Sammenslåinga av UNN og Finnmarkssjukehuset må stoppast

Dette er ein tekst eg foreslår får årsmøtet i Troms og Finnmark SV som er 15-17. februar. Har du innspel til noko som bør endrast, leggast til eller strykast? Kom med det.

Foto: Frode Abrahamsen, UNN

Sammenslåinga av UNN og Finnmarkssjukehuset må stoppast

Heilt utan utgreiing, forankring eller grunngjeving gjekk den nye regjeringa inn for å slå saman Finnmarkssjukehuset og UNN. Troms og Finnmark SV meiner dette vil svekke både UNN og Finnmarkssjukehuset.

UNN og Finnmarkssjukehuset har ulike utfordringar. UNN må som det minste universitets- og reginsjukehuset i landet ha eit stort fokus på å sikre dei høgspesialiserte funksjonane som er naudsynte for å gje folket i Nord-Noreg eit like godt tilbod som i resten av landet. Finnmarkssjukehuset har heilt andre utfordringar knytt til å drive gode lokalsjukehus i eit enormt stort område. Ei samanslåinga vil sannsynlegvis føre til at verken lokalsjukehusa eller regionsjukehuset får tilstrekkeleg oppmerksomheit til at dei kan utvikle seg optimalt.

I regjeringserklæringa skriv Frp, Høgre, Krf og Venstre: «I forbindelse med vurderingen av den nye regionreformens konsekvenser for inndelingen av helseforetaket, foreslå at Finnmarkssykehuset blir en del av UNN.»

Denne formuleringa er for det første ekstremt uklår, for det andre viser den at det ikkje er gjort ei sjølvstendig vudredring av behovet for, eller grunnen til ei samaslåing. Det er ein rein følgjefeil av samanslåinga av Troms og Finnmark. Dette er ein uhaldbar grunn til å slå saman sjukehusa.

Dei fagelege stemmane i debatten er utvetydig klåre, denne samanslåinga vil ikkje føre til eit betre tilbod til folk verken i Finnmark, eller i Nord-Noreg. Derimot er sjansane for et dårlegare tilbod sannsynleg.

Troms og Finnmark SV ber regjeringa lytte til dei faglege og politiske protestane mot denne samanslåinga og stoppe prosessen før større skade skjer.

Vi må utvikle sjarkflåten

Pengane skal betyr meir, og innsatsen til kvar einskild fiskar skal bety mindre. Det meiner eg heilt kort oppsummert er innhaldet i høyringsnotatet frå Per Sandberg om framtida for sjarkflåten. Dette har stor betydning for Tromsø som er Norges viktigaste sjarkkommune, med flest deltakaradgangar av alle kommunane i Noreg.

Kystflåten gjev best kvalitet. La oss halde fram med det. Foto: Einar Stamnes/Wikimedia Commons

Fiskeriminister Sandberg argumenterer i notatet for at vi bør innføre strukturpolitikk i den minste flåten vi har. Det betyr at dei som har tilgang på kapital skal kunne kjøpe andre sine kvoter, slå dei saman og bli større. Dette vil ha mange negative konsekvensar.

Dette meiner eg er dei aller viktigaste:

  1. Skal du vere med i konkurransen om kvoter treng du pengar, pengar får du frå banken, desse pengane må du betale renter for. Det betyr at meir av fiskeressursen går til å brødfø rike bankar og mindre går til fiskarane og lokalsamfunna der dei høyrer heime.
  2. Det er sannsynleg at fiskeressursane blir samla på færre stader. Det betyr at inntekta frå fiskeria kan forsvinne frå fiskevær langs kysten.
  3. Insentivet kan endre seg. Når den samla kvota blir stor, blir det viktigare å få all fisken på land, enn å sørge for å få mest ut av kvart kilo fisk. Kvaliteten kan bli skadelidande. I dag er det den minste flåten som har den beste kvaliteten på fisken. For eksempel i hysefisket, så er 1,8% av hysa skada i den minst strukturerte flåten, medan andelen fisk som har skadar aukar med struktureringsgraden. I den mest strukturerte delen av flåten er heile 11,3% hysa skadd.

Det er sjølvsagt ikkje uventa at FrP vil ta frå dei mange og gje til nokre få, men for SV er dette umogleg å vere med på. Vi vil ha ein politikk for dei mange og ikkje for dei få, også i fiskeria.

I år stemmer eg SV. Her er mine fem viktigaste grunnar

Torgeir Knag Fylkesnes er Troms SVs fantastiske førstekandidat.

Dette kjem nok ikkje som ei overrasking for faste lesarar av denne bloggen. Eg kjem til å stemme SV i år igjen. Det er mange grunnar til at eg gjer det. Flest gode grunnar og nokre yderst få dårlege grunnar. Dei dårlege grunane har eg tenkt å halde for meg sjølv. Men eg hadde lyst til å dele nokre av dei virkeleg gode grunnane.

