Ny videoblogg om sonderingar og økonomi i Tromsø kommune

Teksten er sånn ca den same som i videoen.

Det er ei stund sidan førre videoblogg, og skal eg vere heilt ærleg er det ikkje fordi eg manglar ting å snakke om, men fordi eg slit med å snakke om det på ein morsom og interessant måte. Så då scrollar eg heller gjennom TikTok i timesvis. For det finst ikkje noko enklare måte å kaste bort timar på ein tiktok. Dei av dokker som ikkje har prøvd, vit at dokker kjem til å oppleve mange fleire timar i livet dokkar enn oss andre.

Men, dette skal ikkje handle om tiktok, det skal handle om politikk. Og då må eg nesten starte med det som skjedde og skjer på Hurdalssjøen.

Visste du forresten at Hurdalssjøen har eit yrande bade, båt og strandliv når det ikkje er regjeringsforhandlingar og sonderingar? Og at innsjøen var ei viktig ferdselsåra før i tida. Alt i følgje Hurdalinfo.no

OK nok funfacts og utanomsnakk.

Kven har skulda, kven vann og kven tapte?

Som dokker alle veit braut SV sonderingane på Hurdalssjøen, vi kjem derfor etter alle solemerker til å få ei regjering som består av Ap og Sp. Eg synst det er veldig trist for landet. Eg trur og meiner jo at SVs politikk er det som er best for Noreg.

Det er sjølvsagt mykje vi ikkje veit om det som skjedde under sonderingane, men dersom det vi har høyrt er rett er det det ganske trist. Ap og Sp ville ikkje vere med på eit meir rettferdig skatteopplegg om og kunne finansiert gratis SFO og gratis/billigare tannhelsebehandling. Når du kombinerer det med manglande gjennomslag for viktige klimagrep så er det jo ikkje rart SV måtte gå ut.

Så kunne vi sjølvsagt diskutert i det vide og det breie kven som har ansvaret, om Jonas er ein dott, dust, sleip eller klok. Det trur eg ikkje vi blir noko klokare av. Det som er heilt sikkert er at miljø og klima tapte, og at dei som ønska seg eit meir rettferdig Noreg tapte.

Det mest irriterande for meg er likevel at det blir mykje vanskelegare å vere sint på den nye regjeringa enn det var å vere sint på den gamle. Eg liker jo Ap og Sp – i alle fall litt. Det er mykje enklare å vere sur og sint på Høgrefolk enn på Ap og Sp folk. Men eg stålset meg for det som måtte komme og skal vel klare å bite tennene saman og vere sint og sur på den nye regjeringa og når det trengst.

Så er det mykje som skal vedtakast i Stortinget framover, og i Stortinget er SV den enklaste vegen for ei Ap/Sp-regjering og få fleirtal gjennom eit samarbeid med SV. Eg er heilt sikker på at SV kjem til å bruke den moglegheita til å sikre ein betre politikk for klima og rettferd. Eg er og heilt sikker på at om AP/SP vel å samarbeide med sentrum eller høgresida så kjem det til å straffe seg for dei partia.

Økonomien i Tromsø koommune

Men det får vere nok nasjonale ting, det er jo trass alt i Tromsø ting verkeleg skjer. Så skjer det nok mange artigare ting i Tromsø enn at kommunen legg fram økonomirapport 2. Eg håper i alle fall det! Men kommunen si økonomirapportering er viktig.

Hovudtalet som det er viktig å få med seg er at kommunen går med et overskott på 51 millioner kroner i 2021 dersom prognosen held seg ut året.

Men det hovudtalet er sjølvsagt ikkje heile historia. Realiteten er at utgiftene har auka ganske kraftig fra 2020 men heldigvis har også skatteinngangen vore god. Det betyr at sjølv om vi har opna opp Kvaløysletta sjukeheim og styrka fastlegane i Tromsø så klarer vi fremdeles produsere et lite overskott.

Framleis har vi dei same utfordringene som vi har sett i lengre tid. Mangel på eigna bustader og mangel på institusjonsplassar gjer at vi får dyrare løysingar innanfor helse- og omsorg og når vi kombinerer det med mangel på viktig fagpersonell som sjukepleiarar så må vi leige inn og kjøpe tenester for ganske mange millionar. Eg har derfor stor tru på at den strategien vi har valt, med å satse mykje på bustader og omsorgsbustader i Tromsø, er rett veg å gå men dessverre tar det tid å kjøpe eller bygge nye omsorgsbustader.

