Categories
Kommunepolitikk Politikk

Storgata 25 – kanskje den største saka i byutviklingskomiteen

På torsdag er det møte i byutviklingskomiteen. Eg kan dessverre ikkje vere med på møtet fordi eg er i Oslo på landsmøtet i Handel og Kontor. Men eg skal vere med å diskutere sakene, så eg tok fram sykkelen og trødde 25 km i dag for å ta ein titt på dei fire områda som skal handsamast i komiteen og i kommunestyret.

Storgata 25

Reguleringsplanen for Storgata 25 er kanskje den viktigaste saka denne gongen. I utgangspunktet ville omtrent alt som vart gjort her vere betre enn slik situasjonen ser ut i dag. Men, eg synst reguleringsplanen ser bra ut. Det er sjølvsagt lett å la seg forføre av fine bilde og illustrasjonar (eg blir i alle fall fort det, så dermed blir eg ekstra skeptisk for å kompensere), men eg liker dette prosjektet. Den passasjen som er tenkt opna gjennom det som i dag er eurosparbutikken (gamle Matservice) er med på å opne opp byen og er eit godt tilskott. Bygget blir litt høgare, men skuggeteikningane viser at dette er til å leve med. Det området som i dag er parkeringsplass (gamle shellstasjonen) vil bli bygd på. Det betyr færre parkeringsplassar i sentrum. Det synst eg er ein god ide, både fordi eg generelt meiner vi skal redusere bilbruken i og til sentrum og fordi det blir bygd nye parkeringsareal i fjell i nærleiken.

Byutviklingssjefen har innstilt på at planen skal vedtas, og eg er enig i det. Men om det er noko som gjer at eg burde endre meining så sei i frå.

Sakspaira finn du her

Stakkevollvegen 122-128

Denne reguleringsplanen synst eg var litt vanskelegare. Forslaget vil definitivt vere med på å utvikle Stakkevollvegen som ei bygate. Eg synst prosjektet ser ganske fint ut sett frå Stakkevollvegen, men dei som har hus i nærleiken vil miste lys, og blokka vil komme nær eksisterande bustader og klemme desse inne. Bygget vil bli like stort som det såkalla monsterbygget på Kvaløyvegen.

Delar av området som det ser ut no.
Delar av området som det ser ut no.

Eg synst i utgangspunktet at det er eit mykje mindre problem langs Stakkevollvegen enn langs Kvaløyvegen. Spørsmålet er likevel om det vil vere med på å utvikle eit godt bumiljø i området? Det felles utområdet for dei som skal bu i blokka blir lite – faktisk mindre enn i delar av sentrum. Eg trur vi må kunne forvente betre her. Det er og ei utfordring at atkomst til bygget vil kunne vere i konflikt med ny sykkelveg langs Stakkevollvegen. Det er og i gang eit arbeid med ny kommunedelplan for dette området. Ein kommunedelplan skal legge dei overordna føringane på korleis eit område skal utvikle seg. Eg trur absolutt der er verd å vente på den reviderte planen før vi eventuelt bygger så stort og dominerande langs Stakkevollvegen.

Denne videoen viser ganske tydeleg korleis bygget vil stenge inn husa bakom:

 

Eg er derfor godt nøgd med innstillinga frå byutviklingssjefen om å avvise denne reguleringsplanen no, og kreve at eit større område blir sett i samanheng.

Sakspapira finn du her.

Klager på reguleringsplan for Storhaugen og Nordmannsgård

Dei to andre saken som handlar om byutvikling er to klagesaker. På Nordmannsgård er det kommen inn sju klager. Byutviklingssjefen innstiller på å avvise fem av klagene og godta to. Dei to er rekkefølgjekrav om fortau (det skal komme tidlegar ei prosessen) og at det skal settast av arela til nærbutikk for å hindre at all handel skal vere bilbasert. Eg er samd i at det er fornuftig å imøtekomme desse krava. Forøvrig meiner eg at det skal ein god del til for å komme gjennom med ein klage om det ein klaga på var kjent då planen opprinneleg vart vedtatt. Dersom det ikkje var slik ville det skape for stor uforutsigbarheit i systemet. Det betyr sjølvsagt ikkje, at vi ikkje skal vurdere alle klagane skikkeleg. Denne gongen fann eg ingen grunn til å støtte dei aandre klagene.

