eller «Ei soge om kapitalismen i eit høgrestyrt Noreg»
I Tromsø har vi fleire fine bedrifter som lager mat. Det er fisk og kjøtt av mange og velsmakande slag. Det som er felles for produkta dei lager er at dei må vere kalde. Mange av produkta har kort haldbarheit og vi vil helst at dei skal vare så lenge som mogleg. Derfor er kjøle- og frysetransport ein absolutt føresetnad for at desse bedriftene skal kunne få produkta sine ut i butikkane slik at eg og du kan kjøpe dei.
I Noreg har vi og ei bedrift som heiter Posten. Denne bedrifta eig vi alle i lag. Posten hadde eit dotterselskap, Bring frigo som køyrde kjøle- og frysetransportar i heile landet. Dette transportnettverket gjorde det mogleg for andre bedrifter å bygge seg opp og å nå ut til marknaden. Bring frigo skapte verdiar for det norske samfunnet. Dessverre gjekk ikkje Bring frigo sjølv med oveskott. Posten tapte ca 70 millionar i året på Bring frigo. Derfor bestemte Posten seg for å selge.
Dei som kjøpte var naturleg nok ikkje interessert i å tape pengar. Dei kjøpte for å tene pengar. Korleis skulle dei gjere det. Jau det dei gjer er at dei reduserer kor ofte dei køyrer. I staden for å køyre fem gonger i veka mellom Tromsø og Alta reduserte dei til to gonger i veka. Dette er heilt naturleg for ei privat bedrift. Dei driv ikkje for å tilrettelegge for at vi skal få gode matvarer i butikkane våre, dei driv for å tene pengar. Den eine av desse turane går på fredag, det betyr at varane ikkje er i butikken før på måndag. Det er ganske lang tid for eit fersk fiskeprodukt.
Konsekvensen av at vi ikkje i fellesskap lenger tar ansvar for å sørge for at det er eit godt transporttilbod er store problem for andre bedrifter. I dette tilfellet matprodusentar i Tromsø.
Næringsforeininga i Tromsø har tatt kontakt med oss politikarar i Tromsø om denne problemstillinga. Bildet er frå møtet der eg saman med Marlene Bråthen og Mats Hegg Jakobsen frå Sp vart informert frå Karls fisk og skalldyr, Næringsforeininga og Domstein – med passeleg koronaavstand.
Eg har på mi side tatt kontakt med SVs politikarar på Stortinget. Dette er noko vi må løyse i fellesskap. Eg trur det er heilt naudsynt at slik vi kjøper transporttenester for fly og båt så må vi og gjere det for å sikre varetransporten, spesielt i område av landet der marknaden åleine ikkje maktar å løyse dette.
Denne saka illustrerer kva som skjer når ein organisasjon som vi har opprette for å sikre transport av brev, pakkar og varer i heile landet, nemleg posten, blir meir opptatt av å tene pengar enn å tene samfunnet. Ja, Bring frigo gjekk med underskott, men Bring frigo mogleggjorde stor verdiskaping i mange andre bedrifter.
Denne verdiskapinga står no i fare.
Kanskje vi burde finne opp ei ordning der vi saman kunne spleisa på grunnleggande infrastruktur i dette landet. Vi kunne kanskje kalla denne ordninga stat, fylke eller kommune?
Koronakrisa rammar ikkje likt. Nå sit nokon på heimekontor med vanleg lønn, mens mange av dei med servise- eller teknisk arbeid er permitterte, etterkvart med 62,4 % løn. Når smittespreiinga er kommet under kontroll, vil nokon ha arbeid å gå tilbake til mens andre har blitt arbeidslause. Før påske var det omtrent 4500 permiterte og arbeidsløse i Tromsø. Å sikre folk arbeid og inntekt er den aller viktigaste oppgåva framover. Så langt har de med minst fra før, blitt rammet hardast av denne krisen. Det kan ikkje vere resultatet som står igjen etter at krisen er over.
