Categories
Politikk Val

Veljarane avgjer valet

VG får seg til å skrive i dag at «Venstre kan avgjøre valet». Om det er Årebrotten sjølv eller VG sitt vanvittige utsagn veit eg ikkje. Eg er i alle fall lykkeleg over at korkje Venstre eller Sponheim avgjer valet. Det er opp til veljarane.

Så kan kanskje Venstre måtte velje mellom regjeringsalternativa – det er ei anna sak (litt skremmande det og, forøvrig)

Categories
Fylkesting SV Troms og Tromsø Val

Valet og alt det der

Eg har i lengre tid tenkt at eg skulle skrive noko om valet. Det har ikkje vore heilt enkelt å finne ut kva det skulle vere. Eg kunne få ut frustrasjonen min. Men eg veit ikkje om det er så interessant. Eg kunne sagt kva eg tenkjer om statsrådar, valkampen og partiet (både SV og andre), men det kunne fort blitt for interessant.

No sit vi i forhandlingar, dvs. vi skulle gjerne vore i forhandlingar. I går fekk vi meldinga om at Senterpartiet tok sekken med seg og rusla over grensa og snakkar med Frp og Høgre. Det er litt med Senterpartiet som med NATO, ein kan aldri vere heilt trygg på om ein kan stole på dei.

Eg lurer no svært sterkt på om kva senterpartiet sine veljarar i Troms tenkjer no. Tenkjer dei kanskje på at distriktspartiet vil samarbeide med parti som går inn for fritt skoleval i fylket, og dermed nedlegging av fleire vidaregåande skolar? Eg ville tenkt på det. Eg ville tenkt på kva det vil seie å sleppe marknadsliberalistane lause på eit såpass sårbart samfunn som distriktstroms er. Forhåpentlegvis vil også dei som styrer i Senterpartiet tenkje på dette, og besinne seg.