Det er fantastisk og viktig at Stortinget no gjev kontantstøtte til bedrifter som slit. Vi må gjere det vi kan for at vi skal komme ut på andre sida av denne koronakrisa med eit næringsliv som kan produsere det vi treng, som kan selje oss det vi treng, som kan skape verdiar og arbeidsplassar. Ja om noko har denne krisa lært oss at vi treng meir produksjon i Noreg og at vi har gjort oss alt for avhengige av internasjonale verdikjeder der vi plutseleg er utan det vi treng i krisetider.
Men når vi – det norske samfunnet – skal bruke 50 milliardar i månaden på å støtte næringslivet vårt er det for meg fullstendig uforståeleg, på grense til galskap at vi ikkje set strenge vilkår for korleis denne støtta skal brukast.
- SV har foreslått har det ikkje skal vere lov å ta ut utbytte til privat berikelse når du får kontantstøtte frå oss alle – regjeringa og stortingsfleirtalet har sagt nei
- SV har foreslått at du ikkje skal kunne seie opp folk så lenge du får kontantstøtte frå oss alle – regjeringa og stortingsfleirtalet seier nei.
- SV har foreslått at leiarløner og godtgjering til styremedlemmer ikkje skal kunne auke meir enn lønsveksten i samfunnet medan du får kontantstøtte frå oss alle – regjeringa og stortingsfleirtalet meiner det ikkje er naudsynt.
- SV har foreslått at kontantstøtten skal gå til seriøse bedrifter – dei som har fast ansatte, ikkje er dømt for arbeidslivskriminalitet osb – regjeringa og stortingsfleirtalet meiner det ikkje er naudsynt.
- SV har foreslått at vi skal ha reglar mot at kontantoverføringane til bedriftane ikkje skal førast ut av landet – det synst ikkje regjeringa og stortingsfleirtalet er greitt.
- SV har foreslått at vi skal få vite kven som mottar kontantstøtte – den informasjonen meiner regjeringa og stortingsfleirtalet at vi ikkje treng.
Det er heilt tydeleg at den regjeringa vi har er ei høgreregjering. Ei regjering som først og fremst er opptatt av at kapitalen og kapitaleigarane skal få sitt og vel så det. Dei er ikkje opptatt av samfunnet og vanlege folk. Det at dei får fleirtal for dette saman med Frp er ikkje overraskande, det partiet har aldri vore opptatt av folk flest.
Her finn du voteringsoversikta i Stortinget slik at du kan sjekke kven som stemte for kva.
Og her er alle forslaga i saka.