Vi veit ikkje enno når Coronakrisa er over, men det vi veit heilt sikkert er at krisa ikkje er over når viruset er borte. Vi kan og skal frå samfunnet si side sette i gang tiltak for å få aktiviteten i gang og få folk i arbeid. Det enklaste for kommunen er å forsere ein del byggeprosjekt for å få opp aktiviteten i dei bransjane. Vi satsar på at kommunen vil ha økonomisk rom til å få det på plass med hjelp frå staten.
Framtida for reiselivsnæringa
Men verken staten eller kommunen kan vedta at turistane skal komme attende. Det er ikkje urimeleg å tru at det vil ta tid før reiselivsbransjen er tilbake der den var før krisa traff oss. Noko kan kvar einskild av oss gjere gjennom å feriere i Noreg og nærområdet denne sommaren, og bruke dei tilboda som finst. Men kanskje skal vi og bruke dette opphaldet vi har i den store tilstrøyminga av gjestar til å gjere noko med infrastrukturen vår. Kanskje er dette rette tidspunktet til å bygge og tilrettelegge stiar, utfartsparkering, toalettfasilitetar og anna? Eg trur og vi no må ta eit felles initiativ frå reiselivsnæringa og kommunane i Nord-Noreg for å få på plass eigne statlege krisepakker for reiselivsnæringa. Eg heiar på utspelet frå Visit Tromsø om ei statleg krisepakke retta spesielt mot denne næringa.
Det aller viktigaste vi må gjere no er likevel å tenke på korleis vi vil at samfunnet skal sjå ut framover. Kva næringsliv og samfunn skal vi bygge for dei neste 30 til 50 åra? Vi må bruke denne krisa som eit startskot for eit grønnare næringsliv – det vi skal leve av dei neste 50 åra.
Biomarin hovedstad
I Tromsø har vi allereie sett resultat av den biomarine satsinga. Fleire nye selskap har oppstått basert på slik kunnskap. Eg er sikker på at det marine og biologiske må vere ein grunnstein i det grønne framtidsnæringslivet i Tromsø og Nord-Noreg. Eg meiner at framtidige krisepakker frå staten ikkje kun kan vere å ta vare på det næringslivet vi allereie har, men må legge til rette for å utvikle nye næringar, nye bedrifter og nye arbeidsplassar. Dei neste krisepakkane må derfor fylle opp dei kommunale næringsfonda, gje fylket større musklar i form av regionale utviklingsmidlar og gje universitet såkornpengar som kan løfte fram nye idear.
Foredling av fisken
Eg elskar ny teknologi og nye næringar. Men vi må ikkje gløyme den meir tradisjonelle fiskeri- og havbruksnæringa. Den er stor i Tromsø og har potensiale til å skape mykje større verdiar i Tromsø og i landsdelen. Tromsø er den største sjarkkommunen i landet. Det å ta vare på den minste flåten som leverer fersk fisk av høg kvalitet er svært viktig. Vi må i samla flokk kjempe mot kvotemeldinga til regjeringa som legg opp til at dei store skal bli større og at meir fisk skal frysast om bord og dermed like gjerne seljast til vidareforedling i Kina som i Oldervika. Frossen fisk gjer at dei lokale bedriftene våre mistar sitt fremste konkurransefortrinn – at dei ligg nær ressursane.
Vi må legge til rette for dei bedriftene som kjøper og produserer fersk fisk for lokale og internasjonale marknader i Tromsø. Det aller viktigaste vi kan gjere er å sikre oss nok leveransar av fersk høgkvalitets fisk. I den grad den kommunale økonomien gjer det mogleg må vi bidra til å sikre kvoter til fiskarane i kommunen. Og vi må ha gode fiskerihamner med leveringsmoglegheit.
Men den største mengda fisk som blir levert i Tromsø blir levert på fryselager. Det er meir enn to millionar tonn kvart år. Klarer vi å få til vidareforedling av berre ein brøkdel av denne fisken i Tromsø vil det skape store verdiar og arbeidsplassar.
Ein ny fiskeflåte – kven skal bygge den?