Det vi også ser er at det er større etterspurnad etter kommunale tenester. Barn og unge har utfordringer, kanskje i etterkant av pandemien, som gjer at vi må sette inn større ressursar på spesialpedagogikk. Vi ser og at vi har mange som treng ein til ein tiltak. Det er dyrt.

Kommunedirektøren understreka og dette poenget i hans presentasjon av økonomirapporten.

Samtidig er det jo helt fantastisk at vi innanfor ein trang kommuneøkonomi faktisk klarer å gje dei gode tilboda og samtidig leverer eit lite overskott som buffer mot framtidig renteoppgang.

Oppsummert kan vi seie om den kommunale økonomien i Tromsø at det er trabgt, det er altfor liten buffer mot fremtidige renteutgifter men det er stabilt og eg trur vi er på veg i rett retning.

Alpinanlegg og U16 i kommunestyret

Valet er over og vi er tilbake i den trauste kommunepolitikken. Det er kommunesstyremøte i Tromsø 29. september. Her er ein liten gjennomgang av nokre av sakene. Still meg gjerne spørsmål om sakene så skal eg svare etter beste evne.

Ishavsbyen vidaregåande

Fylkeskommunen skal bygge ny/oppgradere Ishavsbyen vidaregåande skole i Breivika. Det er verkeleg bra. I all hovudsak er dette ein grei reguleringsplan, men det er eit par ting eg likevel stussar på. Det handlar i om krav til infrastruktur i tilknytting til ombygginga. I reguleringsplanen er gang- og sykkelvegen nedanfor skolen omregulert til sykkelveg med fortau. Det er ei stor forbetring for tryggleiken både til dei som går og dei som syklar. Imidlertid stiller planen berre krav til at den nordlegaste delen av gang- og sykkelvegen skal gjerast noko med. Den sørlege delen blir som før. Det er litt rart må eg få lov å seie. Det er heller ikkje stilt krav til opparbeiding til gang og sykkelveg frå toppen av Breiviklia og opp til universitetet sjølv om dette ligg inne i planen. Dette handlar sjølvsagt om kostnadane for fylkeskommunen, men eg er likevel i tvil om vi skal akseptere dette.

Kroken alpinanlegg

Eg er glad for at det ser ut til at vi får ein ny avtale med Kroken Aplpinanlegg som kan gje rom for oppgradering av anlegget og ei tydeleggjering av kva som er kommunen sitt ansvar og kva som er alpinanlegget sitt ansvar. Eg trur dette kan bli bra.

Implementering av U16

U16 har vore eit svært vellykka prosjekt i Tromsø kommune. Det har vore med på å redusere ungdomskriminaliteten og hjelp ungdom inn på rett spor. I denne saka går vi frå prosjekt til å få ei fast drift på U16. Det er viktig at slike vellykka prosjekt ikkje blir avslutta, men faktisk får konsekvensar for korleis vi driv kommunen.  

Piggdekkavgift

Denne saka er ganske enkelt ei oppretting av feil som vart begått sist. Dei som den gongen ikkje ønska å sette forskrifta i verk gjorde vedtak om det, men dei glømte å endre den delen av forskrifta som faktisk sa noko om iverksetting. Denne saka er ei oppretting av dette.

OK, det var ein rask gjennomgang av sakene. SV har gruppemøte på måndag, så kom gjerne med innspel, og helst før gruppemøtet.

