Derfor vil ikkje SV ha meir oppdrett i Tromsø no

Bilde generert av Dall-e

På onsdag skal kommunestyret ta stilling til kystsoneplanen for Tromsø. Kystsoneplanen er eit godt dokument og det har vore ein grundig prosess. Det er mykje å like i denne planen. Det forhindrar ikkje at det er nokre “små” kontroversar i denne planen. Den største og viktigaste kontroversen er om Tromsø skal opne opp nye areal for oppdrett av laks.

Denne videoen delte eg for ein dag eller to sidan, men har du ikkje sett den så kan du jo ta ein titt.

Det er mange overordna argument mot nye areal for oppdrett i tradisjonelle opne merder.

  1. Villaksen er truga av lakselus og genetisk forurensing frå tamlaks. Meir oppdrett vil auke dette problemet.
  2. Det er usikker kunnskap om innverknaden på gytefelt og fiske etter torsk, sei, kveite med meir. Tradisjonelt fiskeri er svært viktig i Tromsø og usikkerheita gjer at vi må velje dei tradisjonelle næringane.
  3. Laksenæringa har over tiår tent svært mykje pengar. Desse pengane er ikkje blitt investert i å finne teknologi som mogleggjer sameksistens med villaks og fiskeri. Då er det ikkje rett å belønne næringa med nye areal.
  4. Bruk av lusemiddel skaper problem for rekebestandane.
  5. Dyrevelferden er problematisk i lakseoppdrett. Samanlikna med alt anna husdyrhald er dødlegheita hos laksen mykje større. Ulike formar for mekanisk avlusing bidrar til dyrevelferdsproblematikken.

I tillegg er det gode argument mot kvart einskild av dei nye områda som er foreslått. Områda Småvær II, Røssholmen og Finnkjelbåen ligg ved viktige fiskefelt og område med innsig av skrei. Det er ikkje rett å opne desse områda for meir oppdrett. To av desse lokalitetane ligg eksponert til for vêr og vind. Det aukar faren for rømming.

Området Fjordtun ligg i Straumsfjorden. Det er kort veg frå ein nasjonal laksefjord og nært Straumselva som har ein bestand av villaks som i liten grad er genetisk ureina av tamlaks. Området ligg slik til at det kan bli berørt av skred og dermed auka fare for rømming.

Kvitbergan ligg ved munningen av Ullsfjorden, nært eit større gyteområde for kysttosk. Kysttorsken er pressa og freda i enkelte område. Det betyr at det er feil å ta sjansar med kysttorsken.

Kvitberg er eit lite visningsanlegg i Straumsbukta. Anlegget er foreslått som eit semilukka anlegg med oppsamling av slam, og kanskje det området det går an å seie ja til, men anlegget ligg svært nært Straumselva med dei potensielle konskvensane det kan ha. Det er og ein innsigelse mot kravet om oppsamling av slam frå anlegget.

SV vil stemme mot å opne desse areala for oppdrett. No står det på Ap og Sp.

Kystsoneplanen avgjer kystens framtid

I løpet av hausten skal kommunestyret vedta den nye kystsoneplanen for Tromsø kommune. Kystsoneplanen avgjer bruke av havområda våre. Kvar skal fiske ha forrang, kvar skal vi ta mykje omsyn til friluftsliv og turisme, skal vi opne for dyrking av tare, og kanskje aller mest betent, skal vi ha meir oppdrett i Tromsø?

SV meiner at meir oppdrett i Tromsø berre kan aksepterast under ein einaste føresetnad: at vi kan stille krav om utsleppsfrie eller tilnærma utsleppsfrie anlegg. Berre då kan det vere aktuelt å opne for nye anlegg.

Nesten alle oppdrettsanlegg i Noreg i dag er opne anlegg. Det har store konsekvensar for livet i havet. Eit slikt anlegg slepp ut store mengder organisk materiale i form av skit og fôrrestar. I tillegg er det store utfordringar med lakselus med konsekvensar for villaksen og det er betydelege utslepp av koppar som brukast til å impregnere nøtene – ein type impregnering som er så farleg at det ikkje er lov å bruke i botnsmurning på fritidsbåtar.

Tilnærma utsleppsfrie anlegg er mogleg. Det er aktørar frå tunge norske verftsmiljø som jobbar med gode løysningar. Løysningar som ikkje er på land, men flyt i havet og der anlegga er slik at ein har kontroll på alt av utslepp. Slike anlegg er dyrare, men det er mykje som tyder på at produksjonen er minst like høg og at fiskehelsa er betre. Dødelegheita for fisk i norsk oppdrett er mange gonger høgare enn det vi ville akseptert i landbruket. Fisk har like stort krav på god dyrehelse som kyr og sauar. I forslaget frå regjeringa om ein ny grunnrenteskatt er det og lagt opp til at du får direkte fråtrekk i skatten for investeringar. Det er derfor ingen grunn til å tru at ein ny skatt skulle hindre omlegging til ny teknologi.

