Alt blir dyrare

Det kan bli ei utfordrande tid for mange framover. Renta er på veg opp, matvareprisane stig, drivstoffet er blitt svært dyrt og i delar av landet har straumprisen gått gjennom taket. Det blir kasta ut mange tankar om korleis vi skal svare på desse krisene. For oss i SV er det viktig å ha tre tankar i hovudet samstundes. Vi må hjelpe dei som slit samstundes som vi sikrar god fordeling og at vi framleis har framdrift på kampen mot klimaendringane.

Ida Wolden Bache er ny sentralbanksjef og har gjort det klart at det blir fleire renteaukingar framover. Foto: Tore Sætre/Wikimedia

SVs viktigaste tiltak er skattetlette for dei av oss som tener minst. SV gjekk i sitt alternative statsbudsjett inn for betydelege skattekutt for dei som tener under 600 000 kroner, samstundes med høgare skatt på store formuar og høge inntekter. Det vil vere omfordelande og gje folk meir pengar til å handtere høge prisar og aukande rente. SVs finanspolitiske talsperson, Kari Elisabeth Kaski sa til NRK den 13. mars i år:

«Vi er nødt til å få et mer omfordelende skattesystem og kutte skattene for folk flest langt mer enn det som har vært lagt til grunn så langt»

Med SVs opplegg ville ein person med ei inntekt på mellom 450 000 og 500 000 få omtrent 4000 kroner i skattelette. Dersom ein kombinerer dette med SVs forslag om gratis SFO og auka barnetrygd ville ein famile med med to vaksne og to barn i SFO og barnehagealder sitte igjen med nesten 25 000 kroner meir å rutte med.

Det vil vere betydningsfullt for mange familiar.

Heldigvis har ikkje straumprisane gått valdsamt til vêrs her nord, men i store delar av landet er prisen på straum blitt ei stor utfordring. SVs forslag der er at staten skal dekke 100% av kostnaden for straum over 50 øre per KWh for dei første 1000 kWh kvar månad og 80% for dei neste 2000 kiloweatttimane. Det vil vere eit tydeleg handslag til mange hushaldningar som slit med straumprisene samstundes som det vil vere eit insentiv til å spare på straumen.

Det er mange grunnar til at matvareprisen stig. Den grufulle krigen i Ukraina, mangel på kunstgjødsel med meir. I Noreg har vi ei tilleggsutfordring med store kjeder med stor marknadsmakt, og at desse konserna er både leverandør og distributør. SV foreslår derfor tiltak for å auke konkurransen i bransjen. I eit intervju med  SVs nestleiar Torgeir Knag Fylkesnes skriv  Nettavisen:

«SV foreslår i Stortinget å regulere bransjen, med ønske om å øke konkurransen. De foreslår å begrense mulighetene til at et konsern kan være både leverandør og distributør. De ønsker også at enkeltaktører ikke skal kunne ha for store markedsandeler.»

For SV er det avgjerande viktig at vi klarer å fordele omkostningar og byrder på ein god måte, slik at det ikkje er dei som har minst som må bære den tyngste børa. Derfor vil vi gjere noko med skatetsystemet allereie i revidert statsbudsjett.

Kommunestyremøtet i mars

Det ser ikkje ut til at det blir verdas mest spennande kommunestyremøte no i mars. Kanskje blir det mest interessante ei orientering som om mottak av ukrainske flyktningar i Tromsø.

Kommunen jobbar godt med å gjere seg klar til å ta mot flyktningane. Det ser ut som vi i første omgang skal ta mot 550. Så kan det bli fleire etter kvart avhengig av kva som skjer i krigen. Vi skal i alle fall gjere det vi kan for å ta mot folk på ein god måte.

Det var ei glede å vere med på møte med mange av dei frivillige organisasjonane i Tromsø i går for å samordne arbeidet. Skal vi få dette til på ein god måte må vi mobilisere heile tromsøsamfunnet. Det  trur eg vi skal få til.

Uansett, har du innspel til sakene, kommentarar eller spørsmål så ta kontakt så skal eg svare og følgje opp etter beste evne.

