Kor mange privatskolar blir det?

Eg veit sjølvsagt ikkje svaret på det spørsmålet, men det er liten tvil om at det blir bra mange fleire enn det er i dag om regjeringa sitt forslag til ny privatskolelov blir vedtatt. I dag fekk vi det første teiknet her i Tromsø på kva som kan vere i ferd med å skje. NTG Tromsø melder at dei tenkjer starte opp med ungdomsskole så snart det blir lovleg.

Vi kan sjølvsagt diskutere att og fram om det er bra å sende åttendeklassingar på ein spesialisert idrettsskole. Eg trur det er bra at folk går saman i ein skole, ein skole der dei treff og går saman med folk som har andre meiningar og andre interessar enn det du sjølv har. Men skulle vi finne på å meine at vi treng ein spesialisert idretsskole til åttendeklassingane så må vi gjere det i offentleg regi, ikkje i privat regi.

Regjeringa legg opp til at det skal bli lov med private såkalla profilskolar. Departementet skriv i høyringsbrevet:

Med profilskole tenker departementet først og fremst på skoler som ønsker å rette spesiell faglig oppmerksomhet innenfor emnene realfag, idrett, språk eller kunst og kultur, både i grunnskolen og på videregående nivå.

Dersom dette får eit stort omfang vil vi få ei segregering av elevar etter interesser, eventuelt etter foreldra sin interesser. Det vil undergrave noko av det beste i det norske skolesystemet – det at vi alle går saman i same skole. Eg trur det fører til at vi blir kjent og eg trur vi utvikler toleranse og aksept for at vi er ulike.

Noko av det eg liker minst med den nye privatskoleloven er at forbodet mot å tene pengar på skoledrift blir uthola. Det blir framleis forbudt å ta ut utbytte, men tillatt med forretningsverksemd innan tilgrensa aktivitetar. For velferdsstaten skriv på sine nettsider:

Regjeringen åpner også for å la private selskaper drive en viss forretningsvirksomhet innen tilgrensende aktiviteter. Her ber regjeringen om innspill fra høringsinstansene om utbytteforbudet også skal gjelde denne typen virksomhet. Med disse forslagene, og den snevre «utbytte»-reguleringen, representerer den nye Friskoleloven en de facto liberalisering av mulighetene for kommersiell skoledrift.

Dette bekymrer meg, og eg er redd ein privat idrettsungdomsskole ikkje blir den einaste nye privatskolen i Tromsø. Spesielt kan ein bekymre seg for om nokon kan betale seg til betre karakterar. I 2013 kunne Nordlys fortelle at elevane på NTG fekk svært mykje betre karakterar til standpunkt enn til eksamen. Sissel Skillingshaug, avdelingsdirektør i Utdanningsdirektoratet seier til Nordlys:

– Elever ved private skoler får i litt større grad lavere karakter til eksamen enn til standpunkt enn elever ved offentlige skoler

Korfor det trur du?

Vil du få beskjed neste gong eg skriv på denne bloggen?

Skriv inn epostadressa di og trykk abonner

CA8BE59F-2B85-4D5C-A22CB3A76E52F0C4-5364F313-D584-4E42-81F4F5959E71A3B7

Gje lærarane tillit

Det var eit eller anna møte. Eg er på nokre av dei, og i pausane så pratar ein jo om dette og hint. Det var då ein kar sa «dersom du må innføre stemplingsur på ein arbeidsplass, då har du tapt». Eg tenkjer at dette er eit godt innspel til KS i lærarstreiken. Dei aller aller fleste arbeidstakarane i Noreg er pliktoppfyllande og stolte folk som ønsker å gjere ein god jobb. Då får du ikkje det beste ut av dei med å vise dei mistillit og innføre stemplingsur.

Eg støttar lærarane

No er det ikkje stemplingsur KS vil innføre, men realiteten er den same. KS seier at dei ikkje trur at lærarane gjer jobben sin om dei ikkje er meir på skolen. Eg skjønner godt at lærarane reagerer på dette. Eg er redd for at KS ikkje heilt skjønner kor irriterande denne mistilliten er, og at denne mistilliten vil vere med å skape problemar for rekruttering og arbeidsgklede i skolen.

Derfor kjem eg til å foreslå i kommunestyret i morgon at Tromsø seier klårt frå til KS om at no er nok nok:

Kommunestyret i Tromsø ber KS om å sørge for at streiken tar slutt gjennom å vise lærarane den tilliten dei fortener. Det kan berre skje gjennom at KS legg vekk alle krav om auka bindingstid for lærarane.

Den streiken vi ser no er negativ for skolen, negativ for rekrutteringa av lærarar og vil ikkje auke kvaliteten i skolen.