Heile sakslista

  • Sak 0170/21 Implementering av U16
    • Innstilling:
      • 1. U16 bør videreføres som et permanent tjenestetilbud og forankres i ny enhet Fritid, seksjon for Kultur, fra 01.01.22.
      • 2. Utekontakten vurderes også innlemmet i samme enhet, for å samordne de oppsøkende og relasjonsbyggende tilbudene. Kommunedirektøren bes inkludere de aktuelle partene i et arbeid og komme tilbake til utvalget med avklaring januar 2022.
      • 3. Stillingsbehovet søkes innarbeidet i handlingsprogrammet 2022-2025 og er en forutsetning for at tiltaket kan iverksettes.
  • Sak 0171/21 Plan 1931 – Detaljregulering for Ishavsbyen videregående skole – Til endelig vedtak
    • Innstilling:
      • 1. Plan 1931 –Detaljreguleringsplan for Ishavsbyen VGS med plankart av 24.08.2021 og planbestemmelser av 07.09.2021, vedtas. Vedtaket er hjemlet i plan- og bygningsloven § 12-12.
      • 2. Myke trafikanter skal sikres gjennomgang gjennom planområdet, med naturlig påkobling til eksisterende stistruktur og forbindelseslinjer. Dette innarbeides og ivaretas i plankart og bestemmelser.
  • Sak 0172/21 Fremtidig drift av Kroken Alpinanlegg
    • Innstilling:
      • 1. Tromsø kommune inngår en 2 årig konsesjonskontrakt med Tromsø Alpinpark AS for å sikre videre drift av alpinanlegget i Kroken. Vedlagte konsesjonskontrakt godkjennes av kommunestyret
      • 2. Tromsø kommune inngår en opsjonsavtale med Tromsø Alpinpark AS om fremtidig kjøp av alpinanlegget i Kroken til markedspris. Vedlagte opsjonsavtale godkjennes av kommunestyret
      • 3. Tromsø kommune påtar seg til å dekke følgende kritiske investeringer i Kroken alpinanlegg i 2021:
        • – Utbedring av heiser for å sikre nødvendig konsesjon på heisanlegg pålydende kr: 3 506 176,-.
        • – Utbedring av lys i anlegget pålydende kr 100 000,-.
        • – Utbedring av kjøkken som følge av pålegg fra Mattilsynet pålydende kr 216 000,-.
      • Totale investeringer pålydende kr 3 821 176,- ekskl. mva. finansieres innenfor prosjektet: oppgradering kultur- og idrettsbygg som har en ramme på 10 millioner kroner i 2021.
  • Sak 0173/21 Søknad om deltakelse i lokaldemokratiprosjekt
    • Innstilling:
      • 1. Tromsø kommune søker om deltakelse i lokaldemokratiprosjektet.
      • 2. Tromsø kommune forplikter seg til kravene som stilles til kommuner for deltakelse av Kommunal- og moderniseringsdepartementet.
  • Sak 0174/21 Finansrapport per 31.08.2021
    • Innstilling:
      • Finansrapport per. 31.08.2021 tas til orientering.
  • Sak 0175/21 Forskrift om endring i lokal forskrift om innføring av gebyr for bruk av piggdekk – § 7 om ikrafttredelsesdato
    • Innstilling
      • Forskrift om endring i lokal forskrift om innføring av gebyr for bruk av piggdekk og tilleggsgebyr vedtas. Endringsforskriften endrer § 7 til: «Forskriften trer i kraft når kommunestyret bestemmer.»
  • Sak 0176/21 Plan 1920 Detaljregulering E8 Sørbotn – Laukslett – behandling av klager
    • Innstilling:
      • Klager frå Torhild Hauan eigedom 27/4, Evy Wilhelmsen eigedom 37/1, Tindtunnelen AS og Vegard Skogland over plan 1920 Detaljregulering E8 Sørbotn-Laukslett blir ikkje tatt til følgje.
      • For tidlegare framsette klager vert det synt til underinstansbehandling av desse i kommunestyret den 25.11.2020 kor klagene ikkje blei tatt til følgje. Avgjerda for desse vert oppretthalden.
      • Saka med samtlege klager blir oversendt til Statsforvaltaren i Troms og Finnmark for endeleg avgjerd, i samsvar med plan- og bygningslova (pbl.) § 1-9 og forvaltningslova (fvl.) § 33 fjerde ledd.
  • Sak 0177/21 Orientering om økonomiutvalgets reglement
    • Innstilling:
      • Reglement for økonomiutvalget tas til orientering.
  • Sak 0178/21 Opprettelse av interkommunalt politisk råd for Tromsøregionen
    • Innstilling:
      • Tromsø kommune slutter seg til avtalen om interkommunalt politisk råd.
  • Sak 0179/21 Meddommerutvalget 2021-2024 – Søknad om fritak og nyvalg
  • Sak 0180/21 Orientering til kommunestyret om endelige vedtak i hovedutvalgene september 2021

Piggdekk og bustader i vårens siste kommunestyremøte

Snart klart for siste kommunestyremøte før sommaren. Det er mange saker, men ikkje så veldig mange med tungt politisk innhald. Det er likevel nokre som mange vil vere interessert i.

