200 000 fleire i arbeid

Det viktigaste den raud-grønne regjeringa har fått til er at det er skapt 200 000 nye arbeidsplassar i Noreg. Aldri har fleire vore i arbeid, og vi må meir enn 20 år tilbake i tid for å finne lågare arbeidsløyse.

I følgje LO sitert i Dagbladet, er det «regjeringens forslag til revidert nasjonalbudsjett sikrer grunnlaget for norske arbeidsplasser«.

Regjeringa skal sjølvsagt ikkje ha æra åleine, dei internasjonale konjunkturane har og spela ei viktig rolle. Men det hadde ikkje vore vanskeleg å forspelt denne historiske sjansen til å få folk i arbeid. Når folk er i arbeid minkar skilnadene, fleire får eit godt sosialt nettverk. Lykkeindeksen stig rett og slett. Det betyr ikkje at alt er rosenraudt. Dei rettleiande satsane for sosialhjelp har auka for dei aller fattigaste, men framleis er det folk som står utan sterke nok rettar om dei blir utan inntekt i dette landet. Eg har skrive litt om det tidlegare, her.  Men langsiktig og strukturelt er det gjort to svært viktige grep for å redusere fattigdomen i Noreg.

Barnehageløftet vil vere med å løfte mange ut av ein framtidig fattigdom. Saman med minkande arbeidsløyse og ei satsing på skolen vil vi få resultat. Det neste store løftet må vere å få gjort noko med den sosiale bustadbygginga.

Kommenter gjerne kva du meiner skal til for å få redusert fattigdomen enno meir

Derfor må skatten opp

Dessverre er det slik at sakte, men sikkert må skattenivået i Noreg og alle andre industrialiserte land bevege seg oppover. I alle fall er det slik om vi ønsker at velferdsnivået skal halde seg på omtrent same nivå som i dag. Korfor spør du kanskje, jo eg skal prøve å svare.

Det er ein stor skilnad mellom det meste av offentleg produksjon og det meste av privat produksjon. Den eine store skilnaden er at over tid vil tilførsel av kompetanse og kapital auke produktiviteten i privat sektor, meir enn i offentleg sektor. Det handlar ikkje om at offentleg sektor er mindre effektiv, men det handlar om kva som blir produsert.

Før eg går vidare vil eg berre nemne at det som kjem no er arketypisk, det vil vere unnatak, og eg meiner at effektiviseringspotensialet i offentleg sektor er høgt. Då var det sagt, så er kanskej sjansen for å bli misforstått redusert litt.

La oss samanlikne ein bilfabrikk med ein skole. Dersom du tilfører ein bilfabrikk meir kapital og kompetanse vil produksjonen auke. Nye maskinar vil gjere at det blir produsert fleire bilar for kvar som jobbar i fabrikken. Kanskje produserte fabrikken to bilar per tilsett i 1980, idag produserer fabrikken 100 bilar per tilsett (desse tala er fiktive og har ingen ting med røyndomen å gjere med mindre eg har usannsynleg flaks, men dei vil illustrere poenget mitt). I denne fabrikken har altså produktiviteten gått opp. Alle er nøgde, kapitaleigarane får større profitt og forhåpentlegvis har arbeidarane fått høgare løn. I skolen har det ikkje skjedd noko tilsvarande. I 1980 utdanna kvar lærar 15 elevar. Fram til i dag har vi tilført kunnskap og kapital i skolen, men framleis vil kvar lærar berre utdanne 15, eller kanskje 16 elevar. Ikkje fordi læraren ikkje er effektiv, men fordi skolen (som sjukeheimar ol.) ikkje kan bli erstatta av teknologi. Eleven treng ein person som rettleiar og førebilete.