Fiskeflåten vår må ha rammer som gjer det mogleg å gå over til meir miljøvenleg drift. Vi veit at den minste flåten har lågast utslepp av CO2 per kg fanga fisk. Det betyr at det første og viktigaste er å sikre denne flåten, men fiskeflåten av alle storleikar slepp ut meir enn 27 000 tonn CO2 i Tromsø kvart år.
Vi må sikre at flåten har tilgang til landstraum og bidra til at lokale og regionale verft kan delta i ombygging eller nybygging av båtar med hybrid diesel-elektrisk.
Ei havbruksnæring for framtida
Også havbruksnæringa har eit enormt potensiale for å gjere drifta si meir miljøvenleg. Det er mange interessante konsept på veg. Vi må frå kommunen si side vere ekstremt tydelege på at vi forventar tre gonger null frå havbruksnæringa. Null lus, null rømming og null utslepp til sjø. Dersom vi kombinerer dette med landstraum til anlegga har vi tatt eit kjempesteg i retning ei oppdrettsnæring vi kan vere stolte av i framtida. I tillegg kan oppsamla slam gå inn i energiproduksjon eller som ingrediens i fôrproduksjon.
Lokal fôrproduksjon kan bli verkeleg stort. Planktonproduksjon, insekt etc som del av fôret til laksen må vi no få på plass incentiv for å få bygd opp.
Hav, men og himmel
I Tromsø må ein del av ein ny pakke vere å støtte opp det vellykka næringslivet vi har. Romnæringa er ein del av dette. Derfor må vi no arbeide for å få flytta Norsk Romsenter til Tromsø. Det å halde fram med å bygge opp Tromsø som den norske romhovudstaden vil kunne gje svært god avkasting. I samarbeid mellom Andenes og Tromsø ligg det eit grunnlag for å skape spennande arbeidsplassar og ny næring. Dette er og i tråd med Universitetet si satsing. I eit møte med tromsbenken på Stortinget tok Universitetet opp nettopp dette at Norsk Romsenter bør flyttast til Tromsø. Det bør vi gjere, men gjerne delt mellom Tromsø og Andenes.
Potensialet for å bygge nye arbeidsplassar i Tromsø og i Nord-Noreg er enormt. Jobben vår når viruset er borte er å sikre kapital og kunnskap til å få realisert dette potensialet – ei grøn og verdiskapande framtid er mogleg. Det vi skal leve av i Tromsø er himmel og hav. Vi har alle føresetnader for å få det til
Det er fantastisk og viktig at Stortinget no gjev kontantstøtte til bedrifter som slit. Vi må gjere det vi kan for at vi skal komme ut på andre sida av denne koronakrisa med eit næringsliv som kan produsere det vi treng, som kan selje oss det vi treng, som kan skape verdiar og arbeidsplassar. Ja om noko har denne krisa lært oss at vi treng meir produksjon i Noreg og at vi har gjort oss alt for avhengige av internasjonale verdikjeder der vi plutseleg er utan det vi treng i krisetider.
Men når vi – det norske samfunnet – skal bruke 50 milliardar i månaden på å støtte næringslivet vårt er det for meg fullstendig uforståeleg, på grense til galskap at vi ikkje set strenge vilkår for korleis denne støtta skal brukast.
SV har foreslått har det ikkje skal vere lov å ta ut utbytte til privat berikelse når du får kontantstøtte frå oss alle – regjeringa og stortingsfleirtalet har sagt nei
SV har foreslått at du ikkje skal kunne seie opp folk så lenge du får kontantstøtte frå oss alle – regjeringa og stortingsfleirtalet seier nei.
SV har foreslått at leiarløner og godtgjering til styremedlemmer ikkje skal kunne auke meir enn lønsveksten i samfunnet medan du får kontantstøtte frå oss alle – regjeringa og stortingsfleirtalet meiner det ikkje er naudsynt.
SV har foreslått at kontantstøtten skal gå til seriøse bedrifter – dei som har fast ansatte, ikkje er dømt for arbeidslivskriminalitet osb – regjeringa og stortingsfleirtalet meiner det ikkje er naudsynt.
SV har foreslått at vi skal ha reglar mot at kontantoverføringane til bedriftane ikkje skal førast ut av landet – det synst ikkje regjeringa og stortingsfleirtalet er greitt.