Piggdekk

Piggdekkavgifta er ei sak som mange har meiningar om. Denne saka handlar om at vi i periodar har helsefarleg luft i Tromsø på grunn av svevestøv. Støvet har mange kjelder, men det minste støvet som er det helseskadelege kjem i all hovudsak frå slitasje på vegane våre på grunn av piggdekk. Noko kjem og frå vedfyring. Når vi veit at det er mange innbyggarar i Tromsø som lever i område med helsefarleg luft og at mange med luftvegsplagar må halde seg innandørs i periodar på grunn av svevestøvet så er det openbart at vi må gjere noko.

Så skjønner eg at mange kjenner seg tryggare med piggdekk i Tromsø, og at mange føler at det blir heilt feil å skulle betale ei avgift for å skulle sko bilen sin trygt. Så er det testar som viser at dersom dekka ikkje er heilt nye kan piggfrie vere like gode som piggdekk også på isføre. Men, det er mange som ikkje er samde i dette.

Uansett, det er eit val om å bruke ei avgift for å få fleire til å velje piggfrie dekke, eller å akseptere at delar av befolkninga får helseproblem.

Eg meiner det er rett å innføre piggdekkavgift. Helsa må vere det viktigaste.

Eg har skrive om denne saka før. Det kan du lese her.

Kommunale bustader i Tromsø

Eit av dei aller største velferdsproblema i Tromsø er at vi ikkje har nok bustader. Vi manglar omsorgsbustader og vi manglar vanlege kommunale utleigebustader. Det at vi ikkje har fått gjort noko med dette er ein av mine aller største frustrasjonar som politikar. Det er ekstra frustrerande at det ikkje er mangel på pengar som stoppar oss. I mange år har vi bevilga store summar kvart år til dette. Men likevel skjer det ikkje noko særleg. Det er eit eller anna i organiseringa i kommunen som gjer at vi ikkje får gjennomført dette i det tempoet vi vil. Det er for mange avdelingar involvert og dei har ikkje snakka godt nok saman.

Administrasjonen har lagt fram ei sak om korleis vi kan løyse dette og få meir gjennomføringskraft. Eg er dessverre ikkje overtydd om at forslaget går langt nok og faktisk vil løyse problemet. Dette er den fjerde utgreiinga om dette problemet, og dei tidlegare utgreiingane har ikkje ført til endring eller at problemet er blitt løyst.

Eg trur vi må vurdere sterkt å gå lenger enn det administrasjonen foreslår. Eg er enno ikkje heilt sikker på kva som er den beste løysninga. Men eg trur det er to hovudalternativ. Det eine alternativet er å legge alt med bustad inn i ei avdeling med ein leiar på topp som sit i kommunedirektøren si leiargruppe. Det andre alternativet er å legge det ut i eit kommunalt foretak. Det vil kunne sikre at husleigeinntektane faktisk blir brukt til vedlikehald og vi får ein organisasjon som er dedikert til formålet.

Eg har enno ikkje heilt konkludert, men heller mot at Kommunalt Foretak er den beste måten å få organisert dette på.

Reknneskapen og årsmeldinga

Rekneskapen til Tromsø kommune viser at det gjekk betre økonomisk i 2020 enn i 2019. I 2020 hadde vi eit netto driftsresultat på 113,2 millionar. Det betyr at vi kan dekke heile underskottet frå 2019 og framleis ha nokre kroner til overs. Det betyr på ingen måte at vi er over den økonomiske kneika i Tromsø kommune, men det må vere lov å håpe at vi er på rett veg.

Sjukefråveret er framleis ei utfordring i Tromsø kommune. Vi har ikkje nådd målet om reduksjon i sjukefråveret. Det er i all hovudsak det legemeldte langtidsfråveret som går opp.

I løpet av 2020 vart det 190 færre årsverk i kommunen. Det gjev seg sjølvsagt utslag på rekneskapen. Men å redusere talet på folk er ikkje ei langsiktig løysning. Kommunen har viktige oppgåver å utføre og til det trengst det sjølvsagt folk.

I Tromsø kommune var gjennomsnittsløna i 2020 på 498 760 kroner. Snittet for kvinner var 495 559,- kroner medan det for menn var 506 814 kroner. Gjennomsnittleg stillingsprosent for kvinner i kommunen er 86,7% medan det for menn er 89,6%. Tromsø kommune er ganske god til å sike heile stillingar, men det kan enno bli betre. Vi har og eit likelønsproblem som vi må løyse.