Her finn du alle sakspaira: Innsyn – møtekalender (tromso.kommune.no)

Tankar på ein fredag om straum og ferger

Akkurat no skin sola, men mykje tyder på at snøfresaren skal få køyrt seg grundig i dagane som kjem.

Heldigvis har ikkje straumprisen vore så høg her nord som det har vore sørafor. Så det er varme i huset når eg er ferdig med fresinga.

Eg har eit ganske stort, og ikkje så veldig godt isolert hus frå tidleg 70-tal. Og, sjølv om eg har vedomn og varmepumpe er straumrekninga høg nok som ho er. For eg er jo heilt avhengig av straumen for å varme opp huset.

Det hadde vore utfordrande for fleire enn meg om prisane i nord var like høge som i sør. For ein gongs skuld er eg lykkeleg over dårleg utbygd infrastruktur mellom nord og sør som har skjerma oss frå konsekvensane av straumkablane til kontinentet. Det er viktig at vi klarer å behalde kraftoverskotet, og eg er glad for Torgeir Knag fylkesnes initiativ i samband med det.

Ein ting er at kraftoverskotet i Nord-Noreg og Nord-Sverige har gjeve oss ganske greie straumprisar, noko anna er at kraftoverskotet gjer moglegheit for industribygging i nord. Eg er søkkimponert over det dei har fått til på Mo i Rana og det gleda meg at dei får til batterifabrikk der.

Men også her hos oss gjev dette moglegheiter. I Senja har dei store planar som er spennande å følgje med på.

Dersom vi kombinerer kraftoverskotet med at vi sannsynlegvis får ein ny fiberkabel frå Asia til troms i 2025/26 så er det ingen tvil om at det er store moglegheiter. Vi må berre unngå at det blir kryptovalutamaskinar som blir sett opp. Det gjev lite ringverknader.

I Tromsø er vi i SV positive til folk som vil etablere ny verksemd. Vi seier ja til det aller aller meste av søknader og forslag om regulering av næringsareal. Gjennom Tromsø hamn har kommunen lagt til rette store næringsareal. Eg håper vi kunne fått til at nye havvindmøller vart støypte i Tromsø. Kanskej kunne Tønsnesområdet eigna seg for slik verksemd. I Tromsø har vi og oppretta eit næringsselskap som skal arbeide for å tiltrekke seg ny verksemd.

Men næringsutvikling er ikkje berre å satse på det som er nytt og skinande. Det er og å ta vare på det vi har. I dag har eg vore med på eit møte med utviklingslaga på Vengsøy og Rebbenesøy.

Dei fortel om ein ganske fortvilande situasjon på desse øyene. Det er ikkje greitt å drive fiskebruk når ferga ikkje har kapasitet til meir enn ein trailer og har sjeldne avgangar. Å halde liv i ei bedrift som ikkje får frakta varene sine til marknaden er svært problematisk.

Og, dette er ikkje eit unikt tilfelle. Det er mange øysamfunn i Noreg som slit med dårleg kapasitet, få avgangar og kort opningstid på fergesambanda. Det er openbart vanskeleg for eit samfunn når dagens siste ferje går 1635.

Eg synst det er fantastisk at det skal bli gratis ferje på alle desse små fergesambanda. Men det er eit naturleg spørsmål om det er den satsinga desse øysamfunna først og fremst treng akkurat no. Kanskje burde det heller vore satsa pengar på større kapasitet og hyppigare avgangar. Ein treng vel heller ikkje vere rakettforskar for å sjå at bruken vil auke når fergene blir gratis. Det vil ikkje hjelpe i samband der det er store kapasitetsutfordringar.

Eg veit ikkje kor mange 100 millionar det vil koste med gratis ferger, men kanskje hadde pengane blitt brukt betre på andre ting?

Ta gjerne kontakt med innspel, idear eller spørsmål

Ny videoblogg. Om korona, koronapass og statsbudsjett

Eg har i ein periode sagt at eg var ferdig med koronaen, men det viste seg at koronaen ikkje var ferdig med meg eller alle andre.