SV har foreslått at vi skal få vite kven som mottar kontantstøtte – den informasjonen meiner regjeringa og stortingsfleirtalet at vi ikkje treng.
Det er heilt tydeleg at den regjeringa vi har er ei høgreregjering. Ei regjering som først og fremst er opptatt av at kapitalen og kapitaleigarane skal få sitt og vel så det. Dei er ikkje opptatt av samfunnet og vanlege folk. Det at dei får fleirtal for dette saman med Frp er ikkje overraskande, det partiet har aldri vore opptatt av folk flest.
Her finn du voteringsoversikta i Stortinget slik at du kan sjekke kven som stemte for kva.
Eg er ein av dei som vaks opp med redselen for ein altomfattande og altøydeleggande atomkrig. Som unge var det mange netter det var vanskeleg å få sove på grunn av redselen. Eg som mange andre pusta letta ut då den kalde krigen tok slutt. Redselen slapp taket og livet gjekk vidare. I fleire tiår tenkte eg ikkje på faren for atomkrig.
Men det har endra seg. Den store endringa for min del kom då
det vart aktuelt for allierte atomubåtar å komme og legge til kai i sentrum av
Tromsø, berre nokre få kilometer frå det største og viktigaste sjukehuset i
Nord-Noreg. Eit sjukehus som vil bli ubrukeleg dersom det skjer ei større
ulykke med ein av desse båtane medan dei ligg til kai i Tromsø.
Då det kom oppslag i avisa iTromsø om at det planlagte anløpet i sommar ikkje blir noko av på grunn av coronakrisa pusta eg letta ut. Eg hadde lyst til å legge ut det oppslaget på facebook med teksten: «aldri så galt at det ikkje er godt for noko», men slo det frå meg. Man skal ikkje ta lettvint på coronaen.
Men det eg har oppdaga er at eg ikkje burde slutta å vere
redd for atomkrig. For aldri før har det vore større fare for atomkrig enn det
er akkurat no.
Atomvåpen er framleis ei av dei aller største farane på
denne jorda. Framleis er atomvåpenarsenalet så stort at det kan utslette alt
liv på jorda fleire gonger. Totalt er det over 13 000 atomstridshovud i verda.
USA og Russland har 92% av desse.
Vitskapsfolka bak det såkalla dommedagsuret har i 2020 stilt
uret til 100 sekund før midnatt. Aldri har det vore nærmare midnatt. (https://thebulletin.org/doomsday-clock/)
enn det er no.
Dei skriv i rapporten for 2020:
“In
the nuclear realm, national leaders have ended or undermined several major arms
control treaties and negotiations during the last year, creating an environment
conducive to a renewed nuclear arms race, to the proliferation of nuclear
weapons, and to lowered barriers to nuclear war. Political conflicts regarding
nuclear programs in Iran and North Korea remain unresolved and are, if
anything, worsening. US-Russia cooperation on arms control and disarmament is
all but nonexistent.”
Mi oversetting, «Innafor atomområdet har nasjonale leiarar avslutta eller undergravd fleire viktige våpenkontrollavtalar og forhandlingar det siste året. Det har skapt eit miljø for eit fornya våpenkappløp, spreiinga av atomvåpen og lågare barrierar mot atomkrig. Politiske konfliktar om atomprogramma i Iran og Nord-Korea er uløyste, og kanskje blitt verre. Samarbeid mellom USA og Russland om våpenkontroll og nedrusting er så godt som ikkjeeksisterande.»
I 2019 opphøyrte ein av dei aller viktigaste avtalane vi
hadde om atomvåpen – avtale som la ned forbod mot mellomdistanserakettar. Dette
er rakettar med atomvåpen som kan nå det aller meste av Europa i løpet av nokre
få minutt. Det gjev ei enormt kort responstid noko som sjølvsagt aukar
moglegheitene for mennesklege feil enormt. Det er ikkje tid til å sjekke om det
er ein gåseflokk eller om det er atomrakettar radaren ser.
