Korfor havna Tromsø på Robek og kva gjer vi no

Det korte svaret på spørsmålet er at vi har brukt meir pengar enn det vi har, og vi må framover bruke mindre pengar. Men det lange svaret er nok meir interessant.

Det kan vere lurt å starte med å samanlikne oss med andre kommunar. Kva gjer vi som er forskjellig frå andre kommunar i landet.

Det er særleg på to område der Tromsø skil seg ut. Det eine er at vi har investert meir enn mange andre kommunar

Det andre er korleis vi brukar pengane.

Dersom vi hadde fordelt likt med landssnittet ville vi brukt omlag  220 millionar mindre på pleie og omsorg og hatt eit driftsresultat som var omlag 230 millionar høgare.

Så kort oppsummert, samanlikna med andre vi bruker for mykje pengar på pleie og omsorg og vi har lånt for mykje pengar.

Kva har vi investert i?

Så kan det vere verd å sjå litt på kvar vi har brukt dei store investeringspengane dei siste åra. Den heilt klart største einskildinvesteringa er ny skole på Kvaløya. Deretter er det samlepostar innafor veg/trafikksikre skolevegar/samferdsel, bustader (omsorgsbustader, flyktningebustader ol.) som er dei aller største postane. Det har og vore investert i areal og bygg (Åsgårdmarka, Sydspissen, Gamle lærarhøgskolen), oppgradering av skolar og barnehagar, parkar og idrett.

Det er i alle fall ei investering som eg i etterpåklokskapen klåre lys angrar på og det er kjøpet og oppgraderinga av den gamle lærarskolen i Mellomvegen 110. Det vart alt for dyrt, sjølv om den no er tatt i bruk av barnevernet og vaksenopplæringa og fungerer godt. Det fører og til at vi vil spare på lågare husleigeutgiftar framover.

Kvar kan vi spare

I Tromsø har vi prioritert pleie og omsorg svært høgt. Det er eg glad for, og stolt over. Det er ingen tvil om at det vil kunne redusere kvaliteten på tilbodet om vi skal bruke mindre pengar på dette området framover. Den store utfordringa er at samstundes som vi må redusere innsatsen her blir det fleire eldre og fleire som dermed treng hjelp frå kommunen.

I skolen har vi ei utfordring med at vi har mange elevar som individuelt tilrettelagt opplæring (spesialundervisning). Meir enn kvart femte lærarårsverk går til slik undervisning. Her må vi klare å bevege oss frå ein-til-ein tilbod til tilbod i mindre grupper. Det kan ofte vere eit like godt eller betre tilbod samstundes som det er billigare. Men, vi må vere klår over at reduksjon i den alminnelege undervisninga vil kunne auke behovet for individuelt tilrettelagt opplæring. Det er fort gjort å spare seg til fant.

Korleis kjem vi oss ut av situasjonen

I den økonomiske situasjonen vi er no meiner vi i SV må vi jobbe langs fire like viktige linjer.

  1. Vi må klare å skjerme dei gruppene som har størst behov for hjelp frå kommunen og vi må forsøke å ikkje kutte i forebyggande tilbod.
  2. Vi må halde fram jobben med å redusere utgiftene våre så mykje som mogleg innafor pleie og omsorg, og alle andre sektorar. Det må vi gjere utan at vi sparer på ein slik måte at alt blir dyrare seinare og utan at vi slit ut dei som jobbar i tenestene. Det vil ta tid. Vi må ikkje ha panikk, og bruke den tida vi treng for å komme ut av situasjonen.
  3. Vi må utsette viktige investeringar for å redusere det vi betaler i renter og avdrag. Det betyr at viktige bygg og institusjonar vil bli bygd seinare enn vi kunne ønska oss.
  4. Vi må sjå om vi kan få til å auke inntektene våre. Det er i hovudsak to alternativ. Vi må overtyde staten om å bidra meir, og vi må få meir ut av det kommunen eig. Det kan bety å selje, men det kan og bety å auke avkastninga frå kommunale selskap.

Oppsummert. Det er sannsynlegvis ingen kvikk fiks på Tromsø kommune sine problem. Vi har i all hovudsak brukt pengane på fornuftige ting. Det vil ta tid for kommunen å komme seg over denne kneika om vi ikkje vil rasere tenestetilbodet, eller om vi ikkje klarer å auke inntektene.

Nullvekstmålet gjer det mogleg for Tromsø å vekse!

