Sju ting å tenke på før du bruker Hangout on Air

Hangout on Air (HoA) er eit ganske nytt tilbod frå Google, som eg ikkje har sett brukt så mykje i Noreg. Eg synst det er eit kjemespennande nytt medium som har eit enormt potensiale i politikk, marknadsføring og undervisning.

Kva er Hangout on Air

Hangout on Air er i botn ein videosamtale med opptil ti deltakarar. I utgangspunktet liknar det litt på skype sine videosamtalar. Det som gjer HoA spesielt er at samtalen kan vere offentleg. Det betyr at du kan ha ein samtale som alle andre i verda kan sjå på. Ditt eiga talkshow! Samtalen blir sendt live på Google+ og på youtube. Det betyr at du og kan embedde/bygge inn videoen på bloggen din eller ei anna nettside.

Eg har gjort nokre forsøk med å bruke dette i politisk samanheng. Eg har invitert stortingsrepresentant Torgeir Knag Fylkesnes (og andre) til å diskutere politikk og andre til å kommentere og spørje undervegs.

Eg synst sjølv dette har fungert godt, og har fått fine tilbakemeldingar. Men, eg trur vi framleis har eit stort utviklingspotensiale. Under har eg bygd inn nokre av samtalane eg har hatt. Ta gjerne ein titt.

Ut frå dei erfaringane eg har gjort så langt har eg nokre tips å dele

Sju tips

  1. Test alt på førehand, spesielt er det viktig å teste at gjestane dine er pålogga og kan bli med. Det er seriøst stressande å drive naudhjelp på telefon rett før sendinga skal starte for å få folk med.
  2. Bruk tid på førehand å fortelje om hangouten slik at du faktisk får folk til å sjå på. Det er litt trist å vere åleine
  3. Som vert er det viktig å gjere seg godt kjent med mekanikken. Du skal helst vere i stand til å delta i ein intelligent samtale, samstundes som du følgjer med på spørsmål og kommentarar frå fleire kjelder. Det klarer du ikkje utan å ha gjere deg godt kjent med korleis ting foregår på førehand.
  4. Sjekk at bakgrunnen der du sit ikkje skaper feil assosiasjonar eller at det ser ut som merkelege ting stikk ut av hovudet ditt.
  5. Tenk nøye gjennom kva du faktisk skal snakke med folk om, og sørg for at dei du skal snakke med og kjenner temaet. Det er grensar for kor spennande ting som berre er improvisert er.
  6. Sjå i kameraet, og ikkje på skjermen framfor deg. Dette er noko eg stadig syndar mot, og det er ikkje bra.
  7. Vere budd på at ikkje alt går etter planen. Sendinga er jo live trass alt.

 

Eg blir glad om du bidrar med eigne tips i kommentarfeltet, og svarer gjerne på spørsmål om du har det.

 

Diskutere norsk politikk etter valet?

Hangouten er over, og du kan no sjå opptaket under her

Ny hangout i kveld. Eg vil diskutere med Torgeir Knag Fylkesnes med hovudfokus på norsk politikk etter valet. Vi er live frå klokka 2100 i kveld. I kveld kjem vi og til å invitere folk inn i sjølve samtalen om du vil delta med ein kommentar eller eit spørsmål.

Gje meg eit hint på eventsida om akkurat DU vil inviteres inn

Håper å høyre frå deg i kveld

Skolenedleggingane i Troms – live hangout klokka 2130

I dag slapp fylkesrådet nyheita om at dei går inn for å legge ned tre vidaregåande skolar i Troms. For å ta tak i dette lagar vi ein liten hangout i kveld klokka 2130. Då vil eg diskutere dette saman med Ellen Øseth, som er gruppeleiar for SV  på fylkestinget i Troms. Du kan følgje hangouten live her, eller vere med på diskusjonen på eventsida på google+.

I følgje Nordlys er kuttlista som dette:

  • Nord-Troms videregående skole, skolested Skjervøy legges ned fra 01.08.14
  • Rå videregående skole legges ned fra 01.08.14. Gjenværende opplæringstilbud i Kvæfjord legges administrativt under Heggen videregående skole og Stangnes videregående skole fra 01.08.14.
  • Senja videregående skole, skolested Gibostad, legges ned når nybygget står ferdig ved Senja videregående skole, skolested Finnfjordbotn.
  • Nordkjosbotn videregående skole legges ned når internat/hybelbygg for elever er på plass i Tromsø.
  • I Midt-Troms skal det være to skoler. Stedsvalg og tilbud avgjøres i fylkestinget i mars 2014.
  • I Tromsø skal det være maksimalt tre skoler. Fylkesrådet bes komme tilbake med egen sak om skolestrukturen i Tromsø når det er økonomisk handlingsrom for nødvendige investeringer.

Det siste betyr at minst to skoler til skal nedlegges i Tromsø.

Du kan og lese budsjettframlegget til fylkesrådet her.