Noko av det som berga oss gjennom den kalde krigen utan at han vart varm var at alle visste at ingen ville vinne ein atomkrig. Det var MAD – Mutually assured destruction. Det er sjølvsagt galskap at vi blir berga av at vi veit at alt blir øydelagt, men det får så vere.
Det som er ekstra skummelt no er at både det amerikanske
millitæret og det russiske millitæret seriøst tenkjer om korleis dei kan vinne
ein atomkrig – ein såkalla begrensa atomkrig. Dei utviklar mindre, såkalla
taktiske atomvåpen, som skal kunne brukast i ein begrensa atomkrig. Tanken er
at dersom vi bruker eit lite atomvåpen vil fiende og berre bruke eit lite
taktisk atomvåpen, og då kan vi bruke det på slagmarka for å vinne ein eller
annan kamp. Og at det vil vere ein advarsel til den andre parten om å ikkje
bruke store våpen for vi har vist vilje til å bruke små våpen og då vil vi
sikkert bruke store våpen og. Såkalla escalate to deescalate
Dette er etter mi meining ei livsfarleg utvikling. Det å
senke det barrierane, det å redusere det internasjonale tabuet mot å bruke
atomvåpen av noko slag aukar risikoen for oss alle.
Det går an å sjå for seg at i ein krigs eller krisesituasjon
på baltikum eller likande så vil Russland etter denne strategien bruke ei lita
atombombe mot Ämari flybase i Estland der NATO sine fly er basert. Det er
ganske aude så dei sivile tapa ville blitt begrensa (i atomkrigforsstand).
Korleis skulle USA/NATO svart på noko slik. Kanskje med ei «lita» atombombe mot
flyplassen Sesja, aust for Ukraina ganske aude.
Spørsmålet er, kva skjer etter dette. Er det mogleg å
stoppe? Det er umogleg å vite. Det som er heilt sikkert at sjansen for ei
feilvurdering i ein slik situasjon er kjempestore. Risikoen for at det skal gå alvorleg
galt er skyhøg.
Det er ingen som veit om doktrinane i USA og Russland er
endra og tilpassa bruk av små atombomber. Men det framstår som ganske sikkert
at dette blir prøvd ut og vurdert i ulike «wargames» på begge sider.
Eg har ikkje tenkt å starte å gråte meg i svevn kvar kveld
med tanke på faren for atomkrig. Det er så mykje vi kan vere redde for tida.
Men eg meiner det er på tide at vi verkeleg tar atomspørsmålet på alvor i den
politiske debatten igjen.
Derfor er eit besøk av amerikanske atomubåtar eit større
spørsmål enn berre om kva som skjer dersom det skulle vere eit uhell med ein av
desse båtane. Dette handlar om korleis dei russiske styresmaktene oppfattar
dette. Er det ein trussel, og ikkje minst er spørsmålet om dette gjer Tromsø
til eit «legitimt» mål i ein escalate to deescalate situasjon.
Eg er veldig glad for at Tromsø kommunestyret har vore
veldig tydeleg på at vi ikkje ønsker desse atomubåtane til kai i Tromsø. Eg er
og veldig stolt av at Tromsø har slutta seg til ICAN sin kampanje for ei
atomvåpenfri verd.
Eg skulle berre ønska at også Noreg slutta seg til det
internasjonale forbodet mot atomvåpen. Eg trur ikkje at eit sånt internasjonalt
forbod vil fjerne atomvåpen, men det vi såg med forbodet mot personellmine og
klasevåpen er at våpna ikkje vart borte, men dei vart lagt på lager og lite
brukt. Det kan vi i alle fall oppnå med eit internasjonalt forbod mot
atomvåpen. Vi kan gjere tabuet mot bruk sterkare. Vi kan kanskje bidra til å
hindre ei allminneleggjering av «små» atomvåpen.
På tysdag blir det nytt formannskapsmøte. Det skal arrangerast som videomøte og det blir interessant å sjå korleis det fungerer i ein sånn heilt formell setting. Fleire av sakene ville vanlegvis blitt avgjort i kommunestyret, men kommunestyret i mars vart avlyst og sakene må avgjerast. I slike tilfelle finst det ein eigen paragraf i kommunelova om at formannskapet kan avgjere saker. Siste saka er om korleis kommuneøkonomien blir påverka av coronaviruset. Det er ikkje hyggeleg lesing.
