Gatas Parlament – Sekstiårslaget (Israel)
Takk til Tromp for denne
Sju av fjorten frå nord
Eg vil gratulere Natur og Ungdom med val av nytt sentralstyre. Sju av dei 14 i sentralstyret er frå Nord-Noreg. Det er eit godt utgangspunkt for den viktigaste miljødebatten i Noreg – skal vi bygge ut olje utanfor Lofoten, Vesterålen og Senja. No bør NU vere godt rusta til å bidra til at vi vinn denne debatten.
Eg har tidlegare skrive om oljeutvinning på denne bloggen, mellom anna her. Vi nærmasr oss ein valkamp der dette kjem til å bli ein svært viktig debatt. SV i Troms er heilt klåre på at vi ikkje treng vinne ut meir olje i dag. Vi er glade for å ha ein god alliert i Natur og Ungdom.
Natur og Ungdom har lage ein presentasjonsvideo av seg sjølv. Ta ein titt:
Eg trur det er grunnleggande viktig at vi får eit samspel mellom miljøorganisasjonen og partia i perioden framover, spesielt fordi SV er delvis bunden av å sitte i regjering av kva vi kan seie offentleg. Eg ser fram til tøffe krav frå NU framover. Saman skal vi stoppe utbygging i dei sårbare områda våre.
Syden, slik Are Kalvø ser det
Klipp og lim i Trondheim har laga denne artige filmen med manus av Are Kalvø
BBC frå al-Shifa sjukehuset
Jenten frå Yttersia
Det er ikkje ofte de kjem til å få ein musikkvideo på denne bloggen, men her kjem ein fantastisk utgåve – frå yttersia av Senja. Nyt!