Alle andre saker

Ok, dette er langt nok. Eg er lei av å skrive og du er sikkert lei av å lese. Under finn du lista over alle sakene som skal opp. Kom gjerne med spørsmål eller innspel til sakene. Så skal eg prøve å svare etter beste evne. Vi har gruppemøte på måndags kveld. Då avgjer vi korleis SV skal røyste i sakene.

Feilretta kritikk av Nordlys

Eg er veldig glad for at vi kjem til å vedta å halde fram drifta av ei avdeling på Kvaløysletta sjukeheim og at vi skal opne 60 plassar i Kroken.

Bakgrunnen for vidareføringa av drifta på Kvaløysletta og opning av Kroken er ei utgreiing om heildøgns omsorg som var bestilt av Helse- og velferdsutvalet og vi kan no vedta ein god plan for Helse og omsorg for dei neste ti åra. Det at vi er komen dit skal Helse og velferdsutvalet i kommunen som er leia av Gunhild Johansen er leiar for ha ein del av æra for. Dei har pressa på for å få dette på plass.

Gunhild Glosemeyer Johansen er leiar i Helse- og velferdsutvalet i Tromsø kommune. Det er Helse og velferdsutvalet som har bestilt den nye rapporten om heildøgns omsorg. Foto: Martin Eilertsen

Prosessen omkring Kvaløysletta sjukeheim har ikkje vore god. Men eg er forundra over at leiarskribenten i nordlys vel å rette skytset mot SV og Gunhild Johansen i denne saka. SV (saman med Frp og MdG) ønska å behandle ei sak frå Helse og velferdsutvalet i kommunestyret i si fulle breidde i kommunestyret. Fleirtalet i formannskapet sa nei til at kommunestyret skulle behandle den saka. Dei overlot altså dette til administrasjonen. Kanskje kunne ei skikkeleg handsaming i kommunestyret vore med på å unngått den situasjonen vi har vore i.

Det er fleire ting som ver viktig no. Vi skal opne fleire institusjonsplassar i kommunen, men vi må framleis klare å halde fokuset på det som vil avgjere om kommunen skal klare å gje eit godt helsetilbod framover. Det er to ting som er heilt sentrale:

  1. Vi må få fleire omsorgsbustader
  2. Vi må bli betre rehabilitering slik at fleire kan bu heime og ikkje treng institusjonsplassar.

Eg er veldig glad for at Gunhild Johansen framleis skal leie dette arbeidet i Helse og velferdsutvalet. Det gjer at eg er tygg på at fokus og strategi i kommunen framover vil vere på rett plass.

Lang liste over saker i kommunestyremøtet 28. april

Kanskje synst du eg burde skrive meir om andre ting enn kommunestyret i Tromsø på denne bloggen? Eg er i så fall litt samd med deg i det, men det er no Tromsø og tromsøpolitikken eg er mest opptatt av, så då blir det jo slik. Uansett er det klart for eit nytt kommunestyremøte.

Det førre kommunestyremøtet vart avlyst pga av coronasituasjonen så mange av sakene som skal opp denne gongen har eg omtalt i eit tidlegare innlegg som du finn her. Men nok innleiing la oss gå over til sakene som skal opp. Du finn forresten heile sakslista og lenke til saksframlegga nedst i dette innlegget.

Atomubåtar

Eg tenkjer at den største faren knytt til anløp av atomubåtar er terror av ulikt slag, men vi veit og at vedlikehald er forbunden med større risiko. Det som uansett er heilt sikkert er at kommunen ikkje er klar til å handtere eit uhell, ulykke eller anna hending med eit reaktordrevet fartøy. Det har kommunedirektøren bekrefta både overfor formannskapet og i media. Eg meiner derfor det er fullstendig uforsvarleg av forsvaret å tillate anløp av reaktordrivne fartøy før det som eit absolutt minimum er på plass.

I tillegg meiner eg at det er feil å tru at anløp av reaktordrivne fartøy i Tromsø aukar norsk tryggleik. Tvert i mot meiner eg at det fører til auka spenning mellom Russland og NATO. Eg trur på ingen måte at vi står ved inngangen til ein krig, men auka spenning aukar og faren for uhell. Det må vi ta med oss.

Eg tenkjer kommunestyret i denne saka bør som eit minimum gjere to ting. Det første er at vi må få ei avklaring frå justisdepartementet på hamneloven. I hamneloven §27 loven står det: «Plikten [til å ta mot fartøy] gjelder ikke dersom mottak av fartøyet kan innebære en risiko for miljøet eller for sikkerheten.»

