Categories
Skole Vidaregåande

Imponert

Eg har no vore og besøkt fleire av dei vidaregåande skolane i Troms. 

I løpet av kort tid har eg vore i Nordreisa, Skjervøy, Skånland, på Rå, 
Heggen og Stangnes. 
Det som slår meg er kor dyktige dei som jobbar på skolane er. 
Eg blir rett og slett imponert over det lærarane,
leiinga og alle dei andre tilsette får til med knappe økonomiske ressursar. 

Eg tar av meg hatten, og skal prøve mitt beste for å bistå slik at jobben skal 
bli enklare for alle som jobbar i skolen. 



Categories
Skole Utdanning Vidaregåande

Makt eller avmakt

Eg har no vore fylkesråd med ansvar for utdanning i snart tre veker. Det har vore ei spennande tid. Det er nytt og spennande for meg ta folk faktisk tar omsyn til det eg meiner. Tidlegare (medan vi var i opposisjon) var eg meir van med å meine ting ut av tomme lufta. Fokuset mitt har endra seg, frå å ha eit mål om å komme i media med meiningar, til faktisk å få gjennomført nokre av meiningane. Det er artig å ha litt makt, men det er ei frustrerande kjensle av avmakt å ikkje kunne gjere ting fordi vi manglar økonomi til det.

Det skjer usannsynleg mykje spennande innafor utdanningssektoren for tida. Det største og viktigaste er innføringa av kunnskapsløftet. Denne store reformen endra læreplanar og korleis vi skal tenkje om utdanning og er ei kjempeutfordring til skolane, og til oss som er skoleeigarar. Eg er stolt av måten lærarane i den vidargåande skolen i Troms har gått laus på denne reformen med krum hals og står på for å få den til åfungere godt til beste for elevane. Vi er ikkje i mål enno, men eg trur dette skal gå bra.

På toppen av denne reformen innfører vi obligatorisk bærbar PC for alle elevane som startar i første klasse i år. Det er ei stor utfordring å få dette til, både teknisk og pedagogisk. Men, igjen trur eg det skal gå fint.

Det er mykje som kan gjerast betre i den vidaregåande skolen i Troms, og mykje som er svært bra. Eg vil gjerne ha tilbakemelding frå elevar, lærarar og andre på korleis vi kan halde fram med å utvikle den vidaregåande skolen i Troms. Skriv gjerne eitt innlegg her på bloggen min. Eg garanterer at det vil bli lest.

Categories
Skole Vidaregåande

Nedlegging av skolar

Troms fylke blir styrt av eit fylkesråd som består av Ap, Sp og Krf med støtte frå Kystpartiet. Dette fylkesrådet har lagt fram ei stor melding om dei vidaregåande skolane i Troms. Eg skulle ønska eg kunne står her og skryte av dei. Fortelle at dei kjem med ei mengd gode forslag som vil vere med på å bære utdanningspolitikken framover. Dessverre er det ikkje slik.

Eg veit ikkje om dokk har lagt merke til at det foregår ei sentralisering i dette landet. Ei ordning der stadig færre statlege arbeidsplassar finst i distrikta og stadig fleire i Oslo og Tromsø. Jo, dokk har lagt merke til det. Då skulle vi gjerna trudd at Troms fylke ville vere med på å motverke denne trenden. Dessverre skjer ikkje det. Innafor skolesektoren foreslår no fylket å legge ned to distriktsskolar og slå saman andre.

Ja vel, tenkjer du kanskje, då er vel skolane blitt så små at det ikkje er fagleg forsvarleg å ha dei lenger, eller så vil ikkje elevane gå der. Nei slik er det ikkje.

Fylkesrådet foreslår å legge ned Skånland og Høgtun vidaregåande skoler. Dei andre skolane skal organiserast som «regionskolar». Skjervøy, Nordreisa og Nordkjosbotn skal slåast saman til ein skole, med ein rektor, og ein avdelingsleiar innafor kvart fag. Kva betyr dette? Jo det betyr at han eller ho som skal den daglege leiinga og oppfølgjinga av lærarane på Skjervøy vgs som driv med helse og sosialfag kanskje skal sitte i Nordkjosbotn. Eller visversa. Eg ser for meg at dette kan medføre eit og anna problem i det daglege — eller utfordring som det vist heiter no for tida. Men dette kunne kanskje fungert dersom det ikkje var kombinert med eit forslag til nytt finansieringssystem.

Eit såkalla stykkprissystem.

Omtrent det same systemet som dei nyttar i helsesektoren. Og vi kan jo ta ein titt på Hålogalandssjukehuset og sjå korleis det går. Dette finansieringssystemet er designa for å skape underskott i skolane, spesielt i dei små skolane som ikkje alltid klarer å fylle opp klassane sine. Og kva skjer når det blir underskott. Jo då tar hesane til å bitast. Plutseleg får ikkje denne Nord-Troms vgs råd til å tilby helse og sosialfag både i Nordkjosbotn, Nordreisa og på Skjervøy – fordi det blir underskott av at ikkje alle klassane blir fylt opp. No veit eg at dokk er svært gode til å slåss her på Skejrvøy, men nokon kjem til å tape på dette, når rektor på den nyte samanslåtte skolen må ta til å legge ned tilbod. Dette er eit system for å delegere nedlegging av skoler og tilbod frå oss fylkespolitikarar til rektor på dei nye samanslåtte skolane. Beslutningane skal takast ut av politikken og det offentlege rommet der dei kan diskuterast, der det kan aksjonerast og der meiningar kan brytast og flyttast inn i byråkratiet og lokale styrer for desse skolane. Eg trur trygt vi kan seie at denne modellen som helsefortaka har pionert ikkje har vore ein umiddelbar suksess der det har vore prøvd — og eg tviler på at det blir ein suksess i skoleverket. Kanskje med unnatak for at vi kan spare ei krone eller to.

Dei vidaregåande skolane er vikige i lokalsamfunna sine. Skolen her på Skjervøy samarbeider med lokalt næringsliv. Bedrifter kan komme å bruke utstyr på skolen, og skolen får hjelp i undervisninga frå næringslivet. Det er slik det skal vere. Undervisninga skal vere nær samfunnet for å vere god og for å gje elevane trua på at det nytter å gjer eting lokalt. Men for å få dette til trur eg det er heilt grunnleggande at leiinga i skolen erlokal. At skoleleinga kjenner samfunnet sitt og at samfunnet kjenner skolen og leiinga. Eg seier ikkje at dette blir uråd om leiinga skal vere på Storslett, men eg trur det blir mykje vanskelegare. Dørstokkmila kan fort bli lang.

Dokk kan vere trygge på at SV vil kjempe mot dette. Dokk kan vere trygge på at SV vil arbeide for lokalstyring og eit godt skoletilbod i distrikta som ikkje blir tvungen av eit økonomisk system til å legge ned gode og viktige tilbod.