I går fekk eg endeleg lese forsvarsdepartementet sin oppdaterte risiko- og sårbarheitsanalyse av anløp av reaktordrevne fartøy til Grøtsund hamn i Tromsø. Etter å ha lest denne er eg enno meir sikker på at det var feil at Tromsø aksepterte anløp av atomubåtar. I kommunestyret i oktober 2020 var det berre SV, R og MdG som stemte mot å akseptere anløp av reaktordrevne fartøy til Grøtsund.
Kva viser så den nye analysen. Den viser at eit uhell, ulykke, terroraksjon eller liknande med ein atomubåt på Grøtsund vil ha store konsekvensar for Tromsø. Så er det sjølvsagt små sjansar for at det skal skje ei ulykke, men konsekvensane er store om det skulle skje.
Dette kartet viser spreiinga til luft i tromsøområdet:
Ved konsentrasjonar over 1000 becquerel (det lysegrønne på kartet) så må alle barn og gravide ta jodtablettar og det blir forbod mot handel med matvarer, fabrikkar ol. må beskyttast i ein akuttfase.
Dersom vi zoomer ut frå sjølve tromsøområdet så viser denne figuren område der det kan måtet gjerast tiltak:
Spreiing til luft vil forsvinne når utsleppa stopper. Den langsiktige verknaden får vi ved deponering til jord. Denne figuren viser området for tiltak ved deponering av radioaktive isotopar:
Raud sone omfattar store delar av Tromsøya. Der kan det bli behov for tiltaka i punkt b oppafor her. I heile gul sone kan det bli aktuelt med begrensingar i bruk av leikeplassar og parkar.
I raporten står det at det er vanskeleg å gje sikre tal for opptak i fisk og skadeverknader i havet, men at fleire fiskeplassar, fiskemottak og gyteplassar vil kunne bli påverka. I følgje rapporten kan det forekomme konsentrasjonar på over 10 000 becquerel heilt mot Arnøya. Så kan vi jo berre forestille oss korleis det blir å selje norsk sjømat i den internasjonale marknaden etter ei slik ulykke.
Det er ingen tvil om at ei ulykke med ein atomubåt på Grøtsund vil få store konsekvensar. Så må vi sjølvsagt huske på at sjansen for at noko galt skal skje er veldig liten. Eg meiner likevel at dette er ein unødig risiko å ta. Og det er før vi tar til å diskutere kva dette betyr for Tromsø i tilfelle krig eller krise mellom NATO og Russland. Deter openbart at dette gjer Tromsø til eit viktigare mål for Russland.
Det var 623 færre sysselsette med bustad i Tromsø ved utgangen av 2020 enn ved utgangen av 2019 i følgje Statistisk sentralbyrå. Dersom vi ser på talet på sysselsette med arbeidsstad i Tromsø så er nedgangen på heile 978. SSB melder og at det er i Troms og Finnmark nedgangen i sysselsetting har vore størst i heile landet. I dagens iTromsø er NHOs Målfrid Baik ute og advarer og er bekymra for ytterlegare nedgang i sysselsettinga framover.Den bekymringa er det verd å ta på alvor
Dette vil bli ei stor utfordring for oss alle framover. Vi kan ikkje berre gå ut frå at alle desse arbeidsplassane dukkar opp igjen på magisk vis så snart pandemien er over. Det vil krevje hardt arbeid frå oss alle. Frå det offentlege verkemiddelapparatet, frå dei som skal etablere/reetablere bedrifter og frå bedrifter som skal ekspandere.
Eg er sjølvsagt innstilt på at kommunen skal gjere det vi kan for å legge til rette for arbeidsplassar, men det er staten som har dei store og sterke verkemidla. Det er dei som må stille opp med kapital og støtte om det verkeleg skal monne. Så håper eg at vi og kan bruke denne krisa til å legge til rette for eit næringsliv som tar klima og miljøutfordringane på alvor. SV sin plan for det grønne skiftet som verkeleg vil monne for klimaet og skape gode og lønsame arbeidsplassar finn du her.
Dersom vi dykkar litt ned i tromsøtala ser vi ikkje overraskande at det er innafor overnatting og servering at nedgangen i sysselsetting er størst. Der har talet på sysselsatte gått frå 2075 til 1673. Det er 402 personar som har mista inntekta si. Også innanfor transport og lager er det ein tydeleg nedgang i sysselsettinga. Varehandel er ei stor næring i Tromsø, men det er omtrent på status quo. Endringa der er frå 4993 til 4957 personar. Nedgangen i heiltidsstillingar er litt mindre. Også innafor forretningsmessig tenesteyting er det ein nedgang i sysselsette.
