Categories
Økonomi Sosialisme

Hjelp, nokon skaper verdiar!

Kristin Skogen Lund
Kristin Skogen Lund er blitt ny sjef i NHO og vil ha fleire rike som skal sleppe å betale skatt. Foto: Peer Dahl/Wikimedia

Eg er sjølvsagt ein håplaust naiv og idealistisk sosialist som ikkje skjønner korleis samfunnet heng saman. Det får så vere. Eg blir opprørt når Norsk Wavin legg ned fabrikken sin i Alta, og 20 menneske mistar jobben sin, sjølv om dei produserer eit overskott på ein halv million per tilsett.

Men eg reknar med at det ikkje gjer noko, når dei tilsette får tilbod om å flytte frå Alta til Høland i Akershus. Høland er sikkert ein fin plass, men det er noko med måten folk blir invitert til å flytte dit.

Midt oppe i denne debatten har vi fått ein ny sjef i NHO. Kristin Skogen Lund verkar som ei drivande dyktig dame, men frå første stund er det tydeleg kven ho representerer.

Ho seier til Aftenposten:

-  Jeg mener det er ganske jevn fordeling i Norge i forhold til de aller fleste andre samfunn vi kan sammenligne oss med. Jeg tror ikke vi skal være så veldig redde for å la noen bli rike heller. Det er jo et resultat av at man har skapt verdier. Det er slik man blir rik, med mindre man vinner i Lotto, sier hun.

Openbart synst ikkje eigarane av Norsk Wavin at å tene ein halv million per tilsett var nok. Ein kan og spørre; er det eigarane eller dei som jobbar på Norsk Wavin som har skapt desse millionane.

Eg er ikkje redde for at nokon skal bli rike, men eg er bekymra når den nye NHO-sjefen i same intervjuet tar til orde for at dei som får inntektane frå arbeidet som skjer på Norsk Wavin i Alta ikkje skal måtte betale skatt av pengane. Det blir realiteten for mange «rike» om formuesskatten forsvinn.

Så lever eg godt med at Torbjørn Røe Isaksen sleng nokre sleivspark på bloggen sin, og mellom anna påstår at:

SV er alltid irritert på enhver NHO-sjef, og folk i næringslivet, de med litt høy lønn, de som er for flinke på skolen eller småblå sosialdemokrater.

Både han og dei fleste andre veit at berre det framfor først komma i den setninga er sant (og kanskje det etter «eller»).

Categories
Sosialisme Troms og Tromsø Video

Heile kommunen på anbud

Tysdag 19.06.2012 vedtok kommunestyret i Tromsø å gje byrådet fullmakt til å konkuranseutsette og privatisere all kommunale tenesteyting. Denne videoen er eit samandrag av debatten. Heile debatten kan du finne på Tromsø kommune sine nettsider 

 

 

Categories
Sosialisme Troms og Tromsø

Kommunen blir privatisert

Byrådet har foreslått: «Kommunestyret gir byrådet selv fullmakt til å innføre konkurranseutsetting herunder fritt brukervalg på de oppgaveområder byrådet finner hensiktsmessig.» (dokument her)

I finanskomiteen i dag vart vedtaket forsterka av Høgre og Frp. Teksten over frå byrådet var ikkje sterk nok, no heiter det frå finanskomiteen:

Kommunestyret vedtar å innføre konkurranseutsetting herunder fritt brukervalg på alle oppgaveområder i alle byrådsavdelinger. Byrådet gis fullmakt til å gjennomføre kommunestyret vedtak.

Denne blankfullmakta til å privatisere og konkurranseutsette all kommunal verksemd vil etter alle solemerker bli vedtatt i kommunestyret den 19. juni i år. Dette kjem på toppen av at høgresida i kommunestyret allereie har vedtatt å omdanna alle dei kommunale barnehagane til aksjeselskap.

Eg er ikkje forundra over at høgresida vel å konkurranseutsette alt i kommunen, men eg trur at mange som stemte på Høgre fordi dei trudde Høgre i Tromsø framleis var det trivelege konservative Høgre til Erlend Rian får seg ei overrasking.

Eg er derimot svært forundra over at høgresida gjev seg sjølv ei slik blankofullmakt. Kommunestyret i Tromsø skal ikkje lenger få lov til å diskutere om eit tenesteområde skal konkurranseutsettast. Etter den 19. juni avgjer byrådet dette suverent, utan å måtte forsvare standpunkta sine i kommunestyret.

Kva betyr konkurranseutsetting? Det betyr at private firma skal inviterast til å komme med tilbod på å drive kommunale tenester. Det betyr at kommunalt tilsette kan bli utkonkurrert og anten miste jobben sin eller bli overført til eit privat selskap. Det vi veit er at dette fører til dårlegare løns-, pensjons- og arbeidsvilkår. Korleis skulle ellers dei private bli billigare enn den kommunale drifta?

Denne tabellen laga av utgreiingsseksjonen på Stortinget sier noko om lønsskilnadene:

Stillingsgruppe Lønnsvilkår

KS (fra 1/5 2011)

Oslo kommune (fra 2011)

NHO Service (fra 1/4 2011)

Uten særskilt krav om utdanning
 
 
Minstelønn
(0 års ansiennitet)

246 800 kr

hjemmehjelp: 271 500 kr assistent: 275 000 kr

215 475 kr

Kvelds- og nattillegg
(kl. 17-06)

avhenger av grunnlønn, minstetillegg varierer mellom 45 og 56 kr

40 % tillegg for ansatte med tjenesteplan, ellers 25 kr pr arbeidet time

ved 37,5 timers uke: 24 kr per time, ved skift/turnus: 33 pr time

Helgetillegg
(mellom kl. 00 lørdag og kl. 24 søndag)

minst 35 kr pr arbeidet time

50 kr pr time

24 kr pr time

Fagarbeider/
tilsvarende fagarbeider (helsefagarbeider)
 
Minstelønn
(0 års ansiennitet)

286 200 kr

fagarbeider: 300 500 kr

239 362,50 kr

Kvelds- og nattillegg
(kl. 17-06)

avhenger av grunnlønn, minstetillegg varierer mellom 45 og 56 kr

40 % tillegg for ansatte med tjenesteplan, ellers 25 kr pr arbeidet time

ved 37,5 timers uke: 24 kr per time, ved skift/turnus: 33 pr time

Helgetillegg
(mellom kl. 00 lørdag og kl. 24 søndag)

minst 35 kr pr arbeidet time

50 kr pr time

24 kr pr time

Krav om høyskoleutdanning (sykepleier)
 
 
Minstelønn
(0 års ansiennitet)

328 800 kr

sykepleier: 328 200 kr

298 779 kr

Kvelds- og nattillegg
(kl. 17-06)

avhenger av grunnlønn, minstetillegg varierer mellom 45 og 56 kr

40 % tillegg for ansatte med tjenesteplan, ellers 25 kr pr arbeidet time

ved 37,5 timers uke: 24 kr per time, ved skift/turnus: 33 pr time

Helgetillegg
(mellom kl. 00 lørdag og kl. 24 søndag)

minst 35 kr pr arbeidet time

50 kr pr time

24 kr pr time

Krav om spesialistutdanning (spesialsykepleier)
 
 
Minstelønn
(0 års ansiennitet)

347 400 kr

spesialutdannet sykepleier: 341 500 kr

346 261,50 kr

Kvelds- og nattillegg
(kl. 17-06)

avhenger av grunnlønn, minstetillegg varierer mellom 45 og 56 kr

40 % tillegg for ansatte med tjenesteplan, ellers 25 kr pr arbeidet time

ved 37,5 timers uke: 24 kr per time, ved skift/turnus: 33 pr time

Helgetillegg (mellom kl. 00 lørdag og kl. 24 søndag)

minst 35 kr pr arbeidet time

50 kr pr time

24 kr pr time

 

Konsekvent er tariffen i det private lågare enn i det offentlege. Det betyr at når heimetenesta, eller drifta av sjukeheimane i Tromsø blir konkurranseutsett vil dei private vinne oppdraga på grunn av lågare løn til dei tilsette.

Dette er eit alvorleg angrep på rettane til arbeidsfolk, og sannsynlegvis føre til dårlegare kvalitet på tilbodet.

Eg er redd konkurranseutsettinga berre er begynnelsen.

I desember vart det vedtatt av Høgre, Frp og Venstre:

Byrådet bes utrede muligheten for at overføre samtlige kommunale barnehager til et kommunalt aksjeselskap gjeldende fra 01.01.2013. Dette innebærer at samtlige bygninger med inventar/utstyr overføres til aksjeselskapet. Hjemmelsretten til eiendommene skal ligge hos kommunen. Videre forutsettes at samtlige ansatte overføres til aksjeselskapet.

Eg trur at når barnehagane er blitt AS er neste steg å selge dei til høgstbydande.

Dette er ikkje konservatisme, det er ikkje sosialt, det er reinspikka nyliberalisme av verste merke.

Les og, Tromsø det blåblå utstillingsvindauget

Categories
Sosialisme

Konge eller president?

Haakon og Mette-Marit blir nok kong og dronning og med mitt forslag. Foto: Holger Motzkau/Wikipedia

Må vi velje om vi skal ha konge eller president? La meg som ein god SVar få foreslå «ja takk, begge deler».

Hovudargumenta for kongedøme er så vidt eg veit to. 1. Kongen og kongefamilien representere landet på ein god måte og 2 dei utgjer ein viktig tradisjon og ei institusjonell forankring som er viktig i ei omskifteleg tid.

Hovudargumenta for republikk er det og to av. For det første er det urimeleg at makt skal arvast i eit demokrati, makthavarane skal vi velje (med unntak av dei som har makt gjennom å ha arva pengar – det er greitt) og for det andre kan vi aldri vite kor lenge den norske flaksen med kongar varer.

Eg ser ingen grunn til at vi ikkje skulle kunne sameine desse to standpunkta i eit glitrande kompromiss.

La oss først sjå litt tilbake i tida. I vikingtida og tidleg mellomalder var det ikkje noko automatikk i at den eldste sonen (og i alle fall ikkje den eldste dottera) skulle arve kongedømet. Kronprinsen fekk versågod reise rundt i landet og gjere avtalar med bøndene for å bli tatt til konge på dei lokale tinga. Seinare tok riksmøtet over noko av denne funksjonen.

Vi hadde i realiteten ei valkongedøme med ein sterk fortrinnsrett til krona for arveprinsen. Denne ordninga med modifikasjonar kunne vi tatt i bruk igjen.

Neste gong vi skal bytte konge kunne vi gjort det slik at kronprinsen måtte komme til Stortinget og bli tatt til konge av eit fleirtal på tinget. I realiteten vil Stortinget alltid ta ein nokonlunde skikka kronprins til konge (ja,  så Håkon er nok trygg) men vi kunne stoppa openbart ukvalifiserte kongar.

Eg tenkjer at vi i utgangspunktet vel kongen på livstid,  men at han kvart tiande eller femtande år måtte komme til tinget på ny for å bli ratifisert.

Dersom vi mot formodning ikkje skulle ville velje kronprinsen må Stortinget finne ein ny konge, og då ville det vere naturleg å leite først mellom folk lenger ute i arvefølgjen. Det ville vere ein uting å skifte kongehus i tide og utide.

Dette ville bevare monarkiet som institusjon, samstundes som det ville få ein viss demokratisk legitimitet og hindre Carl Gustav tilstandar i riket. Det er og i tråd med tronfølgjelova frå 1163.

Tilbake til framtida?

Categories
EU Feature Økonomi Sosialisme

La Hellas gå konkurs

Protestar mot nedskjæringar i Hellas. Foto: Flickr/edrick's Sister's brother's Sony DSC-S40

Ingen har ønska seg dagens krise i Europa, men det som skjer er likevel eit uttrykk for ein villa politikk. EU sine fire fridomar og innføringa av euroen er grunnlaget for den krisa vi ser i dag. EU-systemet endrar makttilhøva i arbeidslivet, høg arbeidsløyse reduserer fagrørsla si makt – det er grunnen både til krisa og dei stadige angrepa på rettane til arbeidsfolk.

Då Hellas innførte euroen skjedde det to svært viktig ting. Renta gjekk kraftig ned, pengane vart billige. Investorar verda over fann ut at alle eurolanda plutseleg var like sikre betalarar og at det dermed var logisk å krevje same rente av Hellas som av Tyskland. Det betydde at Hellas kunne låne pengar og bruke til kva dei måtte ønske. Dei importerte tyske renter utan å importere tysk budsjettdisiplin.

Det andre som skjedde var at Hellas ikkje lenger hadde mulegheit til å devaluere for å  gjere gjelda muleg å bære. Eit land som USA kan aldri gå konkurs. Vi høyrer mykje om den store amerikanske statsgjelda, men med mindre USA vil, kan ikkje USA gå konkurs. Deira lån er i amerikanske dollar. Blir gjelda for stor er det enkelt for USA å sette i gang trykkpressa og trykke nok dollar til å betale gjelda. Denne mulegheita har ikkje Hellas, eller nokre av dei andre eurolanda.

Då er alternativet det som blir kalla intern devaluering. Kva er ei intern devaluering?

Det er å sette ned lønene til vanlege arbeidsfolk i eit land. Då blir produksjonen billigare, eksporten går betre og gjelda kan kanskje vere muleg å betale. Mange land har prøvd seg på denne kuren, Argentina, CFA-området, dei baltiske landa. For dei fleste gjekk det svært dårleg. Argentina måtte til slutt bryte banda til dollaren og devaluere, dei baltiske landa endte opp med kraftig nedgang i BNP og svært mykje lågare lønningar for folk flest.

Ei intern devaluering fører (nesten) alltid til nedgang i BNP, noko som betyr at gjelda blir vanskelegare å bære. Fleire peiker no på at den interne devalueringa i Hellas, gjer at gjelda vil stige frå dagens umulege nivå til opp mot 200% av BNP.

Konkursen er så godt som uunngåeleg.

Men i dagens diskusjon er det stort fokus på bankar, statsgjeld, obligsjonar og investorar. Det er mykje mindre fokus på dei som må bære byrda med ei intern devaluering.

I Hellas har lønene gått ned med rundt 30 prosent, både i privat og offentleg sektor. 100 000 offentleg tilsette er blitt sagt opp, pensjonane er gått kraftig ned og skattane aukar kraftig. Eit litt tilfeldig valt eksempel er ein funksjonær i kommunen, der har løna gått ned frå ca 11000 til ca 7500 kroner, samstundes har momsen auka frå 13 til 23 prosent, alle har fått ekstra inntektsskatt på mellom ein og fire prosent og det er innført ein betydeleg eigedomsskatt.

Så skal det seiast at grekarane kanskje ikkje alltid har vore dei flinkaste til å betale skatten sin, verken med glede eller med sorg, spesielt rike grekarar har unnlatt å betale. Men det er vanlege folk som no får byrda.

Kort oppsummert dersom eit land devaluerer er det bankane og investorane som må ta tapet, med ei intern devaluering (i alle fall i første omgang), medan ei intern devaluering belaster arbeidsfolk mest. No må EU la Hellas gå “konkurs”, gjelda må bankast ned. Så får vi heller handtere den bankkrisa som kanskje kjem. Det er betre å la bankar bli nasjonaliserte enn å la vanlege folk bere byrda.

 

PS. Eg veit dette er forenkla, ei bankkrise vil og ha store konsekvensar for vanlege folk, men eg trur konsekvensane blir mykje mindre.