Vi må diskutere fordelinga av torskekvota

Eg sat og lytta på helgemorgen på NRK på laurdag. Det er vanlegvis ganske hyggeleg, men denne gongen vart eg ganske opprørt. Det var eit innslag der om krisa i mange torskeavhengige samfunn langs kysten av Nord-Noreg. Det er jo veldig bra at blir diskutert, men det var heilt utruleg at dei ikkje diskuterte det aller viktigaste.

Når det er krise er det fordi torskebestanden har gått ned. Då blir det heilt sentrale spørsmålet, kven skal få lov til å fiske den torsken som vi faktisk kan fiske? Det temaet kom dei ikkje inn på på helgemorgen. Dei diskuterte skatt og permisjonsreglar. Viktige tema, men i beste fall er det symptomlindring i staden for å ta tak i det underliggande problemet.

Når det er lite torsk blir fordelinga desto viktigare. Då må vi prioritere at dei som leverer fersk fisk til mottak og fiskebruk langs kysten. Det som skaper arbeidsplassar på land. Då må vi prioritere dei som lever og bur i dei fiskeriavhengige samfunna. Dei båtane som bruker dei lokale verkstadane, som provianterer lokatl og betaler skatt lokalt. Slik kjem vi oss gjennom ein periode med små torskekvoter på ein måte som har så små skadeverknader som mogleg.

Dersom vi skal gjere ei slik prioritering så må vi faktisk prioritere kystflåten i enno større grad enn det trålstigen legg opp til. Korleis vi skal kunne få det til burde vere tema på helgemorgen.

Bildet over er ein illustrasjon skapt av KI-en Google Gemini

Vi må prioritere for å sikre gode velferdstjenester til alle

av Line Elisabeth Solbakken og Pål Julius Skogholt

Innbyggere som trenger omsorg fra våre institusjoner, befinner seg ofte i svært sårbare livssituasjoner. SV arbeider for robuste tilbud til alle som er avhengige av kommunens helse- og omsorgstjenester. Samtidig må vi erkjenne den økonomiske krisen Tromsø kommune står overfor. Tertialrapport 2 for 2024 viser at vi har store utfordringer på å få drifta i balanse.

Line E. Solbakken er SVs representant i Helse- og velferdsutvalget.
Foto: Marius Fiskum

En ny rapport viser at kostnadene per institusjonsplass er omtrent 30% høyere ved Mortensnes sykehjem og 80% høyere ved Helsehuset sammenlignet med tilsvarende institusjoner i Kristiansand. Det fremkommer også at Tromsø kommune i 2023 brukte 180 millioner kroner mer på institusjonsdrift enn gjennomsnittet for sammenlignbare kommuner. Det vil alltid være utfordrende å gjøre sammenligninger mellom institusjoner i kommuner med ulike forutsetninger. Vi mener likevel at resultatene gir en tydelig indikasjon på at vi må ta en nøyere gjennomgang av både institusjonstilbudet og øvrige tjenester til våre innbyggere.

I følge rapporten har folk har lengre botid på sykehjem i Tromsø sammenlignet med Kristiansand. Antakelig er folk som blir tildelt sykehjemsplass i Tromsø friskere og flere kunne ha beholdt selvbestemmelsen og tryggheten i eget hjem litt lengre. Det er sannsynligvis riktig å vri ressursinnsatsen fra institusjonsdrift og over til en økt satsning på hjemmetjenesten, dagsentertilbud og avlastningsplasser. Vi må også fortsette arbeidet med et aldersvennlig samfunn slik at eldre kan delta i aktiviteter og samfunnsliv på lik linje med resten av befolkningen. 

I en tid hvor kommunen opplever en alvorlig økonomisk krise, må vi også sikre at vi ivaretar behovene til alle innbyggere. I tillegg til omsorgsinstitusjoner driver fellesskapet barnehager, grunnskoler og andre helse-, velferds- og sosialtjenester. Til tross for at de fleste tjenester for barn og unge opererer innenfor godkjente budsjettrammer, har vi allerede vært nødt til å redusere i disse tilbudene.