Eg har stor sans for oppdrettsnæringa. Det er ein effektiv og god måte å omdanne fôr til menneskemat. Det er ei viktig næring for kystsamfunna våre med inntekter og arbeidsplassar. Men slik all anna industri i dette landet har omstilt seg, redusert utslepp og gjort prosessane meir miljøvenlege og framleis tent pengar må også oppdrettsnæringa no endeleg ta fatt i den same omstillinga.

Dersom oppdrettsnæringa skal vere velkomen på kysten må næringa endre seg. Eg og SV ønsker næringa alt godt, og ønsker næringa velkomen til Tromsø. Under ei føresetning – utsleppa må ned, luseproblematikken må løysast og dyrehelsa må bli betre.

Fleire oppdrettsanlegg med gamaldags teknologi må vere uaktuelt for Tromsø.

Lærarane fortener høgare løn, og ungane får fortener å komme seg på skolen

Bilde av elevar i byen. Maleristil, skapt av Midjourney Bot

KS, lærarorganisasjonane og regjeringa må sette seg saman og finne ein veg ut av denne streiken. Vi treng ei løysning; for ungane våre treng å kome seg tilbake på skolen. På Kvaløysletta har ikkje åttandeklassingane fått starta på ungdomsskolen enno.

La meg få det viktigaste unna først. Eg støttar lærarane. Lærarane fortener høgare løn og alle barn fortener å få undervisning av kvalifiserte lærarar.

Vi er samde om at ein kvar undervisingstime utan ein kvalifisert lærar er ein for mykje. Og Utdanningsforbundet har nok rett i at betre løn vil gjere det enklare å rekruttere lærarar slik at alle elevane våre blir undervist av kvalifisert personell. Det er og viktig at mange kommunar slit mykje tyngre enn Tromsø med å skaffe kvalifiserte lærarar, så lærarane i Tromsø streikar og i solidaritet med mange andre kommunar og elevar.

Bilde skapt av MidjourneyBot

Kjernen i denne streiken, slik eg har forstått det, handlar om korleis vi kan rekruttere fleire nye lærarar, samstundes som vi beheld dei kvalifiserte, erfarne og dyktige lærarane vi allereie har.

Eg trur det er naudsynt at regjeringa kjem på banen og bidrar til ein slutt på denne streiken. Vi treng ein nasjonal plan som sikrar rekruttering, som sikrar ei god lønsutvikling og som sikrar at ungane våre får kvalifiserte lærarar.

Nytt kommunestyre med ROS, ny skole på Kvaløysletta og vatn

Det er mange saker til kommunestyret no på onsdag. Dei 19 sakene er sjølvsagt av ulik storleik og ulik betydning.

Den saka som gler meg aller mest er at vi skal vedta detaljreguleringsplan for ny ungdomsskole på Kvaløya. Det betyr at vi tar eit viktig steg mot bygging av ny skole og normalhall på Kvaløysletta. Når reguleringsplanen er ferdig så kan arbeidet ta til. Det betyr at dersom vi er flinke og har litt flaks i prosessen framover kan byggearbeidet starte til hausten ein gong. Eg reknar med at reguleringsplanen kjem til å bli vedtatt med stort fleirtal. Her kan du sjekke ut ein 3d-modell av planen: Kvaløysletta skole (arcgis.com)

Ei kjempeviktig sak er ny Risiko og sårbarheitsanalyse for Tromsø kommune. Administrasjonen skriv i saksframlegget:

«En av oppgavene til Tromsø kommune er å ivareta befolkningens sikkerhet og trygghet. For å få til dette må hele organisasjonen jobbe systematisk, helhetlig og tverrfaglig med samfunnssikkerhet samt ha et bevisst forhold til risiko i vår kommune. TromsøROS skal danne et kunnskapsgrunnlag gjennom å identifisere risiko og sårbarhet i Tromsø kommune, og foreslå tiltak som kan redusere denne risikoen og sårbarheten ytterligere.»

Denne er verd å lese og gjerne kome med innspel til. Den skal ut på høyring no, så om du har innspel er det rett tid å komme med dei.

Apropos risiko og sårbarheit, så er det ingen tvil om at trygg tilgang til nok og reint vatn samt fungerande avløpssystem er noko av det aller viktigaste. Derfor er «Kommunedelplan for vann og avløp 2021 – Plan nr. 256 Tematisk kommunedelplan» ein svært viktig plan. Det er ein strategisk plan for utviklinga av vatn og avløpssystemet i Tromsø. Eg synst dette er ein god plan som peiker på behovet for fornying og utvikling og seier noko om korleis vi skal sikre tilgang på vatn til alle.

Planen legg opp til at vi skal investere for 1,95 milliardar i perioden 2021 til 2032 i vatn og avløp. Rundt 44% av dette skal gå til fornying av røyrnettet. Det betyr at vi legg opp til å gå frå å fornye 0,5% av nettet per år til 1% per år. Med andre ord så betyr det at vi går frå å bruke 200 år på å fornye nettet til at vi skal gjere det på 100 år. Det kostar sjølvsagt pengar, men er heilt naudsynt både med tanke på klimaendringane som vil medføre meir nedbør og handtering av avløpsvatn og at vi i dag mistar 40% av drikkevatnet vårt til lekkasjar.