Eg vil og benytte sjansen til å takke alle som står på i vanskelege tider. På skolane, på helseinstitusjonane i bydrifta og alle andre som er med på å halde hjula i gang.
Første saka er val av representantar til Ishavkysten friluftsråd. Den er godt handsama i kulturutvalet, og eg reknar med at denne raskt blir banka gjennom i formannskapet.
Forbetringsprogrammet er på mange måtar skuffande. Vi har ikkje fått dei økonomiske uttellingane som vi hadde håpa på. Programmet er no avslutta. Men det må seiast at sjølv om det økonomiske resultatet ikkje er så godt som vi håpa, har det blitt andre forbetringar. I saksframlegget skriv kommunedirektøren:
Prosjektene som har vært en del av porteføljen til
Forbedringsprogrammet har hovedsakelig gitt indirekte økonomiske gevinster
eller kvalitative effekter. Det er derfor vanskelig å vise sammenhengen mellom
prosjektgjennomføringen og målet om et netto driftsresultat på minimum 205
millioner kroner. Forbedringsarbeid handler mer om hensiktsmessige
arbeidsprosesser, tverrfaglig samhandling, arbeidsglede og motivasjon enn om
organisering. En viktig erfaring fra programperioden er derfor at det blir
vanskelig å vise til gode resultater på hovedmålene, siden innsatsen egentlig
ikke egner seg til å påvirke disse målene direkte.
Det eg oppfattar som hovudproblemet i denne saka er at ein
har sett saman mange prosjekt og kalla det eit forbetringsprogram, i staden for
å starte med måla for programmet og finne ut kva ein må gjere for å nå dei
måla.
Anskaffelsesstrategien er eit svært viktig dokument. Kommunen bruker milliardar på å kjøpe ting kvart år. Det å klare å få betre prisar og minst like god kvalitet vil bety mykje for økonomien i kommunen.
Eg er glad for at det ser ut som viktige ting vi har vedtatt
i kommunestyret er tatt inn i dokumentet. Gjennomføringa av oslomodellen, krava
i klima-, miljø-, og energiplanen og innovative innkjøp er tatt med. Det er og
lagt vekt på at vi skal kunne bruke lokale aktørar – for eksempel lokalbutikkar
i distrikta våre. Eg synst likevel at spesielt miljømåla kunne ha blitt gjort
tydelegare og eg saknar ei skildring av korleis oslomodellen skal takast inn i
arbeidet.
Ein siste ting eg synst manglar i strategien er at det ikkje
er tatt med at kommunestyret har vedtatt å ikkje kjøpe varer frå okkuperte territorium.
Det trur eg vi bør prøve å få inn.
Kommunedirektørens løpande personalansvar er blitt tydeleggjort i kommunelova. Tidlegare var dette delegert frå kommunestyret til kommunedirektøren. No er det i lova lagt til kommunedirektøren. I Tromsø har det vore ein diskusjon om det betyr at kommunestyret ikkje kan vedta tilsettingsstopp. Eg synst ikkje saka tydeleg nok klårgjer dette, så der blir det nok ein diskusjon.
Ja, eg reknar fullt og heilt med at vi kjem til å kjøpe tilbake IKEA-tomta. Det er ikkje avgjort kva den skal brukast til, men det er eit verdfult areal på Tromsøya som kommunen bør ha kontroll med.
Vi har tidlegare utsett saka om dobling av drivstoffavgifta i Tromsø. Grunnen var at det var eit behov for å diskutere utforminga av ei eventuell dobling med fylkeskommunen. Dersom vi skal få til ei slik endring av drivstoffavgifta er vi avhengig av likelydande vedtak i fylket og i kommunen. Den merksame lesar vil merke seg at innstillinga frå administrasjonen er den same som sist. Der kjem det nok til å bli gjort endringar før endeleg vedtak. Diskusjonen vil nok handle om kva pengane skal brukast til og korleis dei skal fordelast.