Foretningsmessig tenesteyting er bedrifter som sel tenester til andre bedrifter. Det kan vere bemanningsbyrå, vektertenester, men også revisjon, rekneskap, konsulentselskap, arkitektar og liknande.
Byggebransjen derimot ser vi har ein bitteliten vekst. Dei har gått frå 3100 til 3117 sysselsette med bustad i Tromsø. Men tel vi med dei som jobbar i Tromsø, men bur andre stader så er sysselsettinga gått ned.
Størst oppgang er det innafor helse og sosialtenester. Der er det 68 fleire som jobbar, men det er faktisk ein ørliten nedgang i 100% stillinger. Det er også ein liten vekst innafor undervisning og Off.adm., forsvar, sosialforsikring.
Denne grafen viser utviklinga i sysselsettinga for folk med bustad i Tromsø.
Og denne viser utviklinga i sysselsettinga for folk med arbeidsstad i Tromsø
I dag har Tromsø kommune lagt fram rekneskapen for 2020. Det viser eit overskott (netto driftsresultat) på 113 millionar. Det er 269 millionar betre enn i 2019. Det betyr at vi klarer å dekke tidlegare års underskott og kan sette av sju millionar på disposisjonsfondet.
Det aller viktigaste talet er likevel dette. Sjølve drifta i Tromsø kommune er 72 millionar betre enn i 2019. Dette kjem av steinhardt arbeid frå alle tilsette i kommunen. Det er jobba veldig godt i pleie og omsorg, i skole og barnehage og i administrasjonen. Utan innsatsen frå dei tilsette i kommunen ville ikkje dette vore mogleg.
Dette betyr ikkje at Tromsø kommune er på den grønne grein. Det er framleis store utfordringar i kommunen. Vi må klare store investeringar i omsorgsbustader og skole i åra framover. Det blir ikkje enkelt. Men dette resultatet viser at kommunen er på rett veg, sjølv om det framleis er mange store oppoverbakkar. Dei oppoverbakkane må vi gå saman – heile tromsøsamfunnet.
Denne grafen viser at det går mykje opp og ned med resultatet frå kommunen.
Det er problematisk i seg sjølv. Det er ein fare for at vi overreagerer både på overskott og underskott. Det er lett å avblåse ei krise og bruke for mykje pengar etter eit overskott, men det er nesten eit større problem at vi overreagerer på underskott og gjer større kutt enn det som er naudsynt.
Det er viktig å huske på at mykje av overskottet i 2020 var eingongsinntekter. I 2020 hadde vi 44 millionar mindre i pensjonskostnader enn budsjettert. Det er summar som kommunestyret har liten innflytelse på. Det heng saman med utviklinga i kapitalmarknadane og alderssamansettinga av arbeidsstokken. I tillegg hadde vi betalt for mykje i avdrag tidlegare år som vi kunne rekneskapsføre inn i år. Desse 90 millionane kan vi ikkje rekne inn til neste år.
Det som er viktig er at sjølve drifta er 72 millionar betre enn i 2019. Men det er ikkje nok. Denne driftsforbetringa åleine ville ikkje gjeve oss overskott i 2020 og sannsynlegvis heller ikkje i år. Det betyr at vi framleis må forbetre drifta om vi skal få ei langsiktig sunn økonomi. Det vil framleis bli tøffe tak i Tromsø kommune, men vi har hovudet over vatnet og vi kan ta til å svømme mot fast grunn.
Eg trur at skytebane og plassering av den blir det store temaet i dette kommunestyremøtet. For skal eg vere heilt ærleg – og det skal eg jo mesteparten av tida – så ser det elles ut til å bli eit ganske greitt møte.
Skytebane i Simavika
Sidan 1973 har Tromsø kommune prøvd å finne ein plass til ein skytebane. Ein skulle tru det ville vore ganske enkelt i ein kommune med over 2500 kvadratkilometer å ta av. Det er det ikkje. Fleire titals plasseringar er greidd ut og forkasta. Det er konfliktar med bustader på grunn av støy, det er miljøvern, det er rasfare, det er reintrekk , det er sauebeite, det er kostnad, det skal vere trygt osb. Vi har no fått ein rapport som seier at det kan vere mogleg å få til ein skytebane i Simavika, sjølv om det er store utfordringar der og.