I Tromsø har mange arbeid, arbeidsledigheita er blant dei lågaste i landet og folk bruker stadig mindre tid på å stå i kø. Å vekse videre kan bli veldig bra.  Men ei framtid med stor vekst, trenger ikkje bety lang reiseveg og mykje kø.  

Målet om at folks behov for å reise meir skal løysast gjennom gang, sykkel og kollektiv, er ikkje mystisk. Alle stortingspartiane støtter nullvekstmålet, inkludert Frp da dei var i regjering. Målet er ein måte å skape gode bumiljø og å spare kostnader.

Tromsø er ein tettbygd by. Det er bra. Det betyr at dei fleste i Tromsø har relativt kort veg til butikkar og andre tilbod. Men prøv å sjå for deg korleis byen vår ville sett ut dersom alle dei reisene som tromsøværingar i dag gjer med buss, gange eller sykkel skulle blitt tatt med bil. Byen ville drukna i trafikk, vi ville måtte bygd vegar overalt. Det ville blitt lite plass til grøntområde, til stille område, til alt det som mange av oss som bur i denne byen set pris på.

Det at vi har eit mål om nullvekst i personbiltrafikken gjer at vi set i verk tiltak som gjer at vi slepp å bygge ned grøntområde og rive hus for å legge dei under asfalt. Det betyr at vi sparer enorme summar på infrastruktur, vegar, men og overvasshandtering og alt anna som følgjer med vegane våre.

I debatten i Tromsø er nullvekstmålet i ferd med å bli trollet under brua og får skulda for alt som er galt, når realiteten er at nullvekstmålet og Tenk Tromsø grunnlaget for at vi får til ei stor oppgradering av infrastrukturen i Tromsø.

Tromsø er blitt ein fantastisk bussby. Svært mange bruker buss i Tromsø. Det fjernar mange bilar frå vegane våre og gjer det mogleg for dei som må køyre å komme seg fram, for eksempel næringstransporten. Samstundes er vi ein av byane i Noreg der flest går når dei skal ein stad. Det er og med å minske presset på vegane og bussane våre samstundes som det er bra for folkehelsa. Nullvekstmålet fungerer for innbyggarane i byen vår.

Så betyr ikkje nullvekstmålet at vi ikkje skal bygge vegar. Det skal vi (sjølv om eg skulle ønska at vi hadde lov til å bruke bompengane til å vedlikehalde eksisterande vegar). I handlingsprogrammet til Tenk Tromsø ligg det inne mykje pengar til veg, mellom anna Stakkevollvegen og flyplasstunellen. Stakkevollvegen har hatt behov for oppgradering i mange år, og i de nærmaste årene kan bygginga vere i gang. Flyplasstunellen vil og føre til at dei som skal til eller frå Kvaløya kan sleppe rundkøyringa i Giæverbukta.

Hovudgrunnen til at Kvaløyforbindelsen ikkje er på prioritert plass i handlingsprogrammet til Tenk Tromsø er at fylkeskommunen ikkje har prioritert å gjere planarbeidet og forarbeidet som gjer det mogleg å bygge ein ny forbindelse. Dersom vi skal kunne prioritere opp ein ny Kvaløyforbindelse må fylkeskommunen gjere prosjektet klart til bygging. Når det er klart kan fylkestinget og kommunestyret ta stilling til om det er flyplasstunellen eller ny Kvaløyforbindelse som skal prioriterast.

Vi kan og bør sjølvsagt diskutere nullvekstmålet og korleis det blir praktisert. Samstundes er målet viktig for å sikre at Tromsø kan vekse på ein måte som tek vare på kvalitetane som gjer byen attraktiv. Ein kompakt og grøn by gir kortare avstandar, gode høve til å gå, sykle og bruke kollektivtransport, og meir plass til natur, byliv og møteplassar. Slik kan vi legge til rette for vekst utan at auka biltrafikk fortrenger noko av det som gjer Tromsø til ein god by å bu i.

Bilde: Så ille som dette ville det aldri bli i Tromsø, men det er ei reelt spørsmål om kor mykje natur som skal byggast ned for å få plass til vegar og parkeringsplassar. Bilde: av austrini – https://www.flickr.com/photos/fatguyinalittlecoat/2909850055/, CC BY 2.0, https://commons.wikimedia.org/w/index.php?curid=10298513

Kunnskapslaust av Høgre

Er det for å kunne kutte i formuesskatten at Høgre vil legge ned skolar i Tromsø? Tromsø fekk i 2024 inn 220 millionar i formuesskatt. Dette er pengar Høgre vil at kommunen ikkje skal få. Det er ganske typisk at Høgre heller vil kutte i formuesskatten enn å behalde gode skolar og velferd i Tromsø.