1. Den aller viktigaste grunnen for meg er at det ikkje er mogleg å få til eit grønst skifte utan at vi samtidig har ei rettferdig fordeling av godane. Det meiner eg skil SV frå MdG. Skal vi få til ei omlegging av samfunnet må både godane og byrdane fordelast rettferdig for at det skal bli akseptert. Dersom vi klarer å fordele dette rettferdig trur eg vi skal klare å skape eit grønt samfunn med masse nye arbeidsplassar. Potensialet er enormt. Eit nærliggande eksempel er at om vi klarere å utnytte det som i dag er avfall frå oppdrett og som er skadeleg for fjordane våre kan vi skape enorme inntekter på energi og frå bioindustri. Samtidig som lukka anlegg vil gjere det mogleg å vidareutvikle oppdrettsnæringa.

2. Nord-Noreg er avhengig av at vi har tilgang til havet og at retten til å fiske er fordelt slik at kystbefolkninga langs heile kysten får ta del i det. Utan at vi klarer å få til ei eindring av fiskeripolitikken er eg redd for at alt for mange samfunn langs kysten vår vil døy. Vardø er eit eksempel på korleis vi ikkje vil ha det. Det er fersk fisk frå kystflåten som skaper dei største verdiane. Og, når vi no over tid skal fase ut oljeindustrien har vi ikkej råd til å ikkje få mest mogleg verdi ut av fisken. SV har best politikk på området, og ikkje minst har vi den beste politikaren på området. Ja, eg tenkjer på deg Torgeir Knag Fylkesnes.

3. Eg trur at eit godt samfunn er eit samfunn der vi står i lag – skal vi få det til må vi og vere i same båt. Derfor er det ein grunnleggande verdi at vi går i same skolen, har det same helsetilbodet og omtrent den same eldreomsorga anten vi er fattige eller rike, anten vi bur i Oslo eller i Berlevåg. Derfor er det for meg grunnleggande viktg at vi ikkje deler dette opp, at vi ikkje privatiserer slik at dei som har mest kan kjøpe seg det beste tilbodet. Så lenge vi ror i same båt så står vi saman om å skape det beste tilbodet for alle. Eg meiner SV har den beste politikken her.

4. Vi er kanskje i same båt, men vi har ikkje den same føresetnaden for å styre og å ro. Eg trur fagbevegelsen er den viktigaste reiskapen for å sikre eit godt samfunn med små forskjellar og eit godt arbeidsliv. Derfor vel eg meg eit parti som spelar på lag med fagbevegelsen, som vil sikre små skilnader, gode løner og trygge arbeidsvilkår. Det partiet er SV.

5. Framtida vedtas ikkje den blir skapt, av kvar av oss og saman. Eg trur på at SV sin politikk er den som gjev eit rammevilkår og tryggleik for at folk tør satse på å skape ei bedrift, tar sjansen på seie opp den faste jobben og satse på noko nytt. Det partiet som kombinerer det trygge med det nyskapande gjennom at vi trur på teknologi, kreativitet og sjansar, samstundes som vi sikrar eit velferdsnett som gjer at om du feilar, om du trør feil så dett du ikkje langt.

Derfor ber eg også deg om å stemme på SV i år. Dessutan har vi ein djævelsk god kandidat her i Troms som eg anbefaler nesten uansett kva du meiner politisk. Han står på for folk i Troms og i Nord-Noreg. Det fortener fylket og landsdelen.

Godt val.

Inga Sparboes veg

Det blir berre eit kort lite notat om morradagens møte i byutviklingskomiteen. Den mest interessante saka denne gongen er reguleringsplanen for Inga Sparboes veg. Den gjeld Odd Fellow-bustadene og Hvilhaug. Det er ei sak eg gler meg til å høyre diskusjonen om i komiteen, fordi eg er oppriktig i tvil om kva som er rett.

Dagens utsikt frå Steinerskolen. Her kjem det nye bygget

Argument for:

  • Tromsø treng omsorgsbustader
  • Prosjektet ser bra ut
  • Bustadane som er der no er slitne og treng utskifting

Argument mot:

  • Steinerskolen seier det nye bygget vil skyggelegge uteområda til elevane ved skolen, og skolen vil bli «dekt» til. I saksdokumentet står det: «Det vurderes at byggeprosjektet på BOFEs eiendom ikke tar tilstrekkelig hensyn til Steinerskolen»
  • Det er ikkje lagt opp til fellesområde. Som Eldrerådet skriv i sitt innspel: «Vi forventer imidlertid at det i et slikt fellesprosjekt skal være felles møteplasser for å motvirke sosial isolasjon»
  • Eg er i tvil om dette er i tråd med kommunen sin plan for utbygging av omsorgsinstitusjonar. Vil det stille krav til at kommunen stiller opp med tenester som vi ikkje har pengar til?
  • Det manglar ei helsefagleg vurdering av kommunen si rolle i prosjektet og helse- og omsorgskomiteen har i dag bedt om å få saka til vurdering

Så spørsmålet blir trumfar forargumenta motargumenta? Eg vil gjerne ha dine innspel. Saksdokumentet kan du lese her.