Den mest kryptiske sakstittelen er nok «Debatthefte 2020». Den saka er ei rad med spørsmål får KS i forkant av tariffoppgjeret til våren. KS forhandlar om løn for dei kommunalt tilsette på vegne av alle kommunane unntatt Oslo. Kom gjerne med innspel. Noko av det eg har tenkt på burde inn er lik løn mellom kommunal og statleg sektor, men det kan vere andre ting vi bør ta opp.
Vikran barnehage vart utsett i førre møte. Grunnen til det var at vi ikkje følte at vi fekk gode nok svar på korfor kostnadane har auka såpass kraftig sida prosjektet først kom inn i økonomiplanen. Noko av forklaringa er nok at prosjektet kom inn i planen før det var prosjektert og vi hadde ein reell kostnad, noko er knytt til at det er dyrt å bygge i Tromsø, og noko er at det er ein del kostnadar som er faste anten ein bygger ein stor eller ein liten barnehage og i ein liten barnehage er det færre kvadratmeter å fordele kostnadane på. Eg synst tilleggsnotatet svarer godt på dette, og reknar med at vi går inn for å bygge barnehagen på Vikran sjølv om den vil koste 48 millionar. Så skal det seiast at vi får momsen tilbake så realkostnaden er noko lågare.
Den siste saka er ganske uhyggeleg lesing. Her får vi ein foreløpig gjennomgang av dei økonomiske konsekvensane for kommunen av coronakrisa. Dette blir dyrt. Tala er sjølvsagt behefta med stor usikerheit, men vi må uansett ta til å tenke på det. Sånn ca som dette ser det ut per no:
Tal i millionar
Min kommentar
Mindre skatteinnbetaling
-350
Svært usikre tal, kan bli mindre
Auka utgifter vikarar etc helse pga karantene ol.
-6
per mars
Auka utgifter til smittevernutstyr
?
Meirutgifter sosialhjelp
?
Ikkje slått inn enno, kan kome når tida med full løn i permisjon tar til å gå ut for folk
Mindreinntekt foreldrebetaling barnehage og SFO
-10,4
Her er det 10,4 mill per månad avheng av kor lenge stenginga varer
Mindreutgift skoleskyss
2,25
Per månad
Mindreinntekt på kultur
-3
Ca per månad,
usikkert anslag
Mindre byggesak ol. Svært usikkert
-1
Per månad
Truleg mindre vikarar i skole og bhg
14
usikkert
Reduksjon øvrige driftsutgifter pga mindre aktivitet
15
Svært usikkert
Auka utgifter til pensjon pga nedgang i marknaden
?
Svært usikkert
Rentenedgang
5
Antar at dette er månadlege tal framgår ikkje klårt av saksframlegget
Aurora kino – ikkje leigeinntektar i tre månader
-1,4
Ikkje vedtatt om
dette skal gjerast enno
Tromsø alpinpark – leige og lån
-1,3
heile sesongen, i tillegg kjem tidlegare ubetalte krav på 3,5 mill
Tromsøbadet
-2
Per månad, usikkert
kor mykje kommunen eventuelt må dekke. Badet har eit eiga fond
Redusert arbeidsgjevaravgift
24
to månader
-314,85
Eg må understreke at dette er svært usikre tal. Men det er
klart at over 300 millionar mindre i kommunen er dramatisk. Så har staten sagt
at kommunane skal kompenserast, men dette er ikkje talfesta enno. All erfaring
frå før er at staten aldri fullfinansierer oppgåver til kommunane. La oss håpe
at det skjer denne gongen.
I tillegg til dette har kommunen garantert for lån for
idrettslag ol for over 300 millionar. Om dei ikkje skulle klare å betale låna
sine vil kommunen måtte steppe inn.
Så ja, eg kjem til å stemme for det administrasjonen ber om,
at kassakreditten i banken skal aukast til 500 millionar slik at vi er sikre på
at kommunen kan oppfylle forpliktingane sine. La oss håpe at det ikkje blir
bruk for den kassakreditten.
Her er heile sakslista med lenke til saksframlegga