Ei naturleg lesing av dette må jo vere at kommunen gjennom Tromsø Havn kan nekte å at mot reaktordrivne fartøy. Dessverre er ikkje Samferdselsdepartementet som fagdepartement samd i dette. Det må derfor avklarast av lovavdelinga i Justis.

Det andre er at det uansett må vere uaktuelt å motta reaktordrivne fartøy til Grøtsund før beredskapsplanverket er behandla i kommunestyret og vi er sikre på at vi er rusta for eit uhell. Det er vi ikkje no. Den nøyaktige ordlyden i det vi bør vedta må vi diskutere fram mot kommunestyremøtet.

Her kan du laste ned den usladda versjonen av forsvarets ROS-analyse.

Fastlegeordninga i Tromsø

 Vi har store utfordringar med fastlegeordninga i Tromsø. Vi slit med å rekruttere folk, vi slit med å få nok legar til legevakta og arbeidsbelastninga for mange fastlegar er så høg at det er problematisk. Administrasjonen skriv i sitt saksframlegg:

Det er en samlet oppfatning fra både fastlegene og kommunen at dersom ikke tiltak iverksettes raskt, vil det være stor risiko for at fastleger sier opp sine avtaler. Det vil også skape store utfordringer med å få besatt hjemler eller skaffe vikarer, og vil føre til at fastlegetjenesten og den akuttmedisinske beredskap v/Legevakten ikke klarer å opprettholde forsvarlig tilbud for Tromsø kommunes befolkning innen utgangen av 2021.

Konsekvensane dersom vi skulle velje å ikkje gjere noko er ganske alvorlege. Igjen for å sitere saksframlegget:

Dersom kommunen velger å ikke gjennomføre tiltak rettet mot fastlegene nå, vil situasjonen forverres ytterligere allerede i 2021. Det vil føre til ytterligere rekrutteringssvikt, og flukt fra fastlegestillinger med ubesatte hjemler som konsekvens. Det er sannsynlig at flere fastleger kommer til å bli sykemeldte eller slutte, og det vil bli enda vanskeligere å rekruttere eller skaffe vikarer. Legevakta har allerede ukentlige problemer med å få dekt vaktene. Disse utfordringene vil bli enda hyppigere og det er sannsynlig at det vil resultere i at det vil være dager uten lege på legevakt/akuttmedisinsk beredskap. Kommunen vil fremover i større grad måtte leie inn fra vikarbyråer, hvilket også er vanskelig, betydelig dyrere og kan medføre en tjeneste med dårligere kvalitet. Kommunen vil ikke lykkes med satsningen på tidlig innsats, selvstendighet og egenmestring.

På denne bakgrunnen har administrasjonen lagt fram forslag på fem tiltakspakker for å avhjelpe situasjonen. Tiltaka går på mange ting, men det viktigaste er kanskje rekruttering av fleire fastlegar  og dermed lågare arbeidsbelastning samt tilskott for å behalde dei eksisterande legane. Samla kostar dette kommunen ca 100 millionar fordelt på fire år.

Det er mykje pengar i den situasjonen kommunen er. Det er og problematisk at kommunen må inn å subsidiere det som i utgangspunktet er ei statleg ordning. I dag må over 80% av kommunane inn med ulike ordningar for å sikre tilgang på fastlegar. Det betyr og at det blir ein slags konkurranse mellom kommunane, noko som aukar kostnaden for alle.

Uansett, eg trur ikkje vi har noko val, men vil gå inn for denne ordninga.

Mange private forslag

Det er heile seks private forslag i dette kommunestyremøtet. Tre av dei skulle eigentleg opp førre gong. Det er eitt forslag frå Arbeidarpartiet om hendinga på Utøya og regjeringskvartalet den 22. juli. Dei foreslår mellom anna ein minnestad i Tromsø og at 22. juli-hendinga må inn i skolane i samband med fagfornyinga som foregår. Eg synst det er gode forslag og vil støtet dei. Terrorhendingane den 22. juli var eit høgreekstremt angrep på den norske staten og på Arbeidarpartiet og ei av dei mest alvorlege hendingane i Noreg etter krigen. Det må vi minnast og ta på alvor. Det kan skje igjen om vi ikkje er på vakt.

