I Tromsø har mange arbeid, arbeidsledigheita er blant dei lågaste i landet og folk bruker stadig mindre tid på å stå i kø. Å vekse videre kan bli veldig bra. Men ei framtid med stor vekst, trenger ikkje bety lang reiseveg og mykje kø.
Målet om at folks behov for å reise meir skal løysast gjennom gang, sykkel og kollektiv, er ikkje mystisk. Alle stortingspartiane støtter nullvekstmålet, inkludert Frp da dei var i regjering. Målet er ein måte å skape gode bumiljø og å spare kostnader.
Tromsø er ein tettbygd by. Det er bra. Det betyr at dei fleste i Tromsø har relativt kort veg til butikkar og andre tilbod. Men prøv å sjå for deg korleis byen vår ville sett ut dersom alle dei reisene som tromsøværingar i dag gjer med buss, gange eller sykkel skulle blitt tatt med bil. Byen ville drukna i trafikk, vi ville måtte bygd vegar overalt. Det ville blitt lite plass til grøntområde, til stille område, til alt det som mange av oss som bur i denne byen set pris på.
Det at vi har eit mål om nullvekst i personbiltrafikken gjer at vi set i verk tiltak som gjer at vi slepp å bygge ned grøntområde og rive hus for å legge dei under asfalt. Det betyr at vi sparer enorme summar på infrastruktur, vegar, men og overvasshandtering og alt anna som følgjer med vegane våre.
I debatten i Tromsø er nullvekstmålet i ferd med å bli trollet under brua og får skulda for alt som er galt, når realiteten er at nullvekstmålet og Tenk Tromsø grunnlaget for at vi får til ei stor oppgradering av infrastrukturen i Tromsø.
Tromsø er blitt ein fantastisk bussby. Svært mange bruker buss i Tromsø. Det fjernar mange bilar frå vegane våre og gjer det mogleg for dei som må køyre å komme seg fram, for eksempel næringstransporten. Samstundes er vi ein av byane i Noreg der flest går når dei skal ein stad. Det er og med å minske presset på vegane og bussane våre samstundes som det er bra for folkehelsa. Nullvekstmålet fungerer for innbyggarane i byen vår.
Så betyr ikkje nullvekstmålet at vi ikkje skal bygge vegar. Det skal vi (sjølv om eg skulle ønska at vi hadde lov til å bruke bompengane til å vedlikehalde eksisterande vegar). I handlingsprogrammet til Tenk Tromsø ligg det inne mykje pengar til veg, mellom anna Stakkevollvegen og flyplasstunellen. Stakkevollvegen har hatt behov for oppgradering i mange år, og i de nærmaste årene kan bygginga vere i gang. Flyplasstunellen vil og føre til at dei som skal til eller frå Kvaløya kan sleppe rundkøyringa i Giæverbukta.
Hovudgrunnen til at Kvaløyforbindelsen ikkje er på prioritert plass i handlingsprogrammet til Tenk Tromsø er at fylkeskommunen ikkje har prioritert å gjere planarbeidet og forarbeidet som gjer det mogleg å bygge ein ny forbindelse. Dersom vi skal kunne prioritere opp ein ny Kvaløyforbindelse må fylkeskommunen gjere prosjektet klart til bygging. Når det er klart kan fylkestinget og kommunestyret ta stilling til om det er flyplasstunellen eller ny Kvaløyforbindelse som skal prioriterast.
Vi kan og bør sjølvsagt diskutere nullvekstmålet og korleis det blir praktisert. Samstundes er målet viktig for å sikre at Tromsø kan vekse på ein måte som tek vare på kvalitetane som gjer byen attraktiv. Ein kompakt og grøn by gir kortare avstandar, gode høve til å gå, sykle og bruke kollektivtransport, og meir plass til natur, byliv og møteplassar. Slik kan vi legge til rette for vekst utan at auka biltrafikk fortrenger noko av det som gjer Tromsø til ein god by å bu i.
Bilde: Så ille som dette ville det aldri bli i Tromsø, men det er ei reelt spørsmål om kor mykje natur som skal byggast ned for å få plass til vegar og parkeringsplassar. Bilde: av austrini – https://www.flickr.com/photos/fatguyinalittlecoat/2909850055/, CC BY 2.0, https://commons.wikimedia.org/w/index.php?curid=10298513