Klagesaker Stakkevollvegen og Midtre Kaldslett

Desse sakene synst eg sakene ser greie ut frå administrasjonen si side. Dei foreslår at vi godtar klagene på Stakkevollvegen for å få fortgang i prosjektet og at vi ikkje godtar klagen på Midtre Kaldslett. Burde eg endre meining. Kom med innspel. Sakene finn du her og her.

Også skal vi diskutere forbedringsprogrammet i kommunen. Dette skal vere med på å gjere drifta i kommunen betre. Denne saka er ei orienteringssak. Les saka her.

 

Rar meiningsmåling i Nordlys

Nordlys presenterer i dag meiningsmålinger av kva det norske folk meiner om asylpolitikken. Eller, det gjer dei eigentleg ikkje. I alle fall eitt av spørsmåla er slik at eg er ganske sikker på at det ikkje kjem fram kva folk meiner.

La oss ta dette eksempel. Nordlys spør: «Bør asylbestemmelsene i Norge strammes inn slik at det blir vanskeligere å få opphold, eller bør de bli mer liberale?» Spørsmålet er kanskje greitt nok, men svaralternativa er rare. Du kan altså svare ja, nei eller veit ikkje. Men, det er ikkje mogleg å svare at du er nøgd med dagens ordning. Det er ikkje sikkert det er mange som er nøgde med dagens politikk, men at ikkje alternativet er der er merkeleg. Det er med på å unødig polarisere debatten.

Forøvrig er eg stolt over veljarane til SV. Eit stort fleirtal av dei SV-veljarane som har svart i undersøkjinga seier at dei ikkje vil stenge grensa mellom Noreg og Russland. Det vil vere eit stort tilbakesteg for samarbeidet i nord om det skulle skje.

SV og Frp er motpolane. Kjelde: Nordlys

Eg synst ordføraren i Sør-Varanger, Rune Rafaelsen seier det godt her (les forøvrig heile kronikken, den er god):

En grensestenging kan føre til ukontrollerte grensepasseringer. Vi kan bare forestille oss mulige scenarioer slike forsøk på passeringer kan få i minus 30 grader. Vi kan ikke tillate at vårt nærområde blir et nytt Middelhav.

Noko anna er at vi sjølvsagt må oppskalere mottakssystemet slik at dei som ikkje skal ha asyl i Noreg blir sendt raskt tilbake, kanskje til og med skal bli avvist på grensa.

 

 

 

Hjernen er ikkje aleine

Læring er meir enn teori. Skal du verkeleg lære trengst samhandling mellom hovud og hender. Derfor er dei praktisk-estetiske faga sentrale for god læring i skolen. Den store satsinga som har vore på basisfaga i norsk skole har kanskje vore viktig, men dessverre kan det sjå ut som norsk skole har pendla over i ei ganske teoritung grøft.

Eg trur vi treng å gå midt på vegen. Der det er plass til både teorifaga og dei praktiske faga. Då blir læringa best. Eg merkar det tydeleg på eigne ungar. Den store gleden dei har over timane med Kunst og Handverk og kroppsøving gjer resten av skoledagen lettare og konsentrasjoen betre. Det trur eg gjeld for mange.

Derfor vil SV i Tromsø satse meir på dei praktisk-estetiske faga i tromsøskolen. Det er ikkje nok berre med fleire lærarar. Vi treng ein skole med blanding av ulike måtar å lære på. Det får vi til med SV sitt forslag om tromsøtimen. Ein time meir i veka til praktisk-estetiske fag. Vi meiner det må fridom i skolen til å disponere denne timen. For nokre klassar og skolar kan det vere rett å bruke timen til å dele klassen i mindre grupper for å kunne ha god sløydundervisning. Andre stader kan det vere rett å gje ungane ein time meir kroppsøving i veka, andre stader skal det stå musikk på programmet.

Ei satsing på dei praktisk-estetiske faga vil og styrke elevane si evne til å kunne gjere seg nytte av god undervisning i basisfaga som matte og norsk. Læringstrykket er stort i skolen i dag – sannsynlegvis mykje større enn då eg gjekk på grunnskolen på åttitalet. Dersom elevane skal kunne utnytte dette læringstrykket må vi la dei ta heile kroppen i bruk. Derfor treng vi ein tromsøtime i praktisk-estetiske fag.

Forandring kjem ikkje av seg sjølv – stem SV

Exit mobile version