Uansett, her er heile sakslista. Spør gjerne om du lurer på noko så skal eg gjere mitt beste for å svare.

Det blir ny skole på Kvaløysletta, vi skal utvikle Grab og mykje kunnskap om skolen i neste utvalsmøte

I neste møte i Oppvekst- og utdanningsutvalet tar vi eit nytt steg i retning av ny ungdomsskole på Kvaløysletta. Då skal vi handsame detaljreguleringa for den nye skolen. Dersom alt går etter planen blir denne godkjent i kommunestyremøtet 27. april.

Illustrasjon av ny ungdomsskole på Kvaløysletta hena frå planbeskrivelsen
Slik kan det komme til å bli. Bildet er henta frå planbeskrivelsen.

Eg har ikkje fått studert saksframlegget enno, men med første gjennomlesing så synst eg det ser veldig bra ut. Eg tar likevel gjerne mot innspel frå folk. Du kan lese saksframlegget her: https://innsyn.tromso.kommune.no/application/getMoteDokument?dokid=200982693

Men det er fleire interessante saker i utvalsmøtet. Vi skal og diskutere «Grab – utvikling av anlegg for egenorganisert aktivitet». Denne saka handlar om korleis vi kan utvikle den tidlegare svømmehallen på Stakkevollan til eit nytt anlegg for eigenorganisert aktivitet. Eigenorganisert aktivitet er viktig for svært mange ungdomar. Det å ha skikkelege arenaer for dette i Tromsø er viktig.

I saksframlegget står det:

«Mangfold i anlegg, aktiviteter og tidspunkter for å kunne trene på egne premisser, er et økende behov. Nasjonale og internasjonale forskere peker på en global trend hvor egenorganiserte aktiviteter vokser, spesielt hos unge voksne. Barn og unge ønsker i større grad enn tidligere å bestemme selv, når og hvordan de skal drive med fritidsaktiviteter, og de ønsker selv å tilrettelegge for sine egne aktiviteter. Dette står i motsetning til hvordan mange ordinære fritidsaktiviteter er lagt opp, og hvordan kommunens anlegg blir brukt i dag.»

Eigenorganisert aktivitet er så mangt og det betyr at vi treng mange og ulike arenaer for dette. Det mest aktuelle for svømmehallen på Stakkevollan er å lage ein arena for skateboard, parkour, tricking, gateidrett, ol.

Det er Kulturutvalet som tar endeleg beslutning i denne saka, men kom veldig gjerne med innspel og idear.

Kvalitets- og utviklingsmelding seksjon skole 2021 er eit viktig dokument. Det gjev god innsikt i kvalitet på undervisninga, korleis vi skal utvikle oss og korleis elevane har det i skolen vår. Det er tilrådd lesing for alle som er interessert i tromsøskolen. Det er mykje interessant i dokumentet. Ved første gjennomlesing så festa eg meg ved:

  • Vi ligg litt over landssnittet på læringsutbytte og resultat på nasjonale prøvar
  • Vi ligg ørlite over landet i talet på lærarar i høve til talet på elevar
  • Vi bruker meir spesialundervinsning enn i resten av landet, og det er særleg gutane som får mykje spesialundervisning.
  • Det er nokre tal eg synst manglar, kanskje spesielt elevfråver og tal på elevar som er mykje borte frå skolen

Læring handlar om svært mykje. Uteromma på skolane våre er ein viktig bestandel. I saka Orientering om prosjektet «Renovering skolegårder» fra oppstart 2018 til i dag samt fremtidige planer i perioden 2022 til 2025 får vi ein god gjennomgang av kva som er gjort og kva planane framover er. Her burde vi gjort meir, men det er godt å sjå at det skjer ein del ting.

TromsøROS 2022 – 2026, Helhetlig risiko- og sårbarhetsanalyse for Tromsø kommune 2022 – 2026 har eg ikkje rekt å lese alle vedlegga enno, men ser fram til denne saka. Saka er ein viktig gjennomgang av tromsøsamfunnet. Frå saksframlegget:

«En av oppgavene til Tromsø kommune er å ivareta befolkningens sikkerhet og trygghet. For å få til dette må hele organisasjonen jobbe systematisk, helhetlig og tverrfaglig med samfunnssikkerhet samt ha et bevisst forhold til risiko i vår kommune. TromsøROS skal danne et kunnskapsgrunnlag gjennom å identifisere risiko og sårbarhet i Tromsø kommune, og foreslå tiltak som kan redusere denne risikoen og sårbarheten ytterligere.»

Eg ser fram til innspel frå deg på sakene, anten her på bloggen eller i eit kommentarfelt nær deg. Tagg meg så får eg det med meg.