Dersom då læraren (som får løna si frå det offentlege – altså frå skatten) skal ha same lønsutvikling som dei som arbeider i bilfabrikken må altså dei som eig fabrikken og dei som arbeider i fabrikken betale meir i skatt no enn dei gjorde i 1980. Både kapitaleigaren og fabrikkarbeidaren vil likevel sitte igjen med mykje meir i dag enn i 1980. Dette synst eg er greitt å forstå. Dersom vi skal ha gode skolar og gode sjukeheimar (bransjar der produktiviteten ikkje kan aukast kraftig gjennom innsprøyting av kapital) må dei bransjene der produtivitetsveksten er stor betale meir.

Då blir det interessant å sjå, korleis har utviklinga i skattenivået i Noreg vore mellom 1980 og i dag? Eg har ikkje funne tal heilt tilbake til 1980, men i 1992 var det offentlege sin andel av fastlands BNP (i følgje NHO ) 61,4% i 2004 var dette redusert til 57,7%. I følgje finansdepartementet har skatteandelen vore omtrent den same i heile perioden frå 1980 til 1997. Det offentlege har ikkje fått den auka inntekta som trengst for å halde oppe kvaliteten på velferdstenestene.

I den same perioden har skolane blitt nedslitte, det har vore konstant krise i helse- og omsorgssektoren og vegane er blitt nedslitte. Tilfeldig? Neppe! Offentleg sektor er rett og slett underfinansiert.

Oppdatering 24.08.08

Skattedebatten har starta, sjå VG og Dagbladet

Fylkesting med masse saker

I desse dagar er det fylkesting i Troms. Det er mange spennande saker, og eg har fleire gonger på blogginnlegg om sakene. Dessverre får eg ikkje heilt hauet mitt på plass. Kanskje er debattane for nære.

Eg burde sjølvsagt skrive noko om at høgresida (inkludert Sp) går inn og sponsar privatskolane i fylket. Dette vedtaket stemte sjølvsagt SV, saman med Raudt og AP:

Elever som velger offentlige godkjente videregående tilbud i fylket hvor skolen mottar støtt (eks. Nordborg vgs.) skal ha rett til samme økonomiske støtte for bærbar PC og samme størrelse på egenandel som elever i den øvrige videregående skole i Troms.

Eg burde sjølvsagt skrive nokre sviande ord om at sentrumspartia vil gå inn i saksbehandlinga i drosjesaka og tildele fire drosjesentralar i vesle Tromsø.

Eg kune sagt noko om gode utdanningspolitiske debattar, som kan vere med å bringe oss vidare.

Eg kunne sagt mykje om alt det vi har gjort for å få ned fråfallet i skolen

Men det får bli når eg får ting litt meir på avstand.

Arbeidsløyse, sysselsetting og uføretrygd

Ei av dei største utfordringane i det norske samfunnet er at alt for mange er uføretrygda. Vi vil alle gjerne bidra til færre på trygd og fleire i arbeid. Det er likevel viktig å ha i mente at talet på uføretrygda ikkje er dei einaste målet på kor godt vi lykkes. Eit like viktig poeng er kor mange vi klarer å få i arbeid.

I ein kommentar på Rett venstre seier Sindre:

Veldig mange av disse ville nok havnet på uføretrygd ja.

For det første er velferdsordningene såpass gode. For det andre er summen av arbeidsledighet og uføre/sykefravær i Norge ikke ulikt OECD snittet, vi har bare mange flere uføre/syke enn vi har arbeidsledige. Uten at jeg regner med at SV ser noen sammenheng her..

Dette er ei vanleg feilslutning. Det interessante er at vi i Noreg har langt fleire i arbeid enn snittet i OECD. La oss ta eit par døme. I Noreg er 76,8% av dei mellom 20 og 66 år i arbeid, medan tilsvarande tal i USA er 62,6%. Så kan ein lure på kva som skjer med dei som ikkje er i arbeid i USA eller andre land. Svaret er at svært mange av dei er i fattigdom. Ein kan seie mykje galt om trygding, men det er uendeleg mykje betre enn fattigdom, sjølv om ein ikkje blir rik av trygd i Noreg heller

Exit mobile version