Eg må berre innrømme at det å innføre ei ny coronaforskrift er noko av det vanskelegaste eg har vore med i politikken i Tromsø. Det kjennest i alle fall sånn akkurat no.

Grunnen til at det er så vanskeleg er at det er så mykje vi ikkje veit – i alle fall vi ikkje veit heilt sikkert. Men nokre ting veit vi.

  • Vi veit at den kommunale helsetenesta har store utfordringar. Det er utfordringar som blir forsterka av at vi allereie manglar ein god del folk i helsetenesta. I ein «normalsituasjon» manglar vi rundt 150 sjukepleiarar og vernepleiarar i Tromsø. I ein situasjon der mange må vere heime på grunn av sjukdom, i ein situasjon der mange helsepersonell har jobba mykje over lang tid så er det svært vanskeleg å sikre at vi har nok folk på jobb til ei kvar tid.
  • Vi veit at UNN har kapasitetsproblem. Fleire innlagte med korona fortrenger andre pasientar. Mangel på folk og smitte i dei kommunale institusjonane gjer at fleire utskrivingsklare pasientar ligg og tar opp plass på UNN.
  • Vi veit at det er mest smitte blant barn og unge, men og at desse i liten grad blir sjuke. Det er smitte blant vaksne og eldre som er hovudproblemet, reint bortsett frå at også helsepersonell må vere heime med sjuke barn.

Samla sett betyr dette vi måtte innføre tiltak i Tromsø. Målet med tiltaka er å forhindre kontakt mellom grupper som ikkje møtest i det daglege for å forhindre smitte. Så er det vanskeleg å vite om vi treff heilt med tiltaka. Er dei strenge nok? Er dei for strenge? Treff vi på rett plass? Er det fair å stille krav til utelivet når det er barn som er mest smitta? Det er mange gode spørsmål. Eg har høyrt på argumenta, eg har prøvd å vege det eine mot det andre. Og, eg trur at der vi hamna med koronaforskrifta er omtrent rett ut frå den situasjonen vi er i i Tromsø. Men usikkerheita er der. Burde vi gjort meir mot skolane? Burde vi vore strengare, eller mindre strenge med reiselivet? Eg trur det beste er å følgje nøye med og tilpasse oss. Vi må i alle fall ikkje ha prestisje knytt til det vi har gjort. Er det for strengt må vi lempe, er det ikkje strengt nok må vi stramme til.

I det siste har det starta ein diskusjon om konronapass. Ryggmargrefleksen min er at koronapass er svært problematisk. Det er eit viktig prinsipp at vi sjølv avgjer kva helsehjelp vi vil ha. Det handlar om at vi som individ skal kunne ta sjølvstendige val og det handlar om kroppsleg integritet. Skal desse vala vere reelle så kan heller ikkje presset frå samfunnet vere for sterkt. Då forsvinn det frie valet.

På den andre sida så er det og urimeleg at samfunnet skal måtte stenge ned, at helsetenestene skal vere under stort press, at dei tilsette på sjukehus og kommunehelsetenesta skal få inndratt feriar og jobbe overtid på grunn av at folk vel å ikkje ta ein vaksine som vel no er blitt ein av dei mest testa vaksinene gjennom tidene.

Så på balansen har eg konkludert med at koronapass kan vere eit godt verkty for å avgrense smitten i samfunnet. Men det er ei viktig føresetnad for dette, det må vere sjølvsagt at du kan teste deg til koronapass. Altså at er du smittefri så får du grønt pass også om du ikkje har tatt vaksinen.

I dag opna regjeringa for at kommunar kan ta i bruk ordninga med koronasertifikat. Eg trur vi skal prøve det ut i Tromsø. Så har eg enno ikkje sett den endelege forskrifta frå regjeringa. Den vil nok tydelegare vise under kva føresetnader vi kan bruke koronasertifikat. Det må vi nesten komme tilbake til.