Det er rundt 8000 skyttarar og jegerar som treng ein plass å trene og å øve i Tromsø. Skyting er ein stor sport og treng anlegg på lik linje med andre idrettar, og jegerar treng å trene for at vi i størst mogleg grad skal unngå skadeskyting av vilt. I tillegg til dette treng både heimevern og politi ein treningsarena. Samstundes er Heimevernet tydeleg på at Simavika ikkje er ei god løysning i beredskapssamanheng på grunn av tunellen til Ringvassøya.
I dag har vi ein skytebane med 100 metersbane i Kjoselvdalen. Der er det store konfliktar med lokalbefolkninga på grunn av støy frå skytinga. Det er viktig å ha i bakhovudet, for finn vi ikkje ein alternativ plass til skyting vil det halde fram i Kjoselvdalen. Det er ikkje slik at ved å seie nei til ei ny plassering så stoppar skytinga.
Rapporten vi har fått til dette kommunestyret seier at det kan vere mogleg å etablere ein skytebane i Simavika. Men det er ikkje uproblematisk og mykje som framleis er uklårt. Det er fire ganske store og viktige spørsmål som vi må finne ut av:
Økonomien. Kven skal eventuelt betale for regulerings og utgreiingsarbeidet, for ikkje å snakke om bygginga av sjølve banen?
Sikring av vasskjeldene i Simavikdalen. Vi må vere heilt sikre på at vasskvaliteten ikkje blir påverka og at dei dammane vi har der er trygge for dei som skal vere i dalen.
Reindriftsnæringa. Reindrifta er pressa på heile Kvaløya. Vi må løyse utfordringar med trekkveg og beite for reindrifta.
Sauebeite. Området er beite for i alle fall eit sauebruk. Er det mogleg å få til sameksistens mellom ein skytebane og beite?
Eg trur det er mogleg å få det til i Simavika, men det er mykje som må løysast. Vi må og vere sikre på at å løyse dette ikkje vil koste kommunen mykje pengar.
Sommarskoletilbod?
Høgres Erlend Svardal Bøe har levert eit privat forslag om at kommunen skal opprette eit sommarskoletilbod. Eg synst det kan vere ein god ide, men det er fleire usikre ting med dette. For det første har kommunen allereie ein del fritidstilbod om sommaren. Kanskje er det betre å bygge på det vi har heller enn å lage noko nytt? Det andre er at tromsøskolen er hardt press på økonomi som det er. Eit nytt tilbod som vil ta ressursar frå den vanlege skolen meiner eg blir ei feil prioritering.
Men regjeringa har innført ei tilskotsordning for sommarskoletilbod. Dersom vi kan fullfinansiere dette tilbodet med pengar frå andre så må vi sjølvsagt peise på.
Årsmeldingstid
På denne tida av året er det sjølvsagt årsmeldingar. Det er fint å sjå litt tilbake på året som har gått. I dette møtet skal vi handsame årsmeldinga frå Eldrerådet og frå Inkluderingsutvalet. Begge meldingane vitnar om god aktivitet og at desse utvala gjer jobben sin på ein god måte. Takk til leiar i Eldrerådet, Oddny Aleksandersen og leiar i Inkluderingsutvalet Abdalla Ali Muhammed for godt arbeid. Forøvrig legg vi merke til at Eldrerådet kritiserer at dei ikkje får eller kjem for seint inn i sakene.
110-sentralen
110-sentralen er eit samarbeid mellom alle kommunane i Troms politidistrikt. I dag driv Tromsø kommune gjennom Tromsø Brann og Redning denne på vegne av alle kommunane. Alle betaler inn til drifta i samsvar med folketal. Spørsmålet er om dette er organisert på ein optimal måte? Det kan vere gode grunnar til å skilje økonomien i 110-sentralen frå økonomien til Tromsø brann og redning. I denne saka har kommunedirektøren laga eit godt notat om organisasjonsmodell og ber om fullmakt til å utgreie saka nærmare. Vi får saka opp igjen i juni etter planen.
Heile sakslista med innstilling til vedtak
Her er heile sakslista så langt. Det kan kanskje enno komme tilleggsaker, interpellasjonar og liknande. Innstillinga er forslag til vedtak frå formannskap, hovudutval eller kontrollutval. Kommunestyret står fritt til å vedta andre ting.
Kommunestyret ber kommunedirektøren om å utrede opprettelse av et sommerskoletilbud for barn og unge i Tromsø etter modell fra Oslo. Utredningen legges frem for kommunestyret innen april, slik at det er mulig å få på plass et tilbud allerede til sommeren.