Ifølge UNICEFs kommuneanalyse for 2024 rangeres Tromsø som nummer 256 av 336 kommuner når det gjelder kvalitet og ressursbruk i tilbudene til barn og unge. Folkehelseinstituttets oppvekstprofil indikerer også at ungdom i Tromsø har dårligere psykisk helse enn gjennomsnittet i landet. Dette understreker behovet for å styrke forebyggende tiltak for unge, spesielt i en tid hvor mange faller utenfor både utdanning og arbeidsliv.

Vi kan ikke tillate at de uforholdsmessig høye kostnadene ved institusjonsdriften fortsetter å tære på andre deler av kommunens velferdstilbud. Derfor står SV fast ved behovet for en nødvendig omstilling av institusjonsdriften i Tromsø kommune. Vi må sikre en bærekraftig fremtid for alle våre innbyggere ved å balansere ressursene på en rettferdig og effektiv måte.

Billigare og betre for barnefamiliar

Fellesferien er over. Mange er allereie tilbake i barnehage og SFO. Skolane startar igjen i neste veke. Spente førsteklassingar gleder seg til å det nye som venter. Men denne hausten kommer med forandring for mange fleire enn berre førsteklassingane.

Ei av dei største utfordringane vi har er at over 100 000 barn i Norge veks opp i familiar med vedvarande låginntekt, i Tromsø er i underkant av tusen barn i denne situasjonen. Gjennom våre målretta satsingar på barnefamiliar gjer vi det mogleg for fleire å vere med på leiken og gjev familiane større armslag i kvardagen.

Liker du betre å sjå video enn å lese? Omtrent same innhaldet i denne, som teksten her.

1: Auka barnetrygd

Barnetrygda har auka i år og i fjor, og  frå første september aukar den på nytt for barna over seks år med 3072 kroner ekstra per barn per år. Det gjer ein skilnad for folk. Sidan 2021 har satsane for barnetrygda auka frå 1054,- kroner til 1766,- per månad. Barnetrygda fungerer etter formålet. Redd Barna skriv på nettsidene sine i ein gjennomgang av barnetrygda at «for første gong på 10 år går mengda barn i fattige familiar ned. Dette beviser at barnetrygda fungerer»

2: Gratis halvdagsplass i SFO

Et trinn av gongen har SV gjennom dei tre siste åra  sikra gratis halvdagsplass i SFO for 1. – 3. klassetrinn. Det utgjer over 1500 kroner i månaden per barn. Det å sikre at alle får vere med på SFO gjer at fleire får delta i leiken og fellesskapen i nærmiljøet.

3: Billigare barnehage

Barnehagane blir og billigare, når maksprisen nå blir sett ned. Prisen for ein barnehageplass går frå 3000,- til 2000,- kroner i månaden. Det gjev ei innsparing på elleve tusen kroner i året, per barn. Då får barna leike, lære og utvikle seg i barnehagen, samtidig som familiane får meir pengar til overs.

4: Søskenmoderasjon på tvers av barnehage og SFO

I Tromsø kommune har vi i tillegg til dette ei ordning der du får moderasjon på tvers av barnehage og SFO slik at kostnaden ikkje skal bli for høg dersom det er ein familie med mange barn. Moderasjonen er 30% for barn nummer to, og 70% for barn nummer tre.

Den politikken SV får til i budsjettsamarbeida med regjeringa gjer kvardagen enklare for folk. Den politikken skal vi halde fram med.

Bildet brukt i dette innlegget er henta frå Lek med blader – Bilde – NDLA og er lisensiert som CC-BY-NC 4.0

Vi skal kutte det vi må, men ikkje meir enn vi må.