Sakspaira til desse to sakene finn du her.

Ut å sjå

Forøvrig er det spennande å sykle rundt å sjå på alle prosjekta i byen vår. Eg merkar at eg ser på både bygg og terreng på ein annan måte når formålet mitt med turen er å verkeleg sjå korleis dei ulike prosjekta skal bli.

Mellom anna la eg merke til denne spennande kontrasten mellom gamalt og nytt ved Kaldslett i dag. Ein kontrast eg ikkje eigentleg har lagt merke til før. det er berre nokre få meter mellom desse husa.

Eller dette huset på bildet under her som openbart er under restaurering (får eg håpe) for tida. Byen har mykje å by på, pen hus, stygge hus, spennande kontrastar og det er spennande å vere med å legge rammane for korleis utvikling skal bli vidare.

Dette huset treng litt kjærleik
Dette huset treng litt kjærleik

Eg vil gjerne ha innspel på alle desse saken. Sei frå om det er noko eg ikkje har tenkt på, sjølv om eg har tenkt meir enn det eg har skrive om.

Categories
Kommunepolitikk Politikk Troms og Tromsø

Belysningsnorm i Tromsø

Det er snart tid for eit nytt møte i byutviklingskomiteen i Tromsø. Denne gongen har eg ikkje sykla rundt å sett på alle områda, kanskje hovudsakleg fordi eg har jogga ei mil i dag for første gong i livet mitt (det er godt å skryte). Eg måtte altså bli 44 år før eg klarte det. Uansett, det er berre to saker som skal opp.

Det eine er klager på ein reguleringsplan på strandkanten. Det gjeld tilgang til parkeringsplassar og innpassing av ein gangsti.

Sakspapir her

Det som gjeld gangstien har eg ein del forståelse for, så det skal eg titte nærmare på. Det artigaste med den saka var likevel at eg har lært eit nytt ord. Tilflott. Tilflott beskriver det at du har tilgang til båt direkte frå hus eller naust. Det er eit ord som mest blir brukt frå Møre og nordover. Klagen i saka handlar om at tilflotten blir vanskelegare med gangstien. Eg trur ikkje berre det er gleda over eit nytt ord som gjer at eg har sansen for argumentasjonen der, men også at det finst ein alternativ veg. Dette skal eg sykle bort å sjå på før saka skal opp på torsdag.

Belysningsnorm

Sakspapiret er her.

Den andre saka heiter «Ny belysningsnorm for Tromsø kommune». Her skal eg innrømme at eg står litt på bar bakke. Eg ville sette stor pris på innspel frå folk som kan dette. Etter å ha lest gjennom saka og vedlegg har eg konkludert med at det ser heilt greitt ut, men det skulle ikkje forundre meg at nokon som kan dette og kan foreslå å gjere normen betre.

Av og til blir eg forundra over ting eg skal kunne ta stilling til som politikar.
Av og til blir eg forundra over ting eg skal kunne ta stilling til som politikar.

For oss som ikkje kan så mykje om dette festar eg meg ved at det som hovudregel skal vere LED-lys og at det som hovudregel ikkje skal vere master av tre. Begge delar framstår som fornuftig. Det eg skal spørre litt om i møtet er farga på lyset. Ein del LED-lys er veldig kvite, og det er kanskje ikkje alltid så fint.

Det står i dokumentet at: «Lyskilden skal ha en fargegjengivelse Ra ≥ 70. Fargegjengivelse skal være konstant over levertid (CLO)». Så vidt eg har skjønt seier dette noko om at farga ikkje skal endre seg over levetida til lampa, men ikkje noko om kva farge det skal vere.

Vil du få beskjed neste gong eg skriv på denne bloggen?

Skriv inn epostadressa di og trykk abonner