Kommunestyret ber kommunedirektøren om å raskest mulig gå i dialog med utdanningsmyndighetene for å få finansiering til opprettelsen av et sommerskoletilbud for barn og unge fra midlene som er satt av i den nye krisepakken for å håndtere koronakrisen (Prop. 79 S 2020–2021).
Kommunestyret viser til funn og konklusjoner i forvaltningsrevisjonsrapporten «Gjennomføring av investeringsprosjektet Tromsøbadet».
Kommunestyret ber kommunedirektøren gi kontrollutvalget en skriftlig redegjørelse om følgende forhold:
Har kommunedirektøren gjennomført egen evaluering av prosjekt Tromsøbadet, og har dette medført endringer i rutiner eller annet relevant planverk for investeringsprosjekter?
Hvilke læringspunkter har kommunedirektøren identifisert ut i fra begge forvaltningsrevisjonsrapporter om Tromsøbadet, og hvordan er dette tenkt fulgt opp i det videre arbeid med investeringsprosjekter.
Hvilke tiltak er eller vil bli iverksatt for å oppfylle revisjonens anbefaling i rapporten om å
Sikre tilstrekkelige interne ressurser i prosjektorganisasjonen i investeringsprosjekter
Sikre brukermedvirkning i alle faser av investeringsprosjekter
Kommunestyret finner kommunedirektøren svar av 15.12.2020 som tilfredsstillende oppfølgning av kommunestyrets vedtak i sak 57/20.
Kommunestyret legger til grunn at tiltak og planer som fremkommer av ovennevnte redegjørelse fullføres- og legges til grunn i det videre arbeid med styrking av internkontroll i barnevernstjenesten.
Kontrollutvalget ber kommunedirektøren melde tilbake til kontrollutvalget om status for planlagte tiltak innen utgangen av 2021.
Kommunedirektørens merknader til fremtidig organisering av 110-sentralen tas til etterretning.
Kommunedirektøren gis myndighet til å utrede nærmere 110-sentralen som enten kommunalt foretak (KF), interkommunalt selskap (IKS) eller interkommunalt samarbeid etter kommuneloven. Forslag til ny organisering av 110-sentralen fremlegges kommunestyret innen juni 2021.
Tromsø kommune aksepterer at det foretas følgende endringer i kommunestyrets garantivedtak av 30.05.2018, k-sak 109/18, ovenfor Tromsø Sosiale Entreprenørskap AS:
Det aksepteres debitorskifte ved at Bårstua AS har skiftet navn til Tromsø Sosiale Entreprenørskap AS.
Punkt 3: «Det forutsettes at långiver etablerer pant i Bårstua AS sine anleggsmidler» oppheves.
Punkt 9: «Det forutsettes at långiver etablerer pant i Bårstua AS sine anleggsmidler» oppheves.
Det forutsettes at Statsforvaltningen i Troms og Finnmark aksepterer endrede garantivilkår knyttet til kommunal garantistillelse ovenfor Tromsø Sosiale Entreprenørskap AS.
Niande januar vart Østre Toten kommune utsett for eit stort dataangrep. Det fekk store konsekvensar. Dei som kom seg bak brannmurane til kommunen sørga for:
Å slette alle sikkerheitskopiar og kryptere alle data for å få kommunen til å betale lausepengar.
Sensitive persondata kan vere på avvegar.
Alarmarmband på sjukeheim slutta å fungere
Brannvarslingssystem slutta å fungere
Det kan ta eit halvt år før kommunen får alle sine systemer opp å gå igjen.
Det å sikre at kommunen har gode system for å unngå hendingar som dette blir viktigare og viktigare. Vi lever i ei verd der både kriminalitet og spionasje flyttar over på nett. Det er liksom ingen vits å drive med bankran lenger når alle pengane sit på ein server ein plass.
Derfor tok eg opp denen saka i formannskapet i dag. Eg ville forsikre meg om at Tromsø kommune var oppdatert og har gode system for datatryggleik. Kommunediretøren kunne sjølvsagt ikkje gå inn i detaljar i eit opent møte. Vi kan jo ikkje offentleggjere alle dei systema vi har for datatryggleik, men vi vart forsikre om at dette har høgt fokus i kommunen.
Ingen kan sikre seg 100 prosent mot folk med uærlege siktemål. Men vi må gjere det så trygt som mogleg samstundes som systema våre held fram med å vere brukarvenlege.