I går vedtok vi budsjettet for neste år for Tromsø kommune. Det var ingen enkel jobb. Realiteten er at kommunen bruker meir pengar enn det den har. Det kan ingen gjere lenge. Utgiftene på helse og omsorg er omtrent 260 millionar høgare i 2019 enn det vi har å bruke i 2020. Det var den utfordringa vi måtte prøve å løyse.
Frå administrasjonen får vi beskjed om at helse
og omsorg er i stand til å spare ca 140 millionar i 2020 utan at
konsekvensane for pasientar og brukarar blir uforsvarleg dårleg.
Dersom dei skulle måtte spare meir enn 140 millionar ville
det for det første gjere at kostnadane tyter ut ein annan plass og
for det andre ville det føre til ei omfattande nedlegging av
institusjonsplassar. Vi var derfor nødt til å
tilføre i underkant av
120 millionar til helse og omsorg. Når vi gjer det så vil
det framleis vere store utfordringar for helse og omsorg, men
utfordringar som skal vere mogleg å løyse.
Spørsmålet blir så, kvar skal dei 120 millionane helse og omsorg
treng komme frå?
Vi har redusert avsettinga til disposisjonsfond frå 62 millionar til
13 millionar. 13 millionar er eit svært
lågt beløp å sette av til uføresette kostnadar i ein så stor
kommune som Tromsø. Men etter å ha gjort dette manglar vi framleis
71 millionar på å ha dei pengane som helse og omsorg må ha.
Deretter har vi auka utbytta frå dei kommunale selskapa med 20
millionar. Det er eit nivå som er i grenselandet av å vere
forsvarleg, i alle fall inntil Troms Kraft kjem i posisjon til å
betale utbytte igjen. Etter denne operasjonen manglar vi framleis 51
millionar på å ha dei pengane som det er heilt naudsynt å skaffe
fram til helse og omsorg i Tromsø.
Det er dessverre ingen annan plass å hente desse pengane enn i andre
delar av Tromsø kommune. Det er på mange måtar urimeleg å pålegge
dei avdelingane og einingane som klarer å drive innafor budsjett å
betale for helse og omsorg. Alternativet er likevel verre.
Det betyr at det blir nedtrekk på skole,
administrasjon, barnehage bydrift også vidare. Desse nedtrekka vil
få konsekvensar. Vurderinga vår er likevel at det hadde vore verre
å måtte ha ei omfattande nedlegging av
institusjonsplassar, redusere BPA med meir.
Dette har vore ei vanskeleg avveging. Eg er framleis ikkje sikker på
at vi har gjort alt rett i denne prosessen. Det vi har gjort er å
vege dei alternativa vi har hatt mot kvarandre og gjort det vi samla
sett meiner gjev det beste resultatet for innbyggarane i Tromsø.
Utvalsveka er i gang. Denne veka er det møter i dei ulike utvala frå måndag til fredag. Dei første møta er allereie i gang, men eg tenkte likevel eg skulle skrive nokre ord. Alle sakene skal handsamast anten i formannskapet eller i kommunestyret, så det er framleis tid til å komme med innspel
Vil du få beskjed neste gong eg skriv på denne bloggen?
Trygge skolevegar og drivstoffavgift
Den kanskje aller viktigaste saka i utvala
og i kommunestyret denne gongen er eit forslag om å doble drivstoffavgifta i
Tromsø. Grunnen til at denne saka kjem opp er at det enno ikkje er innført ein
byvekstavtale i Tromsø. Vi har enorme utfordringar med infrastrukturen i dag,
og må prøve å få gjort noko med det. Derfor dette forslaget. Etter at
kommunestyret eventuelt har vedtatt dette må det godkjennast av fylkestinget,
regjeringa og stortinget. Så det kjem ikkje på plass med ein gong.