Så håper eg at kommunestyret vil tillate at saka blir tatt opp og vil støtte den. Reglane er slik at anten ordføraren åleine, eller 1/3 av kommunestyret kan hindre at denne saka kjem opp no. Eg håper det ikkje skjer og at Tromsø kan seie klårt i frå.

OPPDATERING

Fleirtalet i Tromsø kommunestyre (Frp og Høgre) nekta å ta saka opp til behandling. Trist.

Lærarar, hamnearbeidarar og eit ran – ny videoblogg

Vil du berre høyre lyden? Du kan  abonnere på videobloggane som podcast anten i itunes eller gjennom RSS-straumen.

Vil du få beskjed neste gong eg skriv på denne bloggen?

Skriv inn epostadressa di og trykk abonner

Teksten til videoen, om du heller vil lese:

Det vart ikkje streik. Verken lærarane eller dei andre kommunalt tilsette skal streike. I alle fall ikkje enno. Eg har sjeldan sett så mange sinte lærarar som etter at forhandlingsresultatet var klårt.

Og, eg kan godt forstå om mange kjem til å stemme nei i uravstemminga. Den fridomen lærarane har hatt til å gjere ein jobb for ungane våre skal forsvinne. No skal dei vere bundne til å vere på skolen i trange og bråkete arbeidsrom med forstyrrelsar og irritasjonar når dei skal arbeide. Eg synst dette er dårleg tenkt av KS. Ikkje berre irriterer dei lærarane og eg trur ikkje det er bra for verken elevane eller rekrutteringa, i tillegg blir dette dyrt. Til no har lærarane sponsa oss med kontor. Dei har brukt sine eigne spisebord eller sine eigne arbeidsrom. Desse har dei betalt sjølv, utan verken skattefrådrag eller tilskott. Når dei no skal sitte på skolane må dei fleste skolane byggast ut eller ombyggast for at dei skal få skikkelege arbeidsplassar.

Men trur du lærarane kjem til å betale for det? Nei, det blir nok vi skattebetalarane som må legge ut, eventuelt vi foreldre som må betale gjennom dårlegare undervisning.

Eg synst KS, styrt av Høgre der og, skulle tatt fram kalkulatoren og rekna på det. Eg ønska meg rett og slett kalkulatorpartiet Høgre tilbake. Eg meiner, det minste vi må kunne forvente av Høgre er jo at dei skal kunne rekne. For tida er det verken menneske eller milliardar i det partiet.

Men, det var ein annan streik eg eigentleg hadde tenkt å snakke om i dag. Hamnearbeidarstreiken. Dockers unite! Dei kjempar ein internasjonal kamp for tariffavtale, for internasjonale avtalar og mot sosial dumping. Denne kampen står her i Tromsø. I Tromsø er hamnearbeidarane ute i sympatistreik med hamnearbeidarane i Risavika utanfor Stavanger. Det handlar om fortrinnsretten til lossing, det handlar om fast og trygge arbeidsplassar, det handlar om at arbeidskrafta ombord på skipa ikkje skal utnyttast.
I Tromsø brukar arbeidsgjevarsida alle slag skitne knep i ein lovleg arbeidskonflikt. Knep som eg ville forventa på tredvetalet, og ikkje i dag. I denne striden får NorLines hjelp av Tromsø Havn, men hamna er eigentleg ein nøytral tredjepart. Dei framstår ikkje sånn.

Det siste som har skjedd er at arbeidsgjevarsida har gått til tingretten og fått ei midlertidig forføyning mot 13 namngjevne hamnearbeidarar. Tingretten har gjeve desse forbod mot å drive lovleg arbeidskamp. Dei skal ikkje lenger kunne drive boikottaksjonar for å forhindre streikebryteri. Eg synst det er ille at retten lar seg bruke i ei arbeidskonflikt på denne måten. Enno verre er det at dette skjer utan at hamnearbeidarane har fått lov til å forklare segt for retten eller forvare saka si. Eg trudde at ein grunnleggande regel i det norske rettssystemet skulle vere at alle skulle bli høyrt før ein dom. Eg tok vist feil. Dette er klassejustis – det trudde eg var slutt i Noreg.

Eg er stolt og glad for at SV har vore støtt på hamnearbeidarane si side gjennom heile konflikten.

Konflikta har no vara sidan desember i fjor. Eg er forundra over at media ikkje har skrive meir om det.
Uansett, eg er imponert over stå på vilja, og seigheita hos hamnearbeidarane i Tromsø. Dei kjempar ein viktig kamp, ein kamp for oss alle.

Forøvrig så er ranet av Nord-Noreg noko eg er opptatt av – og du og burde vere opptatt av. I valkampen sist advarte vi mot at Høgre kom til å tappe Nord-Noreg. Dette vart stort sett avfeia av representantane frå dei noverande regjeringspartia. Skremselspropaganda kalla dei det. Og, eg skal innrømme at eg til tider hadde vanskeleg å tru på at det skulle bli så galt som vi sa i valkampen. Også kom verkelegheita. Og verkelegheita er at det er blitt mykje verre enn vi sa og vi frykta.

I løpet av kort tid er Nord-Noreg blitt tappa for milliardverdiar. Det siste no er kuttet på samferdsel. 362 millionar mindre til samferdsel i nord skal det bli. Korleis prøver høgresida å forsvare desse kutta? Dei har valt tre metodar.

  1. Kjem frå Høgre sin stortingsrepresentant frå Troms, han seier at vi ikkje kjem til å merke desse kutta fordi regjeringa skal bruke så mykje pengar på veg. Prøv å sei det til dei som mistar hurtigbåtruta si, kjære Kent Gudmundsen. Gudmundsen kjem uansett ikkje unna av at det blir ei vriding av pengar frå nord til Austlandet.
  2. Høgre sin representant frå Nordland har valt ein annan strategi, han seier at vi har eit alt for godt samferdselstilbod i Nord-Noreg og at det er til pass åt oss at det blir kutta. Konkret seier han til «High North News», forøvrig eit tåpeleg namn på ein norskswpråkleg nettstad. Skal vi liksom tenke at dei er kule fordi dei viser oss at dei kan litt engelsk? Nåja det var eit lite sidespor.
    Til sitatet:

    I Troms har man allerede varslet at det kan komme kutt i hurtigbåtrutene. Og selv om tre av dagens ferje- og hurtigbåtruter i Troms legges ned er man fortsatt bare halvveis til målet om kutt     – Har man for mange ferje- og hurtigbåtruter i Nordland og Troms?   – Det kan godt tenkes, sier Henriksen.

  3.  Dog er den vanlegaste strategien frå Høgre og Frp å halde kjeft og håpe at det bløs over. Vi kan ikkje la dei sleppe unna med det sjølv om media lar dei gjere det. Det er ni representantar for regjeringspartia frå Nord-Noreg på Stortinget. Vi burde ha lov til å forvente at dei skulle slåss for nordnorske interesserer sjølv om dei er høgrefolk og Frp-arar. Det kan og vere verd å spørre seg kva den øyredøyvande tausheita frå sentrale nordnorske høgrefolk som fylkesrådsleiar Line Fusdahl, ordførar Jens Johan Hjorth og byrådsleiar Øyvind Hilmarsen skal bety.

Alt i alt, verda går sin forventa skeive gang, men eg likar det ikkje.

Vil du berre høyre lyden? Du kan og abonnere på videobloggane som podcast anten i itunes eller gjennom RSS-straumen.

Vil du få beskjed neste gong eg skriv på denne bloggen?

Skriv inn epostadressa di og trykk abonner

 

Høgre kuttar i skolen og i frukten

Byråd Anna Amdahl Fyhn (H) skriver mot betre vitande i eit innlegg i Nordlys og Tromsø der ho harselerer over skolefrukten i skolen. Ho latar som det er ein motsetnad mellom å gje elevane eit sunt energipåfyll i løpet av dagen og å gje dei kunnskap.

Det som er problemet i tromsøskolen er ikkje at elevane får litt frukt og grønt i løpet av dagen, problemet er at byrådet og høgrefleirtalet i kommunestyret har kutta i skolebudsjettet sida dei kom til makta. Eg vil anta at Fyhn har oppdaga at desse kutta har fått konsekvensar for kvaliteten i skolen og i eit febrilsk forsøk på å sette plaster på det såret ho og resten av byrådet har skapt vil ho ta frukten frå ungane.

Kor store er kutta. Det er litt avhengig av korleis du reknar, men om vi skal vere snille var kutta på nesten ni millionar i 2012 og nesten sju millionar i 2013. Litt av dette vart tilbakeført i 2014, men på langt nær alt. Det er ingen tvil om at skolen har vore tapar dei åra byen har vore styrt av høgrepartia.

Det er direkte frekt å sette opp ein motsetnad mellom skolefrukt og det å satse på skolen. Det som er realiteten er at det er ein motsetnad mellom høgrepolitikk og det å satse på skolen.

 

 

 

 

Skal Tromsø kommune overta dei vidaregåande skolane?

Ein videoblogg om Høgre sitt framlegg om at Tromsø bør overta dei vidaregåande skolane i kommunen. Eg er skeptisk, men ikkje totalt avvisande, og vil gjerne høyre di meining.

Bær over med at kvaliteten ikkje er heilt topp, eg driv og eksperimenterer med greensscreen og har nok ikkje heilt fått det til

Sjå og ein interessant diskusjon om saka på twitter i dag med Skjalg Fjellheim, Ketil Zachariassen, Øystein Vangsnes og Cecilie Myrseth. Følg dei gjerne alle saman, dei har mykje interessant å seie.

Få epost med oppdatering av bloggen

Skriv inn epostadressa di og trykk abonner