Pengar

Statsbudsjettet til den nye regjeringa var ein aldri så liten nedtur. Eg er jo ein grunnleggande optimist, så eg hadde jo trudd at regjeringa verkeleg skulle komme med eit løft for kommuneøkonomien. Slik vart det ikkje. I følgje det nye statsbudsjettet får Tromsø kommune 24,6 millionar ekstra. I tillegg det nokre millionar gjennom andre ordningar, så kanskje blir det 30 millionar ekstra til Tromsø kommune. Det er dessverre ikkje nok. Det skaper ikkje rom til eit løft for helsetenstene som vi burde fått til. Det skaper lite rom for å utvikle Tromsø kommune.

Så vi får håpe at SV klarer å forhandle meir til kommunane. Men det som gjer meg litt fortvilt og forbanna er alle som no meiner at SV skal sørge for å oppfylle Ap og Sp sine valløfter. Til og med Ap og Sp folk set no si lit til at SV skal gjere regjeringa betre. Vi skal sjølvsagt gjere budsjettet betre, men

Det er ikkje SVs jobb å sørge for at regjeringa oppfyller løftene sine. Det er SVs jobb å få gjennomført SVs politikk.

Det kan sjå ut som dette budsjetter er eit ganske kynisk spel frå regjeringa. Når regjeringa vel å ikkje gje feriepengar til dei som har fått arbeidsløysetrygd i 2022 så er det eit brot på eit v dei viktigaste valløfta dei gav. Reknar dei med at SV skal rake ut glørne for dei? Ja, SV vil som LO at dei arbeidslause skal få feriepengar, men det er ikkje vår jobb å berge regjeringa sine løfter.

Dette er sjølvsagt ei utfordring for SV i forhandlingane. Skal vi berge regjeringa på viktige områder? Eller skal vi kjempe for dei sakene SV står aleine om? Dette er ikkje eit lett val spør du meg, men eg er heilt sikker på at dei som skal forhandle for SV har ein god strategi på dette.

Eg ser fram til å sjå SV sitt alternative budsjett på måndag og resultatet av forhandlingane.

Er det for tidleg med ein dom over den nye regjeringa?

Det er sjølvsagt alt for tidleg å komme med ein dom over den nye regjeringa. Derfor tenkte eg at eg skulle gjere det i dag!

Eller, kanskje ikkje ein dom, men eit forsøk på å analysere i alle fall delar av Hurdalsplattformen.

La meg starte med å seie at det er mange fine formuleringar og mykje eg er samd i den nye plattformen. Dessverre er det mykje som er vagt og opent for fortolkningar.

Men eg må starte med ei kjempefin nyheit, og ein annan ting som eg håper skal bli bra. Det første er at regjeringa legg opp til eit Nasjonalt senter for jordobservasjon i Tromsø. Det kan bli eit fantastisk verkty for å utvikle romindustrien i Tromsø og i heile landet. Når vi koplar det mot den store satsinga på rom også på Andøya kan det bli starten på noko stort for Nord-Noreg.

Eg er og glad for at regjeringa går inn for ei skikkeleg utgreiing av Nord-Noregbanen gjennom ein KVU med mål om realisering ved neste rullering av Nasjonal transportplan. Eg vel å tolke det positivt, sjølv om det betyr at det tar nesten fire år før ei beslutning blir tatt. Eg trur vi er nærmare jernbane lenger nordover enn vi har vore på svært lang tid.

Fiskeri

Men, la meg ta eit eksempel frå fiskeripolitikken som viser kor open for fortolkningar denne plattforma er. Den store saka i den komande perioden er fordeling av kvoter, spesifikt fordelinga mellom hav og kyst og korleis dei såkalla strukturkvotene skal tilbakeførast.

Det er heilt openbart at vi får mest verdiskaping og dei største ringverknadene om vi fordeler meir til den mindre kystflåten. Det vi har sett over mange år er at den strutureringa vi har vore gjennom har flytta kvotene frå dei må til dei store. Så når no strukturkvotene tar til å falle tilbake, skal dei til den gruppa dei kjem frå eller skal dei til den gruppa der dei er no? Dette får vi langt frå tydelege svar på i plattforma.