Barbara Vögele i MdG foreslår eit forsøk med å gjere Skippergata bilfri i sommarferien. Eg liker dette forslaget. Eg har lenge tenkt at det hadde vore fantastisk å kunne redusere til to felt gjennom Skippergata og kunne utvide Jaklins plass og få litt meir liv i det som er ei ganske fin gate. Eg tenkjer at det aller meste av den trafikken som i dag går gjennom Skippergata anten kan gå inn i tunellen i Hansjordnesbukta eller opp Elevgata også over Storgatbakken.

Jarle Heitmann i Ap har eit forslag som heiter: «Tiltak mot hat og trusler rettet mot folkevalgte» Forslaget viser til at 4 av 10 folkevalde har blitt utsatt for hatfulle ytringar eller truslar. Dette er ei utforsdring for demokratiet. Vi veit og at kvinner i større grad blir utsatt for slike ting. Det er eit problem for å sikre at alle kan delta i lokalpolitikken.

Trollvassbu

Dokker har heilt sikkert sett diskusjonen om Trollvassbu i media. Eg skal ikkje ta stilling til kven som har rett av Turlaget og grunneigaren i saka som er for retten no. Men eg meiner at Trollvassbu er  viktig for folk i Tromsø og vi må sørge for at bua framleis skal vere tilgjengeleg. Derfor meiner eg at kommunen må inn å ekspropriere tomta slik at den vil vere tilgjengeleg for skolar og alle andre.

Fleire saker

Det er fleire andre ganske store saker i kommunestyremøtet. Men denne bloggposten er blitt lang nok. Lurer du på noko eller har innspel til saken eg har sagt noko om eller dei andre kom med dei.

Heile sakslista til kommunestyremøtet

Atomubåtar til Tromsø

I går fekk eg endeleg lese forsvarsdepartementet sin oppdaterte risiko- og sårbarheitsanalyse av anløp av reaktordrevne fartøy til Grøtsund hamn i Tromsø. Etter å ha lest denne er eg enno meir sikker på at det var feil at Tromsø aksepterte anløp av atomubåtar. I kommunestyret i oktober 2020 var det berre SV, R og MdG som stemte mot å akseptere anløp av reaktordrevne fartøy til Grøtsund.

Kva viser så den nye analysen. Den viser at eit uhell, ulykke, terroraksjon eller liknande med ein atomubåt på Grøtsund vil ha store konsekvensar for Tromsø. Så er det sjølvsagt små sjansar for at det skal skje ei ulykke, men konsekvensane er store om det skulle skje.

Dette kartet viser spreiinga til luft i tromsøområdet:

Ved konsentrasjonar over 1000 becquerel (det lysegrønne på kartet) så må alle barn og gravide ta jodtablettar og det blir forbod mot handel med matvarer, fabrikkar ol. må beskyttast i ein akuttfase.

Dersom vi zoomer ut frå sjølve tromsøområdet så viser denne figuren område der det kan måtet gjerast tiltak:

Spreiing til luft vil forsvinne når utsleppa stopper. Den langsiktige verknaden får vi ved deponering til jord. Denne figuren viser området for tiltak ved deponering av radioaktive isotopar:

Raud sone omfattar store delar av Tromsøya. Der kan det bli behov for tiltaka i punkt b oppafor her. I heile gul sone kan det bli aktuelt med begrensingar i bruk av leikeplassar og parkar.

I raporten står det at det er vanskeleg å gje sikre tal for opptak i fisk og skadeverknader i havet, men at fleire fiskeplassar, fiskemottak og gyteplassar vil kunne bli påverka. I følgje rapporten kan det forekomme konsentrasjonar på over 10 000 becquerel heilt mot Arnøya. Så kan vi jo berre forestille oss korleis det blir å selje norsk sjømat i den internasjonale marknaden etter ei slik ulykke.

Det er ingen tvil om at ei ulykke med ein atomubåt på Grøtsund vil få store konsekvensar. Så må vi sjølvsagt huske på at sjansen for at noko galt skal skje er veldig liten. Eg meiner likevel at dette er ein unødig risiko å ta. Og det er før vi tar til å diskutere kva dette betyr for Tromsø i tilfelle krig eller krise mellom NATO og Russland. Deter openbart at dette gjer Tromsø til eit viktigare mål for Russland.

Eg har skrive mykje om dette på bloggen før:

Her kan du laste ned den sladda versjonen av ROS-analysen.

Exit mobile version