På ein måte er reiselivet og turistveksten i Tromsø ei velsigning. Det er litt ulike måtar å telle på, men vi kan rekne med at over 7000 arbeidsplassar i Tromsø er knytt til reiselivsnæringa. Det er gode inntekter og arbeid for folk. Og, sjølv om det av og til kan vere litt trangt er det godt med livet i Storgata som turismen skaper. Vi må og ta inn over oss at reiselivet skaper tilbod i byen som vi ikkje ville hatt ellers.

Men,
- når du vil på tur med ungane ein søndag og går til ein av gapahukane på øya for å lage bål og grille marshmallow og drike kakao til og oppdager at det ikkje er plass fordi ei turistgruppe har tatt over.
- når du ikkje får kjøpt deg ei leiligheit eller leigd deg ein plass å bu fordi alt er på korttidsutleige.
- når du er utrygg på vegane våre fordi ikkje alle som køyrer på dei har vore ute ein vinterdag før.
- når useriøse aktørar i bransjen fører til dårlege arbeids- og lønsforhold og sterkt manglande tenking på HMS.
Då, er det på tide at vi tar inn over oss at infrastrukturen for å ta mot alle turistane i Tromsø ikkje heilt er på plass.
Det er stor forskjell på at Storgata er full av turistar og at det er stadig nye turistar som bur i naboleiligheita. Gode nabolag krev ein viss grad av stabilitet. Slik at vi kan bli kjent med naboane våre. For det er ikkje turistane som pyntar til jul, som deltar på dugnad bidrar til det sosiale limet i eit nabolag. Korttidsutleige er eit problem fordi det gjer at det blir dyrare og vanskelegare å finne seg ein plass å bu i denne byen. Men det er og eit problem fordi det gjer noko med nabolaga våre.
Det er sjølvsagt heilt greitt å leige ut eit rom i eiga leiligheit, eller å leige ut på airbnb når du sjølv er på reise. Det er delingsøkonomi, og slik airbnb starta. Det kan vere ei kjærkomen ekstrainntekt. Men i Tromsø er airbnb i stor grad noko anna enn ei kjærkomen ekstrainntekt. Det fører til bustadspekulasjon, høge prisar og utrygge nabolag. Derfor må vi få til ei regulering av korttidsutleige som gjer at vi kan få kontroll på omfanget, noko prøver vi å gjere i kommunen, men dei store grepa må komme frå storting og regjering.
Alle desse folka som fyller Storgata med liv må komme seg dit, anten frå flyplassen eller eller hamna. Mang av dei tar bussen, og ikkje få gonger har innbyggarane i Tromsø banntes over at det er fullt på bussen når du skal heim frå arbeid. Utanfor byen skaper turistar i leigebilar farlege situasjonar. Stopp for å sjå på og ta bilde av nordlys eller reinsdyr skaper utrygge og uoversiktlege situasjonar på smale og mørke vegar. Eit og anna banneord har nok blitt ytra i denne situasjonen og.
Noko av dette kan vi kanskje bøte på med dei pengane vi får frå turistskatten – kanskje til neste år. Men turistskatten vil ikkje vere ei uuttømmeleg krukke som kan løyse alle problem.
Det vil ta tid før vi har ein struktur på ting som gjer at vi kan handtere den turiststraumen som vi har. Men det er viktig at vi får kontroll på nokre av desse områda snart. For vi vil jo gjerne vere hyggelege og triveleg vertar for alle folka som kjem hit. Vi vil jo gjerne ta mot dei på ein god måte. For ingen veit vel betre enn vi som bur her kor fantastisk Tromsø er, eg skjønner godt at folk kjem.