Ap og Sp skriv:

«Fiskeritillatelsene skal forvaltes på en måte som ikke bidrar til sentralisering verken innad i regioner eller mellom landsdeler.»

Ein konsekvens av at dei skriv dette er jo at den minste flåten må få meir av fiskekvotane. Men dei skriv og:

«Flåten skal sikres stabile, forutsigbare og gode rammebetingelser.

Regjeringen vil:

• Utarbeide en ny kvotemelding som gir forutsigbarhet for fiskerinæringen, og som sikrer

bosetting, aktivitet og lønnsomhet langs hele kysten. Kvotemeldingen skal blant annet sikre:

o At kvotene fordeles på en forutsigbar og mer rettferdig mate.

o At bredden og mangfoldet i kystfiskeflåten trygges. Dette skal blant annet skje basert

på tilstrekkelig kvotegrunnlag.

o At betingelser for tilbakefall av strukturkvoter avklares.»

Forutsigbar er jo ofte eit kodeord som betyr at ingenting skal endrast – altså fordelinga mellom gruppene skal forbli som no, der dei største får behalde det dei har. Her er det med andre ord nesten umogleg å vite kva regjeringa eigentleg meiner. Det blir utruleg spennande å sjå korleis den nye fiskeriministeren vel å fortolke desse formuleringane som i alle fall delvis står i motsetnad til kvarandre.

Så får vi vere glade for at i alle fall ein god del av dette skal avgjerast i Stortinget. Der vil sjølvsagt SV stå på for kystflåten og at fisken skal tilhøyre kystens befolkning.

Olje

Oljepolitikken er det nok fet eg liker aller minst i Hurdalsplattforma. I ei verd der det blir tydelegare og tydelegare at vi må redusere utsleppa våre av klimagassar kraftig og raskt så er motsetnadane i Hurdalsplattforma veldig tydelege.

Dei skriv:

«Norsk petroleumsindustri skal utvikles, ikke avvikles. Petroleumssektoren er en høyproduktiv næring som bidrar med store inntekter, verdiskaping og arbeidsplasser til Norge. Regjeringen vil legge til rette for fortsatt høyt aktivitetsnivå på norsk sokkel.»

og

«Det ordinære konsesjonssystemet skal ligge fast. Det skal fortsatt gis tillatelser til å lete etter olje og gass i nye områder.»

Samstundes skriv dei ein annan stad i dokumentet at:

«Norge står overfor store oppgaver i dette tiåret. Vi skal få flere i jobb, skape aktivitet i hele landet, øke eksporten og kutte klimagassutslippene med 55 prosent. Disse fire målene skal vi nå i fellesskap, gjennom en aktiv og fremtidsrettet næringspolitikk.»

Det kan då ikkje vere berre eg som oppfattar ein viss mangel på samanfall mellom desse to punkta? Det er fleire slike dissonansar i dokumentet. Det lover at CO2-vgifta skal opp, men dei lover og at drivstoffavgiftene skal ned. Eg har vanskar med å sjå korleis begge løfta skal kunne oppfyllast samstundes.

I dokumentet finn eg og mange ting som umiddelbart ser veldig positivt ut. For eksempel denne formuleringa om gruvedrift og mineralutvinning: «Korte ned konsesjonsbehandlingstiden.» Det er jo vel og bra. Vi ønsker alle kortare tidsbruk, meir dynamikk og mindre byråkrati. Men spørsmålet er kva slikt går på bekostning av? Betyr det dårlegare miljøutgreiingar, eller betyr det mindre tid for motstandarar til å mobilisere og få fram motekspertise mot gruveselskapa?

Eg trur vi treng meir gruvenæring i Noreg, men vi må sikre oss at førebuingane blir skikkelege. Det kan godt tenkast at eg overproblematiserer dette, men poenget er at det meste har ein kostnad, også det som ser heilt tilforlateleg ut og er noko vi alle burde kunne støtte.