Å legge ned ein skole er eit svært alvorleg tiltak for ei bygd eller ein bydel. Dersom vi skal gjere det må vi i alle fall vere heilt sikre på at vi har den informasjonen vi treng for å gjere ei slik vurdering. Det er derfor eigna til å forundre at Høgre har konkludert med å legge ned skolar utan at vi har fått eit oppdatert og kvalitetssikra kunnskapsgrunnlag frå administrasjonen.

Kattfjord skole vart nedlagt våren 2026 etter kraftige protestar frå lokalsamfunnet. Bildet er lånt frå Tromsø kommune

Vi veit alle at elevtalet i Tromsø har gått ned, men det er ikkje gitt at det er fysisk mogleg å få plass til elevar på andre skolar utan større utbyggingar. Og, dersom det er noko vi kan vere sikre på så er det at det er lite sannsynleg at Tromsø kommune kan låne pengar for å bygge ut skolar.

Det ser heldigvis og ut til å oppstå ei einigheit i Noreg om at vi treng ein meir praktisk skole og ein skole som har plass til meir leik i alle fall for dei yngste. Ein slik skole vil ofte krevje meir plass for å få til god undervisning. Det vil vere ei viktig del av vurderinga som må gjerast når vi får eit oppdatert kunnskapsgrunnlag.

For SV sit det veldig langt inne å legge ned skolar. Vi avviser ikkje at det kan bli naudsynt i nokre tilfelle, som Sjursnes og Vengsøy der det var så godt som ingen elevar igjen. Men vi vil på det sterkaste advare mot å ta ei slik beslutning på svakt faktagrunnlag og som eit tilfeldig utspel i avisene.

Så det kan vere verd å spørre Høgre, når dokker er så sikre på at vi må legge ned skolar. Kva skolar er det som dokker meiner bør forsvinne?

Det er for dyrt å leige i Tromsø

Blir Ap, Sp, Mdg og Raudt med på å lage ein pilot for leigebuarsamvirke i Tromsø? Tromsø er svært hardt pressa på leigemarknaden. Det er dyrt, tilbodet er lite, og for mange er leigetida for kort. Derfor har SV i  forhandlingane om revidert statsbudsjett lagt fram kravet om å få på plass ein pilot for leigebuarsamvirke i Tromsø. Gjennom eit tilskott på 60 millionar og 50 års avdragstid i husbanken meiner vi at denne piloten kan realiserast.

Prisaukane i leigemarknaden har vore katastrofale i Tromsø, og Tromsø er mykje hardare ramme av Airbnb og spekulasjon enn mange andre stader. For et ti år sidan kosta ei tre roms leilegheit på 70 kvadratmeter omtrent 2000 kr meir per månad i Stavanger enn i Tromsø. No er det motsett. Ei slik leilegheit kostar i dag omtrent 2000 kr meir i Tromsø enn i Stavanger.

Tromsø har ein ekstremt pressa leigemarknad. Korttidsutleige har fjerna mange objekt frå den allminnelege leigemarknaden og alt for mange leiger på korte kontraktar med dårleg tryggleik for hus og heim. Vi veit og at rundt 1/3 av alle som bur i Tromsø leiger bustaden sin, og nesten alle er innom leigemarknaden i løpet av livet. Derfor er det å få gjort noko med leigemarknaden i Tromsø svært viktig for SV.

Eit leigebuarsamvirke er ein ny måta å bygge leigebustadar på i Noreg. Modellen er inspirert av det danske systemet med allmenne bustader og kan likne litt på slik burettslag var i Noreg før frisleppet og kommersialiseringa på 80-talet. Leieboerforeninga har laga ein gjennomgang av korleis eit leigebuarsamvirke vil fungere. Det kan du lese her.

SV har tre hovudsatsingar i samband med forhandlingane om revidert statsbudsjett i år. Det er bustad, buss og bemanning i velferden. Akkurat som bilførarane fekk ein fjerninga av bensinavgifta meiner vi at vi og må få redusert bussprisane. SV meiner bussprisane må halverast frå 1. september i år og at vi må investere ein halv milliard meir i kollektivtrafikken.

