Categories
Fylkesting Politikk Troms og Tromsø Val

Stemmerett for 16-åringar i Troms

Fylkesrådet i Troms gjekk i dag inn for at 16-åringar skal få stemmerett ved fylkestingsvalet i Troms. Regjeringa har foreslått ei prøveordning med stemmerett for 16-åringar ved kommunevalet i 2011, no meiner vi at dette bør prøvast òg ved fylkestingsvalet.

Fylkeskommunen har ansvaret for vidaregåande skolar og kollektivtrafikken. Dette er ting vi veit ungdom er opptatt av og har kunnskap om. Det er vel så naturleg å gjennomføre eit forsøk ved fylkestingsvalet som ved kommunevalet. Det er ikkje unaturleg å tru at ein 16-åring er meir opptatt av vidaregåande skole enn grunnskolen.

I Stortingsmelding nr. 33 (2007-2008) opnar regjeringa for forsøk med stemmerett for 16-åringar. I Stortingsmeldinga tilrår regjeringaforsøk berre i kommunane. Vi vil no ta kontakt med partia på Stortinget og be dei vurdere dette òg ved fylkestingsval. Departementet skriv i Stortingsmeldinga:

Å utvida veljargruppa er ein måte å få fleire unge inn i rolla som aktive innbyggjarar i lokalsamfunna sine. På den andre sida er det uvisst i kor stor grad 16 – 17-åringar vil nytta røysteretten sin. Det vil òg vera spørsmål om korleis ein best kan leggja til rette for informasjon til denne nye gruppa. Det kan til dømes skje i samarbeid med skuleverket. Departementet tilrår derfor at dette i første omgang vert prøvd ut som forsøk i nokre få, einskilde kommunar. På den måten vil ein kunna få kunnskap om nivået på deltakinga. Ein vil òg kunna sjå på i kor stor grad forsøket har gjort at denne nye gruppa med røysterett, og også ungdom som i dag har røysterett, er vortne meir medvitne om si rolle i det lokale samfunnslivet og moglegheita for å vera med på å påverka dei lokale høva rundt seg.

Forslaget frå fylkesrådet kjem i ei større sak om ungdomsmedverknad på regionalpolitisk nivå som skal opp på fylkestinget i oktober. I denne meldinga foreslår fylkesrådet å opprette Troms fylkeskommunes ungdomsråd som skal veljast av ungdomskonferansen/Ungdomens fylkesting. Dette er ein del av arbeidet frå fylkeskommunen med å gje ungdom ei sterkare stemme i arbeidet i fylkeskommunen.

Fylkesrådet vil òg ta kontakt med Finnmark for å undersøkje moglegheita for å samarbeide om eit elevombod i dei to fylka.

Categories
Internasjonalt Politikk Troms og Tromsø

Nordområdemuseum

I dag fekk eg lov til å vere med på presentasjonen av ei stor utgreiing om eit framtidig nordområdemuseum i Tromsø. Det er spanande og store planar som vart presenterte. Det var innleiinga ved Ordførar Arild Hausberg, rektor på Universitetet Jarle Aarbakke, Statsekretær Jens Revold og Statssekretær Halvard Ingebrigtsen. Også fekk eg lov til å seie nokre ord.

Som eit eksperiment brukte eg mobiltelefonen til å ta opp det eg sa, og no legg eg det ut her (trykk på lenka «Nordområdemuseum» rett under her).

Nordområdemuseum

Kom gjerne med tilbakemeldingar på om dette var noko lurt, eller kommenter det eg sa.

Categories
Miljø Troms og Tromsø

Kjære Kommunen – sykkelveg

Det er litt leit å plage deg med eit brev akkurat no. Eg veit du har mykje å tenkje på. Du må skjere ned på helse og omsorg og når det er gjennomført så må du finne mange pengar til å planlegge OL. Men, det eg skal spørre om tar berre ein ettermiddag. Det har du kanskje ledig i sommar om det blir overskya og surt – og det blir det jo gjerne. Eg veit det eg lurer på blir prioritert etter dei andre store tinga, men eg trur det eg skal spørre om er noko du kan gjere med venstrehanda medan høgrehanda er opptatt med viktigare ting.