Skatt

På skatt er det litt blanda drops. Noko søtt, noko surt og noko bittert. Det er søtt at dei ønsker å skjerpe formueskatten. Så kunne nok eg ønska meg at dei tok enno litt hardare i. For det som blir foreslått i plattforma er ikkje nok for å få gjort noko med dei aukande skilnadane mellom folk i Noreg.

Men, når dei samstundes skriv: «Holde det samlede skatte- og avgiftsnivaet for folks inntekter uendret.» så smaker det ganske bittert og surt. Det må vel bety at dei ikkje har tenkt å reversere dei kutta som vart gjort av den førre regjeringa. Det forklarer og korfor dei ikkje klarer å gå inn for viktige reformar som gratis SFO og sikre at folk skal ha råd til å gå til tannlegen. På begge områda går dei nokre musesteg i rett retning, men skal vi bygge ut velferden i Noreg så må vi vere villige til å betale for det. Det ser det ikkje ut som denne regjeringa vil.

Vi veit jo at noko av det alle viktigaste vi kan gjere for å minske skilnaden mellom folk og forebygge utanforskap er gode universelle velferdsordningar. Derfor er gratis SFO og billigare tannlege så utruleg viktige reformar.

Oppsummert så er det mykje å like i plattforma, noko å mislike, men mange motsetnader mellom ulike ting. Korleis regjeringa vel å forvalte plattforma og korleis dei vel å møte stortinget vil avgjere om dette blir terningkast 3 eller terningkast 5

Så ja, det er alt for tidleg å felle ein dom. Det blir spennande å følgje med.

Treng vi eit havdepartement?

Eg trur Noreg treng eit department som ser heilskapleg på forvaltning og bruk av havet. Eit nytt havdepartement kan ta ansvaret for detet og sikre ei forvaltning av havet som set dei biologiske ressursane i høgsetet.

Innhald (eksempel)

  • Det gamle fiskeridepartmentet
  • Skipsfart frå næring
  • Polaravdelinga frå justis
  • Kystverket med hamner og farleder frå samferdsel
  • Plankompetanse frå kommunal

Det at alle desse sentrale områda for farvaltninga av havet ligg i ulike departement viser at vi i dag har ei fragmentert forvakltning av havet. Tore O. Sandvik, Aps fylkesordførar i trøndelg er inne på noko av dette i eit innlegg på Nordnorsk debatt her om dagen. Han skreiv:

Spørsmålet er om ikke Norge trenger et mer ambisiøst og mektig departement som både kan forvalte fiskeri- og havbrukspolitikken, men også ta ansvar for å realisere ambisjonene om Norge som en ledende havnasjon? Tidligere Fylkesmann og departementsråd i Fiskeri- og kystdepartementet, Jørn Krog, var opptatt av dette helt fram til sin død i 2015. Han var oppriktig fortvilt over mangelen på strategisk helhetstenkning som lå bak filialiseringen av Fiskeridepartementet, istedenfor å bygge et sterkere departement som kunne romme Norges rolle, ansvar og ambisjoner i havrommet.

HAV, Sikkerhet | Norsk lederskap i havrommet (nordnorskdebatt.no)

Vi treng ei industrialisering av havet i samband med det grønne skiftet, men vi treng og å sikre at denne industrialiseringa ikkje går på bekostning av dei levande biologiske ressursane i havet. Det er mange prosessar som pågår no. Havbotnmineralar, havbruk til havs, flytande havvind, isen smeltar i nord etc  dette krev at vi maktar å sjå heilskapen i bruken av havet. Då treng vi nokon som har eit overordna ansvar for bruk, forvaltning av hav og havbotn.

Vi må etablere eit hierarki som gjer at vi sikrar at tradisjonell bruk og levande organismar ikkje blir taparen i framtida.

Noko av den første oppgåva til eit nytt departement vil vere å starte arbeidet med ein overordna plan for bruk av havet.

Det kan tenkast at det finst andre måtar å organisere dette på. Men det viktige er at vi ikkje ser på havet stykkevis og delt, men ser bruken i samanheng