke vere å støtte opp det vellykka næringslivet vi har. Romnæringa er ein del av dette. Derfor må vi no arbeide for å få flytta Norsk Romsenter til Tromsø. Det å halde fram med å bygge opp Tromsø som den norske romhovudstaden vil kunne gje svært god avkasting. I samarbeid mellom Andenes og Tromsø ligg det eit grunnlag for å skape spennande arbeidsplassar og ny næring. Dette er og i tråd med Universitetet si satsing. I eit møte med tromsbenken på Stortinget tok Universitetet opp nettopp dette at Norsk Romsenter bør flyttast til Tromsø. Det bør vi gjere, men gjerne delt mellom Tromsø og Andenes.

Potensialet for å bygge nye arbeidsplassar i Tromsø og i Nord-Noreg er enormt. Jobben vår når viruset er borte er å sikre kapital og kunnskap til å få realisert dette potensialet – ei grøn og verdiskapande framtid er mogleg. Det vi skal leve av i Tromsø er himmel og hav. Vi har alle føresetnader for å få det til

Foto: http://commons.wikimedia.org/wiki/Image:Arctica_surface.jpg

Viktig støtte – men vi burde stille krav til bedriftene

Det er fantastisk og viktig at Stortinget no gjev kontantstøtte til bedrifter som slit. Vi må gjere det vi kan for at vi skal komme ut på andre sida av denne koronakrisa med eit næringsliv som kan produsere det vi treng, som kan selje oss det vi treng, som kan skape verdiar og arbeidsplassar. Ja om noko har denne krisa lært oss at vi treng meir produksjon i Noreg og at vi har gjort oss alt for avhengige av internasjonale verdikjeder der vi plutseleg er utan det vi treng i krisetider.

Men når vi – det norske samfunnet – skal bruke 50 milliardar i månaden på å støtte næringslivet vårt er det for meg fullstendig uforståeleg, på grense til galskap at vi ikkje set strenge vilkår for korleis denne støtta skal brukast.

  • SV har foreslått har det ikkje skal vere lov å ta ut utbytte til privat berikelse når du får kontantstøtte frå oss alle – regjeringa og stortingsfleirtalet har sagt nei
  • SV har foreslått at du ikkje skal kunne seie opp folk så lenge du får kontantstøtte frå oss alle – regjeringa og stortingsfleirtalet seier nei.
  • SV har foreslått at leiarløner og godtgjering til styremedlemmer ikkje skal kunne auke meir enn lønsveksten i samfunnet medan du får kontantstøtte frå oss alle – regjeringa og stortingsfleirtalet meiner det ikkje er naudsynt.
  • SV har foreslått at kontantstøtten skal gå til seriøse bedrifter – dei som har fast ansatte, ikkje er dømt for arbeidslivskriminalitet osb – regjeringa og stortingsfleirtalet meiner det ikkje er naudsynt.
  • SV har foreslått at vi skal ha reglar mot at kontantoverføringane til bedriftane ikkje skal førast ut av landet – det synst ikkje regjeringa og stortingsfleirtalet er greitt.
  • SV har foreslått at vi skal få vite kven som mottar kontantstøtte – den informasjonen meiner regjeringa og stortingsfleirtalet at vi ikkje treng.

Det er heilt tydeleg at den regjeringa vi har er ei høgreregjering. Ei regjering som først og fremst er opptatt av at kapitalen og kapitaleigarane skal få sitt og vel så det. Dei er ikkje opptatt av samfunnet og vanlege folk. Det at dei får fleirtal for dette saman med Frp er ikkje overraskande, det partiet har aldri vore opptatt av folk flest.

Her finn du voteringsoversikta i Stortinget slik at du kan sjekke kven som stemte for kva.

Og her er alle forslaga i saka.

Betre tilrettelegging for både tilreisande og fastbuande

Kristin Krohn Devold, direktør i NHO, likte ikkje at eg har tatt til ordet for ein begrensa turistskatt i Tromsø. Hovudargumentet hennar ser ut til å vere at vi ikkje skal skattlegge det vi vil ha meir av.

Det er eg i utgangspunktet samd med Devold i, men turismen kan ikkje vekse ukontrollert, verken i Tromsø eller andre stader. Vi må finne balansen mellom vekst og å kunne legge til rette for turismen på ein god måte. Dersom vi ikkje maktar å legge til rette på ein god måte skaper vi konfliktar mellom oss som bur i Tromsø og turistane, og dersom vi ikkje klarer å sørge for å legge til rette for turistane vil dei ikkje ha ei god oppleving i Tromsø. Det vil spreie seg og fort føre til at det ikkje blir så mange turistar i Tromsø likevel. Eg meiner bestemt at 20 kroner per natt i turistskatt ikkje hindrar nokon å komme til Tromsø. Eg er og ganske sikker på at vi vil få fleire og betre betalande turistar til Tromsø om vi har økonomisk rom til å legge godt til rette for gode opplevingar.

Devold hevdar i sitt innlegg at ein turistskatt vil bli konkurransevridande til ulempe for hotella. Det føreset at turistane som bur gjennom AirBnb og andre ikkje skulle betale. Det har eg aldri meint. Det er sjølvsagt at ein turistskatt må gjelde for alle kommersielle overnattingar, anten dei bur på hotell eller gjennom AirBnb.

Ein turistskatt vil kunne finansiere utfartsparkering og toalett. Det vil gje ei betre oppleving for turistane og mindre konflikt med lokalbefolkinga. Ein turistskatt vil kunne finansiere ei forskjønning av sentrum og betre tilrettelegging både for fastbuande og tilreisande.

Vi kan bruke ein turistskatt for å legge til rette for dei tilreisande og for oss som bur her. Det vil vere ein fordel for alle.

Eit gamaldags menneskesyn?

Eg har vanskar med å forstå innlegget frå dageleg leiar i Privat Omsorg Nord (PON), Berit Mathisen i Nordnorsk debatt. Ho har fått det for seg at å meine eg har eit gamaldags menneskesyn fordi eg meiner at sentrale omsorgsoppgåver blir best om hovudmotivet er å hjelpe framfor å tene pengar.

Det har ho sjølvsagt lov til å meine. Eg synst dei politiske debattane blir best om vi debatterer dei politiske sakene og ikkje tillegg kvarandre eit eller anna menneskesyn berre fordi vi er usamde.

Følgjande ting ligg fast:

  • Kommunen har ei svært mykje betre pensjonsordning for sine tilsette enn det Privat Omsorg Nord har.
  • Eigarane av Privat Omsorg Nord er Ertvaag-familien i Stavager gjennom holdingselskapet Camar as. Det selskapet er eit reint investeringsselskap og driv med helse og eigedom for å tene pengar.

Så kan vi sjølvsagt diskutere om det er greitt eller ikkje. Eg meiner at det er feil om nokon skal sko seg på våre skattepengar. Eg vil at dei skal gå til velferd og gode arbeidsmiljø for dei ansatte. Det er det sjølvsagt lov for Berit Mathisen å vere usamd i.

Den lange politiske kampen som ligg bak velferdsstaten, er basert på ei forståing av at velferdstenester skil seg grunnleggande frå andre typar tenester og at marknaden ikkje kan levere likeverdige tilbod uavhengig av bustad, behov og inntekt. Det offentlege har derfor ansvaret for at velferdstenestene blir levert, at dei held god kvalitet og at de er tilgjengelege for alle.

Det blir frå PON hevda at det vil koste kommunen eit tjuetals millionar å ta tilbake denne tenesten til kommunal drift. Det er med respekt å melde tøv. Kommunens heimeteneste er effektiv og god. Dei omtrent 18 årsverka som vi vil trenge vil koste omtrent det same som kommunen i dag betaler til PON for desse tenestene. Det er uansett kommunen som fastset timetalet i tenesten, uavhengig av kven som driv. Og det er kommunen og skattebetalarane som betaler rekninga uansett kvar den kjem frå.

Det er og slik at mange av dei same folka jobbar både i kommunen og i PON. Men PON har ingen nattevakter. Det er kommunen som har all teneste om natta til dei som treng det. Det betyr at når kommunen tar over vil det i mange tilfelle bli enklare å lage ein heilskapleg teneste og gje god omsorg heile døgnet for desse pasientane.