Eg og du Kommunen har minst to ting felles. Vi er begge opptatt av å gjere noko med den menneskeskapte klimaendringane gjennom å redusere utsleppa våre, og vi er interessert i folkehelse. Det vil seie du er opptatt av folkehelse, medan eg er opptatt av mi eiga helse. I dette tilfellet blir det likevel det same.

Eg liker å sykle til jobb og barnehage, du liker at mange syklar. Det gjev meg betre helse, og eg bruker bilen mindre slik at klimapåverknaden blir mindre. Her ha vi vel felles mål? I alle fall, viss eg og andre skal sykle må det leggast til rette for sykling. Eg og mange andre bur langt oppe på Stakkevollan (Det som kjem no gjeld i alle fall delvis dei som kjem frå Hamna og). Vi har tre alternative vegar om vi skal sykle til sentrum. Eg har illustrert dette for deg på eit kart. Du ser det til høgre her.

Den blå følgjer Stakkevollvegen. Der er det mykje trafikk, støvete, og det er langt og bratt opp Nordøyavegen på veg heim. Det er ikkje eit spesielt godt alternativ.

Den raude er på mange ein god sykkelveg. Den følgjer Hansine Hansens veg, forbi Universitetet opp på Dramsvegen og til sentrum. Det er ganske lite trafikk, med mindre ein vel avstikkaren langs det grønne for å sleppe å sykle oppover ved Universitetet. Abret med desse vegane er at det er mykje opp og ned. Det kan bli tungt og er ei barriere mot sykling.

Den svarte er min favoritt. Den går gjennom skogen ved Rundvatnet på den flotte kulturstien. Forbi Barne og ungdomspsykiatrisk poliklinikk, rett nedfor Arkisk-biologisk stasjon, forbi Kraft og opp til Dramsvegen forbi Gjennomgangsbygget. Vegen er nesten utan trafikk. Det er ingen lange bratte oppoverbakkar. Ein god sykkelveg – hadde det ikkje vore for ein kort liten bit. Og her kjem vi til spørsmålet mitt kjære kommune.

Stien nedfor Arktisk-biologisk stasjon er ein gjørmete krøttersti. Humpete og vanskeleg å sykle, spesielt om du har barn med deg. Det burde vel desse to bileta tydeleg vise.

Kartet viser og tydeleg at det ikkje er lange biten det står på. 225 meter for å vere eksakt. Litt grus det er alt eg ber. Eg trur ikkje det blir så dyrt. Du har kanskje litt grus liggande etter større og viktigare prosjekt som kan passe til dette.

Dersom stien skal vere 1,2 meter brei, og vi i snitt treng 0,3 meter masse fylt på stien og lengda er 225 meter skulle dette bety ca 81 kubikk grus. Eg veit ikkje nøyaktig kostnad. Men noko særleg over 20 000,- kroner kan det ikkje koste. Då har du sikkert råd til tre små røyr til stikkrenner og.

Kjære kommune. Dette er eg sikker på at du kan gjere med venstrehanda og i forbifarten når du ikkje er opptatt med viktigare ting. Då vil du ordne ein viktig flaskehals i sykkelvegnettet i Tromsø, og mange vil bli glade. Nokre glade innbyggarar er vel ein god ide, i alle fall ein gong i blant. Eg ser fram til å høyre frå deg om denne saka, og lykke til med alle dei store og viktige oppgåvene dine.

Din gode ven
Pål Julius Skogholt

Categories
Fylkesting Politikk Sosialisme SV Troms og Tromsø

Spel og leik med fellesskapet sine pengar

Denne kronikken skreiv eg i samband med at Tromskraft brukte 100 millionar på oppkjøp i TFDS/Hurtigruten i 2004. Saka har blitt aktualisert i det siste, så eg tenkte nokre kanskje kunne ha interesse av dette. I siste avsnitt i kronikken spurte eg: «Eller er det kanskje slik at dette er ein del av eit større spel, der det enno er mykje vi ikkje veit, der nokre få snakkar saman utan å ta folket med på råd?» Svaret var at dette var ein del av privatiseringa av Tromsbuss. Siste akt kom no gjennom anbudsutsettinga av kollektivtrafikken i Troms.
—————
Den siste tida har eit utruleg spel med fellesskapet sine pengar blitt rulla opp av Nordlys. Troms Kraft eit heileigd offentleg selskap skal bruke 100 millionar på å kjøpe aksjar i TFDS, utan at noko folkevald organ har handsama saka, og gjeve klårsignal for det som skjer.

31. mars
Eventyret tok til den 31. mars i år. Det skulle vere styremøte i Troms Kraft. På styremøtet troppar det opp ei utsending frå TFDS i form av ein konsulent i Pareto Securities. Konsulenten har ein fin presentasjon, og ber styret i Troms Kraft om å bruke 200 millionar kroner på å kjøpe nye aksjar i TFDS. Konsulenten blir i møtet utsett for mange kritiske spørsmål, og viser seg å ikkje kunne svare på desse. Styret handsamar saka og seier samrøystes nei til å bruke Troms Kraft sine pengar på dette viset. Styret har nettopp vedtatt ein strategi som ikkje handlar om å satse på reiarverksemd og reiseliv, men å satse på energi og den infrastrukturen vi er avhengige av.

26.april
Der burde kanskje saka tatt slutt, men den 26. april blir det innkalla til ekstraordinært styremøte i Troms Kraft. Når styremedlemane kjem til møtet ventar fylkesordførar Ronald Rindestu og ordførar i Tromsø Herman Kristoffersen på dei. Saman med dei kjem direktør i TFDS, Tor Lægreid. Tor Lægreid held det som er blitt kalla Nord-Noregs beste powerpoint-presentasjon, og ber styret i Troms Kraft om å vedta ein garanti for ein aksjeemisjon i TFDS på inntil 100 millionar. Styret blir førespegla at det til sjuande og sist vil koste Troms Kraft mellom 50 og 70 millionar, avhengig av teikninga frå dei andre private aksjonærane. Før styret i Troms Kraft handsamar saka får dei tydeleg beskjed for representantane for eigarane, dei to ordførarane, om at eigarane utvetydig vil at styret løyvar det omsøkte beløpet. På direkte spørsmål til fylkesordførar Ronald Rindestu bekrefter han at eigarane instruerer styret om å bruke pengar på TFDS. Det kan vere verd å nemne at Ronald Rindestu ikkje baserer denne instruksen på vedtak i eit einaste folkevald organ. Verken fylkestinget eller fylkesrådet har nokosinne behandla saka. Styret i Troms Kraft handsamar saka. Dei diskuterer om dei skal stille plassane sine til disposisjon, men vel til slutt å følgje det dei oppfattar som ein klar instruks frå eigarane, og vedtar mot røystene til dei tilsette sine representantar å stille den omtalte garantien.

12. mai
Neste kapittel i soga speler seg ut den 12. mai. Det skal vere bedriftsforsamling i Troms Kraft. Denne forsamlinga skal kontrollere styret i selskapet. I møtet den 12. mai blir styreleiaren i Troms Kraft Paul Dahlø spurt direkte om det var planar om å bruke Troms Kraft sine pengar på TFDS. Dette spørsmålet blir ikkje svart på, i alle fall ikkje på ein måte som gjer at bedriftsforsamlinga blir informert om planane om å bruke 100 millionar av selskapet og fellesskapet sine pengar. Det som gjer dette spesielt interessant er at Paul Dahlø har ei dobbeltrolle, han er både styreleiar i Troms Kraft og leiar for fylkesrådet som eig selskapet. I same møte blir bedriftsforsamlinga presentert for eit forslag til vedtektsendringar. I dei gamle vedtektene stod det at Troms Kraft berre kunne investere i beslekta verksemder, og det kan nok ikkje TFDS reknast som. No står det i vedtektene at Troms Kraft kan gjere omtrent alle typar ”lønsame” investeringar. Det vart aldri opplyst i møtet korfor det var naudsynt å endre vedtektene. Dessverre vart det ikkje i dette møtet fleirtal for framlegget frå Rolf-Ketil Bjørn om å utsette vedtektsendringane.

I etterkant er det og blitt kjent at Troms Kraft trulig blir nødt til å bruke 100 millionar på TFDS. Det er ikkje lenger snakk om ei utteljing på mellom 50-70 millionar, ettersom interessa for nyteikning frå dei private eigarane er heller laber.

Kven eig Troms Kraft
Troms Kraft er eigd av folket i Troms og Tromsø gjennom Troms fylkeskommune og Tromsø kommune. Fylket har 60% av aksjane og Tromsø kommune har 40% av aksjane. Eigedomen er forvalta gjennom kommunestyret og fylkestinget. Det er interessant at verken kommunestyret eller fylkestinget har handsama saka om å bruke 100 millionar av fellesskapet sin eigedom på å kjøpe aksjar i TFDS – eit selskap som taper pengar. Dei pengane fellesskapet, gjennom Troms Kraft går inn med i TFDS vil bli brukt for å betale bankar og berge private investorar. Når ordføraren i Tromsø saman med fylkesordføraren på vegne av fylkesrådet går inn og instruerer styret i Troms Kraft til å kjøpe aksjar i TFDS skjer dette utan at dei har ryggdekning i form av vedtak eller diskusjon i eit einaste folkevald organ.

Når fylkesordføraren går inn og instruerer styret i Troms Kraft må vi gå ut frå at dette skjer i samforstand med fylkesrådet. Etter at fylkestinget innførte parlamentarisme har fylkesordføraren ikkje noko sjølvstendig politisk rolle. Han har same plass i systemet som stortingspresidenten har på stortinget. Fleire enn eg ville nok løfte eit augebryn eller to om stortingspresidenten utan politiske vedtak gjekk inn og instruerte styret i Statoil eller Statkraft. I Troms skjer dette no. Men, om vi då går ut frå at fylkesordføraren opptrer på vegne av fylkesrådet og fylkesrådet sin leiar Paul Dahlø, som og er styreleiar i Troms Kraft og har ei underleg dobbeltrolle, så er det utruleg at dette kan skje utan at fylkesrådet har behandla saka. Dette er i beste fall forsømmelse frå fylkesrådet si side.

Er det lurt å bruke fellesskapet sine pengar på TFDS?

Det finst sjølvsagt gode argument for å bruke pengar på TFDS. Det viktigaste argumentet er å behalde hovudkontoret i Tromsø. Likevel er det slik at å bruke pengar på TFDS konkurerer med å nytte pengar til andre gode formål. Viss fylkesrådet meiner det er rett å bruke pengane på TFDS ville den naturlege måten å gjere dette på vere å ta ut eit ekstraordinært utbytte frå Troms Kraft og i fylkestinget argumentere for at det er viktigare å bruke pengar på TFDS enn på vidaregåande skolar, fylkesvegar og kultur. Eg tviler på at fylkesrådet faktisk ville fått fleirtal for ei slik prioritering, og kanskje er det derfor alt skjer utan offentleg debatt. Slik slepp fylkesrådet å forsvare prioriteringane sine overfor veljarar og andre politikarar.

Korfor skjedde dette?
Det er naturleg å spørje korfor skjedde dette utan offentleg debatt? Ønskjer ikkje fylkesrådet fokus på dei prioriteringane dei gjer? Eller er det kanskje slik at dette er ein del av eit større spel, der det enno er mykje vi ikkje veit, der nokre få snakkar saman utan å ta folket med på råd? Det er på tide å spørje om dei gode relasjonane mellom enkelte toppolitikarar og næringslivsfolk kanskje er blitt litt for gode?

Konsekvensar
Frå SV si side tar vi opp saka i førstkomande fylkesting. Der bør fylkesrådet svare godt for seg – tilliten tar til å bli svært tynnslitt.

Categories
Ikkje politikk Troms og Tromsø

Er Oslo ein del av Noreg?

Det er underleg å høyre på eldste guten min av og til. Ofte når han leikar, legg han om til eit slags oslomål. Eg skuldar på Barne-TV, filmar og liknande (korfor er det så få som snakkar anna enn austlandsk i filmar for barn?). I alle fall i dag laga han bæsjesuppe, og det skjedde på austlandsk. Lettare irritert påpeikte eg at han kanskje kunne snakke ordentleg, og ikkje knote. Svaret kom kontant:

— Men pappa, vi leika at vi ikkje er i Norge.

— Å, kor dokk er då, spurte eg.

— Vi er i Oslo, kom sluttkommentaren.

Exit mobile version