I etterkant av kommunestyremøtet har posisjonen blitt anklaga for at vi ikkje er tøffe nok i kutta vi gjer i Tromsø kommune. Det er ein anklage vi tar ganske lett på. Vi skal kutte det vi må, for vi kan ikkje bruke meir pengar enn vi har. Men, og dette er viktig for SV, vi skal ikkje kutte meir enn det vi absolutt må. For alle kutt går utover nokon. I all hovudsak så er det kommunen driv med å gje viktige velferdstenester til innbyggarane våre. For SV er det viktigaste å oppretthalde og utvikle desse tenestene så godt som mogleg innafor den økonomien vi har.

Her er innlegget mitt i kommunestyret.

Kvotemeldinga – for dei på innsida?

I for lang tid har kapitalen bestemt tilgang til fiskeressursane, kvotemeldinga var ein moglegheit for å gjere noko med det. Vi har venta lenge på kvotemeldinga, og den kan bli avgjerande for utviklinga langs kysten. Meldinga har sjølvsagt både positive og negative ting ved seg.

Slik eg ser det er det aller tydelegaste perspektivet i denne meldinga at det er ei melding for dei som allereie er innfor fiskeria. I meldinga manglar det eit tydeleg perspektiv på kystsamfunna og konsekvensar for samfunnet av den politikken som blir foreslått. 

Før eg stuper ned i kritikken kan det vere verd å nemne nokre av dei positive tinga i meldinga. Kort fortalt er det gjeninnføring av trålstigen, og ei mindre overføring av kvoter til kystflåten under 11 og at det blir innført eigarskapsbegrensingar i kystflåten

Den aller viktigaste kritikken mot meldinga er at den ikkje gjer noko med omsettinga av kvoter og kapitalkarusellen i næringa. Meldinga tar heller ikkje opp problemstillinga knytt til pliktkvotene. Pliktkvotene er ordninga der trålarane er forplikta til å levere fisk einskilde plassar langs kysten for å oppretthalde aktiviteten i fiskeindustri og i fiskerisamfunna. Eg trur det ikkje er å ta munnen for full å hevde at desse pliktene ikkje blir gjennomført slik dei var tenkt då dei vart innført og at det burde få konsekvensar for desse kvotene. Leveringsplikta er knapt blitt ei tilbodsplikt, og konsekvensen av det er at fisken i stor grad blir eksportert frossen og ubearbeid ut av landet. 

På førehand var det mest spenning knytt til kva regjeringa ville foreslå skulle skje med strukturkvotene. Strukturkvotene er ordninga at du kan kjøpe kvoter for å fiske fleire kvoter på ein båt. Den kvota du skaffar degt på denne måten har ei tidsbegrensa varigheit, og dei første kvotene fell tilbake til fellesskapen i 2027.

Regjeringa foreslår at at storparten av strukturkvotene skal tilbake til den gruppa dei vart kjøpt frå og legges til grunnkvotene der. Det vil forsterke kvotegrunnlaget for dei eksisterande båtane i gruppa og er i tråd med føresetnaden då ordninga vart innført. I tillegg foreslår dei at 1/3 av kvotene skal leggast til dei eksisterande strukturkvotene.

Det er ein del problem med den foreslåtte ordninga. På denne måten blir grunnkvotene større og dermed meir verd. Så lenge vi tillet omsetting av kvoter betyr det at kostnaden med å komme inn i dei kvotebelagte fiskeria vil auke. Dersom ein samstundes hadde foreslått at strukturkvoteordninga skulle avsluttast kunne dette vore ei god ordning. Over tid ville alle strukturkvotene falt tilbake til grunnkvotene i gruppa dei kom frå.

Det største problemet med det valet regjeringa har gjort er at dei fråskriv seg moglegheita og ansvar for ei politisk styring med fiskerinæringa. Regjeringa kunne foreslått at ein del av strukturgevinsten skulle brukast på heilt andre måtar. Det kunne for eksempel vore til rekrutteringskvoter for å hjelpe ungdom inn i næringa. Det kunne vore kvoter til områder som har mista kvoter i åra med strukturering, eller det kunne vore kvoter for å støtte dei som legg opp til meir miljøvenleg drift. Det ville ikkje regjeringa.

Exit mobile version