Bemanninga i barnehagane er på brestepunktet, det er ikkje nok folk på jobb i barnehagane og SFO-ane våre. SV krev over ein milliard til toppa bemanning i barnehagane og ein halv milliard til styrka bemanning i SFO.

Vi vil også utvide ordninga for sletting av gjeld i lånekassa for lærarstudentar til å og gjelde barnehagelærarstudenter som startar utdanninga studieåret 2025-2026. I Tromsø har vi tydeleg sett utfordringa med å få til nok tilsette i barnehagane.

Bustadsatsinga til SV handlar om meir enn ein pilot i Tromsø. Vi vil ha 200 millionar til å bygge og kjøpe fleire kommunale utleigebustader og auke låneramma i Husbanken med fem milliardar. Eit fleirtal på Stortinget har vedtatt å gjeninnføre ordninga med husbanklån til kommunale utleigebustader og no må sanneleg regjeringa levere på stortinget sitt vedtak. Dette vil vi legge til rette for at det blir bygd fleire bustader i Tromsø, for vi treng å få fart på bustadbygginga

Vi håper og trur at dei andre raud-grøne parti vil støtte desse krava frå SV. Det vil gje eit betydeleg løft for bemanning, buss og bustad.

Skole og barnehage fremst i trange tider

Kommunen skal gjennom store omstillingar. Mange skal klare seg med mindre enn det som trengs. Det vil krevje mykje av alle eldre, unge og alle andre som trenger kommunen og av kommuneorganisasjonen. I vårt alternativ til kommunedirektøren sitt budsjettforslag har SV og samarbeidspartia prøvd å gjere denne omstillinga litt enklare.

https://www.skogholt.org/wp-content/uploads/2024/12/compose_video_17337564164171.mp4

Det er dei med minst SV har prioritert. Vi tilbakefører mykje av kutta på skole, barnehage, barnevern og lavterskel psyisk helse. Vi skal få på plass sosiallærarar og vi skal jobbe med rekruttering i barnehage og skole. I tillegg fekk SV gjennomslag for 15 millionar til Tromsø kommune for å auke bemanninga i barnehage og SFO i statsbudsjettet. Vi satsar og på ei kompetanseheving i SFO. Vi vil ha eit fagarbeidarløft. Både fordi SFO treng kompetansen og fordi å vere ufaglært assistent i SFO og barnehage er å vere lågtlønna. Det er og viktig at Ung kulturrabatt gjenoppstår til hausten.

Frivilligheita er ein svært viktig ressurs i Tromsø. Derfor gjennomfører vi ikkje dei kutta som kommunedirektøren foreslo. Røde Kors, Kafe X med fleire skal få dei same tilskotta frå Tromsø kommune som før minus deflator.

Vi treng ei omstilling innafor helse og omsorg i Tromsø, men det må ver ei omstilling som det er mogleg å få til. Derfor set vi av pengar til både helsehuset og sjukeheimane for å redusere omstillingstakta littegrann.

Det er ikkje noko billigare å bu i Tromsø enn i Oslo. Derfor foreslår vi i dette budsjettet å auke sosialhjelptakstane til det same som dei er i Oslo. Det vil vere eit viktig armslag til dei som har minst i tromsøsamfunnet.

Eg er spesielt glad for at vi har klart å sette av pengar til å bygge Kvinnehuset i 2026. Dette skal vere eit bu og krisesentertilbod til kvinner i aktiv rus. Dette er folk som verkeleg trenger vår hjelp og støtte, og som bør få eit betre tilbod enn i dag.

Budsjettet for Tromsø kommune, både vårt forslag og kommunedirektøren sitt forslag har risiko ved seg. Vi må klare den omstillinga vi er inne i for at budsjettet skal komme i hamn. Vi har valt å ta meir av kutta på administrasjon og mindre ute i tenestene. Saman med hjelp frå statsbudsjettet SV forhandla saman med regjeringa gjer dette at vi leverer eit budsjettforslag med ein litt betre balanse enn det kommunedirektøren sitt forslag hadde.

Ein ny skole reiser seg

Det er utruleg artig å sjå at den nye skolen på Kvaløysletta reiser seg. Og, til no ser det ut til at framdriftsplanen og budsjettet held. Så er det enno mykje som kan gå galt – bank i bordet. Men Hausten 2026 skal vi kunne ta i mot elevar på den nye ungdomsskolen.

Planen for første etasje
Planen for andre etasje
Og tredje etasje

Planteikningane er henta frå saka i kommunestyret då prosjektet vart godkjent.

Exit mobile version