I dag betaler vi 106 øre per liter bensin
eller diesel i lokal avgift her i Tromsø. Denne avgifta er per i dag øyremerka
til utbetring av Stakkevollvegen. I saksframlegget til administrasjonen er det
foreslått at auken og skal gå til Stakkevollvegen. Grunnen til det er at prosjektet
med å bygge firefelts Stakekvollveg ser ut til å bli bra mykje dyrare enn
opprinneleg tenkt. Prisen ser ut til å bli rundt ein halv milliard. Dei pengane
har vi ikkje i dag.
Eg meiner likevel at vi har ei enno større utfordring og som hastar meir. Det er å gje ungane våre trygge skolevegar. Vi kjem derfor til å foreslå at auken i drivstoffavgift i hovudsak skal gå til trygge skolevegar i Tromsø.
Det er dessverre fleire saker som handlar om
auka avgifter. Vi skal handsame ei sak om piggdekkavgift i Tromsø. Saka heiter
eigentleg «Tiltaksutredningen for lokal luftkvalitet-Tromsø kommune», og
det er jo eigentleg det saka handlar om. Korleis kan vi sikre at lufta i Tromsø
ikkje er helseskadeleg. Dei siste åra har vi i Tromsø gått over den juridiske
grensa for svevestøv. Det betyr at vi er pålagt å lage ei slik tiltaksutgreiing.
Pålegget frå direktoratet kom i mars 2017. Vi har utsett denne saka fleire
gonger fordi vi er lite lystne på å innføre avgifter for folk i Tromsø. Men
svevestøv er eit alvorleg helseproblem som vi må gjere noko med. Eg saksar litt
frå saksdokumentet:
«Eksponering for svevestøv kan sette i gang
betennelsesreaksjoner som kan medvirke til utvikling og forverring av
lungesykdommer og hjerte-kar sykdommer. Forskning tyder også på sammenheng
mellom svevstøveksponering og effekter på fosterutvikling, nervesystem og
stoffskifte. Undersøkelser fra hele verden viser sammenheng mellom økte nivåer
av svevestøv i luften og antall sykehusinnleggelser og dødsfall i befolkningen.
Ifølge den siste luftkvalitetsrapporten fra det europeiske miljøbyrået (EEA)
sto PM 2,5 for rundt 400 000 for tidlige
dødsfall 1 i Europa i 2014. I Norge
anslås at eksponering for PM 2.5
resulterer i cirka 1500 for tidlige dødsfall. En studie fra New Zealand
viser at PM 10 er årsak til ca. 900 for
tidlige dødsfall nasjonalt årlig.»
Dette bildet viser skilnaden i område som er over grenseverdiane for svevestøv utan at vi gjer noko og dersom vi kjem til 50% piggfriandel. Kjelde: Tiltaksutgreiinga.
Denne tabellen viser kor mange i Tromsø som er ramma av svevestøv. Kjelde er tiltaksutgreiinga.
Scenario
Antall som eksponeres for årsmiddel over juridisk grenseverdi (25 µg/m 3 )
Antall som eksponeres for døgnmiddel over juridisk grenseverdi (31 døgn over 50 µg/m 3 )
Antall som eksponeres for 31 døgn over luftkvalitetskriteriet (døgnmiddel 30 µg/m 3 )
Referansesituasjonen 2023
100-200
300-400
Ca. 3900
Framtidig situasjon 2023 med 50% piggfriandel
0-100
100-200
Ca. 800
Framtidig situasjon 2023 med 60% piggfriandel
0-100
0-100
Ca. 500
Situasjonen er den at
det døyr fleire mennesker av trafikken enn i trafikken. Det må vi gjere noko med. I utgreiinga er det lista opp sju tiltak
som vil bli sett i gang. Dei sju er:
Innføre
piggdekkgebyr etter prinsippet at forurenser betaler
Videreføre
piggdekkpant
Øke
innsatsen på renhold og støvdemping av veiene gjennom hele året. Støvdemping
skal ses i sammenheng med renhold. På de meste trafikkerte veistrekningene skal
kun salt, og ikke strøsand, brukes som middel for friksjon.
Tromsø
kommune, Statens Vegvesen og Troms fylkeskommune skal etterstrebe et «vegg-til-vegg»-prinsipp
ved renhold av veier. Renholdet må også
omfatte tilgrensende områder som parkeringsplasser, havne- og industriområder.
Snødepoter skal fjernes for å hindre at de blir støvdepoter når snøen smelter.
Forsvarlig håndtering av kostemasser skal sikres.
Skjerpe
bestemmelsene for luftforurensning fra bygg- og anleggsplasser i kommuneplanens
arealdel ved neste rullering
Øke
tilsynet av støvhåndtering i bygg- og anleggsprosjekter
Holdnings-
og informasjonskampanjer med målsetting om å øke piggfriandelen til 50 % innen
2025
Kanskje er dei viktigaste tiltaka nummer
tre og fire. I det ligg det ein betydeleg innsats for å fjerne støv og
reingjere vegane våre. Dessverre har vi ikkje råd til desse utan at vi
samstundes innfører piggdekkavgifta. Det er piggdekkavgifta som skal betale for
desse tiltaka. Eg meiner at det er nokre føresetnader som må ligge til grunn
for å innføre dette. Det eine er at piggdekkavgifta må avviklast når og viss
det blir bompengar i Tromsø. Det andre er at vi må sjå om vi kan ha ei lågare
avgift for dei som bur utanfor bybussområdet og dermed ikkje kan velje bort
bilen. Dei kan sjølvsagt velje bort piggdekka og slik sleppe avgifta, men
utgangspunktet er at forureinar skal betale og forureiningsproblemet er størst
i byen så det er rimeleg at dei som køyrer mest der betaler mest.
Også er det viktig at vi held fast med den ordninga vi allereie har om at dersom du bytter frå piggdekk til piggfrie dekk så får du 1400 kroner i pant frå kommunen.
Budsjettet for 2020 vart vedtatt i september. Men no i desember skal vi revidere budsjettet. Dei største endringane i budsjettet er knytt opp til endringar som er gjort i statsbudsjettet og som får konsekvensar for Tromsø og andre kommunar. Situasjonen er at det framleis er svært trangt i budsjettet og lite moglegheit for sprell av noko slag. Vi er bekymra for budsjettsituasjonen til Helse og Omsorg. Eg trur likevel at eventuelle endringar må vi gjere i Økonomirapport 1 når vi veit litt meir om korleis året går. Her vil diskusjonane gå heilt fram til kommunestyremøtet. Vi har jo ein veldig liten buffer 60 millionar som er veldig lite på eit budsjett på seks milliardar.
To av utvala skal handsame områdereguleringa for Nordbyen. Eg synst planen ser veldig bra ut. Det er lagt opp til ein bydel med gode tilhøve for dei som går og syklar. Det blir torg, park, bustader og mykje plass til næring – både handel, kontor og sjøretta næring. Eg er veldig positiv. Det er nokre utfordringar med høgde og brua som landskapselement. Det trur eg lar seg løyse på ein god måte.
Brannsjefen meiner det er naudsynt å
innføre forbod mot fyrverkeri i sentrum. Det er eg samd med han i at er in god
ide. Vi har mykje gamal trehusbebyggelse som er utsett for brann og som vi må
ta vare på.
I området innafor dei raude linjene blir
det totalforbod mot fyrverkeri.
Dette er første steg mor ein ny
kommuneplan for Tromsø. Samfunnsdelen skal samordne all verksemd i byen og
legge grunnlaget for utviklinga av byen og vere grunnlaget for dei konkrete
arealplanane som kjem seinare. I denne fasen er poenget å klårgjere kva tema
som skal vere med i planen og peike ut dei overordna retningane vi ønsker å gå
i planen.
Planen skal basere seg på FN sine bærekraftmål. Det er eit omfattande arbeid som gjenstår for å komme frå planstrategi til endeleg plan. Eg synst det ser ut som denne planstrategien legg eit godt grunnlag for den planen som kjem til våren ein gong.
Allereie i 1996 vedtok kommunen eit ønske
om å få til eit samisk hus i Tromsø. Dessverre er dette enno ikkje på plass. Eg
er heilt sikekr på at eit samisk hus vil vere viktig for å utvikle og ta vare
på samisk språk og kultut i Tromsø. Tromsø er ein av dei viktigaste samiske
kommunane i Noreg. Stadig fleire samar bur i byar. Det betyr og at byane må ta
på seg ei viktig rolle for å vidareutvikle samisk språk og kultur.
Denne saka er ei undervegsmelding. Det er
ein rapport om har jobba med korleis vi kan få realisert eit samisk hus i
Tromsø.
Eg synst konklusjonen i saka er god:
«Kommunedirektøren vil anbefale at Tromsø
kommune inviterer Sametinget og Troms og Finnmark fylkeskommune til et møte der
en drøfter muligheten til å samfinansiere og etablere et samisk hus i Tromsø, i
første omgang i leide eller midlertidige lokaler. Det åpner også for å søke andre
kilder om midler til etablering og utvikling. Resultatet av slike forhandlinger
vil bli framlagt i en senere sak til kommunestyret.»
Skal vi klare å få dette realisert treng vi eit samarbeid mellom fleire aktørar.
På onsdag er det kommunestyremøte igjen. Denne gongen er det ei ganske kort saksliste. Eg tenkte eg skulle seie nokre ord om dei ulike sakene. Når eg skriv dette er det før vi har hatt gruppemøte i SV, så det er ikkje sikkert det eg skriv her blir det partiet meiner i alle sakene. Men stort sett trur eg jo at eg er ganske på linje med partiet.
Normalhall Storelva – justering av kostnadsramme
Denne saka utsette vi i forrige møte fordi vi hadde behov for å forstå korfor prisen er blitt såpass høg. Vi har fått eit notat frå administrasjonen som prøver å gå gjennom dette. Hovudkonklusjonen derifrå er at når vi byggjer for både idrettsformål og skoleformål så blir dette dyrare enn om ein berre bygg for idrettsformål. Eg synst framleis dette er dyrt, men vi må jo ha denne hallen. Så ja det vil koste 140 millionar, men dette skal og må vi bygge.
Dette er ei interessant sak. Vi har hatt ein konflikt med administrasjonen om denne saka i det heile tatt skulle handsamast politisk. Eg meiner det er heilt sjølvsagt at korleis vi skal tildele pengar til skolane er ei politisk sak. Eg er derfor ganske irritert over at denne modellen er innført utan politisk handsaming. Det betyr at denne tildelingsmodellen blir brukt i alle fall dette skoleåret uansett kva vi gjer på onsdag.
Utdannings og oppvekstutvalet hadde ei høyring i denne saka på fredag. Der kom det fram mange interessante synspunkt. Eg festa meg med særleg tre synspunkt.
Den gamle modellen var komplisert og vanskeleg å bruke.
Det er ein fare for at den nye modellen gjev for lite ressursar til elevar som har ulike tilleggsbehov.
Når hovudutgifta med å drive ein skole er lønsutgifter til lærarane kan det slå feil ut når inntektane er kopla til elevtalet fordi det ikkje er ein linjær samanheng mellom talet på lærarar og talet på elevar. Ein klasse/gruppe må jo ha ein lærar om dei er fem eller femten.
Eg trur det rette er
at vi no bruker dette året til å evaluere den nye modellen. Ei slik
evaluering må komme på eit tidspunkt som gjer at vi kan gjere
endringar på tildelingsmodellen for neste skoleår. Eg trur det kan
slå veldig feil ut om vi prøver å gjere endringar på modellen i
kommunestyret utan ein grundigare gjennomgang.
Vi har to saker om brann og redning i dette kommunestyremøtet. Det er ei orienteringssak om den vanskelege situasjonen der som i mange kommunale einingar. Administrasjonen har foreslått å kutte bemanninga på vaktlaga og legge ned branndeponia i distrikta. Det er mykje som tyder på at brann og redning er litt underbudsjettert. Men eg er ikkje imponert over den jobben som er gjort for å spare pengar. Eg er heller ikkje imponert over samarbeidet med fagforeiningane for å finne gode løysningar.
Trass i dette skulle eg gjerne gjeve meir pengar til Brann og redning. Vi treng eit godt brannvesen i Tromsø. Samstundes er det slik at pengane må komme frå ein plass, og det er og ein annan plass som ikkje får pengane. Ja, det er riktig at vi må ha ein beredskap som gjer at vi kan sikre liv og verdiar, men det er mange kommunale etatar som skal sikre liv og helse. Vi pålegg helsesektoren i Tromsø tøffe innsparingskrav. I mitt hovud er det urimeleg at vi samstundes ikkje skal kreve det same av Brann og redning.
Eg er derfor godt nøgd med det som er innstillinga frå byutviklingsutvalet i denne saka. Dei foreslår at kommunestyret skal vedta:
Saken om økonomisk status ved Tromsø Brann og Redning (TBR) tas til orientering.
I påvente av bestilt sak om mulig omorganisering av TBR (KST sak 132/18 og KST sak 133/19) gjennomføres ikke nedbemanning eller avvikling av tjenestetilbud. Men det igangsatte arbeidet med drøftinger med de tillitsvalgte om mulig nedtrekk i tjenesten fortsetter mtp å finne mulige løsninger for innsparinger og inntektsøkninger i enheten.
Det settes umiddelbart i gang med en prosess for å søke tilskudd til drift av redningsdykkertjenesten, og evt. andre regionale tjenester som gis fra TBR, fra omliggende kommuner.
Brannberedskapen i distriktet gjennomgås og det legges frem en sak til politisk behandling innen april 2020 som viser status og behov ved de ulike branndepotene.
Kommunedirektøren bes vurdere om 110-sentralen kan finansieres over annen budsjettpost.
Den andre saka om
Brann og redning er frå kontrollutvalet som har gått gjennom
økonomikontroll og internkontroll i Brann og redning. Dei er ikkje
heilt nøgde, men det er heller ikkje veldige alvorlege kommentarar
dei har.
Dette gjeld området
over gamle Strimlen barnehage som Frelsesarmeen eig. Det er blitt
klaga på byggehøgde, manglande konsekvensutgreiing og
sol/skygge-tilhøva. Denne saka vart sendt tilbake i forrige møte i
byutvikling fordi dei meinte det ikkje var svart godt nok på klagen.
Etter at byutviklingsutvalet fekk eit grundigare notat
med gjennomgang av saka har dei no samstemt innstilt på å avvise
klagen og sende den til fylkesmannen. Eg synst det framstår som ei
rett avgjerd.
Kontrollutvalet har hatt mange viktige saker på kort tid. Dei har saman med revisjonen gått gjennom om beslutningsgrunnlaget for vedtaket om bygging av Tromsøbadet var godt nok. Dei kjem med svært alvorlege anførslar etter å ha gått grundig gjennom saka. Kontrollutvalet meiner saka ikkje var godt nok opplyst, og det er og tråd med rapporten frå revisjonen. I rapporten skriv Komrev Nord som er forvaltningsrevisor: «Beslutningsgrunnlaget kommunestyret ble forelagt for vedtak om investeringsprosjektet Tromsøbadet, var mangelfullt og kan samlet sett ikke anses forsvarlig.»
Det
er alvorleg og noko vi må gå svært grundig gjennom. Anklagane er
ganske sterke mot dei to byråda som har hatt saka. Det er likevel
betryggande at dei skriv at når vi fekk formannskap kom dei fleste
fakta på bordet.
Vil du få beskjed neste gong eg skriv på denne bloggen?
Til
slutt i kommunestyret skal vi nok opprette eit økonomiutval. Det
skal jobbe med å finne gode idear og løysningar for å gjere
økonomien til kommunen betre. La oss inderleg håpe at dei får til
mykje bra.
Det
var alt for denne gongen. Still meg gjerne spørsmål eller kommenter
så skal eg svare etter beste evne.
I formannskapet i dag fekk vi ei orientering om bygging av Stakkevollvegen. Den korte historia er at det vil koste 497 millionar pluss/minus 25%. Det er pengar vi ikkje har i dag, og som eg ikkje trur vi kjem til å få i nær framtid. Vi må derfor vurdere på nytt om vi verkeleg treng å bygge ein firefeltsveg – eg trur framleis vi kan klare oss med tre felt.
Denne videoen laga eg forrige gong denne debatten var aktuell, og framleis er det meste i denne relevant.
Det som har endra seg sidan den gongen er at dei har klart å lage ei framføring som betyr veldig få brot i kollektivfelta. Kudos til planleggarane! (Kudos er det eit ord som framleis blir brukt eller viste eg nettopp alderen min?)
Eg veit ikkje heilt kor mange av dokker som eigentleg er interessert i kva vi held på med i kommunestyret og formannskapet her i Tromsø. Kanskje er du ein av dei som ser det som like spennande som finsk fjernsynsteater. Men det er jo saker som får betydning for alle oss som bur i Tromsø. Derfor skriv eg nokre ord om formannskapsmøtet no på komande tysdag. Kom gjerne med spørsmål og kommentarar
Overvatn
Mange sider, men etterkvart lærer ein at ikkje alt er like viktig å lese
Eg skal vere den første til å innrømme at «Kommundelplan for overvatn» kanskje ikkje er det vi alle drøymer om å lese. Men det er ein utruleg viktig plan for Tromsø. I ei tid med klimaendringar og meir ekstremt vêr så er måten vi behandlar vatn på viktig. Det blir meir regn, kraftigare snøsmelting og oftare stormflo. Vi treng ein beredskap for å sørge for at skadane blir så små som moglege av dette. Det skal denne planen bidra til.
Det er eit nytt hovudgrep i denne planen. Det viktigaste er eit stort fokus på fordrøying. Det betyr at ein skal bygge slik at ikkje alt vatnet renn bort med ein einaste gong og skaper flom, men blir tatt vare på i infiltriring i jord, ulike dammar og behaldarar. For å oppnå dette vil ein lage eit system for å score nye utbyggingar for dette, og ein må oppnå eit visst nivå på fordrøyinga. Det vil betyr meir bevisstheit om landskapsarkitekturen,
Vi skal og opne opp bekkar og flomvegar slik at vi får vatnet i havet utan at det går innom kjellarane til folk først i tillegg til fleire andre ting.
Oppdrett
Då kommunestyret i
Tromsø samtykka til Arctic Offshore Farming sin søknad om å få
prøve ut eit nytt oppdrettssystem ved Fellesholmen utanfor Tromsvika
var eit av vilkåra at dei måtte bruke landstraum. Dersom anlegget
skal bruke diesel vil det ha eit årleg utslepp på 2108 tonn Co2.
Landstraum vil fjerne mesteparten av dette utslippet.
Fylkesmannen har
innvilga søknaden utan krav om landstraum. Denne saka handlar om at
Tromsø kommune klagar på dette vedtaket. Det er heilt urimeleg at
ikkje oppdrettsnæringa skal vere med å bidra til reeduksjon av
CO2-utslepp i Tromsø. Dersom det er nokon som har råd til dette er
det oppdrettsnæringa. Dersom dette anlegget skulle sleppe krav om
landstraum så er det andre bedriftar og privatpersonar med svakare
økonomi som må ta denne utsleppsreduksjonen.
Alt anna
Dersom du har
spørsmål om dei to sakene eg har omtalt, eller nokre av dei andre
så bruk kommentarfeltet og eg skal prøve å svare etter beste evne.