Categories
Miljø Politikk SV Troms og Tromsø

Stort trykk bak jernbaneutbygging

Odd Richard Olsen hadde onsdag 13. februar ein god kommentar om satsinga på jernbane i Nord-Noreg. Eg er svært glad for at Harstad Tidende nyttar dyrebar spalteplass på å sette trykk bak eit krav om alternative transportformar i nord. Det er ingen tvil om at vi i framtida ikkje kan basere oss på vegtransport på same måte som i dag.

Eg vil likevel knytte eit par kommentarar til det Olsen skriv, i og med at eg blir direkte utfordra. Eg sit no som fylkesråd og er er svært glad for at fylkeskommunen gjennom RDA-midla har tatt ansvar for å forsere arbeidet med ei planlegging av ein bane mellom Narvik og Tromsø med eventuelle sidebanar når staten dessverre ikkje har gjort det den burde.

Olsen kan vere trygg på at Troms SV bruker alle kanalar for å påverke våre representantar i denne saka. Men tilbake til det som skjer i Troms. Fylkeskommunen er no inne i eit samarbeid med Bardu kommune om ei konsevensutgreiing av ei baneløysing. Det er sett av åtte millionar til denne utgreiinga. Dette vil kunne bli eit beslutningsgrunnlag for regjeringa når dei skal ta stilling til den vidare utviklinga. Fylkesrådet vil og utfordre regjeringa til å gå saman med oss om denne utgreiinga. I tillegg har fylkestinget sagt at fylkeskommunen skal vere planstyresmakt for ei jernbaneutbygging.

Dette betyr at Troms fylkeskommune tar ansvaret for å halde oppe trykket på bygging av jernbane. Som fylkesråd for SV er eg svært godt nøgd med dette.

Categories
Ikkje politikk Troms og Tromsø

Reinkappkøyring

Av og til er det berre artig å vere politikar. I dag var ein slik dag. Eg hadde blitt utfordra av sametingspresident Egil Olli til reinkappkøyring under sprint-NM i Tromsø i dag. Reinsen spring med ei fart av opptil 70 km/t og kuskane heng etter på ski. Eg var livredd før det starta, men det viste seg å vere utruleg artig. Bladet Tromsø har ein video av seansen som du finn her: http://www.itromso.no/nyheter/article135960.ece

Nordlys skriv her og NRK her.

Categories
Ikkje politikk Troms og Tromsø

Ein polekspedisjon

Endeleg kom snøen til Tromsø. Det var ikkje ein augneblink for tidleg, men når eg sykla heim frå arbeid i dag, då merka eg snøen. I byrjinga tenkte eg ikkje så mykje på det. Vi er jo van til at det er litt snø i gatene, men etterkvart vart det ei utfordring. Snøen pakka seg mellom hjul og skjerm.

Eg måtte stoppe kvart femte minutt og banke snøen laus. Etterkvart måtte eg grynne til opp til navet. Det gjekk saktare og saktare, men eigentleg var eg ganske nøgd. For mitt i all denne snøen tok eg til å få ei kjensle av polekspedisjon. Eg kjempa meg fram med tung sykkel gjennom snøen. Motstanden var hard, men det at det trass alt gjekk framover fekk fram den gode kjensla av å vere ein sterk mann som overvinn naturkreftane for å komme heim til kjerring og ungar. Det var derfor ein våt og kald, men ganske fornøyd mann som kom heim etter arbeid i dag. Den gode kjensla vara i eit par sekund. Der kom polkjempen, urmannen litt stolt over kor fort det trass alt gjekk. Ho eg bur saman med delte ikkje heilt den oppfatninga.

— Kor du vart av, skulle ikkje du lage middag, seier ho ganske spist

— Jo, svarte eg, men det var mykje snø, eg kjempa meg fram gjennom snødrivene. Kulturstien var verkeleg ei utfordring.

–Kulturstien, for ein tosk du er, i denne snøen. Ikkje rart du er sein!

Og når trappa var allereie var måkka (av andre enn eg) og middagen ferdig, ja då gjekk eg inn og åt middag med ein mindre bratt nakke enn eit halvt minutt tidlegare.

Categories
Skole Troms og Tromsø Vidaregåande

Kongsbakken 175 år

I går fylte Kongsbakken vidaregåande skole 175 år. Kongsbakken er ein av dei eldste utdanningsinstitusjonane i Nord-Noreg, og ein viktig institusjon. Her kan du sjå TV Tromsø sitt innslag frå feiringa, og les du vidare kan du lese delar av talen min.

Categories
Internasjonalt Skole Troms og Tromsø Vidaregåande

Murmansk og Jul

I tre dagar før jul var eg i Murmansk. Det er alltid spennande å besøke Russland. Det er artig å sjå den store økonomiske framgangen som er i landet. I alle fall i byane, og det er fortvilande å sjå kor sakte det går før alle er på eit leveleg nivå. Samstundes er det tungt ikkje å kunne i særleg grad påverke landet sin glidebane til ein styreform som blir meir autoritært og korporativt.

Russland har fått eit tydeleg autoritært styresett. Økonomien blir korporativ i større grad med ein stat som opererer meir eller mindre utanfor loven – eller over loven. Men samstundes skal vi vere klåre over at Russland har gått gjennom ei stor omveltning. Ei omveltning som ikkje har gjort det lett å skape eit liberalt demokrati, utan korrupsjon med like mulegheiter for alle. Kanskje er ein sterk stat styrt frå sentrum naudsynt i ein periode? Sjølv om det er uråd å akseptere dei overgrepa og den terroren som har skjedd i Tsjetsjenia.

Det som likevel varmar er det gode samarbeidet i Nordområda. Det at eit norsk redningshelikopter kan redde russiske sjømenn i Russland er fantastisk og eit godt bilete på kor langt vi er komen frå tida med den kalde krigen. Det er ikkje meir enn 20 år sidan opninga tok til.

No skal vi samarbeide med fylkesstyresmaktene i Murmansk om å opprette ein russisk-norsk vidaregåande skole i Murmansk (og det er artig å bli intervjua på russisk TV ).Ein skole som skal vere med på å gje grunnlag for eit enno betre samarbeid både om næringsliv og kultur. Hovudfokus på skolen skal vere entreprenørskap og klima. To svært viktige tema i samarbeidet i nordområda. I tillegg trur eg vi kan ha ein del å lære av russisk pedagogikk – kanskje spesielt knytt til realfaga. Vi sit no og ser på læreplanane for å prøve å sameine norske og russiske læreplanar. Det viser tydeleg at landa vektlegg ulike tema i undervisninga. Det blir spennande å sjå dette i samanheng.

Forøvrig, God jul